Norsk del, Gullvekta
Fantastiske historier   ❀5
Seksjon › 29   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

Andemora fekk hjelp

På Farne-øyene ved kysten av Nord-England, heldt keltiske kristne til i gamle dagar, og dessutan hekka sjøfuglar mest overalt der når tida kom til det kvart år.

Ein gong skulle ei andemor leie kullet sitt mot stranda då ein av andungane datt ned i ei trong klippekløft og ikkje klarte å komme opp att. Mora kvekte om og om att etter ungen, men det hjelpte ikkje. Ho let då resten av ungane vente eit grann og skunda seg til einebuaren Bartolomeus som heldt til i eit lite kapell der på øya. Anda gav seg til å kvekke og nappe og dra i kjortelen hans med nebbet. Han trudde først han sat over reiret hennar, så han reiste seg opp og såg etter. Men anda drog i han framleis, så han tenkte det var noko anna ho ville, og følgde etter dit ho drog han med.

Då dei kom til kløfta, peika ho mot klippekløfta med nebbet sitt og såg på Bartolomeus mens ho gav teikn til at han skulle sjå ned i kløfta. Der var det ein andunge. Han klamra seg til klippen med dei små vengane sine. Bartolomeus skjønte omsider kva anda ville han, og klatra ned i kløfta. Om litt tok han opp andungen og gav han til andemor. Det verka som ho takka han med glade kvakk før ho fann vegen til sjøen med alle ungane i god behald.

Bartolomeus gjekk tilbake til det vesle kapellet som andemora hadde henta han ifrå, og undra seg.

(Briggs 1991, 2:435)

Svinet stod opp

Ein gong Malo* vandra nordover og sørover i Bretagne, trefte han ein svinegjetar i ei eng. Gjetaren var fortvila, for mens han hadde gjett ein svineflokk, hadde ei av purkene rent inn i ein kornåker som høyrde til naboen og gjort stor skade. Gjetaren hadde kasta stein mot purka for å jage ho ut av åkeren, men hadde treft altfor godt, så ho fall om og låg livlaus. No frykta gjetaren at herren hans kom til å bli rasande på han for å ha tatt livet av purka. Enda verre blei det av at sju småsvin trava omkring rundt ei livlaus mor og prøvde utan mykje hell å suge mjølk ut av pattane hennar.

Malo kjende så sterkt med svinegjetaren og småsvina at han gret ein skvett. Så la han vandrarstaven sin på øyret til purka, og dermed reiste ho seg på føtene att.

Svinegjetaren slutta straks å sørge. Han gjekk rett heim og fortalde herren sin kva som hadde hendt. Herren svinga seg til hest og rei etter Malo, fann han og takka hjarteleg.

(Waddell 1934, "St Malo and the Sow")

*Malo (ca. 520–621) frå Wales eller sør for Wales, blei døypt som vaksen av den heilage Brendan. Han følgde med Brendan på ein stor sjøferd. Sidan drog Malo til Bretagne, der han misjonerte og blei biskop. Festdagen til helgenen er 15. november.

Moling og revane

Biskop Moling* brukte å ha både tamme og ville dyr omkring seg, og dei åt ut av handa hans. Ein gong stal reven der ei høne som høyrde til munkane som biskopen var sjef for, og åt ho. Biskopen skjente på reven for det. Reven skjøna at herren hans ikkje var blid, og sette på sprang til eit nonnekloster som også låg under biskop Moling. Der fange reven ei høne og tok ho med til biskopen utan å skade ho det minste.

Biskopen smilte og sa til reven: "Du tilbyr ei høne du røva for å godtgjere ei høne du stal. Ta no høna uskadd tilbake til nonnene og lev utan å stele heretter."

Reven tok høna mellom tennene og bringa ho uskadd tilbake til nonneklosteret.

(Waddell 1934, "St. Moling and the Fox")

*Biskop Moling var født i Wexford, blei biskop i Leinster, og døydde ein gong mellom år 689 og 696. Ved sida av dei mange mirakla han gjorde, blir han heidra i Irland for poesien han skreiv.

Kenneth og hettemåsane

Ein dag for omkring 1500 år sidan flaug ein flokk hettemåsar som vanleg over bølgene utanfor kysten av Wales, og speida med skarpe auge etter mat og anna interessant. Då såg dei ei rund korg av flettverk. Ho dreiv i sjøen med eit spedbarn om bord, og det låg og sov blidt på eit lilla klede med ein stråmadrass under seg.

Etter at måsen hadde svinga og stupt i lufta rundt korgbåten ei stund, vakna ungen opp og kjende seg svolten, kald og våt av sjøsprøyt og tok til å gråte: "E-e-e-e-e!". Det høyrdest ganske som måseskrik. Fleire av måsane tok no tak hjørna til kluten med nebba og letta med barnet oppi kledet. Ungen heldt opp å gråte så snart det blei slutt med sjøsprøyten og han kjende luftdraget av vengane mot fjeset. Han roa seg og såg på måsane med tindrande, blå auge.

Måsane frakta barnet til ein klippe i Wales. Der hadde dei reira sine. No plukka dei dunfjør frå brysta sine, laga ei mjuk seng til gutebarnet, la det ned i den vesle, fjørkledde barnereiret, og skunda å fly seg innover land for å finne eit rådyr som kunne gi barnet mjølk i tidene som kom.

Barnet låg i reiret sitt på klippen i fleire månadar. Men ein dag då alle måsane var flogne vekk samtidig, fann ein gjetar spedbarnet og tok det heim til den snille kona si i hytta deira. Då måsane kom tilbake frå sjøen, fortalde rådyret dei kva som hadde hendt. Straks flaug måsane til gjetarhytta og kom skrikande og baksande inn gjennom døra. Dei tok seg like bort til vogga der Kenneth låg og gret: "E-e-e-e!"

Enda ein gong løfta måsane barnet ved a vikle nebba sine rundt hjørna på det lilla kledet som barnet låg på, og kom seg attende til klippeskrenten med det. Der heldt dei nøye vakt over gutebarnet. Ingen prøvde å ta guten med seg til menneske sidan. Men då han blei vaksen til det, tok han til å blande seg med folk av eiga lyst - ein herleg kar, full av latter og song og hyggelege ord. Bøndene i Wales forstod han var ein heilagmann, og at måsar, hjortar og andre ville dyr i skog og mark likte han.

(Ingersoll 1923, 261-62; jf. Brown 1900, 30-41)

Heilage Kenneth blei født mellom 515 og 527 e.Kr. i Irland. Han har mange namn. I Skotland blir han kalla Kenneth, og Irland er det Canice og Cainnech of Aghaboe. Han er ein av Irlands tolv apostlar, og ein av dei best likte keltiske helgenane i Skotland. Festdagen hans er 11. oktober.

Far hans var skald. Mor hans heitte Maul eller Mella. Kenneth blir halden for å ha vore svært lærd og å kunne tale vel for seg, og skrive. (jf. også engelsk Wikipedia, "Cenydd")

Hettemåse
Hettemåse

Dunstan, ein vernehelgen

Smeden Dunstan starta med å gjere under alt mens han var i magen til mor si. Etter at han blei født og med tida eldre, starta ei harpe som hang på ein knagg å spele av seg sjølv, utan at nokon rørte ho. Det var ein fin melodi.

Dunstan kunne gjennomskode knepa til Gamle-Eirik på førehand: han hadde slike gåver. Han var også flink til mangt, og blei i sær vidgjeten som smed. Han hadde eiga smie ein stad. Ein dag kom Gamle-Eirik innom i skapnad av ei storvakker kvinne og ville forføre Dunstan. Om Dunstan såg ein hestehov eller la merke til at kvinna heile tida løynde eine foten, er neppe heilt klart. Dunstan heldt fram med arbeidet, han.

Kvinna kom til sist sidelengs heilt bort til han og blei nærgåande. Då trekte smeden ei gloraud tang ut av eldstaden i smia og klemte til omkring nasen på gjesten. Stank og skrik følgde. Duncan sleppte ikkje, og såg korleis gjesten blei fælare og fælare, like til ho falda ut venger og slo med ein lang hale. Rundt og rundt i den vesle smia snurra smeden og gjesten, like til smeden blei trøytt og sleppte taket i tonga og let gjesten fly. Ho flaug til Tunbridge Wells i Kent. Der svala ho den skamfarne nasen sin i kjelda på staden. Sidan har det jernhaldige kjeldevatnet med raudoker farge dradd mange kurpasientar og turistar dit.

(Briggs 1991 B:438-39. Attgitt.

Meir: Dunstan (909–988) var den mest populære av dei engelske helgenane i innpå to hundre år. Han slo seg ei tid til i Glastonbury. Der bygde han ei klostercelle som var 1,5 meter lang og rundt 0,75 meter brei. Her las han, sysla med handverk og spela på harpe. Det skal ha vore rundt denne tida at han brukte ei tang på Gamle-Eirik - ein med vengar og hale - etter ei segn frå seint på 1000-talet. Ja, heilage Dunstan blei namngjeten for forteljingar om korleis han slo Gamle-Eirik. Han var musikar, manus-illustratør og metallarbeidar, og dessutan munk, abbed og biskop, erkebiskop, og rik gjennom arv. Han blei også skytshelgen for engelske gull- og sølvsmedar. Festdagen hans er 19. mai. (Wikipedia, "Dunstan av Canterbury")

Type 330 (variant). To motiv trør fram: (1) Mann freista av djevelen i kvinneform. (2) Djevelen freistar ein geistleg.)

Ankeret

Akkurat i det kyrkjelyden strøymde ut av kyrkja ein festdag for lenge, lenge sidan, fekk dei sjå eit ploganker som blei fira ned med eit reip gjennom skyene. Ankeret sette seg fast i ein gravstein, og dei som var over skyene, rista i tauet om og om att for å få ankeret laus, men klarte det ikkje. Folk høyrde dei diskutere oppi høgda om dei kunne sende ned nokon for å løyse ankeret. Kort etter såg folk ein sjømann som kom klatrande nedetter tauet. Men før han klarte å få laus ankerflikane, gispa han og fall saman som om han drukna i den tjukke lufta nær jordoverflata.

Luftfartøyet venta på han i eit time. Så blei reipet kappa der oppe, og det fall ned.

Ankeret blei hamra ut til hengsler og beslag på kyrkjedøra. Det var der då Gervase frå Tilbury* levde; det fortalde han, men ikkje kva for stad det var.

(Briggs 2003, 312)

*Gervase frå Tilbury, også kalla Gervasius Tilberiensis (ca. 1150 – ca. 1228) var advokat, statsmann og forfattar før og på 1200-talet. Han var født i West Tilbury, i Essex, England.

  Innhald  


Bøker        

Fantastiske historier, forteljingar.    Seksjon     Sett    Neste

Fantastiske historier, forteljingar. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2017–2019, Tormod Kinnes. [E‑post]