Norsk del, Gullvekta
Våpenskjold
Seksjon › 12 Sett Søk Førre Neste

Termar og forkortingar

Reservasjonar Innhald  

Wincke-våpenet.
Foto av teikning av kopi av våpenskjold i ei bok.

Adelege har helst våpenskjold. Det er døme på mange i Marens slektstavle på neste side. Eit Wincke-våpenskjold er avbilda her. Midt inni det er ein sparre (ein vinkelforma, grafisk figur) mellom to stjerner og ei rose.

Heraldikk og våpenskjold er noko som fengar mange her i verda, så aller først kjem noko om dette skjoldet og tilhøva til det. Dernest om korleis våpenskjold blir laga. Og sist ein del informasjon og kjelder omkring våpenskjold for dei som har lyst til å lage eit sjølv. Det er lovleg bal i Noreg.

A. Wincke-våpenskjoldet

Wincke-slektsvåpenet her er tilpassa frå eit foto av ei teikning som er ein kopi frå våpenboka til den norske juristen Nicolas Bergh (1664 - ca.1725). Berghs våpenbok ("våpenrulle") skal vere starta av Claus Berg og ført vidare av Nicolas Bergh. Det blei tatt avskrifter av boka, og som følge er ikkje tilfanget gått tapt.

Teiknaren av dei fargelagte våpenskjolda i boka til Bergh er ukjent, men teikningane har til dels eit ganske profesjonelt preg, heiter det.

Det høyrer med å fortelje at slektsforskaren S. H. Finne-Grønn var skeptisk til opplysningane i våpenboka, og karakteriserte Nicolas Bergh som "den i heraldik og genealogi høist upaalidelige lagmand". Det heiter også at enkelte av opplysningane i Bergh-boka er diskutable og somme direkte tvilsame.

Det står ikkje i Berghs våpenbok kva for kjelder som er brukt for å fastsetje våpena. Det er ukjent kor mykje som kviler på munnlege overleveringar i Claus eller Nicolas Berghs tid frå 1600- eller 1700-talet, og kor mykje som kan ha nedskrivne, måla eller andre kjelder. Viktige delar av våpenboka er trykte med kommentarar i H. K. Steffens bok Slægten Aall (Kristiania 1908, side 76-117).

Blant slektsnamna med våpenskjold i boka finn ein Wincke, og i skjoldet skal det vere ein vinkelforma, grafisk figur (sparre) mellom stjerner og rose. Men at Hans Wincke i anerekka vår hadde slikt våpen, har eg ikkje dokumentasjon på. Nokon annan med etternamnet Wincke skal ha brukt det, så sjansen er der vel, i og med at Hans, som var frå Pommern, var rådmann og byråd i København i første del av 1500-talet.

B. Det sentrale for å forme våpenskjold (i heraldikken)

Heraldikk er læra om skjoldmerke og våpenskjold. Våpenmerket høyrde opphavleg til krigarutrustninga, og var malt på skjoldet, bore på kappa eller våpenfrakken eller på det side hestedekkenet.

Grunnreglane for laging av våpen er at resultata skal framstå som enkle på fastlagte måtar: våpenet skal ha berre eitt motiv (enten ei geometrisk deling av skjoldflata eller ein frittstående figur - som dyr, blomst, gjenstand og anna). Flata skal ha berre éin metallfarge og éin farge til (tinkturar). Gull (= gult) og sølv (= hvitt) blir kalla metall i dette gamet, dei andre fargefelta blir kalla tinkturar - raudt, blått, svart og grønt. Fargane skal vere ubrotne og lysande.

I tillegg til fargesystem og fargereglar finst eit strengt system for dei figurane som eit våpen kan innehalde. Våpenet (skjoldet, flagget) inneheld enten ein såkalla heraldisk eller ein "vanleg" figur. Dei heraldiske blir danna ved delelinjer som blir trekte fra eine våpenranda til den andre. Figurane er dyr, plantar, himmellekamar, fantasivesen og ting eller delar av dei, som regel stilt fritt i feltet. Og somtid "veks" dei inn frå skjoldramma. Dei mest brukte delelinjene er gitt att i Wikipedia-artikkelen "Våpen (Heraldikk)", figur 2 der. Linjene kan blir trekt loddrett, vassrett eller diagonalt (på skrå) og kan dele våpenet i to eller fleire parti (stykke). Ved kombinasjonar kjem det fram krossar, sjakkmønster og meir.

Rundt den sentrale figuren kjem forskjellige danderingar som kan likne krusedullar, og har sine fasongar og symbol, og ulike namn etter kor dei er i forhold til skjoldet - ovanpå, under, til venstre og høgre. (Jf. Wikipedia, s.v. "Våpenskjold (Heraldikk)"]

C. Private våpenskjold

Det finst ikkje fastsettings- eller godkjenningsordning for private våpen (slektsvåpen), men eit visst rettsvern kan utleiast av den vanlege lovgivinga, så som varemerkelovgivinga. Det er kort sagt ganske fritt fram enno.

Div.

Innhald


Våpenskjold, heraldikk, litteratur  

Rønning, Arnstein. Heraldikk. På nettet. -- Kopiar av våpenteikningar er lagt ut.

Store norske leksikon, s.v. "Heraldikk".

Wikipedia, s.v. "Nicolas Bergh", "Våpenskjold", "Våpen (Heraldikk)", og "Heraldiske våpen".

Kreditering

Fotoet som er utgangspunkt for våpenet her på sida, er av Hans Cappelen. Kopien han fotograferte, er ikkje identisk i detaljane med den trykte teikninga i H. K. Steffen: Slægten Aall, s.86, skriv han.
picasaweb.google.com/Blegubben/Heraldikk#5110432640196848386

Wincke våpenskjold, heraldikk, opp Seksjon Sett Neste

Wincke våpenskjold, heraldikk BRUKARGAID: [Lenke]
© 2012–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]