Norsk del, Gullvekta
Om homøopati
Seksjon › 5 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Land der homøopati er omtykt

Solsikke

I Sveits skal homeopati bli jamstilt med vanleg medisinsk behandling innan mai 2017: "Homeopati, holistisk medisin, urtemedisin, akupunktur og tradisjonell kinesisk medisin skal få same status som konvensjonell [vanleg] medisin innan may 2017 (Homeopathy, holistic medicine, herbal medicine, acupuncture and traditional Chinese medicine will acquire the same status as conventional medicine by May 2017)". [◦Lenke]

Homøopati er elles godt omtykt i land som Frankrike, England, Tyskland, Hellas, India, Pakistan, Brasil, Argentina, Mexico og Sør-Afrika.

  • Ca. 20% av tyske legar nyttar desse naturlege midla dann und wann (no og då, av og til).
  • Om lag 40% av alle i Frankrike har nytta homøopatiske middel, og 39% av dei franske legane har skrive ut homøopatiske middel.
  • Rundt 45% av nederlandske legar meiner desse midla er effektive.
  • Homøopati er særskild populær i India, der det er over 120 fireårs homøopati-medisinske skolar.
  • I eit oversyn i The British Medisinsk Journal (7. juni, 1986), viser 42% av British legar pasientar vidare til homøopatiske legar (når det høver). Ifølge ein artikkel i New York Times aukar vitjingar til britiske homøopatar med 39% i året.
  • Homøopati var ein gong svært omtykt i Sambandsstatane. Rundt 1900-talet var 15% av legane i USA homøopatiske legar før nedtur som maktinteresser stod bak, etter det homøopatar skriv. No er homøopati i framgang også i USA. Marknadsforsking tyder på at salet av homøopatiske middel har vakse med 25-50% i året gjennom dei siste ti åra.

Verdshelseorganisasjonen [WHO] fortel at homeopati er det nest mest brukte medisinske systemet internasjonalt, med over 1 milliardar dollar i utgifter til slik behandling. Tjue til 30 prosent av franske og tyske legar bruker homeopati i klinisk praksis. I Storbritannia er fem homeopatiske sjukehus del av det nasjonale helsesystemet, the National Health System, og over 30 % av allmennpraktikarar nyttar homøopati. I USA er det over 500 legar og 5000 ikkje-legar som bruker homeopati i klinisk praksis, og 2,5 millioner amerikanarar bruker meir enn 250 millionar dollar årleg på homeopatiske middel - to tredelar av midla er sjølvvalde. [McPhee m.fl. s. 1763]

Internasjonalt er det mange kjente - levande og daude - som bruker eller brukte homeopati gjennom åra. Her er eit utval. [Hovudkjelde: Ullman og Fisher, passim]

Blanda: Susan B. Anthony, Benjamin Disraeli, statsmann, W. C. Fields, James Garfield, president i USA, William Lloyd Garrison, William McKinley, president i USA, Pave Pius X, Jackson Pollock, William Seward, Daniel Webster.

Frå litteraturverda: Louisa May Alcott, Charles Dickens, Fyodor Dostoevsky, Sir Arthur Conan Doyle, Ralph Waldo Emerson, Johann von Goethe, Nathaniel Hawthorne, Washington Irving, William James, Henry James, Henry Wadsworth Longfellow, George Bernard Shaw, Harriet Beecher Stowe, Lord Alfred Tennyson, William Thackeray, Henry David Thoreau, Mark Twain, W. B. Yeats.

Musikarar: Ludwig van Beethoven, Frédéric Chopin, Jon Faddis, Nelly Furtado, Dizzy Gillespie, George Harrison, Annie Lennox, Sir Paul McCartney, Sir Yehudi Menuhin, Moby, Paul Rodgers, Robert Schumann, Pete Townshend, Bob Weir.

Frå film og TV: Pamela Anderson, Jennifer Aniston, Alan Bates, Victoria Beckham, Sarah Bernhardt, Cherie Blair, Tony Blair, Susan Blakely, Orlando Bloom, Richard Branson, Michael Caine, Cher, Cindy Crawford, Blythe Danner, Marlene Dietrich, Dronning Elizabeth II, Douglas Fairbanks Jr, Jane Fonda, Michael Franks, Diane von Furstenberg, Richard Gere, Whoopi Goldberg, Linda Gray, Jerry Hall, Susan Hampshire, Angelica Houston, Jade Jagger, Louisa Jameson, Ashley Judd, Tobey Maguire, Julianna Margulies, Gabriel Garcia Marquez, Philip McGraw (Dr. Phil), Robin McGraw, Olivia Newton-John, Rosie O'Donnell, Chili Peppers, Priscilla Presley, Lisa Marie Presley, Cliff Robertson, Axl Rose, J. D. Salinger, Vidal Sassoon, Nadia Sawalha, Jane Seymour, Martin Sheen, Cybill Sheppard, Suzanne Somers, Twiggy, Lindsay Wagner, Lesley Anne Warren, Naomi Watts, John Wayne, Michael York, Catherine Zeta-Jones,

◦Indiske kjendisar og sjådisar.

Frå sport og idrett: Boris Becker, David Beckham, Hermann Maier, Martina Navratilova, Kelly Slater.

Legar og vitskapsfolk: Emil A. von Behring, Charles Darwin, Brian Josephson, Sir William Osler.

Men så er spørsmålet: er homøopatiske middel verksame? Kva forsking kan lære oss om dette, er inntil overlag interessant.

OPP

TAO STUDY

Tilfrisking, forverringar og "narra tilfrisking"

EinararHomøopatiske middel er lovlege og ikkje reseptpliktige

HOMØOPATI nyttar ymse plantar, mineralar eller dyr i svært liten dose for om mogeleg å stimulere og mobilisere (ein grad av) tilfriskning innanfrå. Saka kallast "grei": Dei ørsmå eller mykje fråverande dosane som blir kalla homeopatiske middel, kan sjeldan gjere skade isolert sett -

Ulike middel av slike typar blir individuelt sortert i forhold til deira tenkte evne til å valde liknande symptom som dei personar erfarer via overdose.

Det heiter at også lekfolk kan vere bra utøvarar, enda om visse legale forhold rundt dei kan vere uklare ender og då. ¤

Midla er ikkje reseptpliktige, heller ikkje i Statane, der homøopati også er lovleg. Dei fleste som praktiserer der, er legar med tilleggsutdanning i homøopati. Det finst også andre utøvarar, deriblant veterinærar.

Homøopatiforkjemparen Dana Ullman held fram at det finst tydeleg dokumentasjon på at midla er aktive og kan lækje (sjå neste side). Hjelper desse midla, går dei venteleg med, heller enn mot, personens naturlege forsvar. Men saka er nok ikkje fullt så gild for homøopatien som Ullmann vil ha det til: Eit oversyn frå Wikipedia kan venteleg hindre gale fundert entusiasme i å flaume over. [Wikipedia, s.v. "Homeopathy", og "Homøopati (forskning). Det finst knapt nok støtte i den nyaste forskinga for at homøopati verkar, sama kva Ullman meiner.

Homøopati er eit vanskeleg felt som kallar på ord som "Når utgangspunktet er som galest, blir resultatet radikalest". Utgangspunktet er at gyldige, medisinsk akseptable prov på verknadar manglar i det heile. Men trass i manglande, gangbare prov på verknad av homøopatisk behandling, meiner mange homøopatar litt av kvart likevel, ikkje heilt ulikt strutsar med hovudet i sanden av og til. Det heiter såleis at somme folk (ikkje alle) som blir behandla med homøopatiske middel mot kronisk (langvarig) sjukdom kan få midlertidig forverra symptom. Gode prov på at det er slik, vantar. Den forklaringa ein gir, er at organismens ulike forsvarsdelar mobiliserer, blir stimulert. I den grad det stemmer, er det interessant. I den grad ein manglar prov på at det er slik, er det spekulativt, og ei side ved det feltet ein kan bli vikla inn i når ein går til homøopat og utdannar seg til homøopat også.

I tillegg til at det ikkje ligg føre godt prov på at homøopatisk behandling duger til noko, kan ein faktisk ignorere mykje som blir utlagt av homøopati-forkjemparar. Og viss ikkje ein gjer det, kan ein vel bite merke i at homøopati ikkje hjelper tidsnok i alle høve, fortel Ullman:

  • Somme merkar inga betring, utan at ein kan skjøne det.
  • I fall nokon treng hastehjelp, til dømes når symptoma verkar livstrugande m.m. Jf. alvorlege astma-anfall, hjernehinnebetennelse, osv. Ein kan likevel godt "fylle på" med homøopatiske middel, men IKKJE utelate medisinsk behandling i desse tilfella - og andre.
  • Når det dreier seg om livsstil-plager og plager der endra kosthald og/eller endra livsstil er tiltrengt (også).
  • Eksponering for somme miljøgifter krev andre middel og tiltak (også).
  • Meir: [◦Ullman-artikkel]

ToararMidla har vist seg å ha verknad på spedbarn og dyr (Dana Ullman)

Det heiter at venleik ligg i auget til den som skodar. Noko av det same gjeld for forkjemparar av homøopatisk behandling også: Verknaden ligg i auget til forkjemparen, men slett ikkje i auget til mang ein granskar. Som nemnt: Ein har ikkje funne statistisk materiale som stadfester Ullman og andre sine observasjonar, og det får ein ha i bakhovudet for sin eigen del imot mykje snakk om verknadar som kan minne om troll i eske.

Når dette er framheva først, skal eg med glede fortelje at det finst noko som kan tyde på at homøopatisk kur gagnar somme - kanskje. Til dømes døyingsraten på homøopatiske sjukehus i USA før 1900: Raten var mellom halvparten og åttedelen av dei i vanlege medisinske sjukehus. Men det kan vere andre forklaringar på dette dokumenterte fenomentet.

Det blir også sagt at homøopatiske middel verkar på spedbarn og ymse dyr - hundar, kattar, hestar og kyr. Det verkar i så fall mindre truleg at verknadane på dyr kjem av placeboeffekt (narra frisk-verknad). Mykje forsking manglar her.

Samandrag

I SUM

  1. Ein treng ikkje otte lovlege middel som kan hjelpe organismen sitt naturlege forsvarssystem gjennom livskampen.
  2. Spedbarn og dyr seiast å kunne hjelpast av homøopatiske remedium - i så fall er det mindre grunn til å tru at placeboeffektar (narreverknad) gagnar dei meir enn reseptmedisin.

I EIT NØTTESKAL Ein treng ikkje akkurat otte placeboeffektar om dei hjelper og gagnar - for ei tid, i det minste.

OPP

TAO STUDY

Bra å vite og tygge på

Før februar 1991 var det gjort 107 kontrollerte kliniske utprøvingar av homøopatisk behandling. 81 av dei tyda på at slik behandling hadde gagnlege verknadar, hevdar Dana Ullman. Men studer oversynet i Wikipedia (engelsk og dansk høver) før du trur alt du får høyre. Nyare, samanfattande forsking fortel om null verknad heller. Nett det må framhevast.

Det heiter elles blant tilhengarane at midla verkar til å få indre balansar i kropp-og-sinn-eininga betre i orden. Av tilhengarar blir dei ofte kalla ufarlege, ugiftige og utan biverknadar. Av motstandarar kallast dei også utan verknad. Då er det ikkje heilt lett.

EinararVi skulle leite og sjå etter, meinte Ivar Aasen

Ivar Aasen skreiv i 1836: "Vi burde heller leite . . . og sjå etter kva vi sjølve eigde før vi tok til å låne av andre . . . " Han gjorde seg til talsmann for å sjå etter og gjerne stå på eigne bein. Slik har også fleire homøopatiske utprøvingar blitt gjort, utan samanliking med Aasen elles. Manglande prov hindrar ikkje homøopatar i å snakke som om gode verknadar finnast, og dessutan at om feil homøopatisk middel blir ordinert, kjem ingenting farleg og fælt til å skje likevel. Først om rett medisin blir gitt, "gjærar den fram" personsforsvar (den verkar som katalysator, heiter det).

Kroppen sine ulike symptom etter ei tids inntak, blir betrakta som utslag av møde og strev inni organismen etter å gjenopprette homeostase, balanse. ¤

Homøopatar har funne at ei slik "lækjande krise" somtid verkar nødvendig for å bli frisk eller friskare. Det er lite truleg at slik uventa symptomforverring kjem av forventingar om å bli frisk - at den er placeboeffekt. Det ligg føre fint lite av legeaksepterte data om den midlertidige forverringa i homøopati førebels.

Så lenge klare og gode prov på verknadar av homøopatisk medisin ligg føre, kan nokså mykje homøopatsnakk minne om narreri og spekulativ tale. Og det sømmer seg heller dårleg å gjere opprør mot saklegheit med gale draumar i auga . . .

Når vi no snakkar om gjengs praksis: Det er mogeleg å ta homøopatiske middel i lag med vanlege legemiddel, men I somme tilfelle er ein nøydd til å spørje lege eller treffe eit enten-eller-val. Det finst gode grunnar til det, for somme kan det også overlevingsgrunnar. Så ein kastar ikkje livsnødvendig farmasøytisk laga medisin i vasken i tru på full hjelp av første, beste homøopatiske middel. Det finst også andre grunnar til å vere varsam eller føre var. "Safety first" er godt motto. Det er noko liknande eg held på å innprente her: "Tru ikkje blindt i eitt og alt. Har du lov og har du råd, kan du prøve å finne ut somt sjølv, berre du er budd på kor dyrt det kan bli - pengemessig, sosialt, totalt!" Og jamfør ein farbar veg: [Lenke]

Det finst også "kombo-middel" som gjer mykje prøving og feiling avleggs: Somme slike homøopatiske middel finst i helsekostforretningar - det kan vere det heiter dei er designa for å hjelpe mot gitte sjukdommar. Middel av dette slaget blir kalla kombinasjonsmiddel eller "formlar", til dømes med åtte ulike middel miksa saman i ei einaste "blanding". Slike blandingar kan vere lette å skrive ut, og dei kan fungere, skriv Dana Ullman - men kan vi stole på snakket?

Likevel har homøopatar komme med at middel som blir valt nokså individuelt, kan verke oftare og djupare. Det kjem nok an på - det er det eg seier.

ToararDet er normalt ikkje rom for farlege lystløgnarar i British Medical Journal

HOMØOPATISKE middel blir jamt rekna som ufarlege, ugiftige og utan biverknadar. Og legar og andre forstår ikkje korleis homøopatiske middel verkar. Kjemikarane har ikkje teoriar og omgrep for å fatte det, og dei er ikkje lystløgnarar når dei seier det er tull, det som mange forklaringar bygger på.

Historie: Homøopati blei populær i USA og i Europa på 1800-talet fordi det fekk ord for å hjelpe mot mange infeksjonssjukdommar som herja: gulsott, skarlaksfeber, kolera og anna.

Det er også publisert forsking i medisinske journalar og andre vitskaplege publikasjonar. Den skulle ein iallfall studere før ein investerer store delar av formuen sin i homøopati.

Samandrag

I SUM

  1. Det er mogeleg å ta homøopatiske middel i lag med vanlege legemiddel.
  2. Eit oversyn over forsking publisert i The British Medical Journal (9. februar 1991) tyda på at homøopatisk behandling hadde gagnlege resultat mot forskjellige plager, fysiske og mentale.

I EIT NØTTESKAL Homøopatisk behandling skulle kunne gagne mot psykiske tilstandar og ein hamnar i under stress og sjukdommar som kan vere forårsaka av mentalt stress, mellom anna. Kjelda til somt her er amerikanske Dana Ullman. [◦Lenke] Men han får neimen ikkje mykje støtte i nyare forsking, den amerikanaren.

Konklusjon

Ja visst krev homøopatisk forsking tiltru til gjengs forsking og sans for at slik forsking gjeld innan visse grenser - så det gjeld å vere varsam nok og ikkje ta munnen for full, og såleis halde seg innan trygge grenser.

Innhald


Homeopati, homøopati, Litteratur  

McPhee, Stephen J., Lawrence M. Tierney, and Maxine A. Papadakis. Current Medical Diagnosis and Treatment. Ill. annot. 46th utg. New York: Lange Current Series / McGraw-Hill Professional, 2007.

Ullman, Dana, and Peter Fisher. The Homeopathic Revolution: Why Famous People and Cultural Heroes Choose Homeopathy. Homeopathy Series / Berkeley, CA: North Atlantic Books, 2007.

Wikipedia, s.v. "Homeopathy"

Homøopati, homeopati Arkivdel Sett Neste

Homøopati, homeopati BRUKARGAID: [Lenke]
© 1999–2016, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]