GULLVEKTA
Eventyrmerknader og anna - E
Nordiske eventyr Reservasjonar [FØRRE] [NESTE]


Tydingar

Draugen

Ordet draug, gamalnorsk draugr, tyder dauding, attergangar. I gammal tid trengte han ikkje ha drukna på sjøen. I nyare norsk folketru er draugen oftast tenkt som attergangar av ein drukna som ikkje har komme i vigd jord (på kyrkjegard), eller også som ei personifisering av alle som har sett livet til på sjøen.
      Noen stader tenkte dei seg han som ein fiskar i skinnklede, ein som lyste som moreld, og som kan skape seg om.
      Draugen siglar i halv båt og varslar (tutar) når einkvan skal drukne.
      Jula er tida då draugane og andre attergangarar er ute of ferdast.
      Segna her verkar heilt norsk, men er av fremmend opphav. I legendesamlinga "Den gylne legende" skal hendinga ha gått for seg i Paris, og blei fortalt for å få folk til å minnast dei avlidne i bønnene sine. Segna finst frå andre stader med same motiv og moral, så som i Hildesheim i Tyskland og Durham i England.
      [TIL SOGA]


Mara

Mara i folketrua er ei vette som plagar folk om natta. Ho legg seg over dei og tyngjer så på bringa at at dei verken kan ande eller røre seg. Oftast har mara menneske-skapnad, og er gjerne tenkt som ei kvinne. Opphavet til mare-førestellingane ligg i drømmar, som heng saman med andenød (pustevanskar). Når mara rir eit menneske heiter det mareritt . . .
      Når mara i denne segna får kome seg unna att, er det eit drag som kan vere lånt frå andre segner som fortel om giftemål mellom menneske og eit overnaturlig vesen, til dømes jomfruer i svaneham, skriv Reidar Christensen.
      [TIL SOGA]


Bryllaup i berget

Frå Johannes Skars "Gamalt or Sætesdal" III.
      [TIL SOGA]


Heilag-Olav i Solnurdalen

Attfortalt etter Fayes "Norske folkesagn".
      [TIL SOGA]


Sjøormen og havhesten

Soga er frå Torkell Maulands "Folkeminne frå Rogaland" II.
      Det ligg føre fleire bøker om sjøormar og fabeldyr. [SJØORMEN]. Charles Bright har skrive éi, Sea Serpents. [Sese]. Boka gir oversyn over sjøormar og mange andre svømmande fabeldyr folk skal ha sett og kjempa med rundt om.

Sjøormen i saltvatn i våre dagar

På Sunnmøre var det noen fiskarar som blei skremt av det dei trudde var sjøorm i Storfjorden mellom Sula og Hareid ein søndag i mars år 2001. I opptil to minutt skal fiskarane ha sett to rundaktige puklar - kvar på fem til ti meters lengde - som fossa fram i god fart over vassflata like før klokka 11 søndag formiddag. Fiskarane heldt på å gjøre klar nota etter fiske då dei såg skapnaden mellom 100 og 150 meter fra båten. Den fremste pukkelen var minst og braut vatnet så det skumma. Dei to kunne sjå at den mørke skapningen rakk lenger bakover enn bak-pukkelen.
      Veret var herlig med sol og havblikk (still sjø). Begge dei vante fiskarane var oppskjørta over det de hadde sett, fortel kapteinen på båten, og vil ikkje avvise at det kan vere mogelig at eit stort sjødyr kan halde til i den over fire hundre meter djupe fjorden.
      "Ein gong då eg var gut, dreiv det i landet ein blekksprut på mellom sju og tolv tonn ved ferjeleiet på Sulalandet. Dei måtte sprenge den vekk," fortel kapteinen.
      Det er før meldt om tilsvarende syn i området og i fjor sommar greide ein mann å filme et uidentifisert sjødyr inne i Borgundfjorden like ved Sulafjorden. Snakket går elles om at ei kvinne inni fjordane har sett eit ukjent dyr, og seks fiskarar har også komme ut for noe slikt.
      Det kjem altså sjøormrapportar frå Sunnmøre av og til. [Lenke A] Lenke B] - .
      [TIL SOGA]


Svartedauden i Sengeset

Segna er fritt att-dikta etter Fayes "Norske folkesagn". Det finst fleire variantar av henne. Ivar Aasen har ei god oppteikning frå Valle frå 1844, men der er ikkje hendinga sett i samband med svartedauden. Tilknytinga til svartedauden er neppe opphavlig, skriv Christensen.
      Segna har vore vidt kjent omkring i landet, og grunntanken er at huldrefolket hjelper folk som har mista rekninga med dagane. Verset er eit sentralt punkt i forteljinga. Det finst også ein variant frå Færøyane. Der var det ein mann som hadde blitt att ein stad og laut vere der i ein heller. Ei natt han låg og harma seg for di han ikkje visste kor lenge det var til jul, hørte han einkvan som sa: "ei natt og to dagar til jula".
      [TIL SOGA]


BØLGJE

Litteratur  
      Agha: Ashliman, D.: A Guide to Folktales in the English Language. New York: Greenwood Press, 1987.
       Dms: Langstrøm, Rolv. Den mystiske sjøormen. Oslo: Samlaget, 1994.
      Myhs: Cherry, John, ed. Mythical Beasts. London: British Museum, 1995.
      Nha: Pliny the Elder. Natural History: A Selection. Translated by John Healy. London: Penguin, 1991.
      Sese: Bright, Charles: Sea Serpents. Bowling Green: Bowling Green State University Press, 1991.
      Tnh: Pliny the Elder. The Natural History. Trs. John Bostock and H. T. Riley. London: Taylor and Francis, 1855. On-line [www.perseus.tufts.edu/cgi-bin/ptext?lookup=Plin.+Nat.+toc]
      Tyno: Hodne, Ørnulf: The Types of the Norwegian Folktale. Bergen: Universitetsforlaget, 1984.
      Wobe: Nigg, Joe. Wonder Beasts. Englewood, Colorado: Libraries, 1995.

OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE]
   © 2007, Tormod Kinnes. [E-POST]