Norsk del, Gullvekta
Fantastiske historier   ❀ 2
Seksjon › 29   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

Enok og fuglane til grannen

Enok hadde skaffa seg husvære i eit hus der det budde andre til leige også. Vennen til Enok, Eli, spurde han korleis han trivdest.

"Huset og leilegheita er heilt topp, men karen ved sida av meg held mange hanar og høner i hagen sin, og dei startar å gale rundt klokka fire kvar morgon, og etter det klarer eg ikkje å sovne igjen.

"Vel," sa Eli, "Du kan ikkje gjere noko med det, for han har rett til å halde fuglar slik."

"Ei tid etter sa Enok til Eli: "Eg kom på korleis eg skulle bli kvitt spetakkelet frå hagen ved sida av min."

"Så?"

"Eg kjøpte fuglane av han og har dei i min eigen hage. No kan dei halde han vaken!"

(Briggs 1991a, 64)

Oksen i enga

Ein bonde i Austwick i Yorkshire ville få ein okse ut av ei inngjerda eng som dyret hadde komme seg inn i. Han tilkalla hjelp frå ni naboar for å løfte oksen over grinda i gjerdet. Dei streva og prøvde i nokre timar utan å få det til. Då sende dei ein til bygda etter meir hjelp. Grannen opna grinda og gjekk av garde. Etter at han hadde gått, kom dei andre på at oksen kunne få gå ut av enga på same viset.

(Clouston 1903, 54)

  Innhald  


Bøker        

Fantastiske historier, forteljingar.    Seksjon     Sett    Neste

Fantastiske historier, forteljingar. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2015–2019, Tormod Kinnes. [E‑post]