NORSK DEL, GULLVEKTA  

Münchausen-skrøner

 13 › 1 › 6

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE




Opp av myra

Baron Münchhausen fortel:

"Det var ein gong eg var ute og rei at eg ville hoppe over ei myr. Først då eg kom midt over den, merka eg at det var mykje breiare enn eg hadde tenkt meg. Eg snudde derfor kjapt om tilbake til stranda for å ta eit nytt sprang, men den gongen gjekk det enda verre: Eg søkk ned i myra like til halsen og hadde sikkert gått til der om eg ikkje hadde vore så heilt uvanleg sterk i armane. Eg greip tak i hårfletta mi og klemte samstundes føtene om hesten under meg. Slik løfta eg både meg sjølv og hesten opp av myra."

Baron Münchhausen
Baronen løfter opp seg sjølv og hesten etter håret. Utsnitt frå teikning av Gustave Doré.

Hjortemøte

Baron Münchhausen
Baronen møter att hjorten han skaut med kirsebærstein . . . Utsnitt frå teikning av Gustave Doré.



Mine herrar, naturlegvis har de hørt tale om den heilage Hubert, jegerane sin skytshelgen, og om den statelege hjorten med ein kross mellom horna, den som han ein gong møtte i skogen. I gode venners selskap har eg kvart år skåla for Sankt Hubert, og vel tusen gonger har eg sett bilete av hjorten i kyrkjene og borne på brystet av riddarar som har svore å dyrke han. På heider og ære veit eg derfor ikkje kva eg skal tru, om det fanst og kanskje enda finst sånne hjortar.

Det eg likevel bestemt veit, er at ein dag eg hadde skote bort både hagl og kuler, stod eg heilt uventa andlet mot andlet med ein prektig hjort, og den såg meg så uforferda stint i synet som om den visste at haglpungen min var tom. Eg helte straks krut i børsa, støytte ned ladestokken og nytta dessutan tida til å ete kirsebær. Kjernane brukte eg til hagl. Eg skaut hjorten midt i planeten med dei, like mellom horna. Eit augeblikk verka det som den skulle til å svime og stupe på flekken; men den vann seg inn att snart og tok til beins.

Eit eller eit par år etter var eg ute på jakt i same skogen att, og kva fekk eg sjå, om ikkje ein staselig hjort med eit over tre meter høgt, vent kirsebærtre mellom horna? Straks kom eg i hug hjorten eg skaut i panna med kirsebær, og sia eg meinte at hjorten rettmessig hadde vore min i lang tid, gav eg han ein kule så at han stupte. På det viset fekk eg både hjortesteik og kirsebær til sausen; for treet var fullt av dei herlegaste kirsebæra eg har ete så lenge eg har levd.

Kven kan vite om ikkje einkvan ivrig heilag-jeger, ein jaktlysten abbed eller biskop, på same vis planta krossen mellom horna på Sankt Huberts-hjorten?

SAMLINGA  

TILGIFT

Litteratur  

OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   © 2004–2009, Tormod Kinnes. [E-POST]   —  Ansvarsfråskriving: [LENKJE]