Norsk del, Gullvekta
Lindås
Seksjon › 12 Sett Søk Førre Neste

Termar og forkortingar

Reservasjonar Innhald  

Lindås

Lindås kommune ligg i Nordhordaland og omfattar det meste av Lindåshalvøya. Kommunenamnet kjem av 'lind' og 'ås'. Kommunen har kalla seg opp etter ein prestegard med det namnet. Administrasjonssenteret er Knarvik. To andre tettstadar i kommunen er Lindås og Leknes. Målforma er nynorsk. Lindås blei eigen heradskommune frå 1838. Kommunen grensar etter 1964 i nord mot Masfjorden, og i vest mot Austrheim og Radøy. I det høvet fekk tidlegere Lindås kommune mellom anna delar av Sæbø kommune. Utanom dei landgrensene er Lindås omgitt over fjordar og viker av kommunane Gulen i Sunnfjord i nord, Vaksdal og Osterøy i aust, Bergen i sør, og Meland i vest.

Lindås er den kommunen i Nordhordland det bur flest i (14 678 den 1. januar 2012). Langs ei ca. 375 km lange kystlinja er det 531 øyer og holmar; det vil seie kysten er sterkt oppskoren. Terrenget varierer frå skjergard med gode fiske- og badevilkår til høgfjellsområde der ein kan gå til fots og på ski, alt ettersom. Sjølve Lindåshalvøya er ganske småkupert lågland (opp til vel 400 moh.). Berggrunnen på Lindåshalvøya har hovudretninga nordvest–søraust, og det pregar fjorder, øyer og høgdedrag.

I det vakre kommunevåpenet (godkjent i 1979) står eit sølvfarga lindetre mot raud bakgrunn. Lindås svarer til sokna Lindås, Myking og Hundvin i Lindås prestegjeld, sokna Alversund, Lygra og Seim i Alversund prestegjeld og Ostereide sokn i Osterfjorden prestegjeld, alle i Nordhordland prosti i Bjørgvin bispedømme.

Det meste av dyrkingsjorda og busetnaden er på Lindåshalvøya. Der bur kanskje 98 % av innbyggarane. Storfehald dominerer. Det er også mykje sauehald, og dessutan hønsehald for egga, og griseal. Fiske står ikkje sentralt i denne kystkommunen. I 2001 arbeidde over 40 % av dei arbeidsføre utanfor kommunen, og om lag halvparten av dei i Bergen. Viktigaste næringa i kommunen er industri, og sterkt prega av oljeraffineriet på Mongstad (Statoil) helt i nordvest. Med oljeraffineriet er Mongstad blitt eit stort industriområde. Vi får håpe det er triveleg også. [1]. Dessutan er verkstadindustri viktig.

Samferdsla er prega av ferjer og bru.

Ved Seim kyrke ligger Kongshaugen, der Håkon den gode skal vere gravlagt. Seim var kongsgard i Harald Hårfagres dager. Ved Vollom er den nordlegaste bøkeskogen i verda; han kan ha blitt planta ut for rundt tusen år sidan.

Fjellsenda

Det finst to gardar med namnet Fjellsenda i Lindås. Fjellsendagarden som ligg på Radøy har blitt skriven noko annleis opp gjennom tida. Men lokal uttale er "fjellsenna".

Folket. I anerekka finst Kari Østensdotter derifrå. Garden er i dag i Lindås kommune. Kari gifta seg med Nils på Øvre Vågenes og døydde på Vågenes. Nils er nemnt som bonde på Øvre Vågenes i 1691 til 1694, men han hadde nok komme hit før, står det i Radøy gjennom tidene, bd. 2 (s. 150-51). Nils er ikkje med i manntalet frå 1701, så han var venteleg daud då. Men Kari kom med i 1701. Ho dreiv garden saman med tenestedrengen Simon. Ho kom opphavleg frå Fjellsenda på Radøy (no Lindås kommune) og var dotter til Magdeli Nilsdotter og Østen Nilsen Fjellsenda.

Kari og Nils fekk tre barn ein kjenner til, mellom dei sonen Arne Nilsen Vågenes Hella, født kring 1677. Han blei bestefar til Arne Nilsen (nr. 56b på Vågenes og nr. 173 og 174 på Hella), som blei født rundt 1753 og blei kring 85 år. Han døydde den 25. november 1838 på garden Helle, Radøy, står det i Radøy gjennom tidene, bd 2 (s. 312-13).

I alle høve: Vi stammar frå ein Fjellsenda-gard, og det næraste å tippe er at det var den på Radøy, der Magdeli Nilsdotter og Østen Nilsen Fjellsenda budde i si tid, ifølge Radøy gjennom tidene, bd. 2. Dersom dei er å finne i nokon av Lindås-bygdebøkene også, er det godt. Det vil kanskje komme for dagen.

Fjellsenda på Radøy ligg i den sørlege delen av Lindås sokn og grensar mot Austavatnet og Vestavatnet. Postvegen nordetter til Trondheim gjekk gjennom Fjellsenda. Fjellsenda tyder ved enden av eit fjell, dvs fjellet Skaumøya som ligg i sør.

Ein veit det var drift på garden i 1519. Han var i lang tid jordegods for kyrkja, dernest kongen. I 1678 blei det skrive skøyte på slottet i København, og då overtok Hans Hansen Smidt Lillienskjold (død 1681) Fjellsenna og noko attåt. Det var tre oppsitjarar på Fjellsenda då: Anders, Lars og Nils.

Jordeigaren Hans var borgarmeister i Bergen og lagmann i Gulating, og blei adla i 1676 (jf Sunnhordlandsslekter 11 s 339). Då Hans døydde, fekk sonen Hans (død 1703) hand om Fjellsenda. Han er ført som eigar frå 1682. Garden blei delt i to bruk først på 1600-talet. I 1687 selde denne Hans det eine bruket (bnr 1) til oppsitjaren, og i 1691 også det andre (bnr 3). Eit tredje bruk (bnr 3A) var i bruk frå 1638 til rundt 1680. Det blei drive som eige bruk att frå 1714 til 1735. Så var to bruk att, inntil til bnr 1 blei delt i 1804 og og bnr 3 i 1840. På 1900-talet kom bnr 5 til, samstundes som bnr 1 og bnr 2 blei slått saman. Det er såleis fire hovudbruk på garden.

Målt etter skatteskyld og folketal er Fjellsenda ein stor gard i Lindås sokn. I 1875 budde til dømes 36 personar der, elles har det vore 25 til 30, står det i Lindås bygdebok.

Det var kona som stod for det meste av gardsdrifta, medan mannen måtte syte for inntekter frå sjøen eller som handverkar. Fjellsenda ligg langt frå sjøen, så fisket spelte truleg mindre rolle. Dei eldste tala på husdyrhaldet er frå 1657, då husdyrskatten oppgir at Fjellsenda hadde 2 oksar, 19 kyr, 3 kviger, 39 sauer og 15 geiter. Og i 1665 blir det mellom anna nemnt 24 "nød" [naut, storfe] og 2 hestar. Det kom tidleg hest til Fjellsenda, som oftast var det to av dei, og det har til tider vore mange geiter på garden. Her var skog til brenneved og til byggematerialar. Jorda var ganske lettdriven, men skrinn. Beitemarka låg fint til og strekte til for 10 kyr. Garden hadde kvern frå "eldgammalt" Skauefjellet blei nytta til beite.

I 1754 blei utmarka, skog og fjell, fredlyst, så uvedkommande ikkje skulle ha tilgang til dyr på beite der. I 1839 blei det gjort ei minneleg (frivillig) utskifting av innmarka til Fjellsenda. Utskiftinga av innmarka blei tatt opp att i 1879, i hovudsak for bnr 1 og bnr 2. Som følge av utskiftinga laut bnr 1 flytte mange bygningar, medrekna våningshus, løe og fjøs. Utmarka til Fjellsenda blei utskifta i 1923.

Innhald


Lindås, Fjellsenda gardshistorie, litteratur  

Haugland, Anders. Radøy gjennom tidene. Band 2. Manger: Radøy kommune, 2008.

Skogseth, Arvid. Bygdebok for Lindås. Band 3. Lindås sokn: Gards- og ættesoge gnr 87–gnr 108. Bygdeboknemda for Lindås Sokn / Bodoni Forlag, 2008.

Store norske leksikon, s.v. "Lindås".

Wikipedia, s.v. "Lindås".

Notar
  1. Ung i Hordaland. Kulturportal. Kommunar. "Lindås kommune". Nd.
    ungkultur.ivest.no/kommuner/k_lind%C3%A5s.html

Lindås, Fjellsenda gardssoge  lokalhistorie, gardshistorie, opp Seksjon Sett Neste

Lindås, Fjellsenda gardshistorie BRUKARGAID: [Lenke]
© 2012–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]