Norsk del, Gullvekta
Oslo-anar
Seksjon › 12 Sett Søk Førre Neste

Termar og forkortingar

Reservasjonar Innhald  

City of Christiania av John William Edy. Fargeforsterka utsnitt
Fargeforsterka utsnitt frå "City of Christiania" av John W. Edy (1800)

Oslo

Oslo var mindre før, og mykje meir landleg av seg, med gardar og husdyr - I dag er Oslo (som også har heitt Christiania) hovudstaden i Noreg. Bergen, Trondheim, Sarpsborg og Konghelle i Sverige var det før . . .

Det bur i dag 600 000 "osloensarar" i Oslo. Rundt byen ligg Oslomarka med breie stigar. Byen ligg skjerma i ei dekt i terrenget, Oslogryta. Ho blei til som følge av kraftig vulkansk verksemd i dei nordlege delane av området for rundt 280 millionar år sidan. Det blir ofte vindstilt, og då kan det hende at luftforureininga hopar seg opp i lågare delar av byen.

Namnet 'Oslo' kan ein forstå som "åssletta" (sletta under åsen) eller "gudesletta" - kanskje helst det siste.

Kaupstaden Oslo blei ifølge Snorre grunnlagt rundt år 1048 av kong Harald Hardråde. Nyare arkeologiske utgravingar har slått fast at Oslo hadde ein tidleg bystruktur alt rundt år 1000. I 1070 blei Oslo bispesete.

Mellom om lag 1040 og 1624 låg byen Oslo ved utlaupet av Alnaelva (Osloelva), men etter bybrannen i 1624, blei byen bygd opp att med namnet Christiania bakom Akershus-festninga, vest for Bjørvika. Frå då av fanst Christiania og Oslo side ved side til dei blei eitt. Gamle Oslo blei kalla Gamlebyen. Stortinget vedtok i 1924 å endre namnet på heile byen til Oslo, og den 1. januar 1948 blei Oslo slått saman med Aker herad, som omkransa byen.

Blant kjende personar frå Oslo er forfattaren Torbjørn Egner (1912-90).

Blant det som kan vere verdt å sjå i byen om tida strekk til, er Norsk Folkemuseum på Bygdøy og Vikingskipsmuseet på Bygdøy.

Oslo-anar i slekta

Glad

Oluf Glad (ca. 1545- ca. 1594), var fogd og borgarmeister i Oslo frå 1578 til 1579. Han blei gift med Margrethe Pedersdotter.

Den 8. oktober 1578 fekk han garden Hoff (Hov, gnr 31) i Aker i gåve frå kongen. Namnet på garden var frå først av Hof, (hov, gudetempel), og syner at garden kom i stand før kristendommen kom til trakta. Tempelet her har vore vigd til norrøne Ull. I mellomalderen fekk garden Hovedø Kloster til eigar, og han blei dermed krongods ved Reformasjonen [1536/37]. Ei kjelde skriv:

Den 8. oktober 1578 fekk Oluf Glad, borgarmeister i Oslo, garden i gåve (forlening), "kvitt og fritt", for livstid. Det fekk han til takk for korleis han hadde skikka seg under krigen [- som nok er den nordiske sjuårskrigen, 1563–1570], og som erstatning for skader og tap under krigen. Garden hadde på denne tida ei skyld på 2 skippund. [Sollied 1947, s. 43]

Det var skifte etter Oluf i 1604. Det er skrive om Glad-slekta i Norsk Slektshistorisk Tidsskrift (NST).

Oluf og Margrethe fekk fleire barn saman. Dottera Sissel (Sidsel) blei gift med Bertel Christensen Mule.

Mule

Bertel (Bertin) Christensen Mule (ca. 1560-1620), som blei gift med Sissel Olufsdotter Glad, var borgarmeister i Oslo (1608), og dessutan lagmann i Opplanda 1610-20. Bertel og Sissel kom til Bertels farsgard i Oslo i 1594.

Sissel og Bertel fekk dottera Maren (Maria) Bertelsdatter Mule (ca. 1614-65). Ho blei gift med Knud Christophersen Glad frå Vågå. Han blei sokneprest i Vik i Sogn. Der døydde begge.

(Jf. ein artikkel av Thomle i NPT bind 1 s. 314-328.)

Bertel var son av Christen Mule (født ca. 1525), og var Oslos borgarmeister frå 1567 til 1585, etter ei dansk kjelde. Faren Christen eigde ein gard i sentrum av Gamle Oslo - på sørsida av Bispegata - Oslo torg.

Far til Christen og bestefar til Bertel, var danskfødte Hans Christensen Mule. Han var mellom anna biskop i Oslo og slottsherre (leiar, høvedsmann) på Akershus slottsfestning 1516-24. Hans var i røynda (de facto) statthaldar i Noreg, står det fleire stadar. Han blir skildra i fleire verk som "berygtet for sit uordentlige levned og sit voldsherredømme i det sydlige Norge", så han var ikkje heilt populær. Men han stoppa ein svensk hær som kom for å ta Oslo i 1523. Då sette Hans og folka hans byen i brann med faklar før svenskane kom, så svenskane laut krige på tom mage. Åtaket blei slått tilbake, men likt blei Hans likevel ikkje . . . Det er artiklar om Hans i Store norske, Wikipedia, lokalhistorieWiki, i danske kjelder, og han er nemnd i ◦Byarkivet til Oslo kommune.

Mule-slekta er opphavleg ei dansk adelsslekt med basis i Odense på Fyn, der mange av slekta var borgarmeistrar og rådmenn.

Antonius og Ingrid Knudsen med etterslekt

I gamle Oslo, ei tid før brannen i 1624, var enda ein av forfedrane våre borgarmeister. Det budde kanskje eit par tusen i byen på den tida, då Bergen var den største byen i Norden, men ikkje nødvendigvis den beste.

Antonius og Ingrid. Antonius Knudsen (kring 1550-1614), var født i København, flytta til Noreg og blei borgarmeister i Oslo. Han var son av Knud Pedersen (daud 1569) frå Svendborg og Anna Hansdatter Winche (dødt kring 1520, daud 1591). Knud var både slottsskrivar og borgarmeister i København. Kona til Knud, Anna, var dotter til Hans Winche (født kring 1490, daud kring 1542), byfogd i København. Kona til Hans skal ha heitt Boel (dvs. Bodil) (ca. 1500 – etter 1548). Sonen til Knud og Anna, Antonius Knudsen, blei gift med Ingrid Mogensdatter (Monsdotter) (kring 1575 – kring 1624?). Ho kom frå norsk Jemtland, skriv Lars E. Øyane.

Mons Eide

Mons og Karen. Antonius og Ingrid Knudsen (ovanfor) fekk sonen Mons (Mogens) Antoniusson Eide i Oslo kring 1590. (Mons er norsk variant av Mogens.) Han blei gift kring 1621 med Karen Johansdotter (kring 1600) frå Iden i Herdla. Mons døydde på Eide kring 1648, og Karen døydde der kring 1663. Ho var dotter av rådmannen i Bergen, Johan Andersson, og Maren Jørgensdotter. Johan og Maren var busette på iden i Herdla. Mons Antoniusson blei sorenskrivar i Indre Sogn og busette seg på Eide kring 1629.

[Ei kjelde: Lars E. Øyane. Luster gards- og ættesoge, bd 1, s 420]

Innhald


Oslo-anar, litteratur  

Dansk Wikipedia, s.v. "Grüner".

Sollied, Henning. Akersgårder. Akers sogneselskap / Grøndahl og Søn, 1947.

Øyane, Lars E. Gards- og ættesoge for Luster kommune. Band 1, Fortun sokn (The Luster County Farm and Family History Book. Volume 1. Fortun Church Area). Luster: Luster kommune, 1991.

Oslo-anar, Oslo lokalhistorie, Glad, Mule, Knudsen, Mons Eide, Simonsen, opp Seksjon Sett Neste

Oslo-anar, Oslo lokalhistorie, Glad, Mule, Knudsen, Mons Eide, Simonsen BRUKARGAID: [Lenke]
© 2012–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]