NORSK DEL, GULLVEKTA  

Ordspråk om kryp, fisk og fugl o.a.

 13 › 2 › 8

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE



Om kryp

Krokodille

Jamvel om vatnet er stille, skal ein ikkje tru det er fritt for krokodille.*

Krokodilla har styrken sin i vatnet.

Skjelpadde

"Hastverk er godt, men omtanke er også godt," sa skilpadda.

Orm

Den som blir bitt av ormen, flyktar lett for firfirsla.*

Ein orm som ønskjer å leve, reiser ikkje landevegen.

Ormen tek farge etter jorda han lever på.

Snigel

Snigelen kjem òg fram.

"Seint, men støtt," sa snigelen.

I sjøen

Fisk

Storfisk et småfisk.

Han kan saktens faste som har rikeleg med fisk på disken sin.

List drep ikkje akkurat fisken; det er heller garnet.

Store fiskar held seg i djupet.

Store fiskar riv lett sund garna.

Kveite

Ein må kunne både hale og fire, vil ein dra storkveite.

Laks

"Ein kan ikkje gjere alle til laks (lags)," sa han som skapte silda.

Sild

Dei er pirne (tynne, o.a.) som skjer sild i fire.

Ein skal ikkje selje silda før ein har den i garnet.

Silda er også fisk (kosteleg mat også).

Steinbit

Det står age (respekt) av steinbitkjeften.

Torsk

Torsken og seien går same veien.

Ål

Ekteskapet er som ei åleteine, den som er ute, vil inn, den som er inne, vil ut.

Krabbe

Uvødrne får kjenne krabben på klørne.*

Kreps

Ein straffar ikkje krepsen ved å drukne den.

I lufta

Fugl

Betre å vere ein liten skogsfugl i lunden enn ein stor fugl i bur.

Det er lite om fuglen når fjørene er avribba.

Kvar fugl syng med sitt nebb.*

Ein får ikkje flyge før vengene er utvaksne.

Fuglen er ikkje flygeklar med det same han kjem or egget.

Langflogne fuglar har ofte fagre fjør.

Ring er den fuglen som skit i eige reir.

Store fuglar fangar ikkje fluger.

To fugler ber betre til reirs enn ein.

Gauk

Det er utafor måte at gauken gjel på svart (berr) kvist.*

Gås

Ein kan ikkje ete ei feit gås om ein ikkje har nokon.

Stakkars den gåsa som trur reven.

Hauk

Høna vil ikkje beklage at hauken er sjuk.

Høns

Den misunnelege trur at nabohønsa er like feite som gjæsene sine.

Det er ikkje hanen som passar kyllingane.

Ei klok høne kan også verpe i brenneslene.

Hanen styrer lettare tolv høner enn mannen styrer éi kvinne.

Ein kan vanskeleg vite om hane eller høne kjem ut av egget, og om siger eller tap kjem ut av krigen.

Om ikkje høna kakla, visste ein ikkje at ho hadde vorpe.

To hanar hjelper ikkje kvarandre med å sparke jord.

"Eg såg himmelen opne seg som ein hønseende, og englane fly ut og inn," sa mannen på vitnemøte.

Kanarifugl

Om ein riking slepper ein fjert, priser folk lyden som kanarifuglsong; om ein fattig fjertar, blir han utskjelt og får pryl.

Kråke

Kråka fer aldri så vidt at ho ikkje har same vengene ved sida.

"Hadde du stått ved denne enden, så hadde du ikkje foke der," sa mannen; børsa spente då han skaut på kråka.

Ramn

Den eine ramnen høgg ikkje auget til den andre.

Å stele som ein ramn.

Skarv

"På'an att," sa skarven, han åt ålen for tredje gongen.

Nokre insekt

Bie

Den som er glad i honning, er ikkje for redd for biene.

Den som likar honning, får finne seg i bistikk.

Fluge

Det er klein kar som dånar av å sjå ei fluge på veggen.

"Vågar du livet, så vågar eg halsen," sa bonden, han svelgde fluga som sat på grauten.

Loppe

Loppa stikk eit grann, men skadar ikkje.

"Det er betre med godt hopp enn god tru," sa loppa, den hoppa over bekken.

Lus

Heller ei lus i kålen enn kjøtlaus.

SAMLINGA  

TILGIFT

Litteratur  

OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


  BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   ANSVARSFRÅSKRIVING: [LENKJE]
   © 1999–2009, Tormod Kinnes. [E-POST]