Avklar og dra nytte av eigne ressursar tidlegFedrer sender søner til høgskolar [college] enten fordi dei gjekk der sjølve, eller fordi dei ikkje gjorde det. [L. L. Henderson] Fundamentet til einkvar stat er oppsedinga av dei unge i han. [Diogenes Laertius] Universitet er følga av vidaregåande skole der dei tilsette mister interessa for elevane sitt ve og vel. [John Ciardi (1916–86) Kjenner ein seg sjølv godt, kan ein gå inn for kva ein klarer, kva ein held ut med i lengda, og halde seg frisk nok til ektemaken, familien, heimen og å bli gammal også. No og då kan sjølvhjelp gagne. Men sidan formell utdanning formar karrierane til folk flest, kan det somtid bli vel mykje bal for den heilt sjølvhjelpte. God utdanning kan komme godt med. Gagnleg personleg utviklingNår ein følger naturlege, ibuande lyster og interesser, utfaldar ein seg i samklang med "stemmen" innanfrå. Då kan personlegdommen utviklast, trur psykoanalytikarene og Erik H. Erikson. Ein grei og moden personlegdom kjem til for den som klarer desse brasane, klarer alle fasane i livet sitt - også i arbeidslivet. Det er mange hinder for sunn personlegdomsutvikling, og mange skeivutviklingar er mogelege. At nevrotiske kan ha satsa på det lettkjøpte og hole - og får svi for det etter kvart, kan vel tenkast. Betre veg alar kjekkare prestasjonarTil ein som er ute etter utbytte, kjem Abraham Maslows pyramide med nyttig hjelp til å handle sunt. Ein får sjå over kva ein har, kor ein står, og styre vidare derifrå. Det gode med Maslows pyramide er at behova blir ordna i ulike nivå, som ei lagdelt kake. I bryllaupskaka er det brud og brudgom som står høgast, men pyramiden til Maslow setter nivet som handlar om sjølvutvikling og sjølvrealisering høgst. Utbytte kan vere så mangt, og meir enn campingvogn, hytte, båt, villa i gode omgivnadar, og meir (og meir) pengar. Å slite og trene i gampesportsgreiner gir heller ikkje i seg sjølv mykje sus i serken ovanfor fysiske nivå, alt i alt. Det finst unntak. Men hovudpoenget må med: Fysiske vinstar er blant dei lågaste. Mange er nødvendige, som ein sunn kropp i eit ikkje usunt hus og eit brukbart nabolag. I tillegg finst andre goder og vinstar å gå for. Mange rikfolk investerer i kunsten, musikk, kultur og slikt. Slike kulturelle gode og kulturskattar kan bli tatt med i overslaga til den som jobbar for framtida til seg og sine. Litt kultur er godt å ha med for alle. Han kan tilpassast barn og unge også, utan leie følger. Pyramiden får først tale for seg sjølv:
|
|
De veit, musikk, kunst - dei er ikkje berre småting til pynt for å gjere livet vakrare. Dei er djupt tiltrengde; folk kan ikkje leve utan dei. You know, music, art - these are not just little decorations to make life prettier. They're very deep necessitites which people cannot live without. - Pablo Picasso Kommentar: Maslows skjematikk har ikkje med kulturgoda (tradisjonelle normer og andre overleveringar, som musikk, gode gjerningar o.a.) blant behova, enda dei høyrer med i livet og kan gjere oss rikare og mindre avstumpa på mange måtar og nivå. Fleire kulturelle gode spreier seg over nivå 1 og til nivå 4. Der Maslow syner kva eit menneske treng, syner tradisjonar og kultur oss mellom anna mange slags korleis, d.e. måtar, skikkar, vegar, oppfyllingar, løysingar, med meir. Det er klokt å skilje mellom slike som tente overlevering før og dei som tener overleving i dag; og like eins mellom uhøvelege og høvelege, lite kloke og kloke, og så vidare. |
Adair, John, and Melanie Allen. The Concise Time Management and Personal Development. Reprint. London: Thorogood Publishing, 2003. Barrick, Murray M. and Ann Marie Ryan. Personality and Work: Reconsidering the Role of Personality in Organizations. San Francisco: Jossey-Bass, 2003. Brown, Duane et al. Career Choice and Development. 4th ed. San Francisco, CA: Jossey-Bass, 2002. Chambers, Johs., main ed. Career Discovery Encyclopedia. 7th ed. Vol. 1 (of 8 Vols.). New York: Ferguson Publishing, 2009. Enelow, Wendy, S., and Shelly Goldman. Insider's Guide to Finding a Job: Expert Advice from America's Top Employers and Recruiters. Indiananpolis, IN: JIST Works, 2005. Hartung, Paul J., and Linda M. Subich, eds. Developing Self in Work and Career: Concepts, Cases, and Contexts. Washington, DC: American Psychological Association (APA), 2010. Hirsch, Arlene J. Job Search and Career Checklists: 101 Proven Time-Saving Checklists to Organize and Plan Your Career Search. Indianapolis, IN: JIST Works, 2005. Jongeward, Dorothy, and Philip Seyer. Choosing Success: Transactional Analysis on the Job. New York: Wiley, 1978. Leech, Corinne. Managing Time: Learning Made Simple. Oxford: Butterworth-Heinemann, 2007. Leonard, George. Mastery: The Keys to Success and Long-Term Fulfillment. London: Plume /Penguin, 1992. Neale, Stephen, Lisa Spencer-Arnell and Liz Wilson. Emotional Intelligence Coaching: Improving Performance for Leaders, Coaches and the Individual. London: Kogan Page, 2009. Pyke, Gary, and Stuart Neath. Be Your Own Career Consultant: How to unlock your career potential. London: Pearson Education, 2002. Watson, Tony J. Organising and Managing Work: Organisational, Managerial and Strategic Behaviour in Theory and Practice 2nd ed. Harlow: Pearson Education, 2006. Yarnall, Jane. Strategic Career Management: Developing Your Talent. Oxford: Butterworth-Heinemann, 2008. Yeung, Rob. The Ten Career Commandments. Oxford: How To Books, 2002. |
Seksjon | Sett |
BRUKARGAID: [Lenke] © 2014–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post] ᴥ Ansvarsfråskriving: [Lenke] |