NORSK DEL, GULLVEKTA

Rudolf Steiner. Terskelen til den åndelege verda: Aforistiske utgreiingar

 15 › 5 › 15 SETT SEKSJON SPøRSMÅL SØK NETTSTADSIDENE FØRRE NESTE
RESERVASJONAR RUDOLF STEINER OG ANTROPOSOFI – SAMLINGA

Rudolf Steiner: Terskelen til den åndelege verda: Aforistiske utgreiingar

Om verket: Tærskelen til den Aandelige verden: Aforistiske utredninger av Rudolf Steiner, er omsett av John Egeland og gitt ut på forlaget Vidar i Oslo i 1918. Det har GA-nummer 17.

Boka inneheld seksten mindre tekstar, og kvar tek opp ei side ved åndsvitskapen til Steiner.

Jamføringar: Engelsk: The Threshold of the Spiritual World: Aphoristic Comments (G. P. Putnam's Sons, London, 1922). Den tyske originalen, Die Schwelle der geistigen Welt: Aphoristische Ausführungen, er frå 1913.

Twig

Jorda var . . . ein gong i ein soltilstand; den har utvikla seg frå denne til ein månetilstand og er så blitt "jord" [s. 52]

TIL DETTE. Ein skal ha lese ganske mykje Steiner for å ha klart for seg at når han til dømes seier "kosmos", tenkjer han på solsystemet ut til Saturn, og går sjeldan vidare. Steiner lånte kosmologien sin fra teosofien, med mindre tilpassingar. Prinsippa bakom utsegner som sitatet ovafor, er enkle men også barokke, overlag jord-sentrerte, og mest alt blir sett inn i ei ramme med syklusar og undersyklusar i ei slags stor, kosmisk mekanisme av sykluser, der "gamle Saturn, gamle sola, gamle månen, og Jorda" står for fire tidbolkar, kvar skildra ved visse eigenskaper:

  1. Gamle Saturn: Solsystemet som éi masse, éi eining. Det tettaste stoffet her blir kalla "varme".
  2. Gamle-Sola: Sola, Månen og Jorda er éi masse. Det tettaste stoffet i den blir kalla "luft" (eller gassforma).
  3. Gamle-Månen: Jorda og Månen er éi enkelt masse. Det tetteste stoffet blir kalla "vatn" (eller væske, flytande).

  4. Jorda: Verda no; Det tettaste stoffet blir kalla "jord" (fast stoff) - Her er det tettaste understadiet.

  5. "Jupiter": framtidig stadium.
  6. "Venus": åndeleggjorte verder (att).
  7. "Vulkan": reversering av stadia før.

Kvart av dei fire første, postulerte stadia - kvar med sju understadium som har sju understadium kvar igjen - er kjenneteikna av å bli stadig meir fortetta fram til jord-tidbolken. I Steinerlæra er denne postulerte tidbolken eit vendepunkt der prosessar blir reverserte og nok ein gong meir subtile (fine, motsett: grove). Kvar av desse store tidbolkane eller "metamorfosane" er skilde av ein periode med tilbaketrekking eller ikkje-manifestering, som kallast pralaya (Sanskrit: oppløysing) i hinduistisk kosmologi og er eit sentralt tema i teosofien.

Teoriar om sykliske univers finn ein i hinduismen, buddhismen, jainismen med meir. I astrofysikken har ein også den "sykliske modellen". [Wikipedia, s.v. "Cyclic model"].

Alle tankar har berre verd når dei gjer seg gjeldande som del av verdas store tankeordning, som ikkje kan finnast i sansetilværet. [s. 89]

TIL DETTE. Dette oversynet flyt faktisk opp til noko sånt som: Godhjerta har lykka med seg - gode hjerte gir hell og lykke. Men det kan ta nokre liv først.

Det ene jordlivet framtrer som den gjennom verdensordningen begrunnede følgen av det foregående. [s. 54]

Buddha seier dette klarare og nokså annleis. Det er summen av liv før som verkar inn på eit nytt liv, og slett ikkje berre det siste livet. Det treng knapt nok vere involvert som påverknad i livet etter, seier Buddha. Karmaen er forskjellig for forskjellige sjeler, er forklaringa som er underforstått. I tråd med dette seier Buddha at nokon som handlar ille i dette livet, kan kome i himmelen! Ein skulle ikkje stole på slikt, men heller gjere godt, fortel han også. [Meir]

Man kan tale om å ville sitt eget vesen. Det dreier seg da om en tilstand . . . av en slik art at ingenting annet i sanseverdenen likner den enn sjelas sterke, rene jegfølelse eller selvfølelse . . . Sjela . . . føler trang til å si til seg selv: Jeg vil også være bare helt for meg selv, bare i meg selv. [71]

Det dreier seg om sjølvkjensle. Sjølvkjensle blir fremma av å få det meste ut av potensiala sine og meistre dei. Å vere stø og ikkje vie seg over evne, hjelper ventelig også, blant mykje anna. Å vere for seg sjølv er sjeldan godt nok for å byggje sjølvkjensle, men å fremme karakter er bra, og byggje suksess ved å følgje "si indre magekjensle" steg for steg, kan også gå bra. Stundom bør ein reflektere over kva som vel kan bere god frukt og nære slikt noko. Det er mange sider ved saka.

Man skulle . . . aldri si at det luciferiske elementet under alle omstendigheter er noe vondt. [88]

Steiner grunngir det synet med å kalle kjærleik som spring ut av den som elskar, for meir eller mindre luciferisk, og at mennesket er nødt til å elske luciferisk andsynes åndeverda. [88]

Men kva er det luciferiske? I boka The Influences of Lucifer and Ahriman (Antroposophic Press, 1993, GA 191) fortel Steiner om det gjennom fem føredrag. Steiner tilrår å overvinne problemet med "djevelske impulsar" ved å gå over, transcendere, tendensen til det luciferisk frenetiske, avsindig opphissa på den eine sida og tendensen til maskinaktige keisemd (det ahrimanske tedium) på den andre side - ved å forme ei åndsfylt syntese av desse to vesena i liva våre. Å erfare noko, skil seg dessutan frå prøve å prove det intellektuelt, seier han også (op cit, s.54).

Kjærligheten til det åndelige virker befriende når den søkes for selvets skyld. [88-89]

En månetilværelse og en soltilværelse . . . er gått forut for jordtilværelsen. [99]

Jordas urfjerne soltilværelse . . . åpenbarer seg helt og holdent som en verden av vesener og slike veseners handlinger. [99]

MEIR KAN KOME

RUDOLF STEINER, ANTROPOSOFI - SAMLINGA
Rudolf Steiner fra bøker, foredrag, artikler - SLUTTBOLK

Rudolf Steiner fra bøker, foredrag, artikler - LITTERATUR  

Steiner, Rudolf. The Influences of Lucifer and Ahriman (GA 191) Hudson, NY: Antroposophic Press, 1993.

Rudolf Steiner fra bøker, foredrag, artikler - OPP SETT ARKIVDEL NESTE

Rudolf Steiner fra bøker, foredrag, artikler BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, tilvisingar og meir. [LENKJE]
© 2010–2011, Tormod Kinnes [E-POST].  —  Ansvarsfråskriving: [LENKJE]