|
Å få til å utfalde seg sjølv i arbeidslivet, kan vere vrient, blant anna i opne kontorlandskap. Dei hindrar effektiviteten. Distraksjonar, avbrudd, hanglande og manglande privatliv og labert personvern er mellom plagene som gjer arbeid i kontorlandskap mindre effektivt. "Opne kontorfellesskap gir heilt klart eit stort tap av effektivitet. Det er det ikkje tvil om", konkluderer konsulent Stig Rusti i Fourstep. No ja, enda om stor effektivitet ikkje er alt, er det titt viktig. Frå dette står det også fram at nokså god sjølvutfalding kanskje ikkje er frukta av eins eige strev aleine, og at det kanskje ikkje er ei smal sak. Ikkje alle får dreisen på haldbar sjølvutfalding elles heller. Først kjem å velje seg ei utfalding ein liker rimeleg godt, toler i langdrag, og kan trivast med. Eigenutvikling heng saman med å meistre kvardagane og ha overskott igjen til å lære ting no og då. Den som ikkje fann seg ein jobb som høvde, kan setje seg i bilen og ha glede av farten ute på vegane, eller få i seg øl og andre sentralnervestimulansar, eller flykte meir eller mindre på andre måtar - i langdrag til og med. Dei som ikkje meistrar jobben og vanskar i han, kan vise fram kjenneteikn som sinne, surmuling, stress-sjukdom og burn-out. Dei har altså ikkje klart brasane heilt godt. Buddhismen held fram sjølvrealisering i arbeidslivet som nyttig å klare, poengterer Schumacher, mannen bak bøker som Smått er godt. Det er ikkje alle som klarer slikt. Lått for å løyse ut spenninganeLatter løyser ut spenningar, også brukt i terapiar. Det skadar heller sjeldan. Det finst latterkurs for kvardagane. I somme høve ler tilsette i ei verksemd saman i ti-femten minutt kvar morgon, til dømes i form av frokostlatter i lag ein gong i veka. Verda har komme dit somme stadar. Det gode latterkurset kan starte årsfestar, julebord, sommarfestar, og meir. Somme blir betre og fortare kjende med kvarandre, og sånt kan godt tenkast å bli positivt og oppmuntrande. Eigenart, anna markering og utviklingÅ marke seg sjølv kan ein gjere på fleire vis. Eit gjerde markerer grensa der ein har heime, fire veggar med dør i markerer enda meir, og blant fordelane med hekkar, gjerde, murar og veggar er "privatliv", som kan bli tyna litt etter kvart om ein ikkje tar godt vare på det. Berre å ta etter hine er ikkje særs å skryte av, heller. Men å vere lødig (vektig og ekte) gir grunnlag for utvikling om forholda held følge. Om ikkje lyt ein fram med ulike slags "gjerder, busker og veggar" (figurativt, kan hende) og verne seg, sitt og sine på høvelege måtar.
|
Ashton, Michael. Individual Differences and Personality. 2nd ed. London: Academic Press / Elsevier, 2013. Ashworth, Peter. Psychology and Human Nature. Howe, Essex: Taylor and Francis e-Library, 2002. Bird, Polly. Improve Your Time Management. London: Teach Yourself / Hodder Education, 2010. Chandler, Steve, and Scott Richardson. Ways to Motivate Others: How Great Leaders Can Produce Insane Results Without Driving People Crazy. Franklin Lakes, NJ: Career Press, 2008. Corrie, Sarah. The Art of Inspired Living: Coach Yourself with Positive Psychology. London: Karnac Books, 2009. Donnelly, Jim. Career Development for Teachers. 2nd ed. London: Kogan Page, 2002. Forsyth, Patrick. Career Management. Oxford: Capstone Publishing 2002. Green, Graham. The Career Change Handbook: How to Find out What You're Good at and Enjoy - Then Get Someone to Pay You for It. 4th ed. Oxford: How To Books, 2008. Kilburg, Richard. Executive Coaching: Developing Managerial Wisdom in a World of Chaos. Washington, DC: American Psychological Association (APA), 2000. Kofodimos, Joan. Your Executive Coaching Solution: Getting Maximum Benefit from the Coaching Experience. Mountain View, CA: Davies-Black Publishing, 2007. Langdon, Ken. The 100 Greatest Ideas for Building Your Career. Reprint ed. Chichester: Capstone/Wiley, 2003. Management Extra. Manage Yourself. Oxford: Elsevier, Butterworth, Heinemann, 2005. Maslow, Abraham. Motivation and Personality. 3rd ed. New York, HarperCollins, 1987. Monroe, Josephine. Brilliant Career Finder: How to Find the Right Career for You. Harlow: Pearson Education Limited, 2003. Morgan, Paul. Managing Yourself: Coach Yourself to Optimum Emotional Intelligence. Harlow: Pearson Education, 2003. Mullins, Laurie J. Management and Organisational Behaviour. 9th ed. Harlow: Pearson Education, 2010. Otazo, Karen. The Truth About Managing Your Career: . . . and Nothing but the Truth. Harlow: Pearson, 2006. Quick, James C. Preventive Stress Management in Organizations. Washington, DC: American Psychological Association (APA), 1997. Svebak, Sven. Forlenger en god latter livet? Bergen: Fagbokforlaget, 2000. Watson, Tony. Organising and Managing Work: Organisational, Managerial and Strategic Behaviour in Theory and Practice. 2nd ed. Harlow, Essex: Pearson Education, 2006. Zeigler, Kenneth. Getting Organized at Work: 24 Lessons to Set Goals, Establish Priorities, and Manage Your Time. New York: McGraw-Hill, 2008. |
Seksjon | Sett |
BRUKARGAID: [Lenke] © 2014–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post] ᴥ Ansvarsfråskriving: [Lenke] |