Norsk del, Gullvekta
Ørsta-hopehav
Seksjon › 12 Sett Søk Førre Neste

Termar og forkortingar

Reservasjonar Innhald  

IMAGE
Ørsta kommune er ein bygdeby i dag. Administrasjonssenteret er ringa inn. Fylkesgrensa er merkt av med korte strekar i fiolett

Ørsta er ein kommune på Sunnmøre, frå Vartdalsfjorden i nordvest til fylkesgrensa mot Sogn og Fjordane i søraust. Administrasjonssenteret er tettstaden Ørsta, den fjerde største tettstaden i Møre og Romsdal fylke, og med alle funksjonane til ein bygdeby. Folketalet den 1. januar 2012 var nesten 10 400. Målforma er nynorsk.

Kommunevåpenet blei godkjent i 1984. Det har tre sølvfarga spissruter mot ein blå bakgrunn. Det skal spele på fjell som speglar seg i fjorden. Og namnet kjem av norrønt Ørstr, eit fjordnamn som kanskje speglar vind- og straumforholda i fjorden. Men ein er ikkje sikker.

Ørsta svarer til sokna Ørsta og Vartdal sokn i Ørsta prestegjeld og sokna Hjørundfjord og Storfjorden i Hjørundfjord prestegjeld, Søre Sunnmøre prosti i Møre bispedømme.

Kommunen grensar til Sykkylven og Stranda i aust, Hornindal i sør og Volda i sørvest. Nord for Vartdalsfjorden og Storfjorden ligg kommunane Ulstein, Hareid og Sula. Kommunegrensa følger i aust tinderekka på austsida av Hjørundfjorden og i vest tinderekka på nordaustsida av Voldafjorden/Austfjorden og dalen innanfor.

Ørsten - seinare Ørsta - blei eigen kommune den 1. august 1883. Då blei Ørsten skild ut frå Volda. I 1917 blei namnet endra. Den 1. januar 1964 gjekk Ørsta, Vartdal og Hjørundfjord saman til dagens Ørsta kommune.

Utdanning og næringsliv. I Ørsta ligg folkehøgskole og vidaregåande skole.

Å ha fiskebåtar har hevd i Vartdal. Der har fiske vore sentralt. No har reiarane havgåande fartøy. I Vartdalsfjorden og Storfjorden er det oppdrett av laks og torsk. I tillegg har kommunen landbaset settefiskproduksjon. Ørsta er den største jordbrukskommunen på Sunnmøre, med ganske små bruk. Viktigast er husdyrhald. Jordbruk er det mest av i dei største dalane, som er Bondalen, Follestaddalen og Åmdalen. Ørsta er også ein industrikommune.

Naturglimt. Berggrunnen i Ørsta er ganske som i Volda - gneis med innslag av olivinstein og serpentinitt. Busetninga langs Hjørundfjorden er svært spreidd. Størstedelen av Ørsta kommune ligg på ei halvøy, stundom kalla Ørstahalvøya. Naturen her er prega av høge, spisse fjell med tronge og djupe tverrgåande dalar mellom hist og pist. Mellom nokre av fjordane er det høge pass, men i steile dalsider der har det ofte gått snøras, mange med leie følger. Dei ville fjellområda fell for det meste bratt i fjorden. Dei fleste Sunnmørsalpane ligg i Ørsta kommune, og høgast av ei rekke ville toppar er Kvitegga (1717 moh.) heilt i søraust på grensa til Stranda kommune.

Naturulykker. Gammal og nyare busetnad i gamle riskområde har ført til ulykker. Naturen og busetnaden i spann har gjort at folk, fe og gardar har blitt råka av fonner, snøras. Den 1.januar 1770 blei kyrkjebåtane frå indre del av Hjørundfjorden treft av snøras. 27 menneske kom bort. I februar 1968 blei garden Rise tatt av snøras. Mange hus blei knust og tre menneske miste livet. I november 1971 miste sju mann livet i Molaupsulykka. Dei blei tatt av snøras i bratt fjellterreng. I februar 1979 blei bustadområdet Engeset ved Ørsta sentrum ramma av Engesetfonna. Snøen knuste hus og tre menneske omkom.

Samferdsel i vår tid. I Ørsta ligg Hovden med lufthamn like ved grensa til Volda. Det er ferjefritt samband i tunnell mellom Ørsta og nabokommunane Ulstein og Hareid. Det sambandet har gjort 6 kommunar - Ørsta, Volda, Herøy, Ulstein, Sande og Hareid - til felles bu- og arbeidsmarknad. Vegen frå Ørsta sentrum til Festøya har ferjesamband til Solavågen i Sula, og vidare derifrå, for eksempel til Skodje og Ålesund sentrum. Frå Festøya går det også ferje til Hundeidvik i Sykkylven.

Ørsta har fem andre ferjekaier. Utanom ferjerutene vert Hjørundfjorden trafikkert av ein skyssbåt. TIMEkspressen mellom Volda og Kristiansund går gjennom Ørsta med om lag 15 avgangar om dagen båe vegar.

Mest kjente ørsting. Ivar Aasen, (1813–1896) blei språkforskar, målmann og diktar. I Ørsta står monument over både han og ein sambygding av han, Anders Hovden, som var prest, forfattar og salmediktar. I Hovdebygda er Ivar Aasen-tunet frå år 2000 komme til. Det skal vere til gagn for nynorsk skriftkultur.

Ørsta i slekta

Vi brørne har mykje slekt frå Hjørundfjord frå gammalt, då Hjørundfjord var eigen kommune. No er Hjørundfjord del av Ørsta kommune. Hjørundfjordingane blant anane har sine eigne sider her, i og med at kommunen deira var Hjørundfjord.

IMAGE
Kolås i Ørsta var skysstasjon for reisande og fjellfolk i gamle dagar. På morssida har vi anar herifrå frå før Volda blei eigen kommune i 1837 og Ørsta blei skild ut frå Volda i 1883.

Kolås. Forutan anar frå gamle Hjørundfjord kommune kjem det til nokre til frå Kolås - gardsnummer 27, bruksnummer 1 (matrikkelgard) - i noverande Ørsta. Kolås var til før Volda blei eigen kommune i 1833. Garden ligg på ein morenerygg av stein og jord som isbrear har frakta og lagt att der. Ryggen ligg på vestsida av Follestaddalselva, der Follestaddalen kløyver seg i to seterdalar, Romedalen som går mot nordvest, og Øyadalen som går mot nordaust. Over dei reiser den 1432 meter høge Kolåstinden seg.

Plaga av ulv. Midt på 1800-talet var folk mykje plaga av ulv i Follestaddalen nedetter frå Kolås. Ingebrigt N. Kolås (1809-1900), skreiv brev til heradstyret den 22. desember 1846 og fortalde at ulvane kom heilt inn på dørstokkane og hadde "ete opp alle hundar som fanst". Det blei organisert eit par jaktlag etter ulv på grunn av brevet, men dei fekk ingen første gongen, og kva utbytte det blei andre gongen, er ikkje nemnt. (Øy 2005)

- og bjørn. Mor til Nils Larsson Øye i Nilsgarden (1858-1937) var frå Kolåsen. Då Nils vitja Kolås som liten, såg han mange bjørnehovud som var spikra opp på løeramma på gamleløa. Det skal i alt vore skote tretten bjørnar i Kolåsen, skriv han. Han fortel også om bjørnejakt i Romedalen, der det sist blei sett bjørn i 1870-åra, mintest han. (Øy 2005)

Landbruk med vekt på mjølkeproduksjon, og noko sau og gris, har vore hovudnæring i dalen som går til Kolås. Frå Kolåsen går det kommunal veg over Standaleidet til Storestandal ved Hjørundfjorden. Frå Kolåsen går det også privat veg til seterdalen Romedalen.

Bjørn Jonson Dale fortel i Ørstingar, band 1 at den første ein kjenner til frå Kolås, heitte Kolbein. Han sat med bruket i tidsrommet 1603-6, og enka hans i 1609. Knut Kolbeinson, som venteleg var son deira, var født rundt 1605, for han står oppført som 61 år i 1666. Kona til Knut heitte truleg Brite, og dei hadde minst 8 born: Den eldste, Kolbein, var 20 år i 1666. Han blei ny brukar på Kolås.

Synneve (den yngre), og yngst i søskenflokken og dessutan formor for oss brørne, gifta seg til Kolbingarden, Store-Standal, (gard 60, bruk 1) i Hjørundfjord. Der døydde ho ein gong før 1720. Mannen hennar var Endre Olsson (1628-90), bonde og lagrettemann.

[Ørstingar, bd 1, s 321; Hjørundfjordboka. Band V, s. 392-93.]

Innhald


Ørsta lokalhistorie, glimt, slekt frå Øa, garden Kolås  

Dale, Bjørn Jonson. Ørstingar I: Ættebok for Ørsta 1600-1900. Ørsta: Ørsta kommune, 1995.

Store norske leksikon, s.v. "Ørsta".

Strømme, Lars, og Ragnar Standal. Hjørundfjordboka. Band V: Gard og ætt. Ørsta: Hjørundfjord bygdeboknemnd og Ørsta kommune, 1993.

Wikipedia, sv. "Ørsta".

Øy, Nils E. Hans’Lars-folkje på Øy i Follestaddalen, Follestaddalen Sogelag, 2005 (1. utg. 2002).
www.home.no/fdalsogelag/artikkelside3.html

Ørsta lokalhistorie, glimt, slekt frå Øa, gardssoger, lokalhistorie, gardshistorie, Kolås, opp Seksjon Sett Neste

Ørsta lokalhistorie, glimt, slekt frå Øa, Kolås BRUKARGAID: [Lenke]
© 2013–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]