Norsk del, Gullvekta
Frå Naustdal og Vevring lokalhistorie
Seksjon › 12 Sett Søk Førre Neste

Termar og forkortingar

Reservasjonar Innhald  

BILDE
Vestre halvdel av Naustdal kommune. Kommunegrensene er fiolette

Naustdal er ein kommune i Sunnfjord i Sogn og Fjordane fylke. Målforma er nynorsk. Blant tettstadane i kommunen er Vevring, der vi har anar.

Naustdal er først og fremst ein jordbrukskommune, og kanskje mest kjend for elva Nausta. I Naustdal treffer kystnatur innlandsnatur.

Klimaet i Naustdal er vått temperert og vintrane milde. Ytst i fjorden har snøen brukt å ligge kortare enn ei veke om vinteren;, men i dalen kjem første snøen i oktober og blir til april/mai. Det kan bli ein til to meter høg snø.

Noregs største førekomst av rutil finst på Engebøfjellet ved Førdefjorden. Rutil er eit mineral som er samansett av titan og oksygen, og blir brukt til å framstille rein titandioksid, TiO2, som er eit kvitt pulver. Det blir brukt som kvitt fargepigment i mangt, frå maling til iskrem, og har E-nummeret E171. Nordic Mining søkte om konsesjon på å vinne ut mineralet i Engebøfjellet i Vevring, og lovde tretti millionar til Naustdal og Askvoll kommune for å få det som dei ville. Løyve fekk dei, men gruvedrifta der vil føre med seg enorme mengder avfall dumpa i Førdefjorden, slik opplegget er. Mellom anna Havforskingsinstituttet har åtvara sterkt mot det. Også lokalt i Vevring har det vore sterk motstand mot prosjektet. Leiar i Naturvernforbundet, Lars Haltbrekken, sa ved eit høve:

Det er fullt mogeleg å ha gruveverksemd i Noreg utan å dumpe store mengder avfall i norske fjordar som kan øydelegge mykje av livet på fjordbotnen . . . Sjødeponi der ein dumpar avfall og masser frå gruvene utgjer ein stor trussel mot livet på botnen. Det er dessverre slik at haldninga "ute av syne ute av sinn" går utover nokre av dei viktigaste økosystema våre. . . . Vi fryktar at bruk av sjødeponi vil øydelegge store delar av livet på botnen av norske fjordar og vere til stor skade for fiskeria . . . å dumpe massar frå Engebøfjellet . . . kan gjere dei delane av fjorden som blir råka . . . daud[e] i 40 – 50 år. . . . Noreg er i dag eit av berre fem land som bruker sjøen som avfallsplass for gruveindustrien. [1 (omsett)]

Gruveplanane om å dumpe 11 tonn masse kvart minutt i 50 år frå gruva og ut i Førdefjorden. blei sette på vent seint i mars 2012 fordi ein ikkje visste nok om følgene til å avgjere saka. Naturvernforbundet meinte det var ein heilt rett konklusjon. [2] Aberet: Etter instruks frå Klima- og miljødepartementet om å vurdere dei samfunnsmessige sidene ved gruveetablering, gjekk direktoratet med på å gi løyve. Setter styremaktene naturomsyn over styr for korttenkt vinst igjen?

Naturvernforbundet i Sogn of Fjordane orienterer om plager og mogelege skader:

Det er planen å deponere 140 millionar kubikkmeter knust fjell i Førdefjorden. Botnen vert heva frå 300 meters djup til 150 meter over tre kvadratkilometer. For å hindre at finknust fjell vert svevande i fjorden, er planen å setje til eit flokkuleringsmiddel, magnafloc, som inneheld kreftframkallande akrylamid. I tillegg til fjorddeponiet vil fleire titals millionar tonn masse bli liggande att på land. I minst 15 år vil drifta vere i dagbrot, døgnkontinuerlig med fjellsprengingar og støyande industri tett inn på eksisterande busetting. Førdefjorden er rein og har ein uvanleg rik biologi, med fleire artar og fleire individ enn det som gjennomgåande er å finne i fjordar på Vestlandet. Fjorden er verna som nasjonal laksefjord frå ei grense like innanfor det planlagde deponeringsbassenget. Nausta, ei av dei mest produktive lakseelvane på Vestlandet, er nasjonalt laksevassdrag og renn ut i fjorden. Det er høgst usikkert korleis sprenging og annan aktivitet vil verke på utvandrande laksesmolt. (Osv.) [◦Les meir]

Skrivemåten av namn

Tidlegare var skrivemåten av personnamn (førenamn) svært vaklande. Ein person kunne bli ført opp med fleire former av eigentleg det same namnet. I mange bygdebøker er derfor personnamn frå før rundt 1880 normaliserte. Det er valt ei namneform som ligg nærast opp til bygdemålsvarianten av namnet. Og etter 1880 er nytta namneformer slik familiane har opplyst.

Før omkring 1900 skifta folk vanlegvis etternamn når dei flytta til ein ny gard, då brukte folk gardsnamnet mest som ei adresse. Difor er ikkje familienamn i vanleg meining brukte i ættesogene før kring 1900. Det var for alvor etter 1920 at familie namna fastna slik det er blitt i dag. I eldre tider kan dette skape feiltolkingar. Ein person fødd på Vatne var kanskje tenar på Helle då han gifte seg. Presten vil då skrive at han var frå Helle. Dersom ein ikkje har andre opplysningar, vil dette gi feil oppfatningar av kor personen faktisk ætta frå.

Ein får skilje mellom gardsnamnet nytta som familienamn og gardsnamnet brukt om matrikkelgarden. Når gardsnamnet er brukt som familienamn, kan kvar einskild velje skriftform. Men namnet brukt som gardsnamn, er eit offentleg namn som skal følge gjeldande retningslinjer, sist gitt i Lov om stadnamn av 18. mai 1990. Hovudprinsippet i den lova er at den nedarva lokale uttalen skal leggast til grunn for skrivemåten, og elles skal vanlege rettskrivingsreglar følgast. [12-13]

I eldre tid

Naustdal sokn (med ein del gardar på sørsida av Førdefjorden) høyrde til Førde skipreide, mens Vevring sokn (også med ein del gardar på sørsida av fjorden) høyrde til Brandsøy skipreide. Kyrkjeleg høyrde derimot dei to soknene begge til Førde prestegjeld.

Då kommunane blei skipa i 1838, blei Naustdal sokn ein del av Førde kommune, mens Vevring sokn blei eigen kommune. Frå 1896 blei Naustdal skild ut frå Førde som eigen kommune. I 1964 blei dei delane av Naustdal og Vevring kommunar som låg på nordsida av Førdefjorden, slåtte saman til Naustdal kommune slik han er i dag. Den delen av Naustdal som låg på sørsida av fjorden, gjekk til Førde, og den delen av Vevring som låg på sørsida, gjekk til Askvoll. [s. 11-12]

Busetnadshistorie

Kva tid dei første naustedølar slo seg til og blei bufaste, veit vi lite om. Buplassen på Engjabøen er frå slutten av eldre steinalder (ca. 4.000 år f.Kr.) og gravrøysene på Horne frå bronsealderen (1800-500 f.Kr.).

Truleg har høvelege stadar langs fjordane blitt brukte som sesongbuplassar for folkegrupper som for det meste levde av fangst og fiske.

Kanskje kom jordbruket til Vestlandet for meir enn 3000 år sidan. Det er liten tvil om at det på dei beste Naustdal-stadane var bufaste menneske for 2000 år sidan.

Gardsnamna fortel også om utviklinga av busetnaden. Mellom dei eldste gardsnamna finn vi usamansette naturnamn. Gardar med namn på -vin, -heim, -land, -stad og -set reknar ein med var busette før vikingtida tok slutt kring 1050. Gardar med namn på -vin og -heim blir rekna som dei eldste av dei, kanskje tilbake til dei første hundreåra evt. (etter vår tidsrekning = e.Kr.) Gardsnamn på -land og -stad blir plasserte til tidsrommet 500-1000 evt., mens -set-gardane blir rekna til vikingtida.

Nokre av dei eldste faste busetnadene med jordbruk som viktigaste leveveg er Horne-Kvellestad og Vevring-området med garden Vevring som den høgast skyldsette garden i heile Naustdal.

I 1536 blei reformasjonen gjennomført i Danmark og Noreg. Å gi gardar så det blei lese messer over sjela hadde høyrt til i katolsk tid. Etter reformasjonen prøvde mange stormenn å få attende gods som var gitt til kyrkjene i katolsk tid. Naustdalsgodset blei då ein del av godset under bispestolen. I Naustdal-sokna var det mykje bispegods. Ei slik oppsamling av bispegods frå eit lite område kan tydast til at det var kjernen i det gamle Naustdalsgodset etter Eilivane frå mellomalderen, endå om det er vanskeleg å prove tydinga.

Segner frå Naustdal

Ei gammal segn seier elles at Gjøringebøfjellet ein gong skal rase ut i fjorden og skape ei flodbølge som raserer bygdene langs fjorden.

Ein gong budde ei trollkjerring på Helle, og ho mjølka tomme kyrne til folk i området. Ein bonde fekk då fekk eit godt råd mot dette frå ein vis mann: Neste gong han gjekk til alters skulle han ikkje svelge nattverdsbrødet, men ta det med heim og blande smulane i fôret til kyrne. Då trollkjerringa frå Helle neste gong freista å mjølke kyrne til bonden, visna den eine henda hennar bort slik at ho blei vanfør.

Trollkjerringa skaffa seg ein tenestegut. Mora til drengen såg at guten blei tynnare og tynnare og ville vite om han ikkje fekk mat på Helle. Jo, han fekk då mat, svarte han, men han fekk ikkje lov å bryte sildebeina når han åt. Då skjønte mora at når guten ikkje braut i stykke sildebeina, kunne trollkjerringa mane ny sild på dei same beina. Slik sat guten og åt på den same silda gong etter gong, og slikt blei han ikkje mett og velfødd av.

Magnhild Åse i Åsedalen vakna med skrik og skrål ei natt fordi ho meinte at eitkvart hadde bite henne i kneet medan ho sov. Nokre dagar seinare kom Kambe-Knut-Kari til gards, smurde tjøre på det vonde kneet til Magnhild og las ei magisk regle.

Men trolldomskunstar kunne føre til skafottet eller på heksebålet i dei dagar. Då saka kom opp for vårtinget, blei Kambe-Knut-Kari landsforvist, og Magnhild som hadde tatt imot lækjeråda frå henne, måtte betale ei dryg bot. [NRK. Utdrag.]

TO TOP

Garden Vevring

Vevring

Vevring (gard nummer 29) er ein av dei eldste gardane langs Førdefjorden, ein gammal sentralgard. Alt på 1300-talet var det reist kyrkje her. Ho var opphavleg ei stavkyrkje.

Vevring grensar i vest mot Årset: Storelva er grense nesten opp til Botnavatnet. Mot nord går grensa langs høgdedraga mot Flora kommune. Austanfor går grensa mellom anna over Engjabøfjellet og i sjøen aust i Domsura.

Eldste forma av gardsnamnet vi kjenner er Wefringh og Wæfring frå rundt 1350, seinare stort sett Vefring med V eller W. Tydinga er uviss.

Frå gammalt var ein del av Vevring Munkelivs-gods, at Munkeliv kloster eigde det. I 1626 var det fire eigarar i Vevring, Munkeliv hadde mest halvparten, to laupar, godseigaren Rosenkrantz eigde ein laup, Vevring kyrkje og Førde prestebord hadde hand om kvar sin kvarte laup, mens den siste halve laupen var bondeeige. Eigartilhøva var stort sett dei same i 1647. I 1732 kjøpte Mons Monsson Årset halve garden og blei den største jordeigaren på Vevring. Arvingane hans sat lenge med ein stor del av garden, men i 1770 var det berre dei mindre partane til Førde-presten og Vevring kyrkje som ikkje var på oppsitjarane sine hender.

Folketalsauke og fleire brukarar

I gamle Vevring kommune var det garden Vevring som blei sentrumsstad. Gjennom lang tid var Vevring ein av gardane det har butt flest menneske på i heile Naustdal kommune. På 1800-talet auka folketalet mykje - og 82 personar budde på garden i 1960.

I 1520 var berre Elling oppgitt som brukar på Vevring, men ein gong før 1563 blei garden delt i to bruk. Seinare blei garden delt opp endå meir. Etter 1778 var det fem bruk på garden, og det talet heldt seg i mange slektledd.

Dyrehaldet

På Vevring er det framleis eit aktivt gardsmiljø enda om fleire av brukarane har arbeid utanom bruket.

På 1700-talet voks dyrehaldet sterkt. I 1845 talde buskapane 9 hestar, 102 storfe, 167 sauar, 28 geiter og 6 grisar, til saman 155 1/2 kyrlag. Vidare frametter på 1800-talet heldt dyrehaldet seg om lag på same nivå.

Dyrehaldet har seinare endra seg. I 1970-åra tok sauehaldet slutt, og brukarane har satsa på mjølkeproduksjon og ungdyr. 1 1993 talde besetningane 1 hest og 146 storfe; på sju bruk var det til saman 66 mjølkekyr.

Pelsdyral

På Vevring dreiv alle brukarane i trettiåra med sølvrev. 1 1939 hadde brukarane her til saman 31 vaksne dyr og 91 ungar. Ei tid gav dette noko forteneste, men etter kvart var det mange som satsa på pelsdyr. Dermed fall prisane. Ikkje lenge etter krigen avvikla den eine etter den andre revedrifta.

Åkerbruket

I 1665 avla brukarane på Vevring kring 72 tønner korn. I forhold til kor mange som truleg budde på garden då, blei dette kanskje 1 2/3 tønne korn per person. Vanleg rekna forbruk i det gamle bondesamfunnet var to tønner pr. person, så folket her mangla truleg lite på å vere sjølvberga med korn i nokre hundre år.

I 1845 avla oppsitjarane på Vevring kring 140 tønner korn, noko som tilsvarte 1 1/2 tønne på kvar av dei 80 menneska på garden. Denne forsyningssituasjonen heldt seg utetter på 1800-talet, så folk på Vevring måtte kjøpe ein del av kornet utanfor garden.

Første gongen vi har oppgåve over potetavlen, i 1835, avla dei vel 100 tønner her. Dersom oppgåvene er å lite på, blei potetavlingane dobla fram til 1845, då dei hausta nesten 200 tønner. Med dette var folket på Vevring sjølvforsynte med poteter, og hadde å selje også. Fram mot vår eiga tid har poteta fått mindre å seie som salsvare, potetdyrkinga er no stort sett berre til eige bruk.

Grasfrø. Brukarane på Vevring må ha vore føregangsmenn når det gjeld å nytte grasfrø.

Innsyn i det gamle gardssamfunnet

Naboane reiv ned huset til Lars og kona

I 1681 gjekk Lars Anfinnsson Vevring til sak mot alle dei andre brukarane på Vevring fordi dei hadde rive ned huset hans endå han hadde betalt den årlege grunnleiga til gardeigaren.

Naboane forklara seg på tinget: Lars og kona levde usømmeleg på så mange slags måtar, meinte dei. Det var aldri fred å få for dei, og aller verst når det blei halde gudsteneste. Dette kan tyde på at det kanskje var skjenking som Lars og kona dreiv med.

Saka blei utsett til neste ting fire dagar seinare i Naustdal. Då sa Lars Anfinnsson i retten at han var forlikt me dei sju oppsitjarane andre på Vevring. Dei skulle gi Lars to våger korn kvar til hausten. Til saman fekk Lars og kona på denne måten kring 260 kg korn (over 4 tønner).

Gifte Nils blei frådømt alt han eigde og måtte i fengsel fordi ei jente blei med barn

Omkring 1705 gifta Nils Antonsson seg med enka Anna Nilsdotter på Ytre Vevring. Men etter nokre år forfor han seg i 1713 med Brynhild Olsdotter Engjabøen, og ho blei med barn. For ekteskapsbrot var det hard straff. Nils møtte i retten og stadfesta hopehavet og lova at han heretter ville sky "saadanne onde bedrifter".

Stefaren til Brynhild bad om nåde og sa at jenta eigde ingenting. Men Brynhild blei dømt til å betale 12 lodd sølv eller "straffes med fengsel paa Kroppen".

Og Nils blei frådømt alt han eigde. Det blei nøye registrert, så vi veit kva det var: 2 kyr, 3 kviger, eit par merrer, 3 geiter og 2 sauar. Utstyr i jern, laksegarn, vårsildegarn og eit snøre. Til saman verdiar for 15 riksdalar. Men det strekte ikkje til å dekke alle krava som blei sette fram mot han. Men gjelda han hadde frå før, var tre dalar meir.

Nils sat som brukar på eit av dei minste bruka på Vevring og var midt i 30-åra då han hadde hatt samkvem med Brynhild. Alt han eigde blei tatt, og han og kona laut ta til på berr bakke att. Saka følgde Nils i mange år, sidan det ein slik syndar eigde skulle gå til kongen i København.

I 1724 døydde første kona til Nils. Vitne fortalde futen at Nils ingenting eigde. Dermed blei han nøydd til å ta fengselsstraff.

Utskiftingar

På Vevring var det teigblanding slik det var på alle gardar med fleire bruk. Alt kring 1750 var skogen på Indre Vevring blitt delt mellom brukarane der. Elles var det frå gammalt eit tydeleg skilje mellom Ytre og Indre Vevring. Til Ytre blei rekna bruk nummer 1, 2 og 4.

Den første minnelege utskiftinga regulerte i lita grad teigane på garden. I 1862 blei det halde utskifting som vedkom bruka på Ytre Vevring; det var særleg omfattande for bnr. 1 og 2. I alt blei 56 teigar bytte mellom dei to bruka, og alle husa på bnr. 1 blei flytta til ny tunplass. På bnr. 2 var det berre sjøbua som laut flyttast. Nye merke, vegar, gjerdeplikt blei fastlagt, osv. Året etter blei det nokre mindre justeringar.

Utskiftinga av utmarka på Ytre Vevring tok til i 1885, og var ferdig først etter elleve år, fordi utmarksrettar for gardane Vassbotnen, Årset og Ytre Vevring var vovne saman. I retten blei det synt kart, ført vitne, og så endå retten på omtrent den gamle kartgrensa.

Til Vevring høyrde store utmarksområde, og delar av utmarka blei skift. Frå 1940 til 1943, blei det halde utskifting over utmarka på Ytre Vevring enn ein gong.

Stølsdrifta

Bruka på Vevring hadde to stølar. Oppå Årdalslia, aust for Vassbotnen, låg Ytre Vevringsstølen. Stølsdrifta var vanleg for Vevringbruka til 1950-åra, då tok denne utnyttinga av utmarksressursane slutt.

Sjøen var viktig

Som for dei andre gardane langs fjorden, var fiske eit viktig tillegg i matfatet. Det var sjølvsagt for dei fleste å ta del i fisket i fjorden og på kysten. Båtar og fiskeutstyr var svært viktige, og dei fleste brukarane hadde storbåt som blei brukt til sildefiske og torskefiske om vintrane. For husmennene var sjøen endå viktigare og livberga mang ein familie.

Også som ferdselsåre var sjøen viktig. Frå Vevring segla dei med storbåtane til Bergen og hadde då med seg bjørkeved, poteter, spekesild og gjerne kjøt og smør. På dette salet kunne dei skaffe seg kontantar for å kjøpe varer som landhandlaren heime ikkje førte.

Husa på garden

På den gamle garden høyrde mange hus til med kvar sine spesielle funksjonar.

Eit rikmannsbo

Etter den andre Erik Erikson på Vevring overtok Lars Larsson bruk nummer 2 i 1768, og skiftet etter Lars gir ein gløtt inn i tilstanden på bruket godt og vel tjue år etter Eriks tid: Skiftet etter Lars Larsson i 1791 syner kva som kunne finnast i ein velstandsheim. Til saman var det lausøyre for 467 dalar og dessutan jordegods for 300 dalar (1 laup og 18 merker i Vevring som blei kjøpt for 158 dalar i 1773, men på grunn av prisauke på jord auka til 300). Enka og barna arva jorda.

Mykje av innbuet var uvanleg: sengestad i nystova "med Stoffes omhæng", raudmåla skåp, underseng med fjører, kråskåp av eik, ein måla kommode, dunseng med raud og kvit vev, stor spegel, fire trestolar, langbord med bordstol. Her fanst mykje i tinn, dessutan sølvskeier og ei sølvkanne verd 40 dalar (ho fanst og i buet etter svigerfaren). Dei hadde fleire båtar til ulikt bruk; ein bybåt med segl, færing, slagkeiping, seksring. Fiskeutstyr mangla heller ikkje: tre småsildegarn, seks torskegarn, to snøre . . ."

og i tillegg kom utstyr i ei fiskarstove ute i Batalden. Garden hadde

eit rikt utval av reiskapar, alt som trongst i smia, reiskap til trearbeid (økser, navrar, liksel, sager) og til gardsdrifta hadde dei m.a. fire hakkegrev, fire langorv og åtte stuttorv, slipestein. Annan husbunad var vevgogn, koparkjelar og gryter. Buskapen var uvanleg stor; ei merr, 2 oksar, 23 sauar, 10 geiter, 17 kyr (det tredoble av eit medels bruk). Endeleg finn vi også haglbørse, huspostill, hesteutstyr og det som trongst til ølbrygging.

Vevring, eit gammalt senter

Frå gammalt har Vevring vore eit sentrum ute i Førdefjorden. Dette kjem av at garden tidleg blei kyrkjestad, seinare fekk vertshus og blei sentrum i kommunalt styre og stell.

Frå kyrkjebakken

Første kyrkja på Vevring blei bygt før 1350, og var ei stavkyrkje. I åra etter 1721 blei over 600 kyrkjer auksjonerte bort til private eigarar. Soknepresten i Førde, Tomas Hammond, kjøpte mellom andre kyrkjer også den i Vevring, og enka selde vidare. Så gjekk det slag i slag i mange år til Vevring kommune kjøpte kyrkja.

Kyrkja i gamle dagar var mellom anna eit verdsleg samlingspunkt for nyhende, kvardagsnytt, kunngjeringar om auksjonar eller kor det skulle vere skifte og meir. Her kunne ein mann også få tiltrengde vitnemål på rettar han meinte å ha.

Haugianar-rørsla kom sterkt på den gamle vertshusstaden

Den religiøse vekkinga som Hans Nilsen Hauge gjekk i brodden for kring 1800, fekk sterkt fotfeste i Sunnfjord - kanskje særleg sterkt i bygdene ute langs Førdefjorden. På Vevring fekk Hauge gode vennar.

Truleg har det på Vevring vore eldgammal skyssplass for reisande, og namnet Tingneset får mange til å tenke på garden som tilhaldsstad for gamle ting. Første gjestgivaren vi kjenner til, ætta frå Årset. Då han døydde i 1741 heldt enka hans fram med ølsalet til ho gifta seg opp att året etter. Lars Nilsson Feios fekk gjestgivarløyve i 1743 etter nitten års militærteneste. Vertshuset var bustadhuset deira. Dei fekk lov å selje øl, brennevin og tobakk og kunne ta imot reisande. Vertshuset låg også nær Vevring kyrkje, så han fekk forbod mot å skjenke folk på søndagar og heilagdagar, og då gjekk det dårleg med den "butikken".

Skyss-skifte og samlingsplass

Vanlegvis var det i kvar sokn ein skyss-skaffar, og for Vevring sokn heldt skaffaren til på Tingneset i Vevring.

Brukarane på Tingneset hadde vertshuset attåt gardsdrifta, dessutan blei butikkdrifta utvida, og brukarane på Tingneset blei postopnarar. Frå 1857 blei det auka ferdsle i kjølvatnet av dampbåtane som byrja å gå. I fleire tiår blei dampen borda med robåt ute på fjorden før det blei det bygt skikkeleg kai for dampbåtane tidleg i 1920-åra.

Tingneset var den sjølvsagde staden å ta inn på for embetsmenn med ærend ute i fjorden. Når presten skulle ha preike i Vevring kyrkje, blei han rodd frå Førde laurdags ettermiddag, og heile følget overnatta på garden. Presten hadde si faste seng, og i søre stova hadde presten kontortid for folk som kom med ymse ærend. Også fut og sorenskrivar tok inn på Tingneset, og mange tingseter i Brandsøy skipreide blei haldne her. Skøyte og mange skifte blei skrivne her, og mykje anna.

Også i kommunal samanheng var Tingneset eit sentrum. Etter at kommunalt sjølvstyre blei innført i 1837, heldt formannskap og heradsstyre møta sine her. Etter kvart som nye kommunale nemnder blei skipa, var Tingneset ofte møtestad for dei også. Vevring kommune blei oppløyst i 1964t.

Meieri

I 1900 blei det skipa lokalt meierilag i Vevring. Bøndene kom med mjølka frå bruka sine og leverte ho i eldhuset som framleis står på Tingneset. Mjølka blei separert på staden og bøndene tok skummamjølka med seg heim att. Meieriet var i drift til fram mot 1920.

Vevringfolk blant anane

På bruk 2 på Ytre Vevring i Naustdal var Erik Eriksson brukar. Han var født kring 1675 på Lunde, står det i Naustdal Bygdebok: Gards- og ættesoge. Band 1 av Geir Kleveland. (Naustdal Sogelag, 1995, s 219.)

Erik d.e., far til Erik d.y. frå Lunde [f. ca. 1675, d. 1740], flytta frå garden Lunde, som vel kan ha vore Lunde i Gaular, bruk nr 6 der, for der fanst ein Erik på Lunde i det tidsrommet som høver. Sjå Bygdebok for Gaular, band 6, 1999, s 648 i høvet.

Ytre Vevring, gnr 29, bnr 2

Vevring har frå gammalt vore delt mellom Indre og Ytre Vevring. Vi stammar frå Ytre Vevring. Fram til kr. 1742 sat det 3 brukarar på Ytre Vevring, på det som seinare blei bruk 2. Og i 1768 kom alt på ei hand.

Bnr. 2a

Frå kring 1707 til 1742 var brukaren Erik Eriksson født kring 1675 på Lunde, daud i 1740 på Vevring. Gift første gongen med Sigrid Andersdotter. Gift for andre gong i 1723 med Anna Hansdotter frå Avdalen, vigde i Kinn. Born vi kjenner til:

a. Erik f. kr. 1704, d. 1749, neste brukar.

b. Anna f. kr. 1716 (sjå gardssoga).

Frå 1742 til 1768 var brukaren den neste Erik Eriksson f. kring 1704 på Vevring, d. 1749 på Vevring. Gift 1. før 1745 med Johanna Brita Trulsdotter frå Øvre Redalen bnr. 2 der. Johanna gift 2. 1752 med: Nils Monsen frå Roska i Indre Holmedal, d. 1768 på Vevring.

Lars Larsson overtok bruket i 1768. Born i 1. ekteskapet:

a. Erik f. 1745.

(osv.)

Innhald


Naustdal og Vevring, lokalhistorie, gardshistorier, litteratur  

Kleiveland, Geir. Naustdal Bygdebok. Gards- og ættesoge. Band I og II. Naustdal: Naustdal Sogelag, 1995 og 1997.

Timberlid, Jan Anders. Bygdebok for Gaular, band 1. Frå dei eldste tider og fram til omkring 1660. Sande i Sunnfjord: Gaular sogenemnd, 1990.

Timberlid, Jan Anders. Bygdebok for Gaular, band 5. Gardar og folk. Sande sokn. Sande i Sunnfjord: Gaular sogelag, 1999.

Notar
  1. Martin Ødegaard. "Gruvedrift må være miljøforsvarlig." Forurensing.. Oslo: Naturvernforbundet, 2.11.2011. På nett.
    naturvernforbundet.no/forurensning/gruvedrift/gruvedrift-maa-vaere-miljoeforsvarlig-article26001-2868.html

    Martin Ødegaard. "Gruveplaner satt på vent." Forurensing.. Oslo: Naturvernforbundet, 19.3.2012.
    naturvernforbundet.no/forurensning/gruvedrift/gruveplaner-satt-paa-vent-article26777-2868.html

    Jf. også http://naustdal.info/?page_id=313

Utdjuping

I NRKs Fylkesleksikon finn ein litt av kvart, også stoff og foto frå Vevring.
www.nrk.no/sf/leksikon/index.php/Kategori:Historia

  1. NRK. "Historia i Naustdal" og "Skysstasjon og handel i Vevring". Begge i Sogn og Fjordane fylkesleksikon.
    www.nrk.no/sf/leksikon/index.php/Historia_i_Naustdal
    www.nrk.no/sf/leksikon/index.php/Skysstasjon_og_handel_i_Vevring


Naustdal og Vevring gardssoger, lokalhistorier, gardshistorier, opp Seksjon Sett Neste

Naustdal og Vevring lokalhistorie BRUKARGAID: [Lenke]
© 2012–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]