Norsk del, Gullvekta
Fantastiske historier   ❀ 1
Seksjon › 29   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

Grashoppa i enga

Ein gong gjekk ein kar frå Geitheim og slo gras i enga med sigd, like til han kom over ei stor grashoppe. Han kasta sigden ifrå seg og sprang heim til grannane i fellestunet dei hadde, og jamra: "Det er ein hoppande djevel i graset utpå enga!"

Alle rusta seg med klubber og stokkar, hogg- og stikkvåpen med lange skaft og med andre våpen for å få has på grashoppa. Då dei kom til staden der ho skulle vere å finne, sa ein av dei til ein annan: "La kvar og ein krosse seg mot djevelen og ikkje legge seg opp i det han tar seg til."

Dermed gjekk dei heim att og sa: "Vi blei signa ifrå å gå vidare i dag."

"Å no", sa han som hadde sigden sin liggande i enga. "Men hjelp meg å finne sigden."

"Nei", sa dei. "Det er godt å sove med heilt skinn om kroppen. Det må vere betre at du mistar sigden din enn at vi alle blir heilt øydelagde."

(Clouston 1903, 42)

Oksehalen

Ein mann hadde høyrt at den som eigde ein vasstank, ville få mykje lønn for det på hi sida når den tida kom. Fordi han var rik, fekk han laga ei tank nær der han budde, og fylte han med vatn.

Ein dag kom han til tanken og såg at nokon hadde splintra tanken på eine sida. Tidleg neste morgon var han på pletten for å finne ut kvan som hadde gjort skaden, gøymde seg og heldt utkik. Då fekk han sjå det var ein okse som brukte horna sine mot tanken.

Mannen tenkte: "Den oksen kan vel frakte meg like til paradis."

Han gjekk bort til oksen og heldt fast i halen med begge hender. Mens oksen gjekk hit og dit, sa mannen til seg sjølv: "Eg må fortelje vennane mine om kor eg er på veg."

Dermed sleppte han oksehalen og gjekk til dei. De bad han: "La oss få bli med til paradis og få himmelske søtsaker, vi også!"

Ja, dagen etter leidde han dei til vasstanken. Oksen kom, og mannen greip halen med begge hender, ein annan greip tak i hendene til mannen, ein annan i føtene hans, og så vidare. Då dei hadde hekta seg på oksen slik, rende oksen av stad med mennene på slep. Då spurde ein av karane han som heldt i halen: "Kor store søtsaker er det i paradis, trur du?"

Han som heldt i halen, gløymde å halde fast. Han klemde hendene i hop og sa: "Så store."

Dermed fall alle av, og oksen sprang sin veg.

(Attforteljing etter Clouston 1903, 48-51. - Opphavleg frå Kathasaritsagara, ei samling forteljingar og legender av diktaren Somadeva frå 1000-talet.)

  Innhald  


Bøker        

Fantastiske historier, forteljingar.    Seksjon     Sett    Neste

Fantastiske historier, forteljingar. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2015–2019, Tormod Kinnes. [E‑post]