Rudolf Steiner: Barneoppsedinga frå åndsvitskapens synspunkt
SmakebitarEin kan kjøpe ei såkalla "fin" dokke med ekte hår og måla kinn og gi den til barnet. Ein treng ikkje ein gong tale om at denne dokka naturlegvis er ganske avskyeleg og eigna til å øydelegge den sunne estetiske sansen til barnet for resten av livet . . . Dersom barnet får den "fine" dokka, har ikkje hjernen meir å gjere. Den blir forkrøpla og uttørka i staden for å utvikle seg . . . - Rudolf Steiner, s. 21 Slik startar essayet: I vår tid stiller ein seg ofte skeptisk til mykje av det som er nedarva frå tidlegare generasjonar. Derfor oppstår det også så mange "spørsmål i tida" og "tidskrav". Kor mange spørsmål er det ikkje som i dag svirrar omkring i verda: det sosiale spørsmålet, kvinnesaksspørsmålet, oppsedings- og skolespørsmåla, rettsspørsmåla, helsespørsmåla osv. Ein prøver å løyse dei på dei mest ulike måtar. Talet på dei som kjem fram med ein eller annan resept for å "løyse" problema eller iallfall hjelpe fram ei løysing, er uhorveleg stort. Og alle sjatteringar av menneskelege haldningar gjer seg gjeldande: radikalismen som vil revolusjon, den moderate oppfatninga som med vørdnad for det beståande gjerne vil skape noko nytt av dette, og konservatismen som straks blir opprørt når nokon vil rokke ved dei gamle innretningane og tradisjonane. Og ved sida av desse grunnstemningane opptrer alle mogelege mellomtrinn. Den som evnar å sjå djupare inn i livet, kan ikkje unngå å få ei kjensle av at alle desse utfordringane blir møtte med altfor utilstrekkelege middel. Mange vil gjerne reformere livet utan å kjenne det i grunnvollane. Den som vil komme med forslag om kva som bør gjerast i framtida, må ikkje nøye seg med å lære livet å kjenne berre på overflata, men må utforske djupa til det. Heile livet er som ein plante som ikkje berre består av det som er synleg for auget, men som også inneheld ein framtidig tilstand skjult i seg. Den som ser på ein plante som berre ber blad, veit godt at den etter ei tid også vil bere blomster og frukter. I det skjulte har denne planten allereie no anlegga til blom og frukt. Men korleis skal nokon kunne seie noko om {7] korleis desse organa kjem til å sjå ut dersom han berre studerer det som planten presenterer i augeblikket? Berre den kan seie det som har lært planten sitt vesen å kjenne. Også menneskelivet inneheld framtidsanlegg i seg. Men for å kunne seie noko om denne framtida, må ein trenge inn i mennesket sin skjulte natur. Og det kjenner vår tid ingen verkeleg trong til. Den sysselset seg med det som ein kan sjå på overflata, og trur at den kjem på usikker grunn om den skulle freiste å trenge fram til det som drar seg unna ytre observasjon. Hos planten er saka rett nok monnaleg enklare. Mennesket veit at plantar av same art har bore visse frukter så og så ofte. Menneskelivet er derimot berre til stades ein gong, og blomstrane som det skal bere i framtida, har enno ikkje vist seg. Likevel er dei til stades som anlegg hos mennesket, likesom blomen hos ein plante som enno berre ber blad. Det finst ei muligheit for å kunne seie noko om denne framtida dersom ein trenger gjennom overflata og fram til det eigentlege menneskevesenet. Notidas forskjellige reformidéar kan først bli verkeleg fruktbare og praktiske dersom dei blir henta ut frå djupare erkjenning av menneskelivet.
Steiner skriv også: Når mennesket trer inn i den høyere eller såkalte esoteriske skolering, kommer det fremfor alt an på at det foretar denne forvandlingen av eterkroppen ut fra jegets egen kraft. Det må helt bevisst og individuelt arbeide på forvandlingen av vaner, temperament, karakter, hukommelse osv. Så mye av eterkroppen som det på denne måten bearbeider, så meget omdanner det til livsånd (eller buddhi som det østerlandske uttrykket lyder).
Til detteDelikate sider ved oss blir gitt mange namn, og somt spriker mellom forskjellige system. Kunne Steiner gjort greie for vesenssidene våre enklare? Skulle det vere nødvendig å finne opp lange namn som erstattarord for atma(n), buddhi og manas, til dømes? Steiner overtok termar og grunnsyn om kva som er "under overflata" på mennesket ifrå teosofien, der han var leiar for den tyske avdelinga i ti år. Dette Steineressayet er frå den tida. Ein får også spørje seg kor rett det er å seie at høgare vesensledd i mennesket kjem til som følge av framdyrking. At dei skulle komme til som utslag av forvandlingar, er nok grovt misvisande. Ein veks til og blir var slike indre sider etter kvart, så sant som ein ikkje blir hardt skadd og så sant ein får gode nok vilkår med høveleg, avpassa næring. Dei tre mest subtile nivåa kan gagnast av subtil kultivering etter kvart, slik det høver. Ein bør gå inn for å halde seg skikka og komme i fin orden - Det som ligg i nøkkeltermane til teosofien (her: neoteosofien ved Alice Bailey) om mennesket sine forskjellige vesensledd er rett - Det stadfestar mellom andre Malcolm Rae, ein forskar eg fekk arbeide i spann med før han døydde. Mens Steiner snakkar om å bygge opp noko nedanfrå, noko som visst ikkje fanst først - fortel teosofien at dei indre vesensledda til mennesket kjem av ein serie "nedtransformeringar" ifrå Einskap. Det "kalkar på seg":
Dei fleste vesensnivåa ("kroppane våre") er gjerne å forstå som "felt" eller vesensfelt. Frå sanskrit heiter dei koshaer, det er slirer, den eine inni den andre. Dette er summen av ei attgiving frå David Tanzley ifrå Alice Baileys ◦Treatise on Cosmic Fire, som også gir det ◦tabelloversynet (nr. 3), "The Constitution of Man",, som Tanzley gir att på s. 27 i boka Dimensions of Radionics (Hengiscote, Bradford, Holsworthy: Health Science Press, 1977). Samandraget her viser til s. 26 ff i Tanzley-boka. Det sjuledda oversynet syner noko som kanskje dei fleste kan samtykke i eit godt stykke iallfall: Ein har ein kropp, som det gjeld å bry seg om og halde vital og frisk så den varer lenge og gir glede langt inn i alderdommen. Ein kjenner somt i denne kroppen, og kjem etter kvar til å tenke - først på handgripelege ting, kan hende, og sidan på meir abstrakte ting. For mange skyt abstrakt tenking fart for alvor etter puberteten. Så gjeld det å fatte ting - det blir ei ganske intuitiv verksemd, slik Steiner skildrar. Desse stega er faktisk det som Steinerpedagogikken har blitt til over. Inni dette, "over" dette nivået har ein fornemmingar av å vere ei fast eining (atma). Nokre fortel dessutan at dei fattar einskapen bakom framtoningane. Det er Brahman på Sanskrit. La oss seie at inndelinga i tabelloversynet er stort sett rett i store drag, berre vi ikkje snåvar i utsyn som at det mentale er ein slags med kosmisk gass, eller at eget (egoet) er berre mentalt, slik det står i Baileytabellen. "The one infinite Unbroken Whole (plenum) becomes aware of Itself as 'I'. This is the original name", seier Bhagvan Ramana i Hunting the I (s. 83). Dette er å forstå som at eget eigentleg skal vere mykje meir innvendig enn manasnivået. Kjensla av "eg" (ei indre merksemd som må vekkast) kan transporterast innetter i høgare tilstandar. Og det er mykje som kan utviklast etter her i god yoga også. Jamfør Patanjalis samyana-praksis (kap. 3:4 ff). Berre å dele inn mennesket i kropp, sjel og ånd og dernest oversjå og gjerne gløyme menneskeånd fordi slikt ligg høgt (langt innetter), er ikkje tingen i alle desse tradisjonane. [jf. Tanzley, s. 29]. Rudolf Steiner tar opp kor forkvaklande kristendom har blitt med tida. Det gjer han andre stadar. Her er eit døme: Det er presis Kyrkja som gjer krav på å lære menneskja om ånda som har gjort mest for å drive ut ånda.
|
Cornelssen, Lucy. Hunting the "I" according to Sri Ramana Maharshi. 5th ed. Tiruvannamalai: Sri Ramanasramam, 2003. Steiner, Rudolf. Learning to See Into the Spiritual World. (GA 350). Hudson, NY: The Anthroposophic Press, 1990. (Rev. ed. 2009)
Tansley, David. Dimensions of Radionics. Bradford: Health Science, 1977.
|
Seksjon | Sett |
BRUKARGAID: [Lenke] © 2010–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [Email] ᴥ Disclaimer: [Lenke] |