Norsk del, Gullvekta
Nynorsk i praksis
Seksjon › 11 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Nynorsk kan vere som Nordryggen

Nordryggen er den lange fjellkjeda som går gjennom Noreg og Sverige. Fjellkjeda er innpå 1300 km lang og den lengste i Europa. Det høgste fjellet i Nord-Europa, Galdhøpiggen, er også del av Nordryggen. Fjellkjeda har innvikla, skiftande geologi og ulike former.

Fjella i den sørlege delen kallast Langfjella. Langfjella er den sørlegaste delen av Nordryggen, det vil seie dei skandinaviske fjella. Langfjella deler Sør-Noreg på langs og tvers og dekker bortimot tjue ulike fjellområde. Aust og vest for langfjella kjem mykje av eldre grunnfjell opp i dagen.

Nord for langfjella i Sør-Noreg er det altså fjell etter fjell, der også. Frå debatten rundt den nye nynorske rettskrivingsnorma, som blir kalla Nynorsk 2012, kjem desse glimta med små tillegg og endringar.

Nordryggen og "Fjell-Norig"

Den norske delen av fjellkjeda Nordryggen stig fram som bilde på det som nynorsken sine regionale variantar og tilstøytande dialektar er samde om. Dalar og land mellom fjella er nokså rikhaldig, som ymse dialektar. Til fjellet kjem ein for å få godt utsyn på somt, bli oppfriska vel så det, men å bli i høgda – skrive nynorsk – er kanskje ikkje alle hardføre nok til. Enno. At ein lyt bli like tøff som folk i Skjåk for å halde fast ved jamn nynorsk – bu godt i høgfjellet ein stad – kan den jamføringa ha verdi? La oss sjå kor mange nynorskdiktarar som har drepe seg og sysla med sjølvmordstankar! Dei finst, dei også. Meir vil eg ikkje gå inn på det. I staden henter vi mot og kveik frå Olav Aukrusts "Fjell-Norig". Der står mellom anna:

Frå brisken [eineren, ikkje sengebenken] den beiske og fine og stride,
frå fjellheim og viggur og vindheimar vide
kjem du, . . . Fjell-Norigs inste, upphavlege røyst.

Du gufs av det norske, . . .
Um ingen deg høyrer . . .
og veit kva du lid . . .
lengslur . . . du syng um, du vindsus i fjell.

Du høyrest av dine ved dag og ved natt . .
. kom sterkare att -
fyll vårt hus! [Det norske hus]
Å døyp oss . . .til kveik att på nytt av . . .
du gufs frå det høge

Du fengje vårt inste . . .
Det tindrar av bjørk . . .
Det tek . . .
og langleite blånar, og høgfjell skin!

Din djupaste løyndom er liv lage enn:
du skapte vårt mål.
Og du . . . vårt lende og lynde,
det talar du ut um . . .

Dei menn som um Fjell-Norig [jf. bra nynorsk] endå held vakt,
dei kjenner deg vel. . . .
og tavlun' i graset . . . skal me finne -
og då skal vår folkeånd gjeste sitt folk.

Nynorsk er som langfjella. Somme stader bur det folk. Dei er i mindretal.

Denne jamføringa kan forlengast.

Men korfor er det så få normerte nynorskord som sig ned i dialektane omkring "det normerte høgfjellet", der det nok ikkje er godt å bu og ein kan bli sitjande att aleine med og utan buskap? Ein seig saman ved å måtte konkurrere med dansk-hybriden frå bokmålland, som jamt er flatare, har god jord fleire stadar, og der mange bur. Umflakking [pennenamn] peiker på at det er lite tilsig til hovudform-nynorsken. Det kjem nok av kva som er lagt til rette, kva som er styrt og pressa gjennom, kanskje også korleis.

Innhald


Nynorsk her i landet  

Nynorsk her til lands, opp Seksjon Sett Neste

Nynorsk her i landet BRUKARGAID: [Lenke]
© 2010–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]