Eventyr og opplivingDet skal kanskje meir enn éi forteljing til for å gjere ein høveleg oppkvikka, og meir enn éi pølse også. Nokon kvar kan prøve og sjå. Psykologen Kjell Totland fortel korfor det er verdifullt at foreldre les eventyr for barn, særleg før leggetid. Det er med og skaper tryggleik, og kan hjelpe nærleik. Totland tenker, som Albert Einstein og Rudolf Steiner kvar for seg, at å gi næring til fantasien må til for god utvikling og fostring. Å gi barnet rom og tid til å undre seg (reflektere) og tilarbeide eventyret, skulle ein klare: Det er ein sentral del av Steinerpedagogikk i nokre år etter barnehagesteget.
"Enda meir eventyr", sa EinsteinEi omsorgsfull mor besøkte ein gong Albert Einstein for å få råd frå han om korleis ho skulle hjelpe sonen til å bli rett god i matematikk. Nøyaktig kva skulle ho lese for guten så han kunne utfalde seg til ein framståande vitskapsmann? Vitskapsmannen Einstein tala for verdien av å dyrke fram fantasien høveleg. Det kan gagne framtidig utvikling. Men eventyr kan meir enn det: Velvalde, gode eventyr kan også tenkast å harmonisere ein del, og kanskje gå enda lenger. Med døme frå eigne røynsler fortel psykolog Paul Jan Brudal i Det ubevisste språket (1984) korleis velvalde eventyr kan kveike barn og hjelpe dei å bli friskare. Mange fine eventyr kan dermed verke framifrå terapeutisk. Omtale frå Den Norske Bokdatabasen: Første del viser hvordan aggressive og ødeleggende følelser hos barn kan, ved opplesing fra vår eventyrskatt, leves ut på et ufarlig fantasiplan, bare eventyret har en lykkelig slutt. [Andre] del beskriver forskning og teoridannelse om folkeeventyrene innen folkeminnevitenskap, psykologi og psykiatri.
Mangfaldig bruk av eventyr i Steinerbarnehagar og SteinerskolenEventyr lækjer barnesinn . . . Frå undervisningslæra (didaktikken) til Steinerbarnehagar og Steinerskolens første to klassetrinn: Eventyr er grunnlaget for undervisinga i barnehagen og første og andre klasse i Steinerskolen. Folkeeventyra hos ulike folk og frå gamle dagar . . . blir rekna som grunnleggande oppseding. Ut frå dei veks det fram andre emne - måling, teikning, skriving, teljing, eurytmi [ein rørsle- og dansekunst], slik dei blir undervist i i dei første stega. - Waldorf Schools: Kindergarten and the Early Grades (Steinerskolar: Barnehage og dei første klassetrinna) (i Barbara J. Patterson og Pamela Bradley, 2000) [◦Sitat hos Waldorf Homeschoolers]
Verdien av å forme tankebilde sjølvVelvalde kvalitetseventyr kan kalle fram ulike tankebilde (og prosess-bilde) som kan nære og kanskje styrke barna på djupare nivå. Slik kan eventyr gi vink om kva for moralverdiar som tradisjonelt heng saman med at "det går bra til sist" - altså kva for handlingsnormer som bør gjere livsgangen vellykka i røynda, i langdrag, og å ordne seg traust. Eventyr stimulerer barn til å forme indre tankebilde. Menneske treng gode symbol (som eventyrsymbol) for å "sette ord" på ulike sider ved livet, til dømes slikt som kan true livet, som ekle storebrør, troll, krigar og nød. Gode tankebilde frå fablar og eventyr er ballast for livet, kan forme deler av kulturen (som felles tanke-referansar og fabellærdommar), kan hjelpe mot å bli skadd og stumpa til sinns, er dessutan tenleg for klokare, abstrakt tenking sidan. Det er eit av dei pedagogiske prinsippa i Steinerskolane.
I barnehagenDen internasjonale samanslutninga for Waldorfpedagogikk (Steinerpedagogikk) har utarbeidd mål for oppseding og læring for barn førskolealderen. Glimt: Alle treng vaksne, gode, språklege førebilete for å vekse inn i språket. I ein Steinerbarnehage har songar, historier, vers, fingerleikar, rim og regler stor plass i dagleglivet. Slik lærer barna språket leikande og blir heimekjent i morsmålet sitt. Språket til pedagogane bør vere kjærleiksfullt, klart, tydeleg, og biletleg, tillempa alderen til barnet. . . Metodiske tilvisingar: Gode språklege førebilde, eit tydeleg, ordrikt språk, songar, vers, fingerleikar, rett namn på gjenstandar, f.eks. rett namn på plantar og dyr, daglege forteljingar eller høgtlesing av meiningsfylte historier, eventyr og liknande, la barna tale ferdig, ikkje avbryte, ikkje rette på ord eller uttale - då oppstår leseglede og leseevne. . . . I Steinerbarnehagane blir utviklinga og røkta av dei barnlege fantasikreftene heilt konkret . . . [og] stimulerer dei skapande kreftene i barna. Alle slags historier, eventyr og forteljingar animerer barna til å omskape det høyrde i leikande kreativitet. God tid til leik, kvar dag, gir barna moglegheita til å bli aktive, i djup konsentrasjon og i støtt ny og oppflammande skaparglede. Metodiske tilvisingar: Leikar og materiale som inspirerer fantasien . . . høyre stimulerande historier som kan omsetjast til leik. (Fritt frå Hofstad 2004) Steinerskolen går inn for å fortelje barn eventyr, i tråd med Albert Einstein: Forteljekunsten som undervisingsform vil på mange plan legge vekt på samanhengar . . . Ei forteljing vil ha ein raud tråd, ei hendingslinje som taler til elevane si eg-oppleving. Forteljinga skil seg frå faktaorientert informasjon ved at det rundt innhaldet som blir formidla er forma ein syntese og ei konkret opplevbar ramme som kan opplevast. Når elevane dei første skoleåra møter eventyr, legender og mytiske forteljingar frå ulike kulturar, er dette med på å danne ein kunnskaps-klangbotn både for barnets eiga generelle utvikling og for vidare kunnskapstileigning dei seinare skoleåra. Om lag slik ser dei det, dei som styrer med Steinerskolen. Hovudopplegget kjem frå Rudolf Steiner. Er det noko ein liker i det, kan ein godt ta det fram til gagn for barn og unge, for framtida. Det finst rundt 1100 steinerskolar rundt om i verda, rundt 2000 Steinerbarnehagar, og 646 senter for spesialundervisning. Steinerpedagogikken har gitt opphav til ei av dei største uavhengige pedagogiske rørslene i verda. Det finst også offentlege skolar som bygg på Steinerpedagogikk, alternative skolar (charter schools) og akademi, og ymse heimeundervisingsmiljø. (Wikipedia, "Waldorf Education") Likande kjelderDet finst mange kjelder å ause av for den som er glad i historier, både gamle og nyare. Katherine Briggs har funne fram ei mengde britiske, til dømes. Den aller første historia her står for eksempel i ei likande bok ho har skrive. Boka heiter British Folktales and Legends (London: Francis and Taylor, 2003). Briggs syner at folk i Storbritannia har sine eigne historier også, sjølv om dei kom mykje i bakgrunnen då Grimm-eventyr og andre tyske eventyr flauma inn over dei frå 1800-talet og utetter. Å vere tysk var til dels storleg omtykt av mange i dei tidene.
No vel - Det finst mange andre kjelder å ause av med omsyn til britiske historier enn dei reint faktiske og historiske. Folkloristar i Storbritannia har gravd fram litt av kvart. I eit nøtteskalDet er neppe heilt gale å fortelje barn rimelege, moralsk givande soger dei liker og helst vil høyre fleire av. For det eine hjelper det gutar og jenter å orientere seg litt, forstå bitar frå tradisjonar rundt om, i sær sin eigen, unngå å bli fælt lurt, og så kanskje vidare. Psykologen Jerome Bruner (1915–2016) peikar på at å lære gjennom fortellingar er ein gild måte å lære på, og at historier fremmer kultur. Kultur er blant som som skal skilje menneske frå blant anna øgler. Like viktig er det vel at vel avpassa og ikkje altfor nifse og utkropne historier hjelper kontakt mellom forteljar og unge, dels ved at dei blir delt, dels ved at noko kan bli forklart attåt. Velvalde, gode historier gagnar kognitiv utvikling ved å tene som grunnlag for innsikter seinare i livet. Og ordet kognitiv har å gjere med å sanse, oppfatte og å forstå. Ein får vel lov å prøve seg litt fram om det ikkje er farleg. Og om barn av eiga lyst les eventyr og norrøne soger, er det generelt klokt å stimulere eiga lese- og lærelyst, gitt at stoffet og språket ikkje er heilt ueigna for dei som vil lese. Ein god forelder eller annan slektning kan dessutan sette i gang subtile (fine) indre kjeder ved blant anna å fortelje eventyr. Det finst vink om naturen i somme, og dei kveikane kan også føre med seg læringslyst om litt av kvart. Når dette no er sagt, bør ein få fram at språk hjelper til mangt, men at livet krev meir enn snakk, og at det er snakk om ulike dugleikar (kompetansar) og arbeidsfelt (kompetanseområde). Det finst også ulike intelligensformer, kvar til sitt bruk. Helse, kropp, dans, observeringskunne, andre former for kunst og kultur enn ordkunst (eventyr med meir), etikk, filosofi, å avpasse seg klokt til miljø, teknikk og bra arv - eller omvendt - ulike livsfelt krev ulike løysingar der ein først får hjelp til å bli basiskunnig og så vidare til ein er dugande nok med tida, i tråd med Albert Einsteins vink og veiving med pipa. Høveleg og råkande språk kan mang ein gong gå saman med slikt, dels instruksjonsvis, dels som ledd i tilbakemeldingar, oppklaringar og anna.
LegenderOrdet 'legende' kan brukast om fantastiske soger eller myter, men var opphavleg forteljingar om martyrar og helgenar. I mellomalderen (ca. 500 – ca. 1500 e.Kr.) blei historier om dei og undergjerningar knytte til dei, lesne i kyrkjene. Her i samlinga er legender om fromme menneske frå andre land tatt med. I norsk tradisjon finst legender om Olav den heilage og St. Sunniva. |
Briggs, Katherine M. A Dictionary of British Folk-Tales in the English Language incorporating the F. J. Norton Collection. Part A. Folk Narratives. Paperback ed. London: Routledge, 1991a (1971). ⸻. A Dictionary of British Folk-Tales in the English Language incorporating the F. J. Norton Collection. Part B. Folk Legends. Paperback ed. London: Routledge, 1991b (1970). ⸻. British Folktales and Legends. London: Francis and Taylor, 2003. Brown, Abbie Farwell. The Book of Saints and Friendly Beasts. New York: Houghton, Mifflin and Co., 1900. Brudal, Paul. Det ubevisste språket. Oslo: Universitetsforlaget, 1984. Clouston, W. A. The Book of Noodles: Stories of Simpletons; or, Fools and Their Follies. Popular ed. London: Elliot Stock, 1903. Hofstad, Isolde E., oms. "Hva barn trenger: Oppdragelses - og læringsmål innenfor steinerpedagogikk, for barn frem til skolemodenhet." IVW, den internasjonale sammenslutningen for Waldorfpedagogikk (Steinerpedagogikk). I Kleggen, Fosen, 17 des. 2004. Ingersoll, Ernest. Birds in Legend, Fable and Folklore. London: Longmans, Green and Co., 1923. Keding, Dan, and Amy Douglas, eds. English Folktales. Westport CT: Libraries Unlimited, 2005. Kvalvaag, Jakob, red. Fag og arbeidsmåter gjennom 13 skoleår: En læreplan for Steinerskolen 2004. Oslo: Antropos forlag / Steinerskolene i Norge, 2004. ⍽▢⍽ Ein finn dei same formuleringane i ein nyare plan frå 2007. Lindö, Rigmor. Eventyrskolen. Oslo: Cappelen, 1988. Nicol, Janni. Bringing the Steiner Waldorf Approach to your Early Years Practice. 2. utg. Abingdon, UK: Routledge, 2010. Patterson, Barbara J., and Pamela Bradley. Beyond the Rainbow Bridge: Nurturing Our Children from Birth to Seven. Amesbury. MA: Michaelmas Press, 2000. Phelps, David. Herefordshire Folk Tales. Stroud, Gloucestershire: The History Press, 2017 (2009). Waddell, Helen. Beasts and Saints. London: Constable, 1934.
Zipes, Jack. Breaking the Magic Spell. Reprint. New York: Routledge, 1992.
|
Seksjon | Sett |
Brukargaid ᴥ Ansvarsfråskriving © 2015–2019, Tormod Kinnes. [E‑post] |