![]() |
Rudolf Steiner. Antroposofi | |||||
| 15 5 15 | ||||||
|
Frå Rudolf Steiners Antroposofi
Steiner skriv: Psykoanalyse er dilettantisme i andre potens. [s. 105]Det gjeld å forstå slikt rett! No veit ein at kva som helst slags føde gir menneska den tiltrengte mengda eggekvite. Sjølv om ein ikkje et anna enn poteter - ein treng ikkje ein gong å ete særleg mange - dersom ein berre et poteter med litt smør, så får ein den mengda eggekvitestoff som ein har bruk for. Det er no til dags absolutt sikkert vitskapleg prov at det er slik. [s. 31] TIL DETTE. Ein treng helst over 20-30 gram protein daglig. Det tilrådde daglege proteininntaket for ein vaksen kan vere rundt 0,75 gram per kilo kroppsvekt. Det svarer til at ein på 70 kilo inntek 53 gram reint protein kvar dag, og helst over fleire porsjonar, til dømes seks måltid - fordi kroppen ikkje har noko særleg proteinlager. Dryge 2,6 kg poteter gir om lag 55 gram protein. Kven kan ete 2,5 kg poteter eller så dagleg utan å bli matlei? Og potetene treng nok å vere særleg store om dei ikkje skal bli særleg mange, med litt godt smør attåt . . . Mykje kjem elles an på kva slags protein (= aminosyrer) ein får i seg. Essensielle aminosyrer må tilførast kroppen; dei klarer ikkje kroppen å danne sjølv. Åtte av aminosyrene er essensielle for vaksne, og ni for barn. Dei er: Fenylalanin, isoleucin, leucin, lysin, metionin, treonin, tryptofan og valin (for barn også histidin). Og barn treng fleire protein (per kilo kroppsvekt) enn vaksne, osv.] Bl.a. kumjølkprodukt og egg gir fullverdige protein. Poteter og grøne bladgrønsaker inneheld også høgverdig protein, men i små mengder. Og 1,5 kg poteter gir altså om lag 32 gram protein [Nutritional Almanac, 6th ed. s. 346]. Steiner vidare: Minst nitti prosent av mennesket er så lenge han lever, ei vassøyle. [s. 60] Eit rettare overslag er at rundt 60 prosent av kroppen er vatn. Talet varierer med alder, kjønn, overvekt, med meir. Spedbarnskroppen kan bestå av noko omkring 75 prosent vatn, og svært overvektige kan bestå av ned i 45 prosent vatn. [Wikipedia, s.v. "Body water"] Noko til: Alt det som vi slik i baklengs retning opplever, først litt etter litt etter hvert som vi kommer inn i den nye verden, [blir] til oss selv, blir en del av vår åndelige selvbevissthet, så at vi til sist helt er det vi har opplevd. Vi er til sist helt det åndelige motbilde av hva vi er verdt. Og når vi har fått del i denne tilværelsen som virkelig er den andre siden av vår jordtilværelse, da trer vi inn i en verden hvor de ytre naturrikene, mineralriket, planteriket og dyreriket, slett ikke mer fins, - det er alt sammen noe som hører jorda til, - men hvor vi straks møter både de sjelene som er gått bort før oss og som vi har hatt et eller annet forhold til, og åndelige vesener av høyere art. TIL DETTE: Steiner skildrar etter-død-oppleving. I nyare tid har granskarar hatt høve til å intervjue skindøde og hjertedøde som har vakna att, blant anna på operasjonsborda. Slik randforsking har gitt mange interessante funn, tykkjer eg. Folk som har blitt erklært klinisk døde, fortel litt av kvart frå då dei var vekke. Somme vil tru dei har hallusinert, mens somme forstår opplevingane som etter-dødsfall-opplevingar. Ifølgje ein gallup gjer noko omkring åtte million amerikanarar krav på å ha hatt ei nær-død-oppleving. Det kan finnast fleire enn dei som fortel om slikt. Hovudtrekk ved nær-død-opplevingar omfattar:
Det kan sjå ut som det er samband mellom nokre av denne menyen av potensielle opplevingar og kulturen ein dør ifrå, og trua ein har blitt fora med (ein innbiller seg mangt rart). Iallfall har fleire forskarar funne kultur-skil i nær-død-opplevingar. Kenneth Ring seier at seksti prosent av nær-døde opplevde kjensler av fred og nøgd, men at berre ti prosent kom inn i Lyset på hi sida. Nær-død-opplevingar kan innverke sterkt på liva til dei som kjem att. Det finst mange religiøse og fysiologiske syn på nær-død-opplevingar. Det er ganske typisk for skeptikarar å avvise tanken på at medvettet held seg når hjernen ikkje er i funksjon. [Kjelde: Wikipedia, s.v. "Near death experience"] Det som gjer at månen vedblir å vere til, det er det åndeleg-sjelelege i den. [s. 38]
MEIR KAN BLI LAGT TIL |
|
Kirschmann, John D. and Nutrition Search. Nutrition Almanac. 6. utg. New York: McGraw Hill, 2007.
|
|
© 20102011, Tormod Kinnes [E-POST]. Ansvarsfråskriving: [LENKJE] |