Norsk del, Gullvekta
Enkel rådgiving ❀ 4
Seksjon › 2 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Rafael. La fornarina. Detalj
All dugleig sit neppe i skjegget og frakken

Får du gode råd for framtida og framgangen, skulle du ta vare på dei.

Gløymer du å følge gode råd du får, kunne ein like godt late vere å gi deg dei.

Fjernar du dessutan skriftlege, gode råd frå arkiva dine, er det ikkje sikkert du får dei att om du prøver.

Når du verken hugsar eller tar vare på gode råd, kan ein få mistanke om at noko er gale.

Karrierar og barrierar

Felles kontaktar og kultur hjelper folk å forstå kvarandre betre, og lettare overvinne mange barrierar, og dessutan sjå korleis folk stiller liknande spørsmål og har liknande problem i ulike land og landskap. [Fritt etter Paulo Coelho]

Barrierar gir motgang.

Er den rettaste på beste plass til beste tid?

Det dreier seg ikkje berre om å vere på rett plass til rette tid, men også om å vite kva som lar seg gjere der ein er.

Berekraft og nedtrappingar

Berekraftig jordsmonn og dyrking kan ofte betrast.

Nedtrapping og avvikling

Gilde bøker kan vere arv etter dugelege menn og kvinner til gagn for slektsledd etter slektsledd - ei form for avvikling. Gode bøker som gjer greie for livserfaringar, kan med andre ord kallast ei blid form for avvikling.

Til sist lyt alle ut av slotta sine. Somme liker å slappe av i leilegheiter i staden, føre den store avviklinga som kallast dauden.

Å halde ut

For å halde ut skulle du sjå kor du har lykkepunktet i horoskopet ditt, og ta det i bruk. Verkar det ikkje i første runde, kan du freiste fleire rundar og sjå om resultata kan bli bra med litt øving. Det er som med kjærleikskunst - ein får kanskje ikkje til alt så gjævt første gongen. Med trening rett veg kan ein få erfaringar så ein trekker vide, disige konklusjonar for framhaldet.

Og for å halde ut omfattande utprøving av lykkepunkt-ting i livet ditt, lyt ein først prøve mykje, og dessutan kjem trening og godt samkvem med.

Arv

To slags arv: Arva ein får, og arva ein etterlet seg. Bønder i gamle dagar streva etter å etterlate seg ein betre gard enn dei fekk, men det gjekk slett ikkje alltid godt for alle.

Biologisk arv og andre skavankar kan ein ikkje alltid løyne godt.

Ulike slags kompetanse

Ein får skilje mellom reell kompetanse (dugleik) og formell dugleik. Dei fell ikkje alltid saman.

Det du er verkeleg kunnig i, er det du har realkompetanse i. For å få lønn for det du kan, skulle du ha formell kompetanse også.

Ordet om at "Den som Gud gir embete gir han også forstand," er billeg visvas. Reell dugleig sit neppe i skjegget, frakken eller grimasene heller.

Innhald


Rådgiving og anna, litteratur   

Fekete, Sandra. Companies Are People, Too: Discover, Develop, and Grow Your Organization's True Personality. Hoboken, NJ: Wiley and Sons, 2003.

Ferguson Publishing: Organization Skills. 2nd ed. New York: Ferguson Publishing, 2004.

Gallagher Richard S. The Soul of an Organization: Understanding the Values that Drive Successful Corporate Cultures . La Crosse, WI: Dearborn Trade Publishing / Kaplan, 2003.

Jongeward, Dorothy, et al. Everybody Wins: Transactional Analysis in Management. Rev. ed. Reading, Mass: Addison-Wesley, 1976.

Kay, Frances. Successful Networking: How to Build New Networks for Career and Company Progression. London: Kogan Page, 2010.

Nelson, Beth, ed. Building a Sustainable Business: A Guide to Developing a Business Plan for Farms and Rural Businesses. College Park, MD: Sustainable Agriculture Research and Education, 2008.

Ryan, Rosemary. Leadership Development: A Guide for HR and Training Professionals. Oxford: Butterworth-Heinemann, 2008. Zelinski, Ernie J. 101 Reasons to Love a Recession. Edmonton, AB: VIP Books, 2011.

Samla litteraturliste

Rådgiving, rettleiing og anna, opp Seksjon Sett Neste

Rådgiving om fullbyrding, eigenutvikling o.a. BRUKARGAID: [Lenke]
© 2014–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]