NORSK DEL, GULLVEKTA  

Nettalar

 15 › 3 › 5

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE




Djupe tankar

Platon-tankar med

Det finst prestisjetunge internettadresser med universitet i bresjen, som skiltar med Platon om lag slik:
  1. "Fyldig, bestemt, utan usmak";
  2. "Høgst aktuelt", "noko for profesjonelle";
  3. "Godt skjøn ligg bak utvalet", "tungt".
Det er gjengs taktikkeri vi er i ferd med å syne - helst med rette slags varsemd.


Arne Næss

Filosofen Arne Næss let seg psykoanalysere i Tyskland; han brukte mange pengar av farsarven til det. Vinnarstega for godarta psykoanalyse kan vere:
  1. Fyldig og bestemt, helst klokt;
  2. Saksvarande ordna bidrag som gjeld;
  3. Forstandig, t.d. metodisk og med omhyggeleg varsemd.
Moden kritikk er varsam.


MacLuhan og Chuang-tzu

I boka Menneske og media , kjem kanadiske Marshall MacLuhan med ei soge frå gamle Kina. Vi finn den att hos taoist-filosofen Chuang Tse. Soga handlar om ikkje å miste det menneskelege ved å bli alliert med reiskap og teknikk, kan vi seie. Det viser seg det gjeld å velje bra, å vere godt oppmarsjert i starten.
      Det er alfa og omega at ein også bruker tid til å tvile på mangt, så ein tek seg i det om ein feilar av uklare grunner. Sløsesamfunnet har feila fort i Vesten, veit vel snart alle, men likevel held urimelig sløsing og vekkskusling av ressursar fram på jorda.


Noam Chomsky

Får ein uvenner av å seie og gå inn for det rette, er dei ikkje rette venner av manneætta og framtida til planeten. Ta til dømes amerikanske Noam Chomsky, ein kjent kritikar av USAs utanrikspolitikk. Han har gode tankar, men kan bli kalla kontroversiell og brysom av somme. Det er han nok ikkje. Og han er instituttprofessor og professor emeritus ved Massachusetts Institute of Technology, MIT. Det som vel må fram i dagen er: Statusen hans hjelper både han og andre som siterer han. [Chomsky-sitat]
      Det er ganske like eins med Aristoteles. Han forma europeiske tenkjemåte i påfallande grad.


Jean Piaget

Den sveitsiske psykologen Jean Piaget fortel at tilpassing (akkomodasjon) hyppig er ei blanding av
  1. å jenke seg (tilpasse seg til omgivnader og dei som tel - dei mange, i mange tilfelle.
  2. å tilpasse andre - omgivnader og miljø og menneske og dyr - til seg sjølv.
  3. Men i praksis er det vel helst ei blanding. Ein jenkar seg i det heile, og driv gjennom viljen sin i fall ein trur ein har råd til det der og då.
å tilpasse andre til seg sjølv kan vere mykje hardare i mindretal og mellom fremmende. å jenke seg vil seie å verke konform, "som andre". Det finst god og vond konformitet. Berande konformitet kan løne seg. Dei fleste i i-land og tettbygde strok lever nokså ufritt. Dei verkar temma og hemma. Kultivert liv blir annleis.


Hald skjelettet i orden for å arbeide bra

Skjelettet med sine knoklar og ledd held oss oppe i motgang, let musklar og sener få feste, og god allround design gjer mykje det same for dei som gir ut tilfang på Nettet. Så bygg vi kroppen - tekstar og andre sider - det er tenkjeleg.
      Det er ikkje alt amerikanarane går inn for, som fører velmakt og bra framgang. Enno kan nettverksarbeid gå an, men minst kvar tredje bedrift her på berget er gjort avhengig av datamaskinene. Det gjeld å utnytte datamakta støtt og sikkert, ikkje utan moro i lag.
      Enkel sanse- og organisasjonspsykologi kan hjelpe også i forholda.
      Mykje kjem an på kva som blir innkoda rundt om, og korleis.


Skjermtroll

Mange vil gjerne at andre skal glane på dei. Somme gler seg over å kome som bilete som flimrar over skjermen - skjermtroll og sjarmtroll, men også ein slags todimensjonale maneter. Det er iallfall ikkje meir reelt liv i eit skjermbilete enn vassgopla. Det er glasmaneta.


BØLGJE

Litteratur  
     
OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE]
   © 1999–2007, Tormod Kinnes. [E-POST]