![]() |
Meditasjon i media | ||||||||||||||||||
|
Meditasjon i mediaHer er somt av det media som BBC, Time og CNN bringer om meditasjon. - TKTi million vaksne amerikanarar seier dei mediterer regelmessig. Det er to gonger så mange som for eit tiår sia. Meditasjonskurs er fylt av mainstream-amerikanarar, av amerikanarar i hovudstraumen, som ein kallar det. Fleire som mediterer for første gong, kan merke verknader alt då. TIME I USA blir meditasjon tilbydd i skolar, på sjukehus, i lovfirma, i departement, kontor og fengsel, mellom anna. Nokre kjendisar mellom mediterande: Shania Twain, Heather Graham, David Lynch, og Al Gore. Mediterande buddhistar er gladare og rolegare enn andre, syner undersøkingar gjort i Sambandsstatane. Hjerneområde som blir assosiert med god stemning og positive kjensler, er meir aktive i dei, og med mindre sjanse for å bli sjokkert, nervøs og forfjamsa, overraska eller like rasande som andre. BBC Meditasjon har mange former, og er ikkje lett å definere kort. Kva ein retter merksemda på når ein mediterer, varierer. Ei av meditasjonsformene er å trene merksemda, som i det svært populære britiske MBCT-opplegget (Mindfulness Based Cognitive Therapy). Ei anna form er å samle seg om eit mantra (å ta opp att ein lydklang i sitt stille sinn), og enda er er fokusert om pusten. Ein vanleg, tradisjonell meditasjonsmåte er å gå inn for open merksemd ved å leggje merke til tankar, kjensler, ønske og anna etter kvart som dei melder seg i bevisstheita. Ein annan hovudmåte er å konsentrere seg, å samle sinnet, fokusere. Verknadene av å meditere er gagnlege og behagelege, seier dei fleste. Ein slappar av, får mindre stressubehag, og kan få betre fysisk helse. Ein kan få betre sjølvkjensle, mindre angst, og mindre sjansar for depresjons-tilbakefall. [Hi 208, 520] Dr Trisha Macnair fortel at meditasjon er lett å lære, og kan betre helsa i sinn og kropp. Ho syner til ein framgangsmåte som blir tilrådd ved Stress Reduction Clinic ved University of Massachusetts Medical Center. Her er utsnitt frå den: Sit komfortabelt eller ligg på ryggen. Dersom du sit, hald ryggen rank og ikkje heis opp skuldrane. Lat att auga om det kjennest komfortabelt. Kjenn korleis buken løftar seg når du pustar inn, og fell saman litegrann når du pustar ut. Fokuser om pustinga: "ver med" kvart andedrag. Når du ensar at tankane har flagra og vandra, vender du merksemda kvar gong til buken og kjensla av pusten som går inn og ut. Ein kan halde på slik i rundt 15 minutt dagleg i ei tid og sjå i kva grad det let til å verke. Vanlege meditasjonsformer finn ein i Transcendental Meditasjon (TM), Qi Gong (Taoistisk), Zen og andre utfaldingar av buddhisme. I buddhismen er trening av vaken merksemd sentralt, men også pusteøvingar og mykje anna. Det kan dessutan vere at vellykka meditasjon styrkar immunforsvaret, hjelper mot astma, og seinkar eldingsprosessen.
Frå meditasjonsforskinga - nytt og gammalt nyttDen som mediterer kan leve nokre år lenger. Immunsystemet blir bedre, og hjernen blir bedre i stand til å hanskast med stress. Og mange studiar syner at meditasjon can minske blodtrykket. JOELInteressa for meditasjon er i våre dagar ikkje berre eksistensiell og kulturell, men også medisinsk. Stadig fleire legar tilrår meditasjon for å hindre, minske eller i det minste kontollere smertene ved kroniske sjukdommar: Det gjeld hjertesjukdommar, AIDS og kreft, mellom andre. Meditasjon blir også brukt for å vinne att likevekt mot depresjon, hyperaktivitiet og ADD (dårleg konsentrasjonsevne, attention-deficit disorder). Meditasjonsmetodar har blitt tilpassa publiken også. Fokus er helst pusten, ein lydklang (mantra) eller noko ein ser. Dette gjer ein i økter, og helst regelmessig. JOEL Legar går inn for meditasjon fordi vitskaplege undersøkingar syner det duger, i sær mot stress-relaterte plager, og det er veldig mange av dei. Konservative estimat går på at minst halvparten av alle vanlege kroppslege sjukdommar er stressrelaterte. [Hi xx] Hjelp for hudsjukeJon Kabat-Zinn, som grunnla The Stress Reduction Clinic ved Massachusetts-universitetets medisinske senter i 1979, har granska folk med den ubotelege hudsjukdommen psoriasis. Huda blei fire gonger betre ved lysbehandling for mediterande, og hadde meir antistoff til gagn for immunsystemet. Dess betre meditasjonsteknikk, dess sunnar immunsystem, seier Kabat-Zinn.Gladare kontoristar moglegDr Richard Davidson i Madison, Wisconsin, hevdar at ved å meditere kan ein bli gladare, kan konsentrere seg meir effektivt. Meditasjon kan kanskje endre hjernen også. Han han gjort undersøkingar av buddhistmunkar i fleire år.I ei undersøking av ei gruppe kontorfunksjonærar kom det fram at måten hjernen fungerer på, endra seg med meditasjon. Venstre halvdel av hjernen var meir aktiv - ein indikasjon på meir glede og entusiasme, etter Davidson. Forskarar ved University of Wisconsin i Madison fann gjennom hjerneskanningar (MRI) at dei venstre framlappane (prefrontal lobes) i hjernen til slike mediterande var meir aktive, både under meditasjon og elles. Desse områda er forbunde med positive kjensler, sjølvkontroll og temperament.
Mot depresjonDeprimerte i alle fylka i Storbritannia får eit tilbod som kombinerer kognitiv åtferdsterapi og meditasjon. Kurset blir kalla Mindfulness Based Cognitive Therapy (MBCT). Det er mest meditasjon. Åtti prosent av tida blir brukt til å meditere, og 20% av tida går til kognitiv terapi, seier Mark Williams, ein av mennene bak opplegget. Han er professor ved psykiatrisk fakultet på Universitetet i Oxford.Kurset kan bli foreskrive på NHS (den nasjonale helsetenesta). Eit gruppekurs tek åtte veker, og tilrås for folk som for tida ikkje er deprimerte, men som har hatt tre eller fleire depresjonar i livet sitt. Testar tyder på at det svært populære kurset minskar sjansen for eit nytt anfall til det halve. At meditasjon kan gagne alle, og ikkje berre slike som slit med mental sjukdom, er ein tanke som eggar forskarar. Professor Williams trur meditasjon har kjempestort potensial.
Hjelp mot stressrelaterte plager"I tretti år har meditasjonsforsking fortalt oss at det verkar nydeleg som middle mot stress," seier Daniel Goleman. "Men det som er spennande med den nye forskinga er korleis meditasjon kan trene hugen og omforme hjernen." MRI-undersøkingar (magnetic resonance imaging) tyder på at somme meditasjonsteknikkar kan "stille inn" hjernen att.Aktivitetsmønsteret i hjernen endrastAndrew Newberg ved University of Pennsylvania har brukt MRI (hjerneskanning) for å finne ut av korleis hjernen tedde seg i ei gruppe tibetanarmunkar som mediterte i om lag ein time.Visse sider ved meditasjonstilstanden blei deretter samanlikna med vanleg våkentilstand. Det synte seg at det var meir aktivitet framme i hjernen (det følgjre konsentrasjon), og mindre bak i hjernen (parietal lobe). Dette siste heng kanskje saman med fornemminga av inga tid og ikkje noko rom. Samspelet mellom ulike hjerneområde liknar mønstra under det som blir kalla åndelege opplevingar.
Evna til å konsentrere seg betrast dramatiskI mars 2000 inviterte Dalai Lama psykologar og nevrovitskapsfolk til Dharamsala i nord-India, for å få undersøkt meditasjonskunnige med den mest avanserte, moderne teknologien. Vitskapsfolka fann at at med nok praksis tilpassare nevronane i hjernen seg til direkte aktivitet i panne-regionen til hjernen, den som er aktiv når ein konsentrerer seg sterkt.Forskarar frå University of Queensland og University of California, Berkley, studerte 76 tibetanske buddhistmunkar i fjella i India. Vitskapsfolka gav buddhistmunkane synstestar. Det viste seg at munkane kunne fokusere om eitt bilde der vanlege folk ikkje klarte det. Munkane hadde mellom 5 og 76 års meditasjonstrening bak seg. Munkane som hadde meditert lengst opp gjennom åra, kunne halde merksemda på eitt bilete i inntil 12 minutt. Vanlegvis klarer ein ikkje slikt i det heile, fordi merksemda fluktuerer.
Tjukkare hjernebarkI Boston, Massachusetts har Dr Sara Lazar brukt ein teknikk kalte MRI (magnetic resonance imaging) for å granske hjernene til folk som har meditert i mange år. Ho samanlikna hjernene deira med hjernene til folk som aldri hadde meditert, og fann at hjernebarken ikkje var like tjukk i dei to gruppene.Brain regions associated with attention, interoception and sensory processing were thicker in meditation participants than matched controls, including the prefrontal cortex and right anterior insula. Between-group differences in prefrontal cortical thickness were most pronounced in older participants, suggesting that meditation might offset age-related cortical thinning.Forskinga hennar viser at lengre tids meditasjon endrar hjernen fysisk, så den held seg betre.
Just Say Om
Monday, Aug. 04, 2003 By JOEL STEIN
Dei første vitskapelege undersøkingane av meditasjon synte at somme som mediterer, verkeleg er fokuserte. Forskaren B. K. Anand fann at yogiar i India kunne meditere seg inn i slike innovervendte tilstandar at dei ikkje reagerte på varme. In Japan synte forskaren T. Hirai at ei tikkande klokke verka annleis på Zen-mediterande enn andre, som kom til å sjalte vekk tikkelyden. Mediterande ikkje. Og i motsetnad til skyttarar, verken blinka eller krympa mediterande seg ved lyden av skot. Hjelp til fangarFangar ved Kings County North Rehabilitation Facility nær Seattle, som sat inne for ikkjevaldelege stoff- eller alkohol-brotsverk, fekk tilbod om å sitje i buddhistmeditasjon i 11 timar dagleg i ti dagar, eller stå- og gå-meditasjonar (frå buddhismen) alternativt. Rundt 56% av desse havna i fengsel att etter to år, mot 75% av dei som ikkje hadde meditert. Dei som hadde lært å meditere brukte dessutan færre og mindre stoff, drakk mindre, og var mindre deprimerte.Litteratur Macnair, Trisha. Meditation. BBC Health. August 2007. http://www.bbc.co.uk/health/womens_health/mind_meditation.shtml
Law, Naomi. Scientists probe meditation secrets. BBC News. 31 mars 2008.
Lazar, Sara. Meditation Research from the lab of Sara Lazar.
BBC 1. Meditation 'brain training' clues. BBC News. 13. juni 2005 BBC 2. Buddhists 'really are happier' BBC News. 21. mai 2003. http://news.bbc.co.uk/2/hi/health/3047291.stm BBC 3. Meditation mapped in monks. 1. mars 2002. http://news.bbc.co.uk/2/hi/science/nature/1847442.stm Stein, Joel. Just say Om. I The Science of Meditation. Time. 4. august 2003 http://www.time.com/time/magazine/article/0,9171,1005349,00.html
Hi: Smith, Carolyn D., ed, et al. Hilgard's Introduction to Psychology. 14th ed. Belmont: Thomson Wadsworth, 2003. BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE] © 2008, Tormod Kinnes. [E-POST] | ||||||||||||||||||