NORSK DEL, GULLVEKTA

Lokalhistorie. Gardar og stubbar

 15 › 3 › 12 SETT SEKSJON SPøRSMÅL SØK NETTSTADSIDENE FØRRE NESTE
RESERVASJONAR SNORRE-SAMLINGA  OR NORR&Oslahs;RRØNT

Orknøyene i slekta

Orknøyene er ei øygruppe med om lag sytti øyer nord for det skotske fastlandet. I vår tid er Orknøyene skotske. Den største øya blir kalla Mainland og er den sjette største øya i Skottland. I alt bur det drygt 20 000 innbyggarar på Orknøyene.

I fleire hundre år var Orknøyene (og Shetland) norske, og folk snakka norn, som kjem frå gammalnorsk. Norn blei gradvis erstatta av skotsk, og så skotsk-engelsk etter som hundreåra gjekk.

Administrasjonsstaden er Kirkwall på Mainland. Den andre byen heiter Stromness, som blant anna er kjend frå ein song av Sir Peter Maxwell Davies (1934 -). Tittelen er ◦Farewell to Stromness.

Namnet Orknøyene går heilt tilbake til det første hundreåret før vår tidsrekning eller tidlegare. Oldtidsgeografen Klaudios Ptolemaios (90-168 etter vår tidsrekning, korta til evt.) kalla øyene for Orcades. Det gamle gæliske namnet på øygruppa var Insi Orc som tyder "øya til Orcane", unggrisane, villsvina. Då norke busettarar kom til øyene, tolka dei ordet Orc som Orkn: det var eit gammalt norrønt ord for sel eller kobbe.

Opphavleg var dei busette av folk frå mellomsteinalderen og yngre steinalder og så av piktar. Orknøyene blei hærtekne av Noreg i 875 og busett av nordmenn, men seinare overtatt av kongedømet Skottland i 1472, fordi ein fattigslig danskekonge ikkje betalte medgifta for dottera Margaret, som gifta seg med Kong Jakob III av Skottland. Først blei øyene pantsette av danskekongen; det var i 1468, både Orknøyene og Shetlandsøyene. Og då inga medgift kom, blei norske øyer liggande under den skotske krona på eit vis.

Men i tida etter var folket på Orknøyene og Shetland framleis norsk, og norsk lov gjaldt i lang tid sidan.

Øyene består av gammal raud sandstein. Klimaet er mildt og jordsmonnet særs frodig. Det meste av landet er oppdyrka. Jordbruk er ein av hovudnæringane, medan vindenergi og marin energi blir stadig viktigare.

Hopehavet

Bergen hadde i si tid ein borgarmeister som heitte Jon Randell. Etternamnet blir skrive på ymse vis - bl.a. Rendall. Jon var adeleg, og kom frå Orknøyene i ei tid då mange flytta frå øyene. I adelsskjoldet hans frå Orknøyene er det to rennande hundar over kløver. Han blei borgar i Bergen og gift med Magdalena Tørresdotter, som blei skrive- og rekneskapskunnig handelskvinne og bergensk skipsreiar med same aneskjoldet som far sin, Tørres Amundson Kamp. Ho hadde også eige segl.

Rundt 1560 tok Magdalene over skoggarden Fyrde i Volda, som sonen og adelsmannen Karsten (født kring 1540 i Bergen) blei styrar av. Han var gift med Maren Jørgensdotter Staur. Familien busette seg på Fyrde i Austefjorden (Volda) ca. 1595, og har mange etterkommarar på Sunnmøre; meg også. [Jf. Voldasoga, bd 2, s 432]

Etter det ein veit, stamma første mannen hennar, borgarmeister Jon, frå jarlen Henry Randall (Randell osv.), lagmann på Orknøyene i 1430. Ein kjenner til at Henry hadde sonen David. Men det er vanskelig å seie heilt for visst kven som var far til borgarmeister Jon inntil vidare: Meiningane er delte.

Kor på Orknøyene kjem Randallane "våre" ifrå? Berre få veit det, om nokon i det heile. Rendall-etternamn er kjende frå 1391, ifølge Orknøy-granskaren Gregor Lamb. Etternamnet stammar frå eit eller anna "Rendall tunship" og er blitt det nest vanlegaste etternamnet på Orknøyene i dag. "Tunships of Rendall" er gardseiningar med slikt namn. Tre slike peikar seg ut som forankringar for etternamnet: eitt på Mainland (no heiter det Rendall sokn), eitt North Rendall på øya Papa Westray, dessutan skal det ha vore eit Rendall på Westray også.

Forsøksvis namnetyding: Renna tydde renne, og dall tydde dal, som i dale. "Dal det renn elv/bekk gjennom", altså "Renne-dal" kan høve som forsøksvis tyding.

Det første Orknøydokumentet på skotsk blei skrive av lagmann Henry Rendall, i 1438. Både etternamnet og verksemda hans peikar på norrøn bakgrunn, skriv Dr. Berit Sandnes, og "Lawman Henry Rendall issued some of the earliest letters in Scots." (s. 20-21]

Jons segl
Seglet til Jon Tomasson Randell. To løpande hundar over kløver.
Foto: Riksarkivet, Oslo.

Lokalhistorie, gardshistorier – SAMLINGA
Lokalhistorie, gardshistorier – SLUTTBOLK

Lokalhistorie, gardshistorie – LITTERATUR  

Sandnes, Berit. From Starafjall to Starling Hill: An investigation of the formation and development of Old Norse place-names in Orkney. PDF. Edinburgh: Scottish Place-Name Society, c/o School of Scottish Studies, University of Edinburgh, 2010. PDF. www.spns.org.uk

Wikipedia, s.v. "Orknøyene".

Årviknes, Per. Volda-soga. Band II. Volda: Volda bygeboknemnd, 1971.

Lokalhistorie, gardshistorier – OPP SETT ARKIVDEL NESTE

Lokalhistorie, gardshistorier BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, design og navigering på nettstaden, søkeråd, tilvisingar og meir. [LENKE]
© 2012, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-POST].  —  Ansvarsfråskriving: [LENKE]