Norsk del, Gullvekta
Orknøyske eventyr og segner  ❀ Innleiinga
Seksjon › 10 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Orknøyske eventyr- og Upper Sanday, Toab, Orkney. Modifisert.

Frå historia og den naturgitte kulturen

Orknøyene er ei øygruppe langt nord i Skottland. Alle øyene består av gammal raud sandstein. Dei har vore busette i minst 8500 år. Orknøyene har nokre av dei eldste og best bevarte steinalderstadane i verda, og somt er klassifisert som verdsarv. [◦Meir]

Klimaet er mildt og jordsmonnet svært frodig. Det meste av landet er oppdyrka. Jordbruk er ein av hovudnæringane, medan vindenergi og energi frå havet blir stadig viktigare. Fuglelivet er rikt og naturen storslått.

Orknøyene blei vunne av folk frå vest i Noreg i 875, og mange busette seg der. Øyene blei seinare - meir og meir - lagt under Skottland frå tida rundt 1472, då det ikkje blei betalt medgift for Margaret av Danmark, bruda til Jakob (James) III av Skottland, og skottane tok pant i både Orknøyane og Shetlandsøyane i høvet. Språket på øyene var fram til 1700-talet norn, som var utvikla frå norrønt. Norn blei gradvis erstatta av skotsk, som no er blitt skotsk-engelsk.

Namnet på øygruppa skriv seg frå oldtidsgeografen Klaudios Ptolemaios (fødd 90 e.Kr, død 168 e.Kr.). Han kalla øyene for Orcades. 'Orc' i Orknøyene blir enten kopla til ord for villsvin eller ung gris, eller eit gammalt norrønt ord for sel, kobbe. Orcades har blitt til Orkney og Orkney Islands på engelsk av i dag.

Den største øya blir kalla Mainland. Andre større øyar ligg sør eller nord for ho.

John Firth (1922) gjer klart og godt greie for forhold frå rundt 1900-talet. Han skildrar detaljert korleis folk budde, kva for innbo dei hadde, korleis uthusa var, korleis dei for fram når dei treska korn, malte mjøl og brygga øl. Kva dei tok seg til om vintrane, korleis dei brukte strå til handarbeid, karda, spann, vov, fletta strå, har fått sine kapittel også. Når unge skulle ut og bli kjente og gå på friarferd og gifte seg, er også handsama av Firth. Kosthaldet til folk, sjukdommar, jordbruksreiskapar, sauehald og sauemerking, hausting og korleis dei lurte seg unna skattlegging - husdyr, marknadar, festdagar, oppseding - Firth gir innkik i desse og enda fleire sider ved tilværet på Orknøyene for fleire slektsledd sidan. Han finn også plass til eit oversyn over gamle ord der frå øyane, gåter og ei liste med ordtak på orknøysk.

Firth-boka gir godt oversyn over den kulturelle bakgrunnen for forteljingar folk underheldt seg med i kvelds- og vintermørke før i tida også, før radio og tv tok over mangt.

Overnaturlige orknøyingar

Dit menneske kjem, finst nokså snart mange naturnære, overnaturlege skapningar også. Vi kan seie fantasien går i slike spor, og det verkar temmeleg sikkert.

På landjorda

Trolleventyr kan vere mest i vinden mellom dei ulike slags folkloresogene på Orknøyene også.

Orknøytroll

Orknøytrollet. Eit troll på Orknøyene er a trow (også trowe og drow). Orknøytrollet er ein liten skapning som er både stygg og sky og ein rakkar av natur. Han har likskapar med folklore-alvar. Orknøytrolla ferdast ute om kveldar og netter. Då vågar dei seg utanfor jordhaugane sine, trowie knowes og kjem inn i hus mens folka der søvn, bråkar og held leven. Heime under jordhaugane sine bur desse trolla i slik velstand at veggane der er pryda med kostelege metall.

Orknøytroll er glade i musikk, i sær felespel, og i segner stel dei musikarar, eller narrar og lokkar dei til haugane sine. Der har ikkje musikarane noko anna val enn å spele.

Haugbuar, hogboons

Haugbuen er eit underjordisk vesen som typisk bur ein gravhaug nær ein heim, og kan bringe lykke til heimen og garden om han blir handsama vennleg og vørdsleg, og om ikkje, kan han flytte. Han er gjerne kjekkare enn småtrollet, the trow. Folk på Orknøyene sette ut mat på haugane til haugbuane.

Kjemper

Orknøyske kjemper kasta store steinar mot kvarandra, og prøvde å bygge bruer mellom øyer, men ikkje med mykje suksess.

I havet

Selkvinner og selmenn

Nokre hovudtrekk. I folketrua på Orknøyene og andre stadar langs Atlanterhavet er selkvinner og selmenn - selkies, silkies, selchies naturnære vesen som evnar å skape seg om frå selar til folk, og som har namnet sitt etter ord for sel. Utbreidde førestellingar om selfolket kan ha komme frå Orknøyene opphavleg.

Det heiter at selfolket lever som sel i havet, men legg att selskinna for å bli menneske på landjorda. Som oftast kan dei gjere det berre for kort til i gongen, før dei må ned i sjøen att. Men når nokon finn og gøymer selskinn som ligg att etter dei mens dei er på land, må dei selfolka halde seg på landjorda mykje lenger.

Selmenn er vakre og kan førføre kvinner, kanskje særleg misnøgde kvinner. Selkvinner som mister selskinnet sitt, kjem i folks makt og blir koner som må underordne seg mannen alt mens dei lengtar til havet att, og ventar på eit høve til å smutte ut.

Somme selkvinner blir glade i mannen som har gøymd skinnet deira, og ofrar seg for mann og barn. Andre selfolk narrar folk ut i sjøen om midtsommaren, og dei forsvinn.

Finnfolk

I orknøysk folklore heiter det at finnfolk (Finfolk, Finnfolk) er havfolk som driv med magi og kan skape seg om. Dei har finnar som er pakka rundt kroppen for å sjå ut som klede. I motsetnad til selfolk er finnfolk verken romantiske eller vennlege. Det er ein mørk, mystisk rase frå Finnfolkheim (Finfolkaheem) som med mellomrom kjem frå havdjupet til Orknøyene. I havdjupet bur dei i salar av krystall, og rundt om er hagar med mangefarga tang og tare. Det er aldri mørkt der, takk vere sjølvlysande, små skapningar nedi havet. Dei store salane og romme er pynta med undervassgardiner som rører seg til straumane under vatnet. Her bur dei om vinteren, og på den paradisiske huldreøya Hildaland ('Hidden Land') om sommaren. Hildaland er normalt usynleg, ligg like under vasskorpa, og er omgitt av magisk skodde. Berre sjeldan får folk sjå Hildaland, og folk som blir kidnappa av finnfolk og ført dit, kjem aldri att.

Finnfolket bruker fiskefelta rundt Orknøyane og saboterer gjerne fiskarar for føda si der. Og dei vader, svømmer og ror i land på strendene når det er vår og sommar, og leiter opp folk å ta til fange, så som fiskarar og ungdom som held leven i lag nær sjø og strand.

For å fange seg ei menneskebrud eller ein brudgom, kamuflerer finnfolk seg som dyr i havet, plantar eller drivande klede, og så kjem dei nærare og nærare, heilt til det er mogeleg å kaste seg over og fange offeret. Eller kanskje dei finn det betre å sjå ut som fiskarar i robåt. Finnkvinna skaper seg helst om til ei mest useieleg vakker havfrue med langt, gyllent hår, lys hud, og somtid ein lang fiskehale. I somme segner har ho ei herleg stemme også.

Dei stel folk fordi menneske er betre å vere gift med enn finnfolk, av fleire grunnar. Dei kidnappa ofra har lite å seie, dei blir frakta tvungne til teneste eller ekteskap med stive plikter.

Finnmannen kan ro mellom Noreg og Orknøyene med sju åretak, gjere båten sin usynleg, og skape flåtar med liksombåtar. Finnmenn er alltid parat til å narre sølvet og konene ifrå karar, for finnfolka er grådige etter sølv og sølvsaker, sølvmynt og smykker, mykje som grådige folk.

Ei likande, prosaisk forklaring på segner om "finnfolk" er at eskimoar på langfart i kajakkane gav opphav til dei. Så kan fantasien fått spelerom til utbroderingar og nylagingar. I fleire høve er det tatt vare på prov på det stundom var slikt folk - kledd i selskinn - i farvatna, fortel Alasdair MacGregor (1937:110-112).

Nucklavee, også kalla "knoggelvi"

Den fælaste alven eller vettet ein kan tenke seg er "knoggelvi". Ordet er truleg sett saman av nøkk og alv, og kjem frå nordisk folklore, Dette vettet held for det meste til i sjøen, men får også ansvar for øydelagde avlingar, epidemiar og tørke. Pusten hans kan få avlingane til å visne og buskapen til å sjukne.

Denne fæle alven er kanskje ein hudlaus hest med finnar i staden for føter og svart blod, ein diger, gapande kjeft og eitt einaste kjempeauge som brenn raudt. Men skildringar av han skil seg mellom kjeldene. For å bli kvitt denne skremmelege alven skal ein berre gå over ei elv, for han er redd for rennande vatn, står det.

Fælalven orkar ikkje at folk brenn tang og tare. Då blir han vill og galen og går berserk så hestar døyr og avlingar blir ringe. I slike fall er det berre den gamle, mytiske havmora, Mither o' the Sea (Mother of the Sea) som kan stagge han, står det. Ho står for sommartider, naturen om sommaren, ganske enkelt.

Havtroll

Dei små og stygge trolla, the trows, hadde drive mindre og veikare småtroll nedi sjøen. Der heldt dei til, men ønska seg tilbake til land. Fjesa deira såg ut som apefjes, dei var dekt av skjell, og håret deira var som tang. Dei hadde store lemmar og runde føter, og var ganske ufarlege for folk. Late var dei også, og prøvde å stele fisk frå fiskekrokane til fiskarar. Somtid blei dei hekta på kroken og bringa til overflata av mykje forskrekka fiskarar. Og i ferskvatn var det "vasstroll".

Vasshestar

Vasshestar heimsøkte ferskvatn, innsjøar og bekkar. Dei såg ut som vene, sterke hestar, og kom i mange fargar. Dei prøvde å få folk til å klatre opp på ryggen sin, og så fare ned i innsjøen med dei og drukne dei.

Vasshesten er mykje det same som nøkken. I norsk folketru som nøkken knytt til vatn og drukningsfare, og skaper seg om til hest som gjer det same som vasshesten i orknøysk folklore.

Nokre lyster er vel komne til syne: Teoriutspel

Ovanfor står samandrag av typiske skildringar av meir eller mindre umogeleg skapningar i orknøysk folklore. Her er ikkje rette staden for analyser av ønskedrømmar eller mogelege, troll-personifiserte tildriv og fantasiar - ikkje heilt og fullt så langt iallfall, men for fleire hundre år sidan var det mange rettsaker på Orknøyene mot folk som blei skulda for mangt som finnfolk i folkloren deira er kjent for.

Under eller svart magi av "trolla"?

Folk kunne bli skulda for å få det til å blåse opp ute på havet så båtar forliste, mellom anna. Styremaktene slo ned på slikt - innbilt, farseaktig og grufullt - og dømte mange til døden. Det var i dei tidene det raste stygge hekseforfølgingar i Europa, også i Noreg. [Black og Thomas 1903:154-55 o.a.]

I eit enda litt lenger perspektiv kan trolla og dei andre skapningane i folkloren vere slike "draumevesen" folk på øyene hadde bruk for, for dei blei utsette for hard undertrykking av skotsk adel etter at øyene blei skotske utetter ifrå 1470-åra. Det er skrive bøker om det. Når forholda er grufulle, med hard undertrykking, fjerning av katolisismen til fordel for eit prestevelde som tente styremaktene eller Mammon til sjuande og sist, kan ein og annan nesten drøyme seg vekk og fantasere. Nett dei vesena som har dukka fram og blitt verande i folkloren, kan signalisere eitkvart om forhold som folk levde under før.

Det kan tenkast. Farlige vesen i folkloren kan tenkast å vere teikn på at folk flest er gjort ufarlege - ved tvang ovanfrå. Underjordiske og undersjøiske vesen kan godt representere underbevisste deler av hugen. Dei kan tenkast å vitne om vekkskubba sider ved orknøyingane sjølve. Klart griske, som vikingforfedrene var, i stand til å røve kvinner, nett som vikingane. Dei hadde til dømes slavemarknad for røva kvinner og andr ei Dublin, ein by dei grunnla i Irland.

Korleis folk handerer slike skapningar i folkloren, kan godt seie noko om korleis folk ter seg i forhold til eigen natur, med lystene på toppen. Naturnære folklorevesen seier kanskje noko om samansette ønsker og forhold til å begynne med.

Reservasjon. Kaldt vatn i blodet! Som med psykoanalytiske jungianske analyser elles: Eg har ingen fikse prov å diske opp med, berre tankar til fenomena som kjem fram. På slikt grunnlag kan ein godt fakke eitkvart utan å kunne legge fram gode prov. Når det er slik, får ein like gjerne la lesegleda få spelerom, for det også er tale om underhalding og spøk - utan tvil.

- Tormod Kinnes

Innhald


Orknøyske eventyr og segner frå Orknøyene, litteratur   

Black, Gordon Fraser, samlar, og Northcote Whitridge Thomas, red. Examples of Printed Folk-Lore concerning the Orkney and Shetland Islands. (County Folk-Lore Vol. III. Printed Extracts No. 5.) London: David Nutt, 1903.

Fergusson, Robert Menzies. Rambles in the Far North.. 2nd ed. London: Alex. Gardner, 1884.

Firth, John. Reminiscences of an Orkney Parish together with Old Orkney Words, Riddles And Proverbs. 2nd ed. Stromness: John Rae, 1922.

Grierson, Elizabeth Wilson. The Scottish Fairy Book. Philadelphia: J. B. Lippincott, 1910.

Hallen, A. W. Cornelius, ed. The Scottish Antiquary, or, Northern Notes and Queries. Vol VI. Edinburgh: T. and A. Constable, 1892:115-122.

MacGregor, Alasdair Alpin, saml. The Peat-Fire Flame: Folk-Tales and Traditions of the Highlands and Islands. Edinburgh: The Moray Press, 1937.

Marwick, Ernest Walker. The Folklore of Orkney and Shetland. Edinburgh: Birlinn, 2000 (London: B. T. Batsford, 1975).

Maxwell, Charles Alfred. The Sea Kings of Orkney, and other Historical Tales. Edinburgh: W. P. Nimmo, 1870.

Muir, Tom. The Mermaid Bride and other Orkney Folk Tales.. Kirkwall: The Orcadian Ltd, 1998.

Towrie, Sigurd. Orkneyjar: The Heritage of the Orkney Islands. 1996-2013.
www.orkneyjar.com/index.html

Wikipedia: Sjå under dei ulike folkloreorda ovanfor etter meir tilfang og fleire referansar.

Orknøyske eventyr og segner frå Orknøyene, opp Seksjon Sett Neste

Orknøyske eventyr og segner frå Orknøyene BRUKARGAID: [Lenke]
© 2013–2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]