NORSK DEL, GULLVEKTA

Norske eventyr og segner

 13 › 1 › 14 SETT SEKSJON SPøRSMÅL SØK NETTSTADSIDENE FØRRE NESTE
RESERVASJONAR Norske eventyr og segner i utval – SAMLINGA

Andre variantar er hos Asbjørnsen og Moe:


Prestberg-jutulen og Johannes Blessom

Eventyrlærdom

OVER VÅGE PRESTEGARD står det ein ås med furutre på. Og under åsen er eit lite fjell med kløfter og bratte vegger. Det er Jutulsberget som Storm har laga ein song over. Beint ovafor prestegarden på Vågå er dette tverrberget, og frå gammalt har det heitt Prestberget. Ved eit spel frå naturen syner det seg ein port i ein av dei bratte bergveggene. Når ein står nedved kyrkja og ser opp i berget, ser ein ei lysare strime i bergveggen. Den ser mest ut som ei svær dør. Det er Jutulporten. Står ein på brua over den viltre Finne-elva eller på engene på andre sida og ser denne porten over svevande pyntelekkjer av hengebjørk og yppig lauvverk og tek innbillingskrafta litt til hjelp, så formar bergporten seg til ein dobbeltport. Øvst opp kjem den saman ved ein gotisk spissboge.

Gamle bjørker med kvite stammar står som søyler på begge sidene, men tretoppane når ikkje opp dit bogen tek til. Og gjekk bergporten berre ei kyrkjelengd innetter, kunne Våge bakeri stå under spissbogen med tak og tårn. Det er ingen vanleg port; det er inngangen til jutulslottet. Det er sjølvaste "Jutulporten", ein diger portal. Det største troll med femten hovud kan gå makeleg gjennom utan å bøye nakken og kvinke.

I gamle dagar, då det skal ha vore meir naturleg samkvem mellom menneske og troll, var det slik at når somme ville låne hos jutulen eller tale med han i andre ærend, var det skikk å kaste ein stein i porten og seie: "Lat opp, jutul!"

For i Prestberget budde det ein jutul med kona si i gammal tid.

Då folk i bygda hadde teke ved kristentrua og bygt seg kyrkje, tykte nok Prestberg-jutulen ille om det. Men det gjekk på eit vis likevel, like til dei fekk klokka opp i kyrkjetårnet, for den ljomen står nok ikkje bergtroll ut med. Det var ein søndagsmorgon klokkene lét første gongen, og ljomen kom klar og sterk oppover mot Prestberget. Jutulen sat trygt og arbeidde på eit skåkemne [A], og kona heldt på å elte ei stor, gild smørdeig ho nettopp hadde teke ut av kinna [B]. Best dei heldt på slik, kvar med sitt, nådde ljomen av klokkene inn i berget til dei. Men då blei kona fælt sint. Ho treiv smørdeiga og smeiste [C] nedover mot kyrkja så det kvein, og jutulen sjølve kasta skåkemnet etter.

Hadde dei råka som dei meinte, hadde dei gjort att for lyden av klokkene; men smørdeiga rakk ikkje fram, og skåkemnet gjekk for høgt og langt. Smørdeiga datt ned nord for kyrkja, og der står ho den dag i dag med tjukkaste enden ned. Skåkemnet ligg langt sør på Vollom om nokon er huga til å sjå det. Såleis slapp kyrkja skadelaus, og sia har ikkje nokon merkt at dei to har lege etter henne.

Heller ikkje har jutulen vist seg meir enn ein gong sia, etter det somme veit, og det var då han skyssa ein døl frå Vågå heim att frå Kjøpenhamn.

For eit par år sia kom eg ein ettermiddag til prestegarden av sosiale grunnar - for å ha vore innom - men familien var på setra. Ingen var heime utan ein gammal døl. Då eg bad om det, følgde han meg opp til Jutulporten. Vi banka på, men ingen kom og lét opp. Dei undra meg heller ikkje at jutulen ikkje ville ta imot oss. No på sine gamle dagar gav han vel sjeldan audiens, for å dømme etter alle spora av steinkast i porten, har han vore svært plaga av gjestingar.

"Ein av dei siste som såg han," sa dølen som var med meg, "det var Johannes Sørigarden frå Blessom, nabogarden til prestegarden. Men han ønskte visst han aldri hadde sett han" la han til.

"Johannes Blessom var nede i Kjøpenhamn og skulle prøve å få retten sin [E] i ein eller annan prosess. Her i landet var det ingen rett å få i dei tidene. Og når ein ville ha rett, var det ikkje anna råd enn å reise dit ned. Det hadde Blessomen gjort, og det gjorde sonen hans etter han også, for han hadde og ein prosess.

Ja, Blessomen hadde ei sak mot einkvan, og for den saka skuld laut han reise like til Kjøpenhamn ein gong. Og så fall dette så ulageleg til at han ikkje blei ferdig til å reise frå Kjøpenhamn att før om julekvelden. Så var det den kvelden og mørkt i gatene. Johannes hadde snakka med storkarane og gjort frå seg, og gjekk på gata og var stur, for han var huga heim. Att og fram i gatene gjekk han og dreiv. Best han gjekk slik, fekk han sjå atti snerten på det som måtte vere ein gudbrandsdøl borti gata. Karen som strauk forbi som snøggast kunne jamvel vere vågeværing i kvit kufte med taskelokk og knappar så digre som sølvdalarar. Han hadde beksaumskor og snøsokkar, grå vest og raud huve, og etter det var Johannes viss på at det var gudbrandsdøl. Det var ein stor, svær mann. Johannes syntest han skulle kjenne han og, men den andre gjekk så fort. Han onna seg etter og nådde han att og spurde kor mannen var ifrå.

"Du går fort, du," sa Johannes.

"Ja, eg får nok skunde meg," svara mannen, "for eg skal til Vågå i kveld."

"Ja, gi eg kunne kome dit eg også," sa Johannes.

"Du kan få stå på med meg om du er ferdig til å reise heim att, Då skal du få skyss å snakke om, for eg vil heim att til kvelds," svara mannen," sa mannen, "for eg har ein hest som trør tolv steg i mila."

Det var mykje, tykte Johannes. Han var også forundra over at han ikkje kunne kjenne att sambygdingen sin. Det karen sa om å reise heim att til kvelds, det enste ikkje Johannes noko større, det var sikkert noko fleip frå mannen, tenkte Johannes. For det var ikkje så greitt å gjere ei reise frå Kjøpenhamn til Vågå i dei dagane. Elles var Johannes så glad for at han skulle få både følgje og skyss at han tok seg ikkje tid til å tenkje over det eine eller det andre.

Då det skulle bere i veg, skulle Johannes stige på bakpå, og så drog det åt så det berre bles. Dei reiste og Blessomen hadde nok med å halde seg på meiane. Det gjekk beint fram både over land og strand, gjennom vêr og vind så han verken kunne sjå himmel eller jord eller visste om dei fór på landjorda eller i lause vêret. Nei, slik vedunderskyss hadde aldri Blessom hatt før, etter det han hugsa!

Ein stad var dei nede og kvilte ei ri. Kor det var fann han ikkje ut av, men der var vakkert, tykte Johannes. Han var ikkje god til å få greie på nokon ting, for den glima og lyste så det var ikkje råd å feste auga nokon stad. Så med eitt sette gubben av stad att derifrå. Johannes ansa eit mannehovud på ein stake, og etter det bar han til å bli noko fælen. Litt etter sansa Johannes han vanta eine votten, for han tok til å fryse på fingrane. Han fortalte den hine korleis det var, og bad om å få stige av og finne att votten.

"Eg gløymde att eine votten min der vi kvilte; no frys eg på neven," sa han.

"Du lyt tole det, Blessomen. Votten nyttar det lite å sjå etter, han ligg att halvveges mellom Kjøpenhamn og Vågå," sa mannen, "men no er det ikkje langt att til Vågå, og der vi kvilte var halvveges."

Då tok Johannes til å få ein tanke om kva slags kar han var komen i følgje med.

Det gjekk som ein pil med dei, og det var ikkje råd for Johannes å få greie på kor dei fór. Han kjende seg ikkje att før dei kom nord på Sambusvollane, og han blei glad då han såg at han var i bygda att, for han tykte det såg så ulikt ut med denne skyssen eit bel. Då dei kom nord åt Finnbrua, stansa den fremmende, for her skulle Johannes stige av og gå opp åt Blessomgarden. Johannes takka for skyssen og lét vel om det at han kom så snøgt heim att. Men med det same dei skildest, sa mannen:

"No har du ikkje langt heim. Om du skulle få høyre ein smell når du kjem oppi bakkane, må du ikkje sjå deg attende eller snu på hovudet. Gjer du det, kjem du til å angre det resten av livet. Så lov meg å ikkje sjå deg attende om du høyrer nokon dur eller ser eit slags lysskin."

Nei, han skulle nok akte seg for det, meinte Johannes, og med det skildest dei. Mannen køyrde sin veg over Finnebrua, og Johannes tok oppover bakken. Best som Johannes var komen eit lite stykke opp i bakkane, høyrde han ein dur og ein stygg smell borti Prestberget. Med eitt blei det så lyst på vegen framfor han at han syntest han kunne ha sett å ta opp ei nål. Han gløymde reint det han hadde lovd, og så var han ikkje god for å halde seg. Han snudde på hovudet og såg bort i berget.

Der stod Jutulporten på vid vegg. Det lyste ut frå eldstaden og blenkte på alt gullet og sølvet der inne. Det skein og lyste ut gjennom steinberget som av mange hundre lys. No såg Johannes den fremmende han hadde hatt skyss med. Midt i opninga stod han. Det var jutulen, og no gjekk han inn gjennom døra. Med det same han var innkomen, small porten att så det dundra, og det blei kolande mørkt. Johannes skulle snu hovudet att - men halsbeinet var blitt stivt. Frå den tida gjekk Johannes med hovudet på snei. Slik gjekk han så lenge han levde."

Ord

  1. Skåk: ei av to stenger mellom hesteselen og vogna, sleden, plogen og liknande.
  2. Kinne: reiskap til å kinne smør med.
  3. Smeise: daske, slå, smikke.
  4. Vitjing: gjesting.
  5. Rett (retten sin): bl.a. oppfylte lovlege el. rettkome krav.

OPP NOTAR  

Oskeladden og dei gode hjelparane

EIN MANN hadde tre søner og ingen ting å fø dei med. Så sa han ein dag:

"No er de vaksne, no skal de finne dykk arbeid som tel, kvar og ein."

Så kom det for øyrene deira at ei kongsdotter hadde blitt teken av ein stor drake som heldt til i eit fjell. Kongen hadde lovt kongsdottera og halve riket til den som greidde å berge henne. Slikt arbeid kunne dei tenkje seg, alle tre. Det verka høveleg.

Men enda om Oskeladden hadde sagt han ville bli med, i lag med Nils og Mads, så brekte og nekta dei hine og sa at han passa betre til å sitje i oska og klore.

Dei to eldste fekk då nokre matbetar i matboksane sine og drog i veg. Oskeladden sa om og om att at han ville reise, han også.

"Nei," sa far og mor, "du har ikkje rett grep på slikt - enno, iallfall." Dei ville han vel.

Det blei likevel til at han tok ut, Oskeladden òg, og litt mat fekk han med seg.

Som han kom frametter vegen, sat det ei gammal kone på ei tuve. Han gav seg i skravl med henne, og fortalde om kva han var ute på. Så tok han fram matboksen si og tok til å maule og ete.

Kona spurde om ho kunne få smake eitkvart. Han hadde ikkje mykje, men fekk vel dele med henne, sa han.

"Eg har ikkje anna å gi deg enn eit eple," sa kona, "men det er slik laga at om ein tygg på ein bit av det, blir ein overhendig sterk. Men du må ikkje ete opp alt på ein gong, berre ei tugge av og til." Så sa ho det òg, at han skulle reise til ein gammal bror ho hadde. Han budde langt, langt unna, og han skulle fortelje han kva han skulle gjere.

Dette gjorde Oskeladden, og kom fram til den gamle mannen. Han sat på ei tuve, han òg.

Så sa guten at han hadde tala med den gamle kona.

"Eg er bror hennar, eg," sa mannen.

Jo, guten visste då det.

"Eg har bodord til deg om at du skal rettleie meg," sa han.

"Har du ørlite mat? " ville gamlingen vite.

"Mja, nokre bitar har eg," sa guten, "det er ikkje meir, men vi skal dele så godt vi kan," sa han.

Så sette dei seg til å ete opp det som var att i matboksen.

"No kan du leggje deg til å sove, så skal eg byggje eit fartøy til deg," sa mannen.

I svevne høyrde Oskeladden saging og sjau og banking og klinking, og då han vakna, stod skipet fullt ferdig.

"Denne farkosten er slik laga at du kan sigle både på land og sjø," sa mannen, "du kan trengje mannskap òg, og eg trur det snart vil ordne seg."

Så gjekk guten om bord, og skipet tok til sigle på land. Om litt fekk han auge på ein mann som stod på éin fot. Så ropa guten på han, og spurde korfor han stod slik.

"Eg tek sju mil i steget," sa mannen, "og skulle eg stå på begge, kom eg til springe til verdas ende, og det bryr eg meg ikkje om."

"Vil du vere med?" spurde Oskeladden.

"Å ja, eg har ikkje noko å forsømme," sa mannen.

No reiste dei langt og lenger enn langt. Så oppdaga dei ein mann som stod med hendene for auga. Oskeladden ropa til han, og spurde kva for kar han var, og korfor han stod slik.

"Jo, eg har så sterkt syn at både berg og dalar klovnar når eg tek hendene frå auga," sa mannen.

Oskeladden spurde om han ville vere med på skipet. Jo, han blei med han òg.

Så fekk dei sjå på ein mann som kom frametter vegen, han krøka seg så fælt i hop. Oskeladden spurde kva som mangla, om han hadde verk i magen.

"Nei, det er ikkje det," sa han. "Rettar eg meg opp, blir eg så fælande stor; men krøkjer eg meg i hop, kan eg gjere meg så liten eg vil."

Oskeladden tenkte det ville ikkje vere gale å få han med om bord. Jo, mannen hadde ikkje anna å gjere, sa han.

Så reiste dei langt og lenger enn langt. Om ei ri la dei merke til ein mann som låg framgruve mot ei hole.

"Kva ligg du der for? " spurde Oskeladden.

"Jo, eg er så usløkkjeleg fæl til drikke at eg kunne drikke opp alt eg kjem over, om det så var sjøen som ligg rundt jorda," sa han.

Om han ville vere med? spurde Oskeladden. Å jo, han hadde ikkje noko å forlise, meinte mannen.

Så drog dei lenger, og så kom dei til slottet. Rundt slottsmuren låg det ei djup vassgrav, og no visste ikkje Oskeladden kor han skulle stelle seg.

"Vatn skal vi snart vita råd med," sa stordrikkaren og slukte det alt i ein sup.

Men guten kom likevel ingen veg, han, for vassgrava var fælt djup, ho verka bra botnlaus.

"Sett deg på ryggen min," sa einføtingen.

Guten så gjorde, og einføtingen hoppa over med han.

Men då guten skulle opne porten, greidde han det ikkje, for porten var så stor og tung. Då tok guten ein bit av eplet, og då blei han i stand til å opne og la att porten så lett som berre det.

Innafor porten låg eit dyr, og guten tenkte det var ikkje greitt å kome framom. Så lista han seg bortåt, og då skjøna han at anten var dyret daudt eller så sov det. Dermed smatt han framom og gjekk inn i slottet. Han brukte både auga og øyra, men merkte ikkje teikn til liv.

Så opna han døra til eit rom, og då tykte han einkvan jamra og klaga. Han gjekk inn i eit rom til, og då høyrde han at einkvan brumma og snorka. Så gløtte på døra til enda eit rom. Dermed fekk han auge på eit uhyre som låg og sov, men noka kongsdotter såg han ikkje.

No våga ikkje Oskeladden gå lenger, han drog seg attende til karane sine og tala om kva dei ville rå han til.

"Eg skal prøve om eg kan finne kongsdottera," sa han som kunne gjere seg liten.

Dermed strauk han inn og fór og gløtta og kika alle stader. Gjennom eit nøkkelhol kom han til å sjå henne, ho sat i eit rom og sydde. Så gjorde han seg liten og kraup inn gjennom nøkkelholet, og då han var komen inn gjorde han seg stor att.

Kongsdottera blei mykje forbina, og spurde korleis han hadde kome inn i slottet. Han laut fortelja det. Så spurde ho om han hadde nokon med seg.

"Eg har nokre kompisar med meg," sa han.

"Kven då?"

Han fortalde om skipet og nemnde Oskeladden, at han var om bord og styrte fartøyet. Ho skulle likt godt å sjå den kroppen, sa ho.

Så drog mannen attende og fortalde Oskeladden alt i hop. Han nemnde også at det var ikkje mogeleg å kome inn til kongsdottera, for ein laut gjennom sju låste dører. Så spurde Oskeladden om nokon kunne hjelpe han.

"Eg skal greie med døra," sa han som hadde så sterke auge. Dermed drog han i veg. Som han gjekk i ein gang der inne, råka han på ein bjørn. Då letta den sterksynte på eine augneloket. Dermed klovna bjørnen.

Så kom han inn i rommet der trollet var. Det sprang opp og ville rive karen i filler. Då letta den sterksynte på eine augneloket, og dermed flaug trollet i hundre delar. Det var ein god hjelpar!

Han drog no frå rom til rom og skulle finne kongsdottera. I ein lang gang framfor døra hennar stod det eit veldig svært troll. Då letta den sterksynte på eine augneloket og trollet blei til ingenting. Det var god hjelpar, som sagt!

Så blunka han med eine auget på døra til kongsdottera, og dermed gjekk døra opp. Det var ikkje fritt for at kongsdottera blei storøygd då ein fremmend mann kom inn til henne. Men han tala høveleg for seg, og sa at Oskeladden og han var kompisar. Det var bra for Oskeladden.

Jenta blei no full av hang til å tale med Oskeladden. Og den sterkøygde karen meinte det skulle gå. Så gjekk han til Oskeladden og bad han følgje med. Og no var det ikkje vanskeleg for han, han som hadde slike likande hjelparar. Kongsdottera blei forelska i Oskeladden på flekken, og sa at kunne han hjelpa henne ifrå trollslottet, ville ho ha han.

"Eg klarer ikkje dette aleine; det blir visst for vanskeleg for meg. Men håper at han med dei sterke auga vil hjelpe meg."

Så gjekk den sterkøygde ut på tunet og sette auga på slottet. Då gjekk det opp i luft, men kongsdottera sat att på ein stol, heil og ubrend.

Oskeladden tok henne med og siglde attende til kongsgarden. Der feira dei bryllaup både vel og lenge. Osmond blei sia kong Oskeladden, og levde med mykje trivnad -

OPP NOTAR  

Kongsdottera i glasberget (2)

Eventyrlærdom

DET VAR ei kongsdotter som var sett høgt oppi eit glasberg. Og den som kunne rykkje henne ned att, skulle få henne. Men så var det ingen som kunne, enda om mange prøvde seg.

Så var der tre brør, Nils og Mads og Oskeladden, dei ville også prøve seg.

Dei hadde ein høystakk oppå heia, og den blei jamt oppeten for dei, og dei kunne ikkje skjøne korleis dette var.

Så ville Nils opp og liggje der, han, og få greie på dette. Han la på heia, og hadde ikkje lege lenge før han høyrde ein smell så hard at det var grovt.

"Jøss, kva kan dette vere?" tenkte Nils. Men han låg ei stund til, og då kom det ein enda hardare smell. Tredje gongen kom ein smell så hard at jorda rista, og då blei Nils så redd at han rømde heim att, og då visste han ikkje meir den dagen.

Andre kvelden skulle Mads oppå heia. Men då han hadde lege litt, så kom ein farleg hard smell. Så kom den andre.

"Denne er eg ikkje redd," sa Mads. Men så kom den tredje, og smella hardna etter kvart, og då blei Mads også så redd at han for heim att.

Tredje kvelden ville Oskeladden prøve seg. Brørne gjorde narr av han for det. Men han tok ein bøyel med seg og rusla likevel. Smella kom, og den tredje smellen var ikkje så hard.

"Å, ja dette er ikkje eg redd," sa Oskeladden. Men så kom den fjerde, og den var hard.

"Å, eg er ikkje for redd," sa Oskeladden. Men då kom det eit troll med tre hovud og sette på han. Han tok bøyelen sin og slo hovuda av i eitt slag. Og då blei der ut av trollet ein koparhest og ei koparkledning, og desse tok han og gøymde i den hole eika som stod der.

Og då han kom heim att, så spurde brørne hans:

"No, korleis gjekk det? Såg du nokon?"

"Meir enn de to greidde, trur eg vel," sa han. Kvelden etter laga Oskeladden seg til att og ville på heia.

"Å kors, no bli han galen så der monnar!" sa brørne.

"Ja, eg reiser no like fullt," sa han.

Då han kom på heia, la han seg til der, og då kom det tre smellar etter einannan, den eine hardare enn den andre. Så kom den fjerde smellen, og den var skikkeleg hard.

"Eg er ikkje skremd frå vettet enno," sa guten. Så kom femte smellen, og den var hard.

"Blir det verre enn det her, så spøkjer det vel," sa guten.

Då kom eit troll med fem hovud springande imot han, og så tok han bøyelen sin så fort han kunne og treska hovuda av.

Men då blei der ein sølvhest og ei sølvkledning, så fine var dei at dei lyste. Dei tok han også og sette i den hole eika, og så reiste han heim att.

"Blei du ute for noko nå då?" sa brørne.

"Vel...?" sa han og lét dei tru kva dei ville. Tredje kvelden ville han på heia att.

"Kva er du vil der oppe då?" sa dei andre.

"Kanskje treffe trua mi," sa guten og rusla opp. Då låg han der til alle smella han var van med, hadde kome. Men så kom det to smell som var så harde, så harde, at han tenkte han måtte rømme.

Då kom der eit troll med sju hovud og sette på han, og då var han svint med bøyelen sin og til å hogge og hogge til alle dei sju hovuda var av. Då blei der ein gullhest og ei storarta gullkledning. Han tok og sette dei borti den hole eika til dei andre. Så tok han heim att.

Så ville Nils og Mads av og vinne kongsdottera ifrå glasberget.

Dei prøve seg, men det monna ikkje for det.

Så drog Oskeladden opp til eika, tok ut koparhesten og sette på seg koparkledningen og rei opp etter glasberget eit langt stykke, men så rasa han ned att. Det var ingen som kjende han. Oskeladden sette koparhesten og koparkledningen i den hole eika att.

Då brørne kom heim om kvelden, så lét dei ende over seg med Oskeladden.

"Å nei, du skulle vore med til glasberget i dag," sa dei, "då skulle du sett noko rart. Det kom ein kar ridande på ein koparhest og med koparklednad, og han rei langt oppetter glasberget."

"Hadde eg vore med dykk," sa Oskeladden, "så hadde eg nok sett som de."

"Du kan grave i oska [A], du," sa dei.

Men den andre dagen stelte dei seg til og ville prøve att. Då tok Oskeladden sølvhesten og sølvkledningen og rei langt oppetter glasberget, mest opp til henne, men ikkje så at han nådde henne eller tok i henne. Så rei han ned att og oppå heia og sette sølvhesten og sølvkledningen i eika att.

Om kvelden då Nils og Mads kom heim, var dei mest ute av seg:

"Å nei, å nei, du skulle sett i dag," sa dei. "Det var gildt i går, men i dag var det enda gildare. Det kom ein kar ridande på sølvhest og med sølvklednad og rei mest like opp til henne!"

"Korfor måtte eg ikkje vere med og vere tilskodar til slikt?" sa Oskeladden.

"Du kan vel ikkje det, slik som du ser ut," sa dei.

Tredje dagen ville dei av garde att, Nils og Mads; men Oskeladden måtte ikkje vere med. Men så kom han etter dei ridande med gullhesten og gullkledningen og rei like oppå glasberget og drog kongsdottera ned med seg, og så sleppte han henne og rei sin veg. Men kongsdottera kasta eit gulleple etter han. Det sette seg fast i hælen hans.

Då Nils og Mads kom heim om kvelden, så krossa dei seg over det dei hadde sett, og fortalde det til Oskeladden.

"Ja, å sjå slikt er jamt godt," sa Oskeladden.

Så reiste kongsdottera heim til kongsgarden, men aldri fekk ho greie på kven det var som hadde rive henne ned av glasberget. Då blei ho så hissig på det at ho lovde det ho ville leite gjennom heile riket og ikkje gjere forskjell på rike eller fattige mens ho leita, heller.

Så kom ho då dit Nils og Mads budde også, og såg på dei. Så ville ho sjå på Oskeladden.

"Det treng du ikkje," sa dei, "for han har ikkje gjort anna enn å sitje og grave i oska."

Men ho hadde kunngjort at ho ikkje gjekk forbi nokon, og det ville ho halde. Det kunne så vere. Så såg ho då på han også og fann gulleplet. Der hadde ho den rette. Men ho reiste heim til kongsgarden att utan han.

Andre dagen tok Oskeladden ut koparhesten og koparkledningen og rei rundt kongsgarden, og kongsdottera såg han - og alle. "Der er han som eg såg han første dagen," sa ho.

Men han rei på heia att. Og kom heim att og grov i oska som før.

Andre dagen kom han ridande på sølvhesten og kom så vidt gjennom porten. "Der er han som eg såg han, den andre dagen," sa kongsdottera.

Men tredje dagen kom han att på gullhesten og rei like inn, og då tok ho han. "Der er han som eg såg han den tredje dagen," sa ho. Og så blei det jammen gjestebod.

Ord

  1. Oske: Det kan liggje noko løynd i temaet. Vi kan gjette litt saman: (1) Å reise seg av oska (som en fugl føniks) blir å livne til att i forynga skapnad. (2) På svensk er oskan det same som tora (tordenen). Det har mytologisk samanheng med det norrøne gudenamnnet Þórr 'Tor'). I Gamle Uppsala dyrka dei Tor. "När han far på molnen med sin vagn som dras av bockarna Tanngnjostr och Tanngrisner och svingar sin hammare Mjölner ("Krossaren"), är oskan i full gång." Det er funne samanhengar mellom mangt ved Oskeladden og Torsmyte-restar. [Cf Nov, innleiinga]

OPP NOTAR  

Eika i kongsgarden

Eventyrlærdom

DET VAR ein gong ein konge som lovde dotter si til den som kunne hogge ned ei stor eik som sto på tunet hans. To brør ville prøve seg. Då den tredje broren, Oskeladden, ville bli med dei, jaga dei han heim att. Men han kom etter att.

Så kom dei til ein bekk, og Oskeladden ville sjå kor den kom ifrå.

"Er du galen," sa dei andre, "tenkjer du å finne der bekken tek til?"

Ja, han ville av og prøve seg. Då han kom opp på berget, så fann han ei nøtt som låg og sildra. Så tok han ein mosedott og stappa i hòlet og stappa nøtta i lomma. Så reiste han eit stykke. Så kom han til to grisetryne som sto og rota i ei søyle. Så stappa han ein mosedott i kvar nasebore og la dei i lomma. Sia høyrde han noko som hogg oppi lia. Han opp og fann to økser som sto på kvar si side av eit tre og hogg. Dei slo han skaftet av og stappa i lomma. Så til kongsgarden.

Den eldste prøvde først. Han var grytidleg oppe og hogg på eika. Då det leid til middag, tok jenta mat med seg og skulle gå bort åt han. Då hadde han hogge eit stort stykke av eika. Mens han åt, smurde ho treet med ei smørjemiddel ifrå ei krukke, og så var det like heilt att.

Like eins med den andre. Så kom Oskeladden tredje dagen og skulle prøve. Han sette ei øks på kvar si side og til middag laut eika i koll. Men så sa kongen det at han fekk ikkje dottera med mindre han også kunne grava opp rota etter eika på ein dag. Han sette grisetryna på kvar side, og dei til å grava. Og øksa hogg av smårøtene. Då måtte stubben opp.

Men det blei ikkje noko enda, sa kongen, om han ikkje kunne skaffe så stor ein flaum at den tok med seg både stubben og eika. Oskeladden opp på berget med nøtta, tok ut mosedotten, og då blei det flaum. Den hadde nær tatt med seg kongsgarden sjølv, og kongen måtte opp på berget for å fri seg for flaumen. Då fekk Oskeladden kongsdottera og halve riket.

OPP NOTAR  

Storoksen som skulle til seters og gjere seg feit

Eventyrlærdom

DET VAR ein gong at storoksen skulle på setra og gjere seg feit. Då han hadde gått eit stykke, trefte han ein hane.

"Kukke-lure-luuur! kor vil du av?" sa hanen med fint mål.

"Eg vil til seters og gjere meg feit," sa storoksen. Han hadde så grovt mål.

"Skal eg få vere med?" sa hanen.

"Gjerne," svara oksen.

Så gjekk dei eit stykke. Då trefte dei ein hare som sa:"Hutte-tutte-tu! kor vil de av?"

"Vi vil på setra og gjere oss feite," sa oksen.

"Kan eg få vere med?" sa haren.

"Gjerne," sa oksen.

Og så gjekk dei eit stykke att. Då trefte dei ein bukk. "Mæ-æ-æ! kor vil de av?" spurde bukken.

"Vi skal til seters og gjere oss feite," sa oksen.

"Skal eg få vere med?" spurde bukken.

"Gjerne," sa oksen.

Så gjekk dei eit stykke att. Då møtte dei ein galte. "Øff! øff! kor vil de av?" sa galten.

"Vi skal til seters og gjere oss feite," sa oksen.

"Skal eg få vere med?" sa galten.

"Gjerne," sa oksen.

Så kom dei til setra og gjekk inn i selet. Der sette storoksen seg i høgsetet, og haren sette han på benken ved sia av seg. Bukken sette han oppå bordet, galten under bordet, og hanen oppfor døra.

Så kom det ein rev og ein bjørn til setra. Dei fekk høyre det var nokon inni selet, men det var ikkje nokon av dei som ville gå inn. Så sa bjørnen til reven:

"Du må gå inn, du som er kvikkast."

"Nei, du som er sterkast," sa reven.

Så gjekk bjørnen inn og bort til oksen. Oksen tok han på horna og kasta han bortpå bordet til bukken.

Bukken stanga han så han rulla under bordet. Der gjekk galten til åtak mens haren og hanen gjorde leven på kvar sin måte på benken og oppfor døra. Då blei bjørnen så redd at han sprang ut att.

"Korleis gjekk det?" sa reven, han stod utafor og venta.

"Hadde du kome inn der, så hadde du aldri kome ut att," sa bjørnen. "Det sat ein kvit krabat i høgsetet, og han tok meg på horna sine og kasta meg opp på bordet. Der sat det ein skreddar. Han stakk med nåla si så eg rulla under bordet. Og der var det ein stygg mann som ville til å hakke trau av meg. Samtidig sprang det ein kar oppi benken og ropte:

"Kor er øksa mi? Kor er øksa mi?"

Hadde den krabaten kome ned, så trur eg ikkje eg hadde kome meg ut att. No stod det også einkvan oppfor døra, og han ropte:

"Ta fatt godt! Ta fatt godt!"

Hadde han kome ned, hadde eg vel aldri i livet kome meg ut," sa bjørnen.

OPP NOTAR  

Oskeladden som fekk kongsdottera til å le

Eventyrlærdom

DET VAR ein gong ein konge som hadde ei dotter, og ho var så ven at ho var namngjeten både vidt og breitt. Men ho var så alvorleg av seg at ho aldri kunne le. Og så var ho så stor på det at ho sa nei til alle som kom og fridde til henne, og ikkje ville ha nokon om dei var aldri så gilde, anten det var kongesøner eller herremenn.

Kongen var lei av dette for lenge sia, og syntest at ho kunne gifte seg, ho som dei andre. Ho hadde ikkje noko å vente etter, ho var gammal nok, og rikare blei ho ikkje heller, for halve riket skulle ho ha; det var morsarven hennar.

Så lét han lyse opp på bakeribakken både fort og snart at den som kunne få dottera hans til å le, skulle få henne og halve kongeriket. Men var det nokon som prøvde seg og ikkje kunne få henne til, skulle dei skjere tre raude reimar av ryggen hans og strø salt i.

Det blei mange såre ryggar i det landet. Det kom friarar farande frå sør og nord og aust og vest og trudde det var inga sak å få ei gretten kongsdotter til å le. Både hyggelege og merkelege, artige og påfallande karar kom. Men alle dei apefantane [A] det var, og alle dei apekunstane dei gjorde, så var kongsdottera like stø og alvorleg, ho.

Tett ved kongsgarden budde det ein mann som hadde tre søner. Dei heitte Gustav, Hans og Osmund, som blei kalla Oskeladden. Dei fekk også høyre at kongen hadde kunngjort at den som kunne få kongsdottera til å le, skulle få henne og halve kongeriket.

Den eldste ville i veg først og strauk av garde. Då han kom til kongsgarden, sa han til kongen at han ville nok prøve å få kongsdottera til å le.

"Ja, det er bra nok," sa kongen, "men det kan visst lite nytte. Det har vore så mange her og prøvd seg, men dotter mi er så alvorleg at det ikkje nyttar. Eg vil nødig at fleire skal kome i ulykke."

Men Gustav meinte det skulle nok nytte. Det kunne ikkje vere så vanskeleg å få ei kongsdotter til å le for han, for dei hadde ledd så mange gongar av han då han var soldat og ekserserte under Nils fløymann. - Så la han ut på tunet utafor glaset til kongsdottera og tok til å eksersere etter Nils fløymann. Men det hjelpte ikkje. Kongsdottera var like stø og alvorleg. Så tok dei han og skar tre breie, raude reimar av ryggen hans og sende han heim att.

Då han hadde kome heim, ville den andre sonen, Petter, i veg. Han var skolemeister og rett underleg å sjå til. Det eine beinet var kortare enn det andre, og mykje også. Når han sto på det eine, var han liten som ein gutunge, men reiste han seg på det lange beinet sitt, blei han stor som eit troll. Og til å leggje ut var han rett flink.

Ja, han drog til kongsgarden og sa han ville prøve å få kongsdottera til å le. Det var ikkje så reint usannsynleg, meinte kongen; "men Gud trøste deg, får du henne ikkje til, skjer vi breiare for kvar som prøver seg."

Skolemeisteren strauk ut på tunet. Der stilte han seg opp utafor glaset til kongsdottera og røla og messa etter sju bakarar, og leste og song etter sju klokkarar som hadde vore i bygda der. Kongen lo så han måtte halde seg i svalstolpen [B], og kongsdottera ville til å dra på smilen, ho og, men så blei ho like stø og alvorleg att. Så gjekk det ikkje betre med Petter skolemeister enn det hadde gått med Gustav soldat - for Gustav og Petter heitte dei, må vite. - Dei tok han og skar tre raude reimar av ryggen hans og strødde salt i, og så sende dei han heim att.

Så ville den yngste i veg, det var Oskeladden. Men brørne lo og dreiv ap med han og viste han dei såre ryggene sine, og faren ville ikkje gi han lov, for han sa det kunne ikkje nytte for han som ikkje hadde noko vett; ingenting kunne han og ingenting gjorde han, han sat berre i peisen og grov i oska og spikka tyristikker [C]. Men Oskeladden gav seg ikkje, han gnåla og gnog så lenge til dei blei lei av maset hans, og til sist fekk han lov til å gå til kongsgarden og prøve lykka.

Då han kom til kongsgarden, sa han ikkje at han ville få kongsdottera til å le, men han bad om å få teneste der. Nei, dei hadde ikkje noko arbeid han kunne gjere, men Oskeladden gav seg ikkje for det. Dei kunne ha bruk for ein til å bere ved og vatn til kokkejenta på slik ein storgard, sa han. Ja, det syntest kongen ikkje var så ille, han var vel lei av gnålet, han også. Så blei det til at Oskeladden fekk lov å vere der og bere ved og vatn til kokkejenta.

Ein dag han skulle hente vatn i bekken, fekk han sjå ein stor fisk som sto under ei gammal fururot som vatnet hadde skore jorda unna. Han sette bytta si sakte under fisken. Men då han skulle gå heim til kongsgarden, møtte han ei gammal kone som leidde ein gullgås.

"God dag, bestemor!" sa Oskeladden. "For ein ven fugl du har; og så gilde fjør då! Det lyser av dei lang veg; - hadde ein slike fjør, kunne ein sleppe å spikke tyristikker," sa han.

Kona syntest vel så godt om fisken han hadde i bytta si. Ho sa at ville han gi henne fisken, skulle han få gullgåsa. Den var slik at når nokon rørte ved den, blei han hengande fast berre ein sa: "Vil du vere med så heng på."

Det byttet ville Oskeladden gjerne gjere. "Fugl er vel så bra som fisk," sa han med seg sjølv.

"Er den slik som du seier, kan eg gjerne bruke den til fiskekrok," sa han til kona, og var vel nøgd med gåsa.

Han hadde ikkje gått langt, før han møtte ei gammal kone. Då ho såg den fine gullgåsa, måtte ho bort og kramse på den. Ho gjorde seg så søt og lekker, og så bad ho Oskeladden om ho fekk lov til å klappe den pene gullgåsa hans.

"La gå," sa Oskeladden; "men du får ikkje nappe fjøra av henne!"

I det same ho klappa på fuglen, sa han: "Vil du vere med så heng på! " Kona sleit og reiv, men ho måtte henge med anten ho ville eller ikkje, og Oskeladden gjekk vidare som om han var aleine med gullgåsa. Då han hadde gått eit stykke til, trefte han ein mann som hadde noko usnakka med kona for eit puss ho hadde gjort han. Då han såg at ho stridde så hardt for å bli fri og skjønna ho hang så vel fast, syntest han at han trygt kunne gi henne ein dult til takk for sist. Så spente han til kona med eine foten.

"Vil du vere med så heng på!" sa Oskeladden, og mannen måtte følgje med og hinke på eitt bein, anten han ville eller ikkje, og når han reiv og sleit og ville laus, var det enda verre, for då var han ferdig til å dette baklengs rett som det var.

No gjekk dei eit godt stykke til dei kom bort imot kongsgarden. Der møtte dei smeden til kongen; han skulle til smia og hadde ei stor smietong i neven. Denne smeden var ein speloppmakar som støtt var full av leven og fantestrekar. Då han såg dette følgjet kome hoppande og hinkande, lo han først så han sto tvikrokete [D], men så sa han:

"Det er nok ein ny gåseflokk kongsdottera skal ha, det. Skal tru kven som er gasse og kven som er gås av dei? Det må vel vere gassen som ruggar i førevegen. Gåsa, gåsa, gåsa, gåsa, gåsa!" lokka han og kasta med handa som om han strødde korn for gjæsene.

Men flokken stansa ikkje - kona og mannen såg berre arge på smeden for det at han gjorde narr av dei. Så sa smeden: "Det skulle vere artig [E] å halde heile gåseflokken, så mange dei er;" for han var ein sterk mann. Så tok han tak med smietonga bak i enden på den gamle mannen, og mannen både skreik og arga seg, men Oskeladden sa:

"Vil du vere med så heng på! "

Så måtte smeden også med. Han krumma nok ryggen, tok spenntak i bakken og ville laus, men det hjelpte ikkje. Han sat så fast som han var skrudd inn i det store skrusteet [F] i smia. Og anten han ville eller ikkje, måtte han danse med.

Då dei kom fram mot kongsgarden, fór gardshunden imot dei og gøydde som det var ulv eller kjeltring, og då kongsdottera skulle sjå ut gjennom glaset kva som var på ferde, og fekk sjå dette fantefølgjet, sette ho i å le.

Men Oskeladden, var ikkje nøgd med det. "Vent litt, ho skal nok få latterdøra betre opp!" sa han. Dermed gjorde han ei vending bakom kongsgarden med følgjet sit.

Då dei kom forbi kjøkkenet, sto døra oppe, og kokka heldt på å stampe grauten. Men då ho fekk sjå Oskeladden og flokken, kom ho farande ut i døra med tvaren [G] i den eine handa og kokkesleiva full med rykande graut i den andre og lo så ho rista. Då ho fekk sjå at smeden var med, slo ho seg på låret og sette i å storle. Og då ho hadde ledd ut, syntest også ho at gullgåsa var så fin at ho måtte bort og klappe den.

"Oskeladden, Oskeladden!" skreik ho og kom springande etter med grautsleiva i neven, "får eg lov å klappe den vene fuglen du har?"

"La henne heller klappe meg!" sa smeden.

Då kokka høyrde det, blei ho sint. "Kva er det du seier!" skreik ho og slo til smeden med grautsleiva.

"Vil du vere med så heng på!" sa Oskeladden. Så sat ho fast, ho også, og alt ho skjente og alt ho sleit og reiv, og så vill ho var, så måtte ho hinke med.

Då dei kom utafor glaset til kongsdottera, sto ho og venta på dei. Då ho såg dei hadde fått med kokka, både med grautsleiv og tvare, slo ho opp heile latterdøra og lo så kongen måtte stø henne.

Så fekk Oskeladden kongsdottera og halve kongeriket, og bryllaup heldt dei så det både hørtest og spurdest.

Nokre ord

  1. Apefant: hasardiøs komikar -
  2. Sval: gang, utbygg på sida av el. rundt (eldre) hus.
  3. Tyri: daud furuved som inneheld mykje harpiks og tjørestoff og derfor brenn lett.
  4. Tvikrokete: Sterkt framoverbøygd.
  5. Artig: snodig, morosamt, uvanleg, hyggeleg, rart, interessant.
  6. Ste: Ambolt.
  7. Tvare: liten bor; noko forvridd, til dømes eit (tørka) tre; ein pinne.


NOTES

Norske eventyr og segner i utval – SAMLINGA
Norske eventyr og segner i utval - SLUTTBOLK

Norske eventyr og segner i utval - LITTERATUR  

Norske eventyr og segner i utval - OPP SETT ARKIVDEL NESTE

Norske eventyr og segner i utval BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, tilvisingar og meir. [LENKJE]
© 2001–2011, Tormod Kinnes [E-POST].  —  Ansvarsfråskriving: [LENKJE]