Norsk del, Gullvekta
Ørland-hopehav
Seksjon › 12 Sett Søk Førre Neste

Termar og forkortingar

Reservasjonar Innhald  

nn
Ørland kommune.

Ørland kommune ligg lengst sørvest på Fosenhalvøya i det tidlegare fogderiet Fosen i Sør-Trøndelag fylke. Ørlendingene snakkar fosendialekt. Målforma i kommunen er bokmål. Terrenget er flatt, fruktbart grussletteland som ligg lågare enn tjue moh. Klimaet er mildt, vindfullt og ofte med noko nedbør.

I 1853 blei Bjugn skilt ut frå Ørland, og Agdenes sør for fjorden blei eige herad i 1896. Kommunesenteret Brekstad blei by i 2006, og er det regionale handelssenteret, med blant anna helsetenester.

Folk bur på øyene Garten, Storfosna og Kråkvåg og dessutan i fleire grender på fastlandet. Storfosna er ei av dei største grendene.

Jordbruket dominerer i landskapsbildet i kommunen. Det blir produsert mjølk, korn og kjøt. Ein hovudflystasjon kjem attåt. Det er svært lite utmark. Det meste av arealet er brukt av forsvaret, til landbruk, som naturfredingsområde eller som bebygde område.

I Ørland blir det lagd dyner, puter og sengetøy. I anlegg på mellom anna Kråkvåg, blir det foredla torsk, sild og laks - mykje tønnemarinert sild. Rorbuturismen i Ørland er for det meste retta mot den tyske marknaden.

Frå kulturlivet i Ørland

Steinerskolen i Fosen har frå 2010 lokale etter den nedlagde Ørland vidaregåande skole på Brekstad. Skolen har tilbod frå 1. til 10. klasse. Det er mykje å ta seg til i fritida, med tilbod om mange aktivitetar.

Austrått blir halde som det fremste minnesmerket i kommunen. Det har vore kongsgard eller herregard på Austrått frå om lag år 1000. Austråttgarden i dag er på 1 500 mål - det er siste resten av jordeigedommane til herresetet Austrått.

Yrjar heimsbygdslag er lokalhistorielag og museumslag i kommunen.

Div.

Storfosna

Storfosna er ei småknausete øy - i røynda to øyer: den kuperte sideøya Fosenheia og den vidare, flate og fruktbare Storfosna (At ei øy er to, skriv ein 1 = 2 med tal).

Frå Riksantikvarens nettstad:

Namnet Storfosen/Storfosna oppstod på slutten av 1600-talet for å skilje staden frå Lillefosna [seinare kalla Kristiansund] på Møre. Øya og garden ligg overlag strategisk til i forhold til all ferdsel inn og ut av Trondheimsfjorden og opp og ned langs norskekysten (osv.). [Mi omsetting. Originalen har elles "kommunikasjon" der det står ferdsel her, men det er visst ikkje glimtande speglar eller vardebål som er tenkt - så: ferdsel. - TK]" [◦Meir]

Storfosen gods på Storfosna er kjent frå 1100-talet. Her var kongsgard på 1300-talet. Gjennom store delar av dei neste tre hundre åra var garden del av landegodset til Austrått. Blant anna budde fru Inger til Austrått her som enke. Eigedommen er enno blant dei største gardane i fylket.

På sideøya i Storfosna er eit fjellområde som ragar opp ein del. Her er noko skog, og mykje rådyr etter forholda.

Terje Sørensen summerer kva for eigarar Storfosen gods og gard har hatt, og syner også til opplysningar om Storfosna i Ørlandsboka, bind 1, side 54-179. Ordforklaringar står under teksten:

Hans Ovesen til Søgård var dansk adelsmann. I 1577, då Frederik II (1534-1588) var konge i Danmark-Noreg, fekk Hans len-tildelingsbrev på bl.a. Bakke klostergods med plikt til å halde seks hestar med utstyr og seks ryttarar "når krig eller feide kjem på". Sjølve klosteret, eit nonnekloster som låg der Bakke gard i Trondheim no ligg, hadde visstnok tilhøyrt benediktinarordenen, men både klosteret og klosterkyrkja blei ødelagde av svenskane i 1564.

Då Hans Ovesen Rød i 1574 inngjekk eit omfattande eigedomsbyte ved å legge ut frå godset sitt i Danmark til vederlag, fekk han hand om ganske mykje jordegods i Trøndelag. Slik blei han eigar av gardane Storfosen, Garten, Kråkvåg, Leksa, Værnes, Terningen, Moldtun, Lade, Devle, Ringve, Åremmen og Lille-Rein. (Dei fem siste av gardane hadde før tilhøyrt Bakke klostergods).

Hans Ovensen Rød var gift med Maren Engelbrektsdotter Rustung, født kring 1555. Ho var dotter av Engelbrekt (Embret) Olavsson (ca. 1520 -) og Birgitte Hansdotter Gaas. (Maren var ei sonedatter av den siste katolske erkebispen i Noreg, Olav Engelbrektsson (ca. 1480 - 1538) og dotterdotter av Hans Gaas (1549 - 1578), den andre i rekka av lutherske bispar i Trondheim). Hans Ovesen Rød-Lunov og Maren Engelbrektsdotter budde ei tid på Moldtun. Dei hadde fleire døtrer:
. . . [og den fjerde av dei,] Øllegård Hansdotter Rød ( -1616) blei gift med lagmann Jørgen Henriksen Staur. Dei arva Storfosen, og sidan ein gong overtok dei også garden Terningan. [mi omsetting frå bokmål, avsnittsinndelingane og uthevingane er lagt til. TK]

[◦Originalen]

Hans Ovesen har sin plass i ◦Storfosnas eigarliste.

Ord

len-tildelingsbrev: Eit dokument om tildeling av eit landområde, kalla eit len. Det heiter forleningsbrev frå gammalt og på dansk. Her er det forklart: Å forlene er å tildele eit landområde som len. Til gjengjeld for lenet plikta lensherren truskap og hjelp til å føre krig til givaren (kongen). Forleningsbrev er dokument der vilkåra for å få len er med.

eigedomsbyte: det same som makeskifte: byte av fast eigedom mot annan fast eigedom.

vederlag: motyting, godtgjersle.

jordegods: stor jordeigedom.

lagmann: dommar i gammal tid. Lovkunnig mann som tolka lova på tinget, avgjorde tvistemål og meir.

Rød og Rød-Lunov Namnet Rød (etter ein avvikande farge på våpenet i forhold til Lunov), blei ikkje brukt av "Rødane" sjølve, fortel danske kjelder. Det vanlegaste i dansk lågadel var å bruke namnet til faren og legge til -søn. Dermed: Hans Ovesen. Ætta var Lunov, står det i den danske adelskaldenderen.

Elles:

  • Leksa (Sør- og Nord-Leksa), Værnes og Åremmen i Agdenes.

  • Moldtun (Moldtuen, Moltun) og Terningan (Terningen) i Agdenes til 1995, no i Snillfjord.
  • Lille-Rein (Stads-Rein, Rein, Lillerein) i Stadsbygda i Rissa.

  • Garten, Kråkvåg og Storfosen i Ørland.

Terje utdjupar: "Etter Hans Rød arva dottera Birgitte gardane Åremmen, Lille-Rein, Terningen og Kråkvåg. . . . (Men Terningen gjekk alt før 1624 over til eigaren av Storfosen, Jørgen Henrikson Staur, som var gift med søster til Birgitte, Øllegård). Eigedomsbytet som er nemnt ovanfor, la grunnlaget for at ikkje mindre enn tre adelege setegardar blei oppretta: Storfosen, Lade og Lille-Rein. Lavina Dall (dottera til Birgitte og Laurits Dall), som var gift med Salomon Blix, skreiv seg til "Lille-Rein". Ho heldt visstnok også hus der." [Mi omsetting frå bokmål. TK] [DIS Sør-Trøndelag. Slektsforum. Strengen kalla "Lavina Dall på Lille Rein?": Innlegg 467, 30. mars 2005.]

Far til Øllegård og søstera hennar, Hans Ovesen Rød-Lunov kom frå herregarden Søgård på Thy nordvest på Jylland. Lunovslekta høyrer med til dansk uradel. Og slekta som blir kalla 'Rød' fra Søgård i Thy (dei brukte aldri det namnet om seg sjølve) hadde ei våpen som likna Lunov-våpenet, men i andre fargar, nemleg i sølv og raudt, ikkje sølv og svart. Dei to blir rekna som slekt, og Rød-Lunov er sett inn i stamtavla i Dansk Adels Aarbog (1903) som ei Lunov-grein.

◦Jørgen Henriksson Staur

Div.

Kråkvåg

Kråkvåg er ei øy - eigentleg ei øygruppe som blei samla ved moloar. Øya ligg i Kråkvågfjorden på utsida av Storfosna mellom Ørlandet og Hitra. Ho fekk bru til Storfosna i 2003.

Matrikkelgarden Kråkvåg (gnr 59) Ørland våtmarksystem består mellom anna av verneområdet Kråkvågsvaet dyrefredingsområde for sjøfuglar, vadefuglar og trekkfuglar (sva: grunt havområde). Det ligg i Kråkvågfjorden mellom øyene Storfosna og Kråkvåg. Fredninga var ikkje til hinder for at det blei bygd molo og bru mellom Kråkvåg og Storfosna. Brua ble opna hausten 2003.

Kråkvåg fort blei bygt inn i fjellet på 1980-talet. Det kosta rundt 1 milliard kroner, og fekk ein heil del å seie for lokalsamfunnet sjølv om fortet ikkje er med i dei gjeldande planene for forsvar av Noreg. For fyllmasse blei brukt til å fylle opp fjøreområde og arbeide dei opp til landbruksjord.

På 1600-tallet var det to brukarar på øya. Seinere tre, fire og fem gardsbruk. Attåt kjem vanlege bustadhus og mange hytter.

Landbruk og fisk var hovudnæringar før. Matfisk kunne hentast like ved øya til alle årstider, sesongfiske kunne ein ro eller segle til lenger ifrå.

Skal utkanten leve? Framtanke skulle hjelpe. Betre kommunikasjon i norske, grisgrente strok har foregått i lange tider, så også i Ørland. Bruer og betre vegar går saman med lokal forarming, dårlegare kommunale tidbod, nedlagte postkontor og butikkar, så barn får mindre av den lokale forankringa etter som dei blir frakta som ein leveransa heimanfrå til andre stadar.

I staden for å styrke ein utkant ved betre offentleg service på staden - til dømes med statsgarantert landpostkontor med butikk, bokskaffing frå sentrabibliotek og apotekleveransar med meir, og med butikk som er ganske uavhengig av griske kjeder med grossist-avgjorte avgrensingar av utvalet, får ein nedleggingar og fråflyttingar - vekk frå det som var berekraftig og over i stadig verre sentralisert konsumentliv.

Ein burde sjå samanhengar og stå opp for bra tiltak for betre utkantliv - snu straumen vekk får dekadanse og ymse underordningar mot å bli norsk statskveg, det er underordna stat og marknadsgriske, figurativt tala. Det burde vere ei politisk sak å skaffe og halde ved lag hjelpande og tiltrengte lokalservice-senter i utkant-Noreg så ikkje alle blir (like fort og like lett) underordna dei gjengse runddansane der norsk økonomi styrer landet i mest alt, mens vanleg folk får verd og stilling underminert i sakte kino.

No vel, Kråkvåg hadde eigen skole fram til 2003. Så gjekk elevane på Storfosna skole til han blei nedlagt i 2008, og no på Hårberg skole ved porten til flystasjonen på Ørland. Og postkontoret frå 1949 blei nedlagt i samband med bruopninga.

Ein spør seg vel: Kva blir det neste, utanom fritidshytter og rorbuutleige i utkant-kommunar til dei jamt sentralisingstilpassa? Det er klart vi unner godtfolk hytter og ferie. Men kva tener den gode utviklinga for gardar og fiske i framhaldet, til dømes?

[Om Kråkvåg: Ørlandsboka, bind 1, side 25-53].

Div.

Garten, matrikkelgard 61

Øya Garten er den tredje største i Ørland. Namnet kjem kanskje av å "garte", skjemte, grynte, og gir att lyden av bølgeslag mot stranda, seier namneforskarar [Yrjar].

Fornminne: Like sør for Gartkviga er det funne ein steinalderbuplass øvst i skaret. Det er funne flintknollar og eit søkke av kleberstein utanom.

Gardbygga ligg på den vestre delen av øya der terrenget er flatt og med dyrkbar jord. Resten av øya er prega av fleire høgder. Mellom somme av dei er det byggefelt for villaar.

I Ørlandsboka står at Garten første gong er nemnd i eit par diplom frå 1340-åra, der erkebiskopen byter noko fast eigedom mot annan fast eigedom (makeskiftar).

Øya har vore knytt med bru til fastlandet i fleire tiår. Bru mellom Storfosna og Kråkvåg opna i 2003. Mellom Garten og Storfosna går det ferje langs fylkesveg 242. Dette ferjesambandet omfattar også Leksa i Agdenes kommune.

Sentralisering i kommunal regi har ført til nedleggingar av offentlege servicetiltak, som skolar, postkontor og anna. Det er stort sett som for Storfosna.

[Jf. Ørlandsboka, bind 1, frå side 180]

Innhald


Ørland lokalhistorie, glimt, slekt frå Ørland og Stor-Fosna, Kråkvåg, Storfosen, Garten, gardshistorier  

Rian, Inge. Ørlandsboka 1: Fra Kråkvåg til Flatnes. Ørland: Ørland kommune, 1986

Store norske leksikon, s.v. "Ørland"; "Stor-Fosna".

WP (Wikipedia), sv. "Ørland"; "Stor-Fosna".

Yrjar heimbygdslag. Matrikkelgården Garten G.nr. 61. ⍽▢⍽ På nettet.

Ørland lokalhistorie, glimt, slekt frå Ørland og Stor-Fosna, Kråkvåg, Storfosen, Garten, opp Seksjon Sett Neste

Ørland lokalhistorie, glimt, slekt frå Ørland og Stor-Fosna, Kråkvåg, Storfosen, Garten BRUKARGAID: [Lenke]
© 2014–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]