Norsk del, Gullvekta
Kong Olav I Tryggvason. Kort
Seksjon › 12 Sett Søk Førre Neste

Termar og forkortingar

Reservasjonar Innhald  

Dessverre finst ikkje noko autentisk bilete av vikingkongen.
Olav Tryggvason sølvpenning frå 995. Baksida

Det står om Olav Tryggvason i Snorres kongesoger. Han var ein helt, men det var nesten ikkje ende på mord, vald, svik, bedrag og anna uhumskt i store deler av Snorre-verket. Bokutgivinga blei i si tid støtta økonomisk av Stortinget. Det var rundt 1900 -

Det svært sikre. Frå morsida stammar bror min og eg mellom andre frå Aslak Jonssons slekt innan Aspa-ætta. Ætta spela ei monnaleg rolle i norsk politisk og kyrkjehistorie i mellomalderen. Hovedsetet var på og omkring gardane Aspa og Boksaspa på Aspøya, som no ligg i Tingvoll kommune. Aslak Jonsson (død før 1463) var ein rik stormann som var gift med si fru Gro, som hadde vore gift med ein riddar (fru er høgadelstittel frå dei tidene). [Vigerust 1997]

Aslak er nemnt i Diplomatarium Norvegicum (banda I-XXI) i året 1443. Diplomatarium Norvegicum er ein kjeldeserie som ordrett og på originalspråket gir att innhaldet i dokument som er eldre enn frå 1570, og er det generelt viktigaste verket for fagfolk som arbeider med middelaldermateriale. Der står det at i 1443 overlét Aslak blant anna halve Aspa til dottara Jorann. Ho var gift med Trond Toraldsson. At Jorann og Trond hadde tre søner, er det også mykje semje om blant historikarar på feltet. Den sonen som bror min og eg stammar frå, blir omtalt som Arne til Huseby. "Til" heng elles saman med å "skrive seg til", ha som adresse, og var ein markør som adelege brukte i gamle dagar. Dette Huseby ligg i Todalen på Nordmøre.

Ifrå Arne er det klar bane til bror min og meg. [Wikipedia, s.v. "Aspa-ætta"; Todalen bygdebok, "Huseby"; Diplomatarium Norvegicum]

Ingen lovande prov: I Aspa-ætta har det vore ein sterk munnleg tradisjon for å stamme frå vikingkongen Olav Tryggvason. Historikaren Gerhard Schøning (1722-80) reiste rundt på Nordmøre ca 1772 - 1773, og vitja hovudgarden på Aspa i 1773. Han stadfestar (1979) at den munnlege slektstradisjonen fanst, og at han ikkje kjende til skriftlige prov på noko slikt samband:

Omtrent fra Frey ca. 1/4 Miil, ligger Aspen, der i lang Tiid har været beboet af Bonde Familie, som paastaar sig at nedstamme fra den Norske Konge Oluf Trygvesøn . . . Jeg har giennemseet de gamle Pergament-Breve og Papirer, som endnu findes paa Gaarden Aspen. Af dem kan sees, at Familien i forige Tiider har været riig, og besiddet anseeligt Jordegods,. . . men om den foregivne Konge-Herkomst findes slet intet -". [Elles: Wikipedia, s.v. "Gerhard Schøning"]

Schøning "fekk ikkje trua" av det han høyrde og såg i dette. Det er sikkert og visst. At han fekk anna slags urimeleg tru om mangt anna, det lar eg heller ligge her. Herifrå skal vi i staden la dette uavklara stå opent, fordi professor Knut Liestøl har synt frå Råbyggelaget i Agder at hovudsaker i ei mange hundre år gammal soge blir rett traderte (overleverte) over lang tid, over mange hundre år. "Soga varierar ikkje så mykje i dei historiske fakta, i dei einskilde data", skriv han (1922:156)." Med andre ord: Det er no ikkje så farleg med det - ein skal ikkje undervurdere munnleg tradering heller. Ein får vise rimeleg omsyn til munnlege overføringar på eine sida, til kunsten å handtere slik ei varm potet på hi sida, og dessutan til seg sjølv, så ein verken underkjenner noko flott, skryt på seg noko tvilsamt eller stiller seg opp så ein blir til spott.

Snorres Olav I

Snorres kongesoger til dels kommen i vanry som historisk kjelde. Det er forståeleg, enda om somt han fortel, stemmer med eldre kjelder. Ein god grunn til ikkje å feste stor lit til delar av det Snorre fortel, er at område på Austlandet han plasserer norske småkongar over, var dansk-styrte i dei tidene - jamvel om det er lite ein veit for sant, og uvissa slår inn på mange vis.

Her er gamle, norske kjelder som skil seg til dels drastisk frå kvarandre:

  1. Ågrip (skriven i Trondheim, ca. 1190), er den eldste av alle dei norske kongesagaene som ein kjenner.
  2. "Soga om Halvdan Svarte" i Heimskringla (av Snorre Sturlason på 1220-talet);
  3. Fagrskinna (truleg skriven i Trondheim ca. 1220. Det eigentlege namnet på boka er Nóregs konungatal. Fagrskinna blei brukt som kjelde for Snorre Sturlassons Heimskringla, og fortel historia om Noreg frå 800-talet og fram til 1100-talet. Boka er meir utfyllande og detaljert enn Ågrip.

Kong Olav I

Det rimelege å tru i dag. Kong Olav I Tryggvason var den første etter Harald Hårfagre som fekk meir eller mindre samla kontroll over heile Noreg med stunder, etter at han blei tatt imot som ein utfriar då han kom attende til landet. Og Trondheim har han grunnlagt, det står fast, skriv Trondheim kommune, og dét er offisielt - om det ikkje er heilt sant - [1]

Så går vi det uvisse i møte: Far til Olav I Tryggvason (rundt 968-1000) heitte Tryggve. Men kan Kong Olav og far hans verkeleg ha nedstamma frå Ynglingeætta og Harald Hårfagre? Far til Olav, Tryggve Olavsson, kan kanskje ha vore småkonge i (dansk-styrte?) Vika. I segntradisjonen (og i Snorre) blir Tryggve kalla barnebarn av Harald I Hårfagre, som i vår tid blir rekna for vestlandskonge. Men kanskje Harald ikkje er i den rette anerekka til Kong Olav: Jo Rune Ugulen fortel i "Norske kongar" at presten og historikaren Adam av Bremen (d. ca. 1080) reknar Olav som soneson av Håkon Ladejarl. Adam er ei av dei eldste kjeldene vi har, utan at det er sagt at han er klok og påliteleg, han heller. Kjeldene omkring gamle vikingar er ofte mykje usikre.

Snorre fortel om Harald at han var den første kongen som styrte over heile Noreg. Men dette samsvarer altså ikkje med andre kjelder. Dei fortel at Harald Hårfagre styrte berre delar av det som i dag er Noreg, og at den opphavlege maktbasen hans var i Sogn. Fagrskinna viser ikkje til noko samband mellom han og Ynglingeætta heller. Og diktet Nóregs konungatal, som ein trur har Sæmund Frode som kjelde, slår fast at Haralds forfedrar hadde styrt Sogn.

I lys av dette fell store delar av Ynglingesogeversjonen av anerekka til Kong Olav i grus - mykje som blir knytt til Harald Hårfagre og segnkongar vidare bakover i tida. Når alt kjem til alt er Snorres kongesoger berre éi av mange kjelder som har ulike anerekkjer for så mange. Det er velgrunna og ikkje urimeleg vrangt å tvile på om kongane Olav Tryggvason, Olav Haraldson og Harald Hardråde var etterkommarar av Harald Hårfagre. [Wikipedia, "Harald Hårfagre"]

Og dermed kan vi sleppe å jobbe oss gjennom eit mylder av segnkongar i Ynglingeætta og baketter, fordi Snorre neppe er påliteleg som historisk kjelde når han gir att frå mange hundreår før han levde. Ynglingesoga fremst i Snorres kongesoger har med kongerekker som ikkje er godt dokumenterte, men snarare "mytiske og usikre".

Det kan halde å vise til Wikipedias oversyn over norske kongar i mellomalderen. Så kan den som vil, gå vidare derifrå og ta mangt med ein neve salt eller meir. Segn og saga blandar seg. Enda om mange av historiane er underhaldande, kan ein knapt nok bevise at dei er sanne og ikkje overdrivne, til dømes.

Der sagaen stilnar, diktar Bjørnstjerne Bjørnson (1832-1910) vidare over uvisse i eit lite meisterverk:

1.
Brede seil over Nordsjø går;
høyt på skansen i morgnen står
Erling Skjalgsson fra Sole, -
speider over hav mot Danmark:

2.
Seks og femti de drager lå,
seilene falt, mot Danmark så
solbrente menn; – da steg det:
"hvor bliver Ormen lange?
kommer ikke Olav Trygvason?"

3.
Men da sol i det annet gry
gikk av hav uten mast mot sky,
ble det som storm å høre:
"hvor bliver Ormen lange?
kommer ikke Olav Trygvason?"

4.
Stille, stille i samme stund
alle stod; ti fra havets bunn
skvulpet som sukk om flåten:
"tagen er Ormen lange,
fallen er Olav Trygvason."

5.
Sidenefter i hundre år
norske skibe til følge får,
helst dog i måne-netter:
"tagen er Ormen lange,
fallen er Olav Trygvason."

Olav blir halden for å vere ein av dei viktigaste i noregshistoria.

Dessverre finst ikkje noko autentisk bilete av vikingkongen.
Olav Tryggvason sølvpenning frå 995. Framsida

Div.

Innhald


Olav Tryggvason i Aspasamanheng, lokalhistorie, litteratur  

Dokumentasjonsprosjektet. Diplomatarium Norvegicum (Banda I-XXI). Universitetet i Oslo, 1996.
www.dokpro.uio.no/perl/middelalder/diplom_vise_tekst.prl?b=17240&s=316

Liestøl, Knut. Norske ættesogor. Kristiania: Olaf Norlis forlag, 1922.

Schøning, Gerhard. Reise, som gjennem en Deel af Norge i de Aar 1773, 1774 og 1775 paa H. M. Kongens Bekostning er gjort og beskreven. Trondheim: Tapir, 1979, s 123 (Original hf. 1–2, København 1778 (komplett utg. i 3 bd., Trondheim 1910–26, faksimileutg.]

Store norske leksikon, s.v. "Olav Tryggvason".

Ugulen, Jo Rune. "Norske kongar: Kongar i dei norske ættetavlene". Norsk slektshistorisk forening. 1999/2000.
www.genealogi.no/content/norske-kongar

Vigerust, Tore Hermundsson, red. Aspa-seminaret. Adelsprosjektets skrifter nr 2. Adelsprosjektet. Oslo: kane.benkestokk.teiste forlag, 1997.

Wikipedia, s.v. "Olav Tryggvason".

Notar

  1. Trondheim kommune. "Olav Tryggvason (968-1000)".
    www.trondheim.com/content/92546991/Olav-Tryggvason


Olav Tryggvason, opp Seksjon Sett Neste

Olav Tryggvason BRUKARGAID: [Lenke]
© 2012–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]