NORSK DEL, GULLVEKTA  

Ordspråk om dyr

 13 › 2 › 8

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE



Forord

Somme direkte sanningar kan vere vonde å høyre. Men går ein ein liten omveg med bodskapen, for eksempel med å dekkje den til med figurativ tale, kan det sentrale innhalde "dale ned" i mottakaren smått om senn. Det kan vel tenkjast. I staden for å gi støyten til at mottakande byggjer mental forståings-barrikade for liksom å verje seg mot det som er ille høyrt, kan innhald ifrå ordtaket kome inn bakvegar, så å seie. Og ikkje berre det, sia det det dempar litt ned det sentrale det handlar om, og ikkje utleverer allting i klartekst, blir det titt mildare enn klare ord.

Om ordtak gir utbytte for mottakande, heng det gjerne saman med at ein kan lese inn innhald i ordtaket slik som ein har erfaringsgrunnlag og utdanning til. Det kan vere kjærkomment. Slik går det til at vi kan forstå eitt og same ordspråk ulikt, sjølv om kvar og ein lèt til å ha utbytte. Ordspråk varierer, men fine ordspråk har i seg behageleg inntil framifrå ordkunst.

Mange ordtak om dyr kan ein oppfatte i overført tyding og forstå dei kan dekkje over djup og tankevekkjande livsvisdom.

I lange tider var menneske og tamdyr langt meir gjensidig avhengige av kvarandre og stod nærare kvarandre enn i vår tid, og dyra inspirerte ordspråk og talemåtar som hører med til dei største kulturskattane.

Somme av orda vitnar om omsorg for dyr, andre det motsette. Og ikkje alle ordspråk vitnar om like varm økologisk interesse som naturvernarar har i våre tider. Gamle ordspråk reflekterer ofte andre interesser enn våre dagars.

I tillegg til vanlege ordspråk har vi 'munnhell', 'fragment' og 'enkeltord' med dyr i seg. Døme:

  • Munnhell: "'Det er vel ikkje mogeleg,' sa kjerringa då ho såg ein elefant."
  • Fragment: "Å kjøpe katten i sekken."
  • Enkeltord: "Tigersprang."

Somme av orda og tankane har enderim og rytme, andre har meir eller mindre fullkomne bokstavrim - og litt av kvart kan gå tapt når ein skal normalisere ifrå dialektane. - Tormod Kinnes.

OPP

Ordspråk om dyr

Ape

Den eine apa får den andre til å gapa.

Same korleis apa døydde, var det berre ei ape.

Svolt kan få ei ape til å ete pepar.

Bjørn

Bjørnen er ikkje god å binde.

Den hunden som et med bjørnen, teier med bjørnen.

Det er ikkje spøk å kome i bjørnearmane.

Ein flår ikkje bjørnen før han er daud.

Mange kjøper bjørneskinnet før bjørnen er skoten.

Når bjørnen kjem, då gløymer stutane å stangast.

Vi tærer på helsa som bjørnen på feittet sitt.

Dyr

Det er ille å ale udyr i sitt eige hus.

Dyregod er mannegod.

Dess meir ein lærer menneska å kjenne, dess meir held ein av dyr.

Kvinna er av reptila si ætt ho og.

Mennesket er eit tobeint dyr utan fjør.

"Det er vene dyr," sa mannen, han såg i skjorta si.

Elefant

Det er lett å partere ein død elefant.

Ingen er så klok som ei gammal elefanthoe.

"Det er vel ikkje mogeleg," sa kjerringa, ho fekk sjå ein elefant.

Esel

Det er ikkje berre esel som dreg til marknad.

Enda reven er sløg, blir det seld fleire reveskinn enn eselskinn.

Enda om eselet kan sju flotte måtar å symje på, gløymer det alle saman når det havnar i vatnet.*

Skulle eg stemne eselet for retten fordi det trakkar meg på foten?

Han må eit esel vere som tek meir enn han kan bere.

Ikkje alle esel går på fire bein.

Manglar ein stutar, pløyer ein med skrytande esel.

Sal eit esel og det snur seg mot deg og sparkar.

"Har kongen ridd deg, så har Gud sjølv ridd meg," sa eselet til hesten.

Flaggermus

"Det smakar fugl," sa han som åt flaggermusa.

Geit

Der geita er ala, trivst ho best.

Det er ikkje greitt å gjere geiter av grå sauer.

Kvar ei geit kan hoppe over eit lågt gjerde.

Geita trivst best aleine.

Om skjegget kunne gjere det, så kunne geitebukken halde preika.

Har ein ingen hest, rir ein på geitebukken.

Å setje bukken til å passe havresekken (blir mindre vellykka).

Gris

Den som kjøper grisen i sekken, kjem heim med hundekvalp.

Ingen gris er utan bust om den ikkje er skolda.

Grisen er ikkje stor før han slår krull på rova.

Det høver grisen å stige i fatet med foten.

Alle vil ha mykje gris for pengane, men ikkje mykje flesk.*

Ein setter ikkje gullring i trynet på grisen.

Gniaren og grisen får ingen nok glede av før dei er farne.

Grisen ser ikkje sola andre tider enn når han miger.

Grisungen gryntar som gamlepurka gryntar føre.

I mørket er alle svin svarte.

Når ein hengjer sølv på purka, er ho bra ho òg.

Når svina ikkje vil rote, er trynet svart og jorda frossen.

Så lenge rotar grisen at han får ei flis i trynet.

Ulv kan gjere svin samde.

"Alle svin er svarte i mørket," sa fanden, han møtte presten.

"Det har ingen hast," sa mannen, han stakk grisen med syl.

"Det var Satans musikalitet," sa bonden då grisen hylte.

"Du er min gris," sa fanden, han tok politimeisteren.

"Ein får det att," sa mannen, han rende kniven i grisen.*

"Er eg ein grisunge, som du seier, så er du eit stort svin," sa guten til mor si.

"Han strauk med i slaktinga," sa mannen om grisen.

"Eg har svin frå før," sa bonden då presten ville kjøre med han.

"Ligg du der, bror?" sa grisen, den fekk sjå politikonstabelen i rennesteinen.

"Slikt kristenfolk har vi," sa bonden om svina.

Hare

Den som forfølgjer to harar, fangar ingen av dei.

Harejakt er betre enn sauejakt.

Kjærleiken krev omtanke med haresteg og fuglesvev.*

Nær ved skyt ingen hare, langt frå har det ingen fare.

Hest

Den hesten som aldri har vore i selen, veit ikkje kor tung plogen er å trekkje.

Den næraste til å få opp hesten som har falle i myra, er eigaren.

Den som strevar som ein hest, lyt ete som ein.

Det er bonden som eig både hesten og havren.

Det er godt å vere prest i påska, barn i fasta, bonde i jula og fole om hausten.

Det er ikkje brorskap i hestehandel.

Det er kjøtet som gjer folen fager.

Det er minst føre å kjøre når ein annan held hest.

Det går radig å kjøre annan manns hest og si eiga svepe.

Det må gå stilt at hesten et eine.

Det vantar ikkje merra noko når ho vil til marknad.

Døde hestar sparkar ikkje.

Ein hest kan snuble på fire bein, og ein mann på eit ord.

Ein lurvete fole kan bli ein fagna hest.

Ein skal sjå hesten på tennene og jenta på hendene.

Ein åtte-kyrs bonde med kone og hest, som ikkje treng ottast for fut eller prest, han har det best.

Ein laus hest kan alltids finnast igjen ved løa.

Kvar sigøynar priser eigen hest.

For seint blir polakken klok; først når hesten er stolen låser han stallen.

Han får pløye med stut som ikkje har hest.

Han lyg like radt som hesten travar.

Heller ein hund i dag enn ein hest i går.

Hestehandlaren skal ein ikkje tru før det veks hår i handflata hans.

Hesten under oss, Gud over oss.

Hestar og kvinner skal førast i stramme grimar, elles stoggar dei og nappar i det forbodne graset i vegkanten.

Kven har sett ein hest eller eit sverd som var trufast?

Hardt bissel gjer ikkje hesten betre.

Kjepphestane vil jamt vere dyre.

Ein skal ikkje setje seg på sin høge hest.

Modig hest aktar ikkje hundeglefs.

Skapeleg pølse er best, anten ho er av ku eller hest.

Når kjørekaren er arg, får merra lett svi for det.

Når byrgskapen setter seg til hest, setter narren seg bak han.

Ri som du vil på din eigen hest.

Slett fole kan bli god hest.

Store hestar lagar store spor.

Til hesteverk hører hestevom.

Tre ting skal ein ikkje rose for tidleg: Umoden bygg, utemja fole og ukjent kvinne.

"Dette ber rakt til helvete," sa presten då hestane skar ut mot kyrkjeveggen.

"Ein stolen hest er mykje billigare enn ein kjøpt," sa sigøynaren.

"Har du sett på fan, feis han ikkje på taumane," sa guten om hesten.

"Eg trur fan rir merra," sa kallen mens han sjølv rei henne.

Hund

Arge hundar takkar sjeldan.

Bikkja veit vel om det er ein fattigmann som kjem.

Brent steik her hundens del.

Den bikkja som gøyr, bit helst ikkje.*

Den hunden som steinen ramma, gnelde.

Den som dreg hunden opp av brønnen, får merkje den har tenner.

Den som gøyr sjølv, slepp å halde hund.

Den som rir på ein elefant, er ikkje redd for ein bjeffande hund.

Det du sparer for din eigen munn, det fer i både katt og hund.

Det er fagna hund som verer fanten.

Det er hund på hund og småhundar imellom.

Det er ei dårleg bikkje som bit sine eigne ungar.

Det er lett å skulde på hunden, han kan ikkje svare for seg.

Det er lett å skule på hunden . . .*

Den verste bikkja bit, den gøyr ikkje.

Stundom kjem det bikkje i bondestad.

Dess fleire hundar på garden, dess større er flatbrødet.

Du treng ikkje lære ein gammal hund å huke seg ned.

Eg vil heller ete hunden enn at den skal ete meg.

Ein klok hund veit kva som er verdt å gøy åt.

Ein kvit hund kan bite like godt som ein svart.

Ein set ikkje kvalp av låkt bikkjeslag.

Ein skal ikkje kome til gards som ei febikkje.

Ein skal ikkje skue hunden på håra og fanten på fillene.

Ein stemnar ikkje hunden fordi han gøyr på ein.

Elskar du meg, så elskar du hunden min.

Ein god mann vil ikkje slå kona si,, og ein god hund vil ikkje jage etter hønene.

Ein hund som ein gong er slått med eit brennande trestykke, vil flykte berre det ser lynet.

Ei kråke, ein kjøpmann og ein hund kan ein ikkje stole på, sjølv når dei søv.

Ein hund ensar knapt at den som eig den, er fattig.

Ein hund veit helst betre enn å tyggje barberblad.

Er hunden blitt skolda av kokande vatn, blir den også redd for kaldt vatn.

Fattig mann er ingen greve, men heller ikkje hund fordi han gneg knoklar.

Fleskeskinka heng aldri så høgt at ikkje hunden håper å få gnage beina.

For mykje pudding vil kvele ein hund.

Galne hundar får rivne skinn.

Når to hundar slåst om eit bein, kjem ein tredje og tek det.

Han er ein hund på ein kontrabass.

Han kjenner bikkja som er biten av den.

Hinkande hund ber sjeldan rova høgt.

Hund vil ha hundetukt.

Hundebøn når ikkje til himmels.

Hunden bit ikkje på rette mågen (svigersonen, svogeren).

Hunden er alltid happig på fattigmannen.

Hunden er som husbonden er, og katten som kona.

Hunden gøyr når hyenene er vekke.

Hunden får vel knurre berre den ikkje bit.

Hunden tener husbonden og kjetta kona.

Hunden svinsar med halen, ikkje for deg, men for brødet ditt.

Hundesemje varer ikkje lenge.

Om du et ein hund, kan du like godt ete den opp.

I hundetunge er det lyv[?], i kattetunge riv.

I auga til bikkja mi senker eg sorgene mine som i ein djup brønn.

Jag ein hund inn på villspor, og den vil snu seg og bite.

Dess meir ein gir hunden, dess frekkare blir den.

Katten følgjer huset, hunden herren.

Kvinner har like lett for å gråte som hunden har for å mige.

La bikkja ha beinet, så bit ho ikkje.

Ein hører ikkje etter ein hund som støtt gøyr.

Ein kan gi ein dårleg hund brør for å stoppe munnen må den.

Kast ikkje stein på hunden som teier.

Mennesket er hundeguden.

Når hunden frys om vinteren, seier den: "Neste gong vil eg byggje meg ei hytte av bein alt om våren." Men når det blir varmt i vêret, gløymer den det igjen.

Når husbonden er borte, sit hunden i høgsetet. [Sjå Håkon den godes saga, 13]

Vekk ikkje sovande hund og rot ikkje i gammal skit.

Rova er sjeldan strak på hund som er skjemt.

Set eit uord på hunden og heng han så (Give a dog a bad name and hang him).

Hunden til smeden klarte ikkje å velte ambolten, derfor velta den vasskrukka.

Stum hund og stille vatn skal ein ikkje stole på utan vidare.*

Somme kjem på det ingen hund kunne drøyme om.

Tause hundar bit verst, for dei bit til beins.

Eglande hund får rive skinn.

To hunder om eit bein og to jenter om ein gut vil sjeldan bli samde.

Om du jagar ut hunden, har du lukta att inne.

Varmt er ein smak som hunden ikkje liker.

Vender ikkje ein hund attende til ein stad der det er kjøtbein?

Vinn ein over ein hund, spring ein over rumpa dens også.

Vakt deg for eit menneske som ikkje snakkar og ein hund som ikkje bjeffar.

"Andakta er for alle," sa hunden, den stod ved kyrkjedøra og ulte.

"Der ramma du det," sa mannen, bikkja beit han i trefoten.

"Du får vere folk, du som grisen," sa mannen til bikkja.

"Eg kan ikkje rå deg når du ikkje vil bite frå deg," sa mannen til hunden, kjetta hadde skamklora han.

Hunden seier, "Det er ikkje berre den som blir forfølgt som misser pusten.

"Eg var også med," sa hunden om kalaset.

"Laget er lite, men nett," sa mannen, han sat til bords med hunden.

"Ein skal ikkje vekkje hunden til bonden," sa tjuven.

"No er bikkja berga," sa sogningen, seglbåten dreiv på land.

"Skal det bli vennskap mellom oss, lyt de kvitte dykk med dei arge hundane," sa ulven til sauene.

"Stille, din trekkhund, mens eg legg selen på deg," sa klokkaren og hengte messehakelen (prestekappa) på presten.

Kval

Det rek ikkje kvart år kval på land.

Ein seier ikkje til niser: "Gå og hent ein geitekilling."

Niser gjer ikkje mange feil.*

Når blåkval et blåkval er det stor nød i havet.*

"Eg har kje noka tru på storkvalen sia han beit hovudet av far," sa lappguten.*

Kamel

Det skal vere lettare for ein kamel å kome gjennom eit [overlag stort] nålauge enn for ein rik å kome inn i Gudsriket.

Ein kan ikkje både drive kamelar og ha det travelt.

Kanin

Om du trur alt du hører, går til havet etter kaninar og til skogen etter fisk.

Katt

Av å tru på lovnader døydde Per Smeds hund, og av takk døydde katten hans.

Gir du katten nøkkelen til spiskammerset?

Den som er god mot katten, får godt bryllaupsver.

Der katten får inn kloa, vil han inn med tanna.

Det er det same om ein katt er kvit eller svart, berre den fangar mus.

Det er ikkje trygt for musa å ha katten som leikebror.

Det er lett å spå at katten skal døy om tarmane heng om halsen på den.

Det fer stundom i katten, det som var meint for kongen.

Ingen har meir enn eitt liv, utan katten; han har sju.

Ein skal ikkje stryke katten mot håra når ein vil ha den til å male.

Mjauande katt er ein dårleg jeger.

For dei små musa er katten eit villdyr.

Gamle kattar ligg gjerne ved omnen.

Hund og katt var sjeldan gode venner.

Same kor mett musa er, legg den seg aldri til å sove på katten sitt leie.

Katten er god å skulde på når det er noko.

Katten fangar rotta når ho ikkje er på vakt.

Katten må ta til klørne om den vil opp i treet.

Katten veit kven den kjæler med.

Ein treng normalt ikkje bry seg med kor katten søv, berre den fangar mus.

Mjølk er mat for Mons (katten).

Musa veit mykje, men katten veit meir.

Når ein spring over katten, spring ein alltid over rompa.

Når katten får si mette, så stel han ikkje.

Når katten leikar med musa, så blir det hennar død.

Når kattane klorar mest, får dei flest ungar.

Når ein bitt katten ved osten, et han den ikkje.

Små fuglar som syng for tidleg, kjem ut for katteklørne.

Sovande katt fangar inga mus.

Var ikkje katten, så åt musene opp maten.

"Det gjer seg til ein vane, pus," sa bakaren, han feia omnen med katten.

"Du får tole såpass, pus," sa guten, han løfta katten litegrann.*

"Far over mor, mor over meg, og eg over katten," sa guten.

"Her finst det styrke i arm," sa skreddaren, han løfta katten frå skapet.

"Lite, men godt," sa kona, ho mjølka katten sin.

"Trur du det, kisse?" sa papegøyen til katten.

Ku

A cow 
teaches
Kua viser at beste gjæringa ikkje endar i øl.
Kva nyttar det å ha god ku når den sparkar mjølkespannet overende?

Det er ikkje godt å stå mellom to stutar som stangast.

Det er inga god ku som stangar sin eigen kalv.

Av stuten kan ein vente seg brøl.

Eit handtak (avtalen, eit løfte) bitt mannen som klaven bitt stuten.

God fôring gjer godt fe.

Der kveget er, skal ulven døy.

Kjekle med kjerringane og kappspringe med kalvane er like eins.

Kua veit kanskje ikkje nytten av svansen før den er vekke.*

Når den eine kua skjenar, skjenar andre også.

Som kua går føre, kjem kalven etter.

"Du har då aldri hatt nokon forstand," sa kjerringa til kua som ikkje ville ete langhalm.

"Gi meg plass til å stå," sa oksen, "og eg skal nok sjølv skaffe meg plass til å liggje."

"Når ein leitar, skal ein leite overalt," sa bonden, han leita etter oksane oppå skaptaket.

Løve

Kven som sjarmerer kven når løver møtest, og korleis det skjer, kan jo ikkje vanlege dyr vite.

Når løva er død, trekkjer haren den i skjegget.

Tale skal vere dristig som ei løve, mjuk som ein harepels, skremmande som ein slange, spiss som ei pil og avbalansert som eit septer ein held på midten.

"Vi har ei lita løve, vi også," sa bonden om katten.

Mus

Den som sparer til morgondagen, sparer til musa.

Det er med kloa katten fangar mus.

For dei små musene er katten eit villdyr.

Gammal mus er ikkje fanga av eitt hol.

Held du ikkje katt, held du mus.

Same kor mett musa er, legg den seg aldri til å sove på katteleiet.

Katteglede, musegråt.

Ein treng ikkje bry seg med kor katten søv, når den berre fangar mus.

Mus gir lort for vel gjort.

Musa får ikkje matfred lenger enn katten vil.

Når asken er musøyra, er kyra framfødd.

Når katten går forbi, held musene opp med å pipe.

Når katten og musa gjer samlag, før bonden lang nase.

Katten leikar seg så lenge med musa at han sistpå et henne.

Var ikkje katten, åt musene opp maten.

"Det var til pass for musene at løa brann opp," sa mannen.

"Vågar du livet ditt, så vågar eg mitt," sa mannen til musa.

Rev

Alle revepelsar endar til slutt hos buntmakaren.

Den fattige fangar reven, og den rike får skinnet.

Det duger ikkje å setje bukken til gartnar, ulven til sauegjeter og reven til gåsevaktar.

Det er ikkje rev, alt som er raudt i håret.

Det er rev som rev skal lure.

Ein skal ikkje setje reven til å gjete gjæsene.

Ein kjenner ikkje alltid reven på fargen.

Også reven springer over vegen når den ikkje kan kome under den.

Reven spring aldri så langt at ikkje rumpa følgjer med.

Selg ikkje pelsen på reven i skogen.

"Det smakar beiskt," sa reven om granatepla.

"Dør reven, så gjeller skinnet," sa jegeren.

"Eg kjem vel tidsnok," sa reven til buntmakeren.

"Vi treffast hos buntmakeren," sa reven til ulven.

Rotte

Med hanskar på labben fanger ikkje katten noka rotte.

Rotta feirar ikkje jul der det er kattar.

Rottene forlet skipet som går ned og huset når det brenn.

"Det var inga vanleg lus," sa bonden då han fekk rotteungar i kammen.

"Eg er ikkje redd for rotter," sa han som hadde katten i lomma.

Sau

Frå sauen ull, frå mannen skatt.*

Dau som ein slakta sau.

Den fattige blir klipt som ein sau.

Den kollete veren skulle ikkje stange den som har horn.

Den sauen som breker, gir lite mjølk.

Den som har tusen sauer, må kjempe mot femti ulvar.

Den som vil ha ein hund hengt, seier at han jagar sau.

Det er betre å misse ulla enn sauen.

Det er gitt lammet å drikke på kne.

Det er sjeldan lamma semst når dei blir samanbundne.

Det slumpar at sauen slepp frå ulven, men mest aldri frå slaktaren.*

Eitt lam er liten buskap.

Gud betre dei stakkars sauene når ulven er dommar over dei.*

Har ein sau krabbesjuke, får fleire det.*

Kvinnetunga og lammerumpa held seg sjeldan i ro.

Sauerumpa er grå, barnerumpe er brå.

"Er det heilull på sauen?" spurde byfrua.

Tiger

Der det er mange tigrar, hamnar geitene i vanskar.

Tigersprang.

Ulv

Det er von om skrubben når ein ser øyro hans.

Ein sveltande mann vil ete ulven.

For ein samla flokk er ulven ufarleg.

Hunden gjer, og ulven går roleg sin veg.

Myggen kastar sjølv ein hest til bakken når ulven hjelper den.

Når ulv et ulv, er det hungersnød i skogen.

Sjeldan får kvilande varg eit lårbein og sovande mann siger. (Håvamål v. 58)

Ulv gjer svin usamde.

Ulven kan miste tennene, men ikkje naturen sin.

At ulven dør gir liv til bøling (Ulvens død er kvegets liv).

"Eg har kje noka tru på vargen sia han beit hovudet av far," sa lappguten.

"Eg var like sæl om eg var ute," sa ulven, han sat i dyregrava.

SAMLINGA  

TILGIFT

Litteratur  

OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


  BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   ANSVARSFRÅSKRIVING: [LENKJE]
   © 1999–2009, Tormod Kinnes. [E-POST]