![]() |
Les du lekser enno? | |||||||||||||||
|
Lekser er ut - eller?OversynLekser er ein innbarka del av kulturen vår. No har forskarar funne at verdien av lekselesing kjem an på så mangt, og undersøkingar av leksearbeid syner ikkje dokumenterte verknader av lekser. Under kjem eit oversyn:Alfie KohnDanske Politiken skriv 15 november 2007 at lekselesing er bortkasta tid, dersom ein skal tru ei ny bok som heiter The Homework Myth - Why Our Kids Get too Much of a Bad Thing (Myten om lekser - korfor barna våre får for mykje av det vonde). Den er av den amerikanske forfattaren Alfie Kohn, som enkelt foreslår at vi skal droppe lekser fordi dei ikkje kjem eleven til gode i form av betre karakterar eller betre studievaner [1].Dette kjem han med på grunnlag av 300 forskingsprosjekt og undersøkingar ifrå USA og fleire andre vestlege land. Ingen av undersøkingane kan nemleg dokumentere at lekselesing har positive verknader, verken i grunnskolen eller gymnaset. Kohn summerer: Lekser er spill av tid. Dei mange lekselesingstimane kunne blitt brukt til noko meir meiningsfullt i staden. Å pugge lekser øydelegg engasjementet til barna - og la meg leggje til: kan jamvel ta av dage lærelysta hos somme [2]. Den danske professoren Per Fibæk Laursen frå Danmarks Pædagogiske Universitet stadfester det Kohn fortel: at undersøkingar av heimearbeid ikkje kan dokumentere at elevane har gagn av lekser. Laursen seier at "Det er ein opplagt idé å avskaffe lekser med dagens utvida skoledag - iallfall i meininga heimearbeid." [3] Så det er på høg tid å få undersøkt verknadene av lekselesing, poengterer professoren, for "det er då leit å belaste barn og foreldre med arbeidet [lekser] dersom dei ikkje får noko ut av det" [1; Kohn 2006].
Sara Bennett og Nancy Kalish har skrive The Case Against Homework: How Homework Is Hurting Our Children and What We Can Do about It (Crown, 2006).
Der legg dei fram dokumentasjon frå fleire dusin studiar på at lekser har få beviste fordelar for barn i alla aldrar, og at lærarar i USA nesten aldri har fått undervisning i å gjere leksene verdifulle. Forfattarane får også med at mykje lekser kan føre til utbrentheit hos studentar og hemme læring og utvikling. Dei to har også intervjua fleire hundre ekspertar, lærarar og barn om kva som er galt med det amerikanske undervisningssystemet, og korleis ein kan endre det, sia mykje leksearbeid om kveldane kan gi dalande karakterar.
Grunnar til å minske eller fjerne lekser, omfattar oppfatninga av at studentar også lærer ting utafor lærebøker og klasserom, at mykje lekselesing tek for mykje fritid, at heilt liv er meir enn skole - og så finst det altså veksande dokumentasjon på at lekser har liten verdi, og at lekser faktisk har negativ verknad på læringa til elevar under fjorten [Kohn 2006; Bennett og Kalish 2006]
Attåt detSissel Skaalvik, professor i pedagogikk ved NTNU i Trondheim, seier til slike funn at ein får vurdere kva form for lekser det dreier seg om. For å få utbytte av lekser, bør dei vere for overlæring . . . vere assimilasjon . . . og innafor meistringssona (det eleven meistrar allereie). Med andre ord skulle lekser vere for memorering og liknande.Dette harmonerer fint med noko som Francis Robinson, professor ved Ohio University, publiserte i 1970: Studentar får mest utbytte av studiet når om lag 80 prosent av tida blir brukt til memorering (innprenting). Det vil seie rundt 50 minutt av kvar time, det, og så må ein vel ha noen små pauser i tillegg. Robinson er elles mannen bak SQ3R-opplegget, som er vidt brukt verda over i lag med endra opplegg over mykje den same lesten. Der finn ein utforma metodikk som tek omsyn til kva mest tid bør gå med til. Akronymet SQ3R står for "survey, question, read, review, recite - altså "sjå over; spør og assosier noko i tilknyting til stoffet; gjennomles grundig; sjå over; og resiter (sei fram)". Memorering skjer i dei to siste fasane [Robinson; Atkinson, app]. Når det gjeld memorering, som lekselesing bør få hovudpreg av, gir psykologen Tony Buzan gode råd for korleis ein gjer det for å bruke tida si best råd, så ein får inn det viktigaste stoffet i langtidsminnet (LTM) så godt som mogeleg. Om Buzan er det elles å nemne at han har skrive sjølvhjelpsbøker i studering, at metodane hans for det meste består av deler ein finn andre stader også, at han hevdar at mennesket bruker berre ein prosent av hjernekapasiteten (det er nok feil, iallfall i strid med nevrovitskapleg kunnskap), og at han i Noreg er mest kjent for sjølvhjelpsbøkene Bruk hodet bedre og Bruk hodet enda bedre og notering av nøkkelord i form av tankekart [Buzan 1977 og 2001]. Ein annan professor i pedagogikk ved NTNU, Hansjörg Hohr, seier studenten kan samle seg om hovudpoenga. Det gir også god meining. Tony Buzan syner kor lite effektivt det kan vere å hugse "fyllkalkord" og nøkkelord om kvarandre, i staden for enkelt nedteikna nøkkelord, som rommer hovudpoenga. Ved å notere nøkkelord frå pensum strukturert og helst sirleg, får ein samla seg om hovudtinga, og kan vinne betre langtidsminne [Buzan 1977 oa.].
Gunn Imsen, også professor i pedagogikk ved NTNU, fokuserer på at for både skoleelevar og studentar er det slik: "Ein av dei viktigaste faktorane som kan forklare læring, er "time on learning" (tid brukt på læringsaktivitetar)." For å lære kva lekser inneheld, kjem ein ikkje unna å bruke tid på dei, elles får ein vel ikkje inn i seg noko. Men på den andre sida syner undersøkingar gjort av Flemming B. Olsen, stipendiat ved Syddansk Universitet, ingen samanheng mellom tida elevane bruker på lekser og karakterane dei får. Meir avgjerande enn tidmengda er vel korleis ein nyttar tida til innlæring av leksene, korleis ein går fram med leksearbeidet, i tillegg til kor godt avpassa dei kan vere. Gode studievaner og probat studiemetodikk tel mykje. Effektive studiedugleikar kan hjelpe og dermed gi meir fritid, som kan vere sårt tiltrengt [8].
Pedagogikklektor Elisabeth Lundervold Sørdal ved Høgskolen Stord/Haugesund meiner lekser skaper fleire taparar enn vinnarar. I dag finst inga regulering av leksene. Sørland har skrive masteroppgåve i spesialpedagogikk, der ho tek med at trua på terping driv fram skuletrøttleik, fusk og løyndom, og ikkje alltid nok tid til leik og kvile. Læreplanen for Kunnskapsløftet legg opp til metodefridom. Sørland har fått førespurnader frå Kunnskapsdepartementet om dei kunne få lese avhandlinga hennar. Dei syntest ho hadde reist særs viktige spørsmål [1, 6]. Strøtankar om lekserMeininga med lekser skulle vere å auke kunnskapar og betre dugleikar hos elevar og studenta. Lekser skulle styrke det studentar alt har lært og kan og førebu dei for pensumstoff i vente.Lekser skulle tene eit klart føremål, og samsvare med kva den enkelte student kan klare. Høveleg feedback (tilbakemelding) innan eit døger betrar leksearbeidet ved å rette misforståingar, gi enkle mål på framgang, og instruere i kva som er rett. Berre ein karakter på leksa og oppgåva gir neppe god nok tilbakemelding. Det kan vere til gagn for elevar og studentar når foreldra deire involverer seg i lekseprosessen, enda om "for mykje" involvering kan vere til hinder. Fagfolk er dessutan bra samde om at når det gjeld lekser, finst det mange slags framgangsmåtar [9]. Artie Kohn-sitatVidt utbreidde meiningar om ulike slags gagn av lekser - betre eksamensresultat og fremming av slike dydar som sjølvdisiplin og ansvar - blir ikkje støtta av den tilgjengelege dokumentasjonen. Widespread assumptions about the benefits of homeworkhigher achievement and the promotion of such virtues as self-discipline and responsibilityaren't substantiated by the available evidence. - Alfie Kohn, s. 3 i boka. Litteratur Atkinson, Richard, et al. Introduction to Psychology. 9th ed. San Diego: Harcourt, Brace, Jovanovich, 1987. Bennett, Sara, and Nancy Kalish. The Case Against Homework: How Homework Is Hurting Our Children and What We Can Do about It New York: Crown, 2006. Buzan, Tony. Bruk hodet bedre (Use Your Head). Oslo: Hjemmet-Fagpresse, 1977. Buzan, Tony. Make the Most of Your Mind. Rev. ed. London: Pan, 1988. Buzan, Tony. Bruk hodet enda bedre! Du har 10 forskjellige intelligenser - lær å bruke alle sammen (Head First - 10 Ways to tap into your natural genius). Oslo: Hilt og Hansteen, 2001. Kohn, Alfie. Why Our Children Get Too Much of a Bad Thing. Philadelphia: Da Capo Press, 2006. Robinson, Francis Pleasant. Effective study. New York: Harper and Row, 1970.
1. Gitte Svanholm. "Lektielæsning er spild af tid". Politiken. 15. nov 2007. [politiken.dk/indland/article430595.ece] BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE] © 2007-2008, Tormod Byrn Kinnes. [E-POST] |