Norsk del, Gullvekta
Volda-stubbar
Seksjon › 12 Sett Søk Førre Neste

Termar og forkortingar

Reservasjonar Innhald  

IMAGE
Volda kommune med administrasjonssenteret om lag midt i. Kommunegrensene er går i fiolett.

Kort oversyn. Volda er ein kommune på Sunnmøre, Møre og Romsdal, heilt sør i fylket. Administrasjonssenteret er Volda. Namnet kjem av det norrøne Valdr, som lét til å stamme frå slikt som bobling, bølging, koking og brusing, brukt som fjordnamn.

Volda blei etablert som formannskapsdistrikt i 1837. I 1883 blei Ørsta skilt ut som eigen kommune. Siste endring av kommunen var i 1964. Den 1. januar 2012 budde det 8687 i Volda. Målforma er nynorsk.

Volda svarer til sokna Volda, Dalsfjord, Austefjord og Kilsfjord i Volda prestegjeld, Søre Sunnmøre prosti i Møre bispedømme.

Plassering, industri og utdanning. Volda kommune ligg ved Voldsfjorden og grensar til Ørsta kommune i nord og nordaust, kommunane Hornindal og Eid i sør, og Vanylven kommune i vest, og har sjøgrense mot Ulstein.

Kommunesenteret Volda sentrum er på nordaustsida av fjorden og Folkestad er på vestsida. Voldsfjorden har tre sidearmar; Dalsfjorden med bygder som Åmelfot; Austefjorden med bygder som Hjartåbygd og Fyrde; og Kilsfjorden med bygder som Bjørkedalen. Frå Volda sentrum nordover langs Voldsfjorden ligg Morkabygda. Volda ferjeterminal knyter Folkestad på andre sida av Voldsfjorden og Lauvstad i Dalsfjorden med Volda sentrum.

Kommunevåpenet blei godkjent i 1987. Det har ein nedvendt, sølvfarga pennesplitt mot blå bakgrunn, og symboliserer utdanning og kunnskap - Volda er eit sentralt skole-, administrasjons- og handelssentrum. Lærarutdanning kunne ein få i Volda alt frå 1861. I dag står Høgskulen i Volda her med dryge 3000 studentar og avdelingar for lærarutdanning, humanistiske fag, samfunnsfag og mediefag.

Dei kulturelle aktivitetstilboda er mange. Det er jamt gode forhold for idrett og friluftsliv med svømmehall, skitrekk, lysløyper, skytebane og meir.

Og det er sjukehus og høgteknologisk industri i kommunen også; dessutan ein del industri med vekt på metallvareindustri, møbel- og næringsmiddelindustri. På Bjørkedalseidet har gamle tradisjonar i å bygge småbåtar på gardane overlevd. Den lokale avisa, Avisa Møre, er eldste lokalavisa i landet (1810).

Landskap. Volda har ganske gode jordbruksområde. Husdyrhald dominerer. Landskapet er prega av fjord, fjordarmar og fjellmassiva, og dalparti, slakkare lier og felt med dyrka mark her og der. I Bjørkedalen i sør og dalen innanfor Austefjorden strekker busetnaden seg ei mils veg frå fjorden. Kyrkjefjellet (1482 moh.) i søraust er høgst.

Berggrunnen. Berggrunnen er for det meste gneis. Det er innslag av (1) olivinstein, (2) serpentinitt og (3) eklogitt.

  1. Bergarten dunitt, der olivininnhaldet er over 90 % av vekta, er det mykje av på Søre Sunnmøre. Olivin har ein særmerkt grønfarge. Steinen blir brukt til mangt i industrien. Det er reguleringsføresegner for Vassbakkedalen, eit område med olivinførekomstar som ligg godt til rette for dagbrotdrift.

    Den reine krystallen av olivin heiter peridot, og er ein halvedelstein (hardleik under 7). Nokre av dei største og vakraste peridotane kjem frå Åheim i nabokommunen Vanylven vestanfor. Peridot var den mest populære smykkesteinen i barokktida, og skulle mellom anna bringe lykke til eigaren.

  2. Om serpentinitt blir polert, blir overflata mørkegrøn med lysare, nesten kvite, spragla mønsterteikningar i. Steinen er motstandsdyktig, og kan brukast om lag som marmor, avhengig av steintype og gjerd.
  3. Eklogittar er fine, raud- og grønspragla steinar som er uvanleg tunge. Det er mykje av dei langs kysten frå Bergen til Møre. Granat/eklogittførekomstar blir vurdert med tanke på kommersiell utnytting. (Geoportalen.no, s.v. "Eklogitt")

[To kjelder: Wikipedia, s.v. "Volda"; Store norske leksikon, s.v. "Volda"]

Voldaslekt

Frå mormorsida kjem ei rekke anar ifrå Hjørundfjorden i dagens Ørsta, og vidare til Volda også, steg for steg. Slektslinjer og bustadar i Volda står det om i bokverket Busetnadssoga for Volda, og også i trebandsverket Volda-soga. (Sjå under).

Den første kjente voldingen i anerekka er Karstein Jonsson Randall til Fyrde. Namna blir skrivne litt ulikt: Carsten, Karsten, Randall, Randell og så vidare. Fyrde er dagens Førde i Volda.

Karstein hadde interesser andre stadar, for han var son av kjøpmannsfolk med adelsbakgrunn: Jon Randall og kona, Magdalena Tørrisdotter. Karstein og kona var adelege, og foreldra deira også.

Innhald


Volda, Karstein Jonsson Randall til Fyrde Førde, Carsten, Karsten, Randall, Randell, slekt frå Volda  

Kjelland, Arnfinn, hovudred. Busetnadssoga for Volda. Band 4: Høydalen - Austefjorden - Hjartåbygda. Volda: Volda kommune, 2007.

Store norske leksikon, s.v. "Volda".

Wikipedia, s.v. "Volda". Årviknes, Per. Volda-soga. Band I. Volda: Volda bygeboknemnd, 1970.

Årviknes, Per. Volda-soga. Band II. Volda: Volda bygeboknemnd, 1971.

Årviknes, Per. Volda-soga. Band III. Volda: Volda bygeboknemnd, 1973.

Volda, Karstein Jonsson Randall til Fyrde Førde, Carsten, Karsten, Randall, Randell i Volda, gardssoger, lokalhistorier gardshistorier, opp Seksjon Sett Neste

Volda, Karstein Jonsson Randall til Fyrde Førde, Carsten, Karsten, Randall, Randell i Volda BRUKARGAID: [Lenke]
© 2012–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]