NORSK DEL, GULLVEKTA  

Münchausen-skrøner

 13 › 1 › 6

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE



Baron von Münchausen

MÜNCHAUSEN-SKRØNER
Hieronimus Karl Friedrich von Münchhausen (1720-97), tysk baron, offiser, anekdoteforteljar, jeger og fargerik selskapsmann. Portrettet av han i ryttaruniform er frå 1752, og finst i Münchhausen-museet i Bodenwerder, Tyskland.

Baron Münchausen (ein ser også Munchausen etter engelsk omdanning av ordet) er kjent som ein notorisk skrytepave og forteljar av oppdikta eventyrskrøner. Mannen er ikkje berre oppdikta, for det fanst ein verkelig baron Münchhausen utanom mannen som fortel skrøner i Münchausen-boka. Den verkelege Münchausen (1720-97) - baronen sjølv - budde på eit gods i Bodenwerder nær Hannover, Tyskland. Det var ein flink eventyrforteljar med fri, behagelig forteljemåte. Han hadde kome langt etter å ha tent som offiser i det russiske kavaleriet.

Baron Münchhausen sitt fulle namn var Karl Friedrich Hieronymus, Freiherr [Baron] von Münchhausen. Som ung tente han for hertugen av Brunswick-Lüneburg, og seinare gjekk baronen inn i det russiske militæret, og tente der til 1750. I den tida var med på to felttog mot Ottomanriket, altså tyrkarane, i 1740 og 1741. Heimattkomen til Bodenwerder fortalde baronen skrøner om opplevingane sine, det er, vittige og overdrivne soger. Den gladlynte selskapsmannen blei vidkjent for å fortelje groteske og fantasifulle anekdotar - men i forretningar blei han halden for heiderleg.

Fabuleringar med Münchausen i hovudrolla kom etter kvart i omløp, fortalde av andre. I slike frie forteljingar reiste baronen til månen, berge seg i ei myr ved å trekkje seg opp etter håret, og mykje anna tullete. Historiene om Münchhausen blei først samla og gitt ut av ein anonym forfattar i 1781. Ein engelsk versjon blei gitt ut på engelsk i 1785 av Rudolf Erich Raspe. I den seinare, "fullstendige" utgåva som voks til, utgjer dette tilfanget kapitla 2 - 6 av i alt 17. Raspe la til mange eldre løgnhistorier i Münchhausens namn. Det meste af det humoristiske materialet i boka hans er lånt frå andre kjelder. Alt i førsteutgåva til Raspe var mykje av det morosame stoffet teke frå andre kjelder og tillempa til baronsprading. Den rettelege baronen var elles ikkje ein som dreiv med sjølvskryt eller å vere uærleg, men boka til Raspe framsteller han som en notorisk skrytepave og løgnhals, og har skada namn og rykte for han.

Gottfried August Bürger omsette Raspe-sogene tilbake til tysk i 1786 og la til forteljingar, og gjorde framstellinga folkeleg. Bürger's bok er den best kjente blant tysktalande. Den blei kolossalt omtykt. Mange historier i boka hans, og i Raspes før han, inneheld elles eventyrbrokkar. Ein veit ikkje heilt n&oslahs;yaktig kor mange av historiene som stammar frå baronen sjølv, men det er minst tre av dei. Dei fleste historienen i hans namn bygg på folkelege forteljingar - og eventyrbrokkar - som var i omløp i mange hundre år før Münchhausen, endatil gamle greske og romerske.

Den rette Münchhausen mislikte bøkene om seg. Han syntest han blei frårøva både historiene sine og den typiske fabuleringskunsten sin.

På 1800-talet blei historiene utvida og arbeidd på av mange forfattarar, og det blei gitt ut over hundre ulike utgåver. Den franske gravøren, bilethoggaren og illustratøren Gustav Doré (Louis Christophe Paul Gustave Doré, 1832-83) har illustrert mange baron-forteljingar. Eg har teke med eit utval.

Det har kome Münchausen-filmar på tysk, russisk, fransk og engelsk. Den engelske spelefilmen av Terry Gilliam frå 1988, blei Oscar-nominert fire gonger. Det er også reist eit monument over baronen i fødebyen hans. Bodenwerder i Tyskland. Ei statue av baronen har blitt reist i Kaliningrad, og skrønene held fram i sin sigersgang over store deler av verda.

Her i landet gav Cappelen ut eit utval Münchausen-historier av Rudolf Raspe i 1976: Baron von Münchhausens vidunderlige reiser til lands og til vanns. Det finst eldre nordiske utgåver, for eksempel ei svensk omsetjing frå 1875.

Og 'ü' i namnet til baronen har blitt til 'u' mellom engelskspråklege. Det har vore nokså gjengs. I Noreg blir 'Munchausen' minst like mykje brukt som 'Münchausen', syner Google (søk og sjå).

- Tormod Kinnes

SAMLINGA  

TILGIFT

Litteratur  

Baron Münchausens Märkvärdiga Resor och Äfventyr till Lands och Vatten. Omsett av Victor Emanuel Öman. Illustrert av Gustave Doré. Stockholm: C. E. Fritzes Bokhandel / Central-Tryckeriet, 1875, kapittel ti og elleve om eventyr til sjøs.

Bürger, Gottfried August. Wunderbare Reisen zu Wasser und zu Lande Feldzüge und lustige Abenteuer des Freiherrn von Münchhausen, wie er dieselben bei der Flasche im Zirkel seiner Freunde selbst zu erzählen pflegt. Berlin: Spiegel, 1994-2007. [Link]

Raspe, Rudolf. Baron Münchhhausens merkverdige resor och eventyr til lands och vatten. Tr. V. E. Øman. Teikningar av Gustave Doré. Stockholm: C. E. Fritzes Bokhandel, 1875. (Basert på den engelske 1862-utgåva]

Raspe, Rudolf Erich (1737-1794). Baron von Münchausens vidunderlege reiser til lands og til vanns. Oslo: Cappelen, 1976.

Raspe, Rudolf E. The Travels and Surprising Adventures of Baron Munchausen. Reissue collection. London: Dedalus, 1993.

Raspe, Rudolf. The Surprising Adventures of Baron Munchausen. On-line at Gutenberg EBooks. Champaign, 2006. [Link]

Munchausen - Library.
[www.munchausen.org/en/index_en.htm]

OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   © 2004–2009, Tormod Kinnes. [E-POST]   —  Ansvarsfråskriving: [LENKJE]