Norsk del, Gullvekta
Fantastiske historier   ❀ 4
Seksjon › 29   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

Hesten som kunne seg med bilar

Ein mann køyrde ein gong ute på landet i England. Langs ein trong veg sakka han farten for å svinge, og dermed stogga motoren. Mannen prøvde å starte bilen igjen, men det gjekk ikkje. Mannen sukka og gjekk ut av bilen, opna panseret, såg over motoren og klødde seg i hovudet.

Mens han stod slik, sa nokon bakom han, "Det ser ut til at startaren har sett seg fast, kamerat."

Mannen snudde seg, men det var ikkje eit menneske å sjå, berre to hestar på eit jorde inntil vegen. Ein hest stod like ved, og ein annan lenger vekke. Mannen vende seg til bilen og prøvde å finne ut kva som var gale. Så kom det igjen: "Ja, det kan vere fleire ting som ikkje fungerer, men for meg verkar det som det er startaren som streikar."

Mannen snudde seg att, men det var ingen der no heller. Ingen bortsett frå hestane. Den eine hadde no strekt hovudet over grinda til jordet og såg rett på mannen.

"Va-var det du som snakka?"

"Du ser vel ikkje nokon andre her, vel?"

"Nei."

"Godt. Som eg sa, så trur eg det er startmotoren din som streikar. Men gir du han eit godt kakk med ein hammar, kan det kanskje få bilen i gang igjen."

"Eg har ikkje hammar med meg."

"Vel, det ligg ein passe stor stein der borte. Prøv med den."

Mannen var i tvil, men hadde ikkje lyst til å bli ståande på landet med ein talande hest resten av dagen, så han tok opp steinen og kakka til startmotoren med han.

"Prøv å starte bilen no", sa hesten.

Og no starta bilen med det same. Mannen køyrde vidare så fort at dekka kvein. Om litt kom han til ein landsby. Han parkerte ved vertshuset og tok seg til disken.

"Eit dobbelt glas heilmjølk, takk."

Servitrisa gav han heilmjølka og spurde: "Har du det bra? Du er jo nesten like kvit som mjølka sjølv!"

"Eg kom nettopp ut for for noko utruleg. Bilen min stogga lenger borte på den vegen", sa mannen og peika, "og så kom ein hest frå jordet bort til veggrinda og sa kva som var i vegen med motoren og korleis eg skulle fikse det. Eg trur mest eg held på å miste forstanden!"

"Mhm . . .," sa servitrisa tenksamt. "Kva farge hadde den hesten?"

"Svart."

"Då var du heldig", sa servitrisa. "Den kvite forstår seg ikkje på bilar."

(Etter Keding og Douglas 2005, 51-52)

Snakkande hund

Ein dag ein mann var skulle til å gå inn i ei landsbykro, låg ein stor sauehund ved sida av døra. Hunden sa til han: "God morgon, farr."

Mannen stogga heilt paff, men tenkte han måtte ha høyrt feil, men hunden tok opp att: "God morgon, gut."

Mann fekk fram: "Ø-ø, god morgon, ja." Så gjekk han inn. Der sa han til verten: "Det er ein uvanleg hund du har utanfor."

"Vel, det veit eg ikkje", sa verten. "Eg veit ikkje om det er noko spesielt med han."

"Ikkje noko spesielt?" sette gjesten i. "Han sa 'God morgon, gut" til meg i det eg gjekk inn.

"Umogeleg!" sa verten.

"Men han sa det, og to gongar."

"Å nei, du må ha høyrt feil", sa verten igjen. Så la han til etter å ha tenkt seg om: "Var det nokon annan hund der også?"

"Eg trur ikkje det", sa gjesten, "men vent litt: Det var ein liten, kvit terrier der, men han låg eit stykke unna."

"Der har vi det!" sa verten. "Den hunden driv med buktaling."

(Briggs 2003:67-68)

Wulfric den heilage og musa

Som andre helgenar frå Somerset var Wulfric svært mild mot smådyr.

Ein gjerdesmett bygde reiret sitt ovanfor bregnesenga hans og skjelte fælt på han fordi han var så nær egga hennar at han forstyrra dei. Han flytta senga si litt vekk, men der var det trekk, så han klarte ikkje å legge seg godt til rette.

Eit ekorn brukte trekoppen hans til nøttelager, så Wulfrick skar ein annan trekopp til seg sjølv.

Men ei sta lita mus gjekk inn for å gnage småbitar av kjortelen hans og gjere bolet sitt lunare med bitane. Slik heldt ho fram mens heilagmannen skulle be.

Til sist såg helgenen ned på musa og skjente på ho, og den vesle musa døydde nesten av skam.

(Briggs 1991b, 475. Attgiving)

Wulfric frå Haselbury (ca. 1080–1154) var einebuar og mirakelmakar. Han heldt til i traktene der grevskapa Wiltshire og Somerset ligg i dagens England. Etter at han blei prest, jakta han mykje med både haukar og hundar til ein tiggar fekk han ifrå det. Wulfric blei dernest einebuar, og påverknaden hans voks og nådde også hoffet. Han blei kjent for å kunne gjere folk friske, og for at han brukte mykje tid til å be og lese. (Wikipedia, "Wulfric of Haselbury")

  Innhald  


Bøker        

Fantastiske historier, forteljingar.    Seksjon     Sett    Neste

Fantastiske historier, forteljingar. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2015–2019, Tormod Kinnes. [E‑post]