Norsk del, Gullvekta
Orknøyske eventyr og segner  ❀ 1
Seksjon › 10   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

Grønkålen som blei vekk

Det var ein gong ein konge og dronning i Rousay. Dei hadde tre døtrer. Då kongen døydde, blei dronninga sitjande att i eit lite hus med døtrene. Dei hadde ei ku og ein jordlapp med krusete grønkål, men oppdaga ein dag at mykje av grønkålen var vekk.

Den eldste dottera sa til mor si: "Eg skal ta eit teppe om meg og sitte vakt og finne ut kva som skjer med grønkålen."

Då det blei kveld, gjekk ho ut for å halde vakt. Etter kort tid kom ein kjempestor jutul og gav seg til å skjere av grønkålstilkane og hive grønkålen oppi ei diger, fletta korg han hadde med. Slik heldt han på til korga var godt fylt.

Kongsdottera spurde jutulen nokre gongar korfor han tok grønkålen til mor hennar. Han svarte med at om ho ikkje heldt stilt, ville han ta ho også, og det gjorde han. Han tok ho i eine foten og ein arm og heiv ho opp i den store korga, oppå grønkålen, og så gjekk han heim til seg med ho.

Heime fortalde han ho kva arbeid ho skulle gjere. Det var å mjølke kua og sette ho opp til åsane kalla Blodmarkane og så ta ull, vaske og karde og kjemme og spinne og lage klede.

Då risen gjekk ut, mjølka ho kua og sette ho oppi åsane. Så sette ho på gryta og laga graut til seg sjølv. Mens ho åt grauten, kom det veltande inn ei mengde småfolk med gule hovud. Dei skreik og bad om graut. Ho sa:

"Eg har lite for ein, det blir mindre på kvar for to,
og mindre for kvar dess fleire munnar eg må mette.
Til så mange som no,
blir det knapt eit byggkorn på kvar av dette."

Då ho sette seg til att med arbeidet, klarte ho ikkje gjere noko som helst av det.

Risen kom heim om kvelden og såg at ho ikkje hadde gjort alt arbeidet ho var sett til. Då lamslo han ho med eit vilt blikk og kasta ho opp til hønene som vagla på taksperrene i hønsehuset.

Då den eldste søstera blei borte, sette den mellomste segetter i åkeren og heldt vakt, og oppdaga tjuven. Jenta spurde han, ho som den første, kva han skulle med all kålen, og han tok ho med i den digre korga si, på toppen av grønkålen.

Heime i jutulgarden klarte ho ikkje å gjere så mykje som søstera hadde klart, så då jutulen kom heim til kvelden og fann at heller ikkje ho hadde gjort arbeidet sitt, lamslo han ho med eit fælt blikk og heiv ho opp på taksperrene i hønsehuset, til søstera. Dei låg der og kunne verken snakke eller komme ned.

Kvelden etter sa den yngste prinsessa at ho ville ta eit teppe om seg og gå for å sjå kva som hadde hendt med kålen og søstrene hennar. Før det var gått lang tid, kom jutulen med den store korga på ryggen, og tok til å kappe grønkål.

Ho spurde korfor han tok grønkålen til mor hennar, og han sa at om ho ikkje heldt stilt, skulle han ta ho også.

Han tok tak i eit bein og ein arm og heiv ho oppå all grønkålen i korga og bar ho vekk.

Morgonen etter sette jutulen ho til det same arbeidet som søstrene hennar.

Då han var gått ut, mjølka ho kua, og sette ho ut for å beite oppe i dei høge åsane. Så sette ho på gryta og laga graut til seg sjølv. Då småfolket med gule hovud kom og bad om graut, fekk dei noko kvar.

Etter at dei var alle var gått etter måltidet, kom ein liten tass med gult hovud inn att til ho og spurde om ho hadde noko ull-arbeid, for han kunne seg med slikt. Ho sa ho hadde det nok, men kunne ikkje gi han løn for det. Alt han ville ha, var at ho sa kva han heitte. Men om ikkje, ville det ikkje bli fred for ho. Ho trudde det kom til å bli lett å gjette namnet hans, og gav han ull.

Då det tok til å mørkne for kvelden, kom ei gammal kone og bad om å få overnatte.

Kongsdottera sa ho ikkje hadde fått lov å gi nattely til ferdafolk enno, men spurde om kvinna hadde nytt å fortelje. Det hadde ikkje kvinna, og gjekk vekk for å sove ute, i eit kjempestor høystakk like ved gardstunet. Der sette kona seg til nokså godt i høyet. Ho halvt sat, halvt låg og høyet hjelpte ho å halde varmen og gi ly for vinden. Etter ei tid blei det for varmt med alt høyet, så ho klatra opp i toppen av høystakken for å få det hyggelegare. Då høyrde ho nokon inni den digre stakken. Det sa:

Karde, karde, spinne ull,
Han som hjelpte siste kvinna,
det var Vesletull.

Kona fekk ein gløtt inn i stakken gjennom ein sprekk det kom lys ut frå. Det var mange småfolk i arbeid med ull der, og ein smågut med gult hovud som rende rundt og song.

Den gamle kona trudde ho kanskje kunne få nattely på garden om ho fortalde kva ho hadde sett og høyrt i høystakken, så ho gjekk attende og fortalde om hendinga til kongsdottera.

Kongsdottera takka og lånte ho noko å ha rundt seg for å ha det betre i høystakken, og tok opp att "Vesletull, "Vesletull", like til småtassen med gult hovud kom og bar med seg kleda det hadde blitt av all ulla. Han spurde ho kva han heitte, og ho gjette nokre gongar mens han hoppa rundt og sa: "Nei."

Til sist sa ho: "Du er Vesletull!"

Då kasta han frå seg ullkleda i sinne og forsvann.

Då jutulen kom heim, møtte han ei mengde sorgfulle småfolk med gule hovud. Dei såg heilt fæle ut. Han spurde kva som var i vegen. Dei fortalde han det var altfor hardt arbeid å lage klede av ull, og det var på grunn av det arbeidet dei såg ut som dei gjorde. Jutulen på si side tenkte seg om og sa han hadde fått seg ei god kone: Berre ho var trygg og hadde det bra, ville han ikkje la ho arbeide med ull att.

Då han kom heim var ho i fin form og hadde ei mengde dukar og kledestykke liggande klare, og han var snill mot ho.

Neste dag, etter han var gått ut for dagen, fann ho søstrene sine og tok dei ned frå taksperrene i hønsehuset. Ho fekk eldstesøstera si ut av dvalen og sette ho inn ei diger flettakorg, og la alle dei fine tinga ho kunne finne, saman med ho, med gras på toppen.

Då risen kom heim, bad ho han om å bere kjempekorga til mor hennar med litt mat til kua. Risen var så fornøgd med ho at han gjerne ville gjere noko for ho, og bar det vekk.

Neste dag gjorde ho det same med den andre søstera. Ho fortalde han at ho ville ha det siste av maten ho måtte sende ho mor for kua klar neste kveld. Ho fortalde han at ho skulle litt heimanfrå, og ville forlate den klar for han. Ho kom inn i korga med alle dei fine tinga ho kunne finne, og dekte over med gras. Han tok korga og bar til huset til mora. Ho og døtrene hadde ein stor kjele med kokande vatn klar.

Dei helte ut vatnet over han i det han var rett under vindauget. Og sidan han ikkje tålte mykje og heitt vatn, blei det enden på han.

Notar

Korfor det er flod og fjøre

Ein gammal mann, John Georgeson, fortalde korfor sjøen stig og fell om kvarandre, det ein kallar tidvatn: Lang vekke uti havet, nær verdas ende, fanst det ein fælsleg sjøorm. Det tok ormen om lag seks timar å puste inn og seks timar å puste ut, og det forklarte korfor vatnet flødde og fjøra, sa han.

Notar

Havfrua og dronninga

Havfrua blei i si tid skapt for å vere vakrast av alle, med fullkomne former og nydeleg fjes. Ho hadde ingen spord i den første tida. Men så var det ei mektig dronning som var av stad og bada i sjøen. Då ho kom opp av vatnet, fekk ho sjå den vakraste skapningen ho nokon gong hadde sett. Det var havfrua som sat på ein klippe i nærleiken og kjemma det gylne håret sitt.

Dronninga var heilt paff over kor vakker havfrua var, og ganske sjokkert over å sjå at ho var heilt naken. Ho sende derfor ei av ternene sine bort til havfrua med ein kjole.

Havfrua sa, "Eg er dronning, eg også. Havdronning. Å syne fram kroppen er inga skam for meg. Ingen klede skitnar til huda mi, og ein kjole er inga hjelp for å svømme i havet."

Dronninga blei sint og sjalu og fekk i stand mykje ståk og oppstyr i lag med andre kvinner der i landet. Dei sa det var synd og skam om kvinner blei sett nakne omkring på strendene. Dei sa også at havfrua var så gild og stemma hennar så herleg at ingen mann som fekk sjå og høyre ho kunne tenke seg andre kvinner. Ho var rett og slett for fortryllande.

Kvinnene var ikkje tilfredse før dei fekk ein dommar til å dømme at havfrua skulle ha på seg ein spord. Men mennene i landet fekk dommaren til å legge til ein utveg. Det var at om nokon kom til å elske ho, skulle ho få legge vekk sporden.

Notar

Selen gløymde ikkje

Magnus Muir var berre unggut ein dag han gjekk og sanka olbogeskjel på stranda vest for Hacksness på Sanday. "Dei blir likande mat om dei blir steikte," visste han. Då fekk han høyre ein klagande lyd frå ein stad bak klippene. Magnus blei skaka, og gjekk fort etter lyden. Først såg han berre ein stor sel som låg i sjøen utanfor klippene på neset. Selen heldt hovudet over vatnet og stirde inn i ei lita bukt framfor seg.

Magnus kom seg over ein stor stein som låg mellom han og staden der selen hadde festa blikket. Der, i eit hjørne av innløpet, var det ein sel i kalvingssmerter. Ho stønna og brølte høgt. "Det er nok selfar som ligg i sjøen utanfor innlaupet og passar på mens maken kalvar," sanna Magnus. Han stod og såg på ei tid mens ho leid, og heldt seg på god avstand til ho hadde kalva to fine selungar.

Magnus tenkte at selskinna deira skulle bli ein flott vest til han, og gjekk snøgt dit mora og ungane låg. Mora akte seg over kanten av berget og ned i sjøen, men dei to selungane hadde ikkje har vett til å komme seg unna han. Magnus tok dei begge. Men mora i sjøen nedanfor var så redd for ungane sine at ho rulla rundt og rundt i vatnet og slo seg sjølv med luffane. Så klatra ho med framluffane opp på steinen og stirde Magnus inn i auga. Ho såg så sorgtung og bedande på han at det kunne ha smelta eit steinhjarte. Faren gjorde som mora, men ville ikkje så nær Magnus.

Magnus snudde seg for å gå bort med dei to selungane i armane - dei saug i jakkeslaget hans som om dei låg ved brystet til mor. Då stønna morselen djupt og lenge. Det var som det kom frå eit menneske, og stønnet gjekk rett til hjartet til Magnus.

Han såg bakom seg, og der låg morselen på sida med hovudet på berget, og det rann tårer frå auga hennar. Det blei meir enn han kunne halde ut, så han bøygde seg og la begge selungane ned på berget. Mora tok dei inn til seg med luffane sine så dei fekk morsmjølk. Det var plent som ho var ei menneskemor med diebarn. Og kor glad ho var når ho såg Magnus igjen!

Ei tid etter gifta han seg. Og lenge etter at han blei gift, og barna hans hadde vakse opp, drog han til Eday for å bu på vestsida av den øya. Ein fin kveld gjekk Magnus for å fiske etter sei utanfor ein klippe som låg eit godt stykke vekke frå folk. Det var ei stor steinhelle som sjøen dekte når det var flod. Ein kunne gå over tørrskodd berre ved fjøre sjø.

Først ville ikkje fisken bite, men då sjøen tok til å flø, blei fisket så godt at Magnus fort fekk rikeleg i fiskekorga si. Men fisken beit så godt og han hadde blitt så ivrig at han gløymde å passe på at sjøen ikkje flødde over vegen han hadde komme. Så då han var klar til å dra heimetter, såg han forskrekka at det tronge sundet mellom han og land var dekt av sjø. Straumen gjekk stri der. Magnus ropte på hjelp om og om att, men han var langt vekke frå alle hus, og ingen høyrde han.

Vatnet steig meir og meir der han stod på steinhylla eit lite stykke ute frå land. Først steig vatnet til over knea, så var det over hoftene, så opp til armholene, så til haka. Han prøvde å klore seg fast der berghylla var litt høgare, og ropte til han var hås. Sjøen nådde så til halsen hans og tok så smått til å renne inn i munnen hans, og begynte å lyfte han frå fjellet så han ikkje lenger kunne fote seg. Då var det brått nokon som greip i jakkeslaget hans og trekte han med så han dreiv av frå berghylla. Men etter litt botna han og kunne vasse opp på stranda til tørt land.

Han såg ut mot berghylla. Ho var dekt av sjø no. Men ein stor sel svømte rundt der og beit tak i fiskekorga hans der ho flaut i sjøen, og kom mot stranda med korga. Han vassa ut og tok fiskekorga ut av kjeften til selen og takka av hjartet: "Takk for berginga, sel!"

Selen såg på han som om ho sa: "Den eine tenesta er den andre verd." Det var selmora som hadde kalva på Hacksness førti år før.

Han sa etterpå at han kunne kjent att selen på det moderlege blikket om ho så var mellom tusen andre, og enda om ho var blitt gammal og svær.

Notar

  Innhald  


Bøker

Orknøyske eventyr og segner frå Orknøyene.    Seksjon     Sett    Neste

Orknøyske eventyr og segner frå Orknøyene. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2013–2019, Tormod Kinnes. [E‑post]