Norsk del, Gullvekta
Steinerpedagogikk og biodynamisk dyrking
Seksjon › 15 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Steinerpedagogikk

Desse to kapitla utgjer andre del av innføringa i Rudolf Steiners lære.

Hovudutsyn

Fantasi, sanningskjensle og ansvarskjensle er dei tre kreftene som er sjølve utdanningsnerven, seier Rudolf Steiner

I 1907 skreiv Steiner eit langt essay som han kalla Die Erziehung des Kindes vom Gesichtspunkte der Geisteswissenschaft. Det blei omsett til norsk alt i 1911 som Barnets opdragelse fra okkultismens synspunkt. No har det fått tittelen Barnets oppdragelse fra åndsvitenskapens synspunkt. I essayet skildra han hovudfasar i barns utvikling, og slo frampå om at desse fasane skulle vere grunnvollen for ei helsesam tilnærming til oppseding. [44]

I 1919 innbydde Emil Molt Steiner til å halde føredrag for arbeidarane på Waldorf-Astoria-sigarettfabrikken i Stuttgart. Steiner brukte snustobakk det meste av vaksenlivet sitt; no nytta han ikkje høvet og stampa klarsynt med foten i vanskelege etterkrigstider mot dei drepande verknadane av tobakk, og det finn eg interessant – Men han heldt føredrag som saman med seinare føredrag forma grunnlaget for Steinerskolerørsla. I engelsktalande delar av utlandet er den mest kjent som Waldorf Education. Det har vakse til det som kanskje er det største uavhengige skoleslaget på planeten. [45, 46]

Frå starten, då Waldorfskolen i Stuttgart opna i september, var det slik at alle elevtypar gjekk saman, gutar og jenter hadde same fag, ingen elevar gjekk klassetrinn om att, og karakterar blei erstatta av uformelle vitnemål. Skoleverket skulle også ha stor fridom frå sentralstyringa. Med dei nødvendige justeringane som statsmakts eventuelt legg på dei i ymse land, blir skolane drivne ut frå Rudolf Steiners pedagogiske idear framleis. I Noreg er Steinerskolen tolvårig, og har statleg godkjenning og dessutan statleg økonomisk støtte.

Frå 1919 og til han døydde i 1925, blei Rudolf Steiner innbydd til å halde over to hundre pedagogiske foredrag i mange land i Europa, også Noreg. Fleire Steinerskolar kom til alt mens Steiner levde, og det har blitt nesten tusen skoler rundt om i verda. Dei fleste ligg i Europa. I Noreg kom Steinerskole i Oslo i 1926 og i Bergen i 1929. Privatskolelova frå 1970 har ført til at det var trettifem skolar i 2008, med over fem tusen elevar.

Steineroppseding kviler på Rudolf Steiners antroposofi, og går inn for å gjenspegle utviklingsstadium frå barndom til vaksen alder, og den tar også mål av seg til å spegle av utviklinga av menneska gjennom historia frå eit fjernt, fjernt opphav som det ikkje ligg føre nokon ytre dokumentasjon på. Trass i at desse hovudutsyna og -praksisane blir gjenga etter antroposofien, blir ikkje antroposofi-læra dosert direkte.

For å ta opp att noko: Steinerskolar, Rudolf Steiner-skolar, blir oftast kalla Waldorfskolar i tysk- og engelsktalande land. Dei er ein type frittståande, private einskapsskolar som bygg på ein utdanningsfilosofi kalla Steinerpedagogikk. Den bygg på antroposofien i sin tur. Men Steinerskolar er likevel ikkje livssynsskolar. Det sentrale for Steinerpedagogar skal vere at utfaldinga og den mogelege utviklinga av essensen i kvar person er uavhengig av ytre utsjånad. Dei vil ut frå dette arbeide for at dei unge opplever seg som medlemmar av menneskeætta og verdsborgarar over alt anna, blant anna ved å la verdskunst verke på seg.

Noko meir detaljert: Steinerskolen kviler på Rudolf Steiners grunnsyn om at menneskevesenet er å inndele i kropp, sjel og ånd. Det heiter i læra etter Steiner at kropp og sjel er reiskapar for eget. Ånda er forstått som den inste kjernen og margen i individet. Livet og livsvegane til kvar enkelt førestiller ein seg som noko som heng saman med individualiteten, og den vandrar frå liv til liv.

Omgrep som reinkarnasjon og karma er sentrale for å førestille seg detaljar innan dette overordna perspektivet, som er for lærarane, men som ikkje blir forkynt for elevane av ulike grunner. For lærarar og føresette tener det som hjelp til å oppfatte kvart enkelt barn som eineståande, ukrenkeleg og med potensial for læring og utvikling same kva utgangspunkt barnet har. Slik er Steinerpedagogikk ein utviklingspedagogikk. Den finst også tilrettelagd for funksjonshemma.

Oppgåva for ein skole er å legge til rette for at dette åndelege eg eller sjølv får realisere evnene og potensiala sine i størst mogeleg fridom, og så bruke dei til gagn for "alle". Det kan vere lettare sagt enn gjort. Men den lange barndommen som vi menneske har, gir tid og forhold til å nære ei slik utfalding, som altså kan gå enda vidare og bli ei utvikling også, med tida.

Steiners pedagogiske filosofi er brei og til gagn for mange. Den er respektert av mange fagpedagogar, og ikkje utan grunn. Eg har vore veldig imponert av han for dei berande kjernane i den, får eg vedgå. Men korleis utforminga av den einskilde Steinerskole blir, kjem mykje an på dei som skal leie den, og lærarane. I same grad som dei kjem til kort i lag med foreldre og lokalsamfunn, er det nok rom for forbetringar.

Pedagogiske grunntankar

Steinerpedagogikken tenker seg at vi går gjennom ulike utviklingsfasar. Akkurat når overgangane finn stad, varierer ein del frå individ til individ, men som tommeltottreglar har ein dette:

  1. Ta det vesle nurket sin djupe vilje (til bl.a. etterapingar av bra førebilde) til hjelp. Dei første sju åra etterliknar barna mektig dei menneska dei finn tenlege som førebilde og rollemodellar. Etterlikninga kan godt vere umedviten, uvilkårleg. Der gjeld det at førebilda ikkje berre snakkar fint, men også lever i samsvar med dei fine orda. Å snakke sant er faktisk godt.
  2. Sett fantasi og lovande kjensler i sving. Mellom sju og fjorten lærer barnet gjennom tillit til det som blir utlært frå vaksne, alt mens autoriteten til læraren krympar i tråd med aukande sans for fakta – når det går som det skal. Fantasifull undervisning blir jamt over sett på som grepa i denne perioden. Gode historier som innbyr til å danne fikse førestillingsbilde blir skatta. Etter kvart som barnet rører seg gjennom desse åra, begynner evnene til meir sekvensiell og logisk tenking til å utfalde seg og trenge dyrking. Det som det gjeld, er evna til å vere heilt heime i den verda ved god bruk av førestillingsevna, også kalla fantasien. Den er vesentleg.
  3. Modnast den unge, kan kjekke tankar kanskje egge henne (vidare) og gjere henne friare. Mellom fjorten og tjueein modnast meir abstrakt tenking hos mange. Sagt annleis: dei unge får merke krafta av eiga tenking, jamvel om dei unge er sårbare og ofte treng vern. Gutar kan ta til å verne seg ved å vere, inneslutta – dei set opp barrierar for å verne seg, men søker som regel også etter rollemodellar med eigenskapar å etterlikne. Så får vi håpe dei finn slike på Steinerskole, med meir. Dei veksande greier å danne omgrep sjølve, og kan få for seg at dei no er klokare enn mor og far! Kritiske tenking kan hjelpe fram utvikling i retning av å bli vaksne, sjølvstendige individ. [Jf.]

Desse tre vide utviklingsstadia i barndommen (med fleire underetappar), set kvar sine krav til modning og læring. [47] Dei viktigaste stadia blir om lag som dei som den kjente Jean Piaget har skissert, men Steiner var meir enn tjue år før Piaget, og ser dessutan langt vidare. Det blir eit paradoks for somme: "Får ein gunstig praksis (Steinerpedagogikk) ut frå ein heller tvilsam teori (dvs. antroposofien)?" Ikkje gjett svaret, men spør heller kven antroposofi er tvilsam for, og kven som kunngjer at Steinerpedagogikk er gunstig, og på kva grunnlag i begge høve – og sjå etter kva forsking avdekker, og veg slike funn godt – det er noko som tidvis fører fram. Og sett deg betre inn i Steinerpedagogikk under eitt, for eksempel slike normer som "med hjarte, hovud og hender". Saka er at somt i Steinerpedagogikken har forgjengarar utanfor antroposofien også. Steiner står i somt midt i den pedagogisk tradisjonen etter Jan Amos Kommenský (John Amos Comenius, 1592-1670) og sveitsaren Johann Heinrich Pestalozzi (1746-1827) med omsyn til å "tale til" og oppsede hjarte, hovud og hand, som Pestalozzi sa. Og teosofiselskapet som Steiner var tysk leier for i tolv år, har omrissa av dei postulerte og uverifiserte gamle kulturepokane – dei som Steiner vel har omforma til utviklingsperspektiv for kvar enkelt gjennom ontogeneseforståing. Ontogeneseperspektivet hevdar at utviklinga av ein organisme atterspeglar artsutviklinga (fylogenesen) gjennom store tidsrom. Men desse genese-perspektiva er ikkje så sikre – det er debatt om i kva grad ontogenese atterspeglar fylogenese. [Wikipedia, "Waldorf education".]

Rudolf Steiner understreka for lærarar at den beste måten å gi meiningsfull støtte til barnet, er å forstå desse fasane fullt og levere slikt innhald som høver alderen til barna, slik at det nærer sunn vokster. Steineroppseding (Waldorf Education) er ved dette basert på Steinerutsyn over menneskeleg utvikling som dekker behova til det veksande barnet. Lærarane spør seg blant anna: "Korleis kan vi hjelpe elevane å finne meining i livet?" Som hjelp blir fag presenterte på biletlege og dynamiske måtar som skal gagne frydefull, livslang læring. Steinerskolelærarar går inn for å gjere utdanning til ein kunst som utdannar heile barnet – hjartet, hendene, og hovudet, som ein seier. Det er slike hovudutsyn Steinerpedagogikken kviler på.

Praksis for "hovud, hjarte, hender (og andre lemmar)"

Når ein så har forma seg ei tredeling som denne, legg ein den kanskje noko til side og seier at alle dei tre sjelekreftene – vilje, etteraping; kjensle og bilde; og mindre konkret tenking – blir egga gjennom heile skolegangen, men med ulik vekt på dei forskjellige delane. Nøkkelen til å vekke fagleg interesse finst i engasjerande skildringar og forteljingar av læraren, slik at eit stoff blir aktualisert. Så blir det lagt på eleven å arbeide med slikt tilfang i sjølvlaga, kunstnarleg forma lærebøker. Elevane tar notat mens læraren snakkar om eit bestemt emne, og set sidan saman sin eigen tekst og legg til eigne illustrasjonar. Det gjerast slik for å få barna djupt involverte.

Ein målar, modellerer, dansar og skriv i tilknyting til den faglege formidlinga. Slik blir fleire gode sjelekrefter tatt i bruk, og "heile mennesket" går på skole. Å komme nær tilfanget, læraren og medelevane blir opplevd som minneverdig av mange. Steinerpedagogikken har også sitt eige rørslefag, eurytmi, der ein "dansar og viftar med slør så stemningsfullt ein greier", i noko som utvendig sett kan minne ein del om klassisk ballett. [Wikipedia, "Eurytmi"] [48]

Også handverksfag og ymse praktiske verksemder har ein brei plass. Alle elevar deltek gjennom skoletida i oppføringar av teaterstykke og operaer, konsertar, årstidsfeiringar, marknadar og meir.

Eit viktig verkemiddel gjennom heile skoletida er periodeundervisning i ei lang rekke fag som historie, naturfag, morsmål, matematikk osv. Gjennom 2-5 veker med daglege dobbelttimar får elevar tid til fordjuping, ettertanke og elting av emna. Erfaringa er at dette etterlèt sterkare interesse enn tradisjonell undervisning, skriv Bøhn. I den grad det stemmer, kjem det venteleg godt med til seinare, for mange ungdomsstegelevar, gymnasiastar og studentar har problem med å finne interesse. [49]

Alle Steinergrunnskolane her til lands har sameleis ◦læreplanar. Den generelle delen er offentleg godkjent. Alle Steinerskolane i Noreg er organiserte i ◦Steinerskoleforbundet, som har gitt ut tidsskriftet ◦Steinerskolen sidan 1938.

Her i landet finst desse Steinerbarnehagane i 2010: [◦Meir] Det finst elles 995 Steinerskolar i seksti land i dag (juni 2010), og kanskje 50 % fleire Steinerbarnehagar (i 2001 var det 1400 av dei).

Sjølvkritikk

Har Steinerskolar blitt kritiserte?

"Heilt sidan Steiners dagar har antroposofien og Steinerskolane vekt folk til kritisk debatt . . . Og godt er det", skriv Arve Mathisen. Han legg til at mykje av kritikken ikkje har gått på pedagogikken eller undervisningspraksisen så mykje som på motiva bak skolen, motiv som det blir skumla om er mistenkelege. Men Mathisen drar også fram at den raske veksten til Steinerskolerørsla gjennom fleire tiår har ført til mangel på kvalifiserte lærarar, iallfall i Tyskland. Ifølge den tyske historikaren Christoph Lindenberg har fleire Steinerskolar der streve med stabilitetsproblem med bl.a. stor gjennomgang av lærarar i tillegg til vanskar med å finne heilt eigna faglærarar. Han reiser også spørsmål om i kva grad lærarkollegiet – med somme nye lærarar – er skikka til det vide samarbeidet som er tiltrengt for å drive skolen bra, og slår til orde for omreisande, erfarne steinerskolerådgivarar som eit nyttig hjelperåd. Gleda og tilpassinga til Steinerskolar skil seg dessutan frå skole til skole, fortel Christoph Lindenberg vidare. Han har undersøkt Steinerskolar i heimlandet til rørsla: Tyskland. Nokre av skolane har neppe nådd dei kunstnarlege måla sine, er mellom inntrykka hans. Dette er altså forhold som blir ◦vedkjente innanfrå rørsla i ein norsk artikkel frå 1993, som det vel er verdt å lese.

Steiners syn på det vesle barnet

Steiner held fram at vi får sjå utvikling som ein flytande prosess som ikkje treng inngrep stadig vekk. Barn treng snarare å få oppmuntring til å syne sine ibuande gåver, givnadar og evner gjennom oppfostringa så dei kan realisere sine sanne potensial.

Spedbarnet, seier Steiner, startar livet i ein draumaktig tilstand. Det ho oppfattar som del av ei ytre verd, søv meir eller mindre. I dei tre første åra kjem bevisstheit og kjensler til syne smått om senn. Steiner refererer til denne gradvise prosessen som å "komme inn i kroppen", det vil seie inn i livet på jorda.

Steiner meinte at for å lykkast i å fullbyrde potensialet sitt, bør spedbarnet få lov til å "vakne" i sitt eige tempo, utan innblanding frå "unaturlege" kjelder. Dette er ikkje å forstå som at du skal sitte stille og ikkje gjere noko for å stimulere utviklinga til barnet ditt, men snarare at du bør gjere deg kjent med dei naturlege utviklingsstadia til spedbarn, og gi barnet ditt høveleg miljø og stimulering for å la naturleg utvikling finne stad. [50]

Så kva skal du gjere heilt praktisk? spør Esther Wolfson, og fortel i detaljar korleis især foreldre kan forsyne barnet med gagnleg stimulering av syn, høyrsel, følesans, så det med tida går vidare på dette grunnlaget og tar til å utforske miljøet sjølv. Så gjeld det å velje leiker med omhug og gjere heimen barnesikker om den ikkje alt er det. Bildebøker i tjukk papp går jamt bra, og gode ballar også. Kunsten er å velje leiker som hjelper barnet å lære i omgivnadane og som ikkje hindrar og hemmar utan god nok grunn. For å nytte Steiners tankar til heimebruk, høyrer det også med å klargjere kva for ting som ikkje høver, enda om dei kan vere "merkantile småsuksessar" som fabrikantar tener pengar på, men som går under overskrifta "unaturlege påverknadar og greier". Wolfson gir ei lita liste over slike også, for den som er interessert. [51]

Frå fødselen lærer barnet å stå, å snakke, og å tenke. Å bli i stand til å stå oppreist, til å snakke, og å tenke er betydelege livsprestasjonar. Barnet klarer slikt utan formell opplæring, og etterliknar alt i miljøet ganske ukritisk: rørsler, lydar, språk, og tar også til seg haldningar og verdiar hos foreldre og andre barn omkring seg.

Barnepassar av høg kvalitet kan vere å få, men ingen betalt barnepassar kan utvikle same samband med barnet som forelderen, heiter det også. Det beste er gjerne hos mor og far. I den formative perioden mellom 0 og 6-7 år står det heilt sentralt for barnet å etterlikne førebilde, heiter det frå grunnsynet bakom. Er ho eller han som er der for barnet mest for pengar, det beste? Det får ein jamt fundere over i dette sosialistisk styrte landet.

Rudolf Steiner sa at dei første tre åra burde barnet helst vekse opp heime i familien og bli tatt hand om her. Dette går ikkje alltid fram frå det som Steinerbarnehagar lanserer seg med. Men av omsyn til barnet og behovet det har for å komme seg "inn i livet" og utfalde seg i sitt eige tempo, skulle dei minste få vakne i eigen fart, og dessutan utan innblanding frå "unaturlege" kjelder. Steinar kjende sterkt for at ein forelder er den som best tar hand om barnet dei første tre åra. Eg kan føye til: "Fire år er også fint." I dag er likevel mange mødrer – av økonomiske grunnar og karriereomsyn – under press for å gå tilbake til jobben så snart som mogeleg etter fødselen, i somme land så tidleg som etter seks veker. Men å vente tre år med å komme tilbake til arbeid kan vere upraktisk for somme, skriv Esther Wolfson vidare. [52]

I den tidlege barndommen arbeider ein først av alt med å skape eit varmt, vakkert og kjærleg heimleg miljø for det vesle barnet. I eit slikt vernande, trygt miljø skal ting skje på vanleg måte som kan føreseiast. Men sidan storfamilien har blitt kaputt og kjernefamilien blir hardare pressa etter kvart som forholda blir meir og meir utmergande, menneskeleg tala, og ikkje alle foreldre er like greie, kjem gode barnehagar inn i bildet – så også i Steinerrørsla. Ein barnehage er altså – ideelt sett – ikkje betre enn å vere nest beste valet, etter Steiner.

Steinerbarnehagar

I Steinerbarnehagen vil dei kultivere den naturlege haldninga som barnet har, om at verda skal vere interessant og ein god stad å leve i for dei, ein stad som vel er verdt massiv tru og tillit og grunnleggande respekt. Det er det ideelle.

Ein legg vekt på læring gjennom praktiske aktivitetar. Ein "nedmuntrar" (oppmuntrar ikkje) at barnehagebarn (og barn i lågare skoleklasser) skal bli eksponerte for media som TV, PC-ar og "hermetisk musikk", fordi ein trur at slikt er skadeleg for barn si tidlege utvikling.

Frå livet i ein britisk Steinerbarnehage. I Steinerskolen i Brighton har dei også barnehagedel. Der er det lagt vekt på leik, utvikling av fantasien, og enkle sosiale dugleikar. Gjestar har oppdaga ein heimekoseleg atmosfære – mjuke møblar, leiker av tre, og handlaga dokker – og at barna går opp i aktivitetane sine. Dei blir slett ikkje utsette for nokon laus "underhald dykk sjølve" tilnærming i langdrag; dagsrytmen femner over så som baking, sying og hagearbeid, ei forteljing eller handdokkeførestilling, og sunne godteri som dei små har vore med på å lage. Såkalla junk food, skrotmat, er bannlyst, og kraftig tilverka ferdigmat, sidan ein går inn for å gi dei små naturleg næring og naturlikt miljø. Junk food og behandla, pakka mat er heilt utestengt frå barnehagen og skolen, der målet er at dei små skal trivast og ein gagnar utvikling i retning av balanserte vaksne med stunder. Foreldre blir sterkt oppmoda til å avgrense tida barna bruker framfor TV og på dataspel, Dei fleste familiane vel å forby slikt heilt gjennom veka. [53]

I Steinerbarnehagar vil dei "ta individualiteten til barnet på alvor", og la barnet gjere seg kjent med vakre omgivnadar i den grad det er råd, helst estetisk gjennomtenkte i og nær barnehagen også. Turar i skog og mark kan hjelpe fram naturkjensle og forhold til bra natur. Ved å dele inn dagen i høvelege dosar med sans for rytmar, kan Steinerbarnehagen gagne attkjenning og tryggleik. Barnehagepedagogar skal hjelpe fram sansen for det gode og meiningsfull verksemd. Ein former helst enkle leiker av naturnære materialar som tre, for å stimulere fantasien litegrann. Barna får leike konsentrert og utan å bli mykje forstyrra. Dei får gode sanseopplevingar ved å lage mat på økologisk maner, ved enkelt handverk, og feiring av årstider. Steiner hadde sans for slike skikkar. Barna får leve med i munnlege forteljingar som også femner over lette folkeeventyr, songar, rim, regler, sans, eurytmi og ringleik, heiter det. Dette til saman skal gi dei små ei god plattform for vidare omgang med verda med tida. Ein bygg interesse og initiativ for det. Slik kan det gå føre seg i grove drag, skriv Steinerbarnehageforbundet i Noreg. [54]

Steinerskolar

I dei lågare klassetrinna i grunnskolen blir kultiveringa av småbarnet leidd vidare med bruk av ymse kunstnarlege element, som rytme, rørsle, farge, form, resitasjon, song, musikk. Desse blir nytta som middel til å lære å forstå meir av verda og føre seg i den. Det gjeld å bygge ein viss grad av forståing i ulike fag ut frå kva som er vakkert i verda i vid forstand.

I dei øvre klassestega i grunnskolen og i vidaregåande skole, blir ein tatt vidare til å kultivere evner til å observere, reflektere og eksperimentere vitskapleg skolert i hovudtrekk. Det rette fokuset er å bygge opp forståing av kva som er sant, basert på personleg erfaring, tenking og dømmekraft.

Målet med Steinerutdanning er at studentane får modningshjelp til å velje og i best mogeleg fridom realisere den individuelle vegen sin gjennom vaksenlivet.

Stadig fleire Steinerskolar blir støtta med offentlege middel i ulike land. Slik kan mellom anna Steinerorientert utdanning bli tilgjengeleg for mange, ved å bli uavhengig av sosioøkonomisk status til foreldra.

Det gir kanskje optimale resultat å nære og styrke fine anlegg i dei som veks opp så dei kan fullbyrde seg nokolunde balansert og i eige tempo. Men sidan unntak også finst, kan det høve å peike på at trong til å drepe andre også kan bli nyttig og bringe heider og ære – ikkje berre skam. Det avgjerande er kven og kva ein drep, på kva måtar, og kor velsett det kan vere; slaktaren er ingen kriminell, og den yrkesmilitære får høge postar. Livskunst kan vere så mangt, og inneber ikkje berre kultivering av "snille" eigenskapar. Det skulle vere bra klart. Og det er også slik at det er langt frå berre karakterar som gir mål på slikt, men her er resultat frå to undersøkingar:

Betre karakterar i Tyskland. Ein kjenner treet på fruktene, heiter det. På 1990-talet kom det fram at dei som gjekk ut tyske Steinerskolar, hadde tydeleg betre eksamenskarakterar enn dei som gjekk ut offentlege tyske skolar, enda om Steinerskolane ikkje legg mykje vekt å trening i å lese og skrive dei første par åra. Dei som vil, blir neppe hindra stort, iallfall ideelt sett. [Wikipedia, "Waldorf education." Its "Studies section.]

Større akademisk suksess i Australia også. Ein australsk studie som samanlikna faglege prestasjonar hos universitetsstudentar synte at dei som hadde gått på Steinerskolar viste seg å vere signifikant betre enn jamaldringar frå ikkje-steinerskolar i både humanistiske fag og realfag. [Wikipedia, "Waldorf Schools"]

OPP

Biodynamisk hagebruk og landbruk

Bioorganisk og biodynamisk

I biodynamisk dyrking nyttar dei særlege "futtpreparat" for å betre jordsmonnet. Motstandarar hevdar at slike preparat og fleire andre sider ved biodynamisk dyrkingsmåte er utan verdi, og at ein kan få like gode resultat ved organisk dyrkingsmåte, som til dels har sprunge ut av biodynamisk.

Kva skil biodynamisk og organisk dyrking? Også organisk landbruk bygg på ideane om fruktbart jordsmonn, biomangfald, og at ein stoppar å bruke giftige, syntetiske pesticid syntetisk gjødsel. Begge dyrkingsmåtane er økovennlege, som nok vil seie dei ikkje fører krig mot jorda for profitt. I staden ser dei på jordbotnen som ein levande organisme det gjeld å nære og bygge opp og stelle godt for å få fram høgverdig, tenleg grøde. Dei to nærståande dyrkingsmåtane justerast dessutan til naturrytmar av ulike slag, så som månefasane. Kompostering er viktig for dei fleste organiske gardane, og tiltrengt for biodynamiske. [55, 56]

Biodynamisk jordbruk og hagebruk er økologiske og vil ikkje utbytte miljøet fordi dei viser respekt for skaparverket under eitt. Målet for Steiner var næringsrik og livskraftig mat som ikkje var åndeleg utarma av dårleg, utbytt humus. Slike dyrkingsmåtar kviler især på åtte føredrag Steiner heldt i Schloss Koberwitz i Silesia, Tyskland, i 1924. Han var ikkje tilhengar av kunstgjødsel og meinte at det kunne gjere jorda mineralsk og defekt og leidde til svakare plantar – som fekk menneska til å "bleikne og veikne", rett forstått. Pesticid var han heller ikkje for.

Steiner sanna at levande mold, humus, skilde seg frå daudt stoff, som ørkenaktig sandete jord. Det finst blant anna fleire bakteriar i mold enn i sand, og bakteriane bryt ned mineral så plantar kan gjere seg nytta av dei i større grad, og dermed trivast betre og gi betre avlingar – vonleg. Ein del av forklaringa finst nok i dette. Steiner fann fram til at garden skulle vere eit sjølvbergande system som preparata skulle nære; då verka det best. Fullstendig sjølvberging er ikkje så lett, heiter det i utlandet. I organisk landbruk treng ikkje garden nødvendigvis vere sjølvbergande. [57]

Organisk dyrking vinn fram og tar marknadsdelar i mange land, man har også sine bølgedalar. Det kan du gjere noko med: Prøv sunne og velsmakande organiske og biodynamiske produkt og smak – støtt gladare dyr slik også. Som Maria Rodale har formulert det: "Om du gjer berre éin ting for å endre verda, så "bli organisk", go organic. (i Organic manifesto).

Jordsmonnet blir betre, og ein kan få meir avling

Eg har lenge vore tilhengar av bioorganisk hagebruk, og biodynamisk grøde har eg hatt glede av også. Eg skal dessutan innrømme at eg held meg open for vitskapleg forsking og resultat av slikt. "Den som forskar, får sjå – kanskje."

Ein fin studie frå Sveits syner at jordsmonnet blir tydeleg betre ved biodynamisk dyrking enn ved vanleg dyrking. Det same gjeld for organisk dyrking: også den gir betre jordsmonn enn vanleg dyrking. Ulike studiar av avlingar gir sprikande resultat, men her er ein kortversjon av den eg festar mest lit til så langt:

Ein studie som gjekk over 21 år blei gjort av eit forskingsinstitutt for organisk landbruk i Sveits, Forschungsinstitut für biologischen Landbau (FiBL). Det som blei samanlikna var den agronomiske og økologiske "leveringa" (ytinga) til biodynamisk, organisk og to konvensjonelle system. Studien synte, kort sagt, at ein fekk meir grøde for arbeidet og utlegga ved biodynamisk og organisk dyrking enn ved konvensjonell dyrking. Ein brukte 20-56 % mindre energi og 97-100 % mindre pesticid. Jordsmonnet viste seg å vere best ved biodynamisk dyrkingsmåte på ei rekke sentrale felt, så som danning av mold, syre-base-verdiar, og kalsiuminnhald i jorda. Organisk dyrkingsmåte var nest best, og konvensjonell dyrkingsmåte med kunstgjødsel og pesticid, var dårlegast. Ein fann det blei meir av forskjellige mikroorganismar i jorda ved biodynamisk og organiske system, og det kan forklare det blei meir grøde og vinst i alt ved slike dyrkingsmåtar. [Wikipedia, "Biodynamic agriculture"]

Spesielle preparat – homøopatiske også

Biodynamiske preparat blir brukt for å betre forholda.

Det finst vel sider ved biodynamisk jordbruk som kan innby til fant – så som læra etter Steiner om "kuhorngjødsel" – eitt av gjødselpreparata som blir nytta, blir "brygga" i kuhorn. Slik lagar ein det:

Horngjødsel: Ei moldblanding som blir til ved å stappe kugjødsel inn i hornet til ei ku og grave det ned i jorda 40-60 cm under overflata om hausten, og la det rotne og brytast ned gjennom vinteren.

Ein rører innhaldet av eit kuhorn i 40-60 liter vatn i ein time, og skifter røreretning annakvart minutt. Om lag fire horn blir nytta for kvart hektar jordsmonn.

Dette preparatet blir kalla nr. 500. Eit anna kuhornpreparat, nr 501, inneheld pulverisert kvarts, som blir tilverka og spreidd på markene på same måten for å forbetre jorda.

Steiner føreskreiv åtte tillatne preparat i stor detalj: to av dei for å førebu grunnen, og seks for å lage kompost. Desse seks vekstpreparata nytter fem blomsterslag som blir stappa inn i storfe-tarmar, og eikebark. Det finst dessutan homøopatiske preparat som blir nytta. Ved hjelp av desse åtte "medisinane" har dei som driv biodynamisk, håp om å lege jorda si så den blir sunn og ferm. [Wikipedia, "Biodynamic agriculture"]

Sluttord

Kva må ein gjere for å halde seg trygg og heil og fremme integritet? Freist å trekke deg vekk frå det som kan skade deg, eller stå imot med forstand for integriteten sin del. Det er godt å handle slik, i motsetning til å bli bunden, blokkert og slukt av berre doseringar.

Om du greier slikt, kan du forme eitkvart og elles gå inn for slikt som gir forsvarleg suksess etter til dømes "Mange bekkar små . . ."

Innhald


Rudolf Steiner, Steinerskole, biodynamisk dyrking og antroposofi, Litteratur  

44. Steiner, Rudolf. Barnets opdragelse fra okkultismens synspunkt. Kristiania: Bryde, 1911, og seinare utgåver på Antropos forlag.

45. Global Oneness. Rudolf Steiner – Waldorf education.
http://www.experiencefestival.com/a/Rudolf_Steiner_-_Waldorf_education/id/1869619

46. Steiner, Rudolf. Christianity and a Mystical Fact: Introduction. The Rudolf Steiner Archive.
wn.rsarchive.org/Books/GA008/English/RPC1961/GA008_sketch.html

47. Svein Bøhn. "Steinerskolen." Artikkel i Store Norske Leksikon, 2009.

48. Svein Bøhn, Liv Laga.
www.steinerskolen.no/admin/filestore/Nyhetsbilder/Livlaga_1side.pdf

49. Svein Bøhn. "Steinerskolen." Artikkel i Store Norske Leksikon, 2009.

50. Wolfson, Esther Boylan. That which Is Asleep Will Awaken: Rudolph Steiner On Babies. Whole Family Parent Center.
www.wholefamily.com/aboutyourkids/baby_care_3.html

51. Ibid.

52. ibid.

53. James, Sarah. The Steiner Recipe for Success. Daily Telegraph, 2004.
www.telegraph.co.uk/education/expateducation/4193930/The-Steiner-recipe-for-success.html

54. Steinerbarnehageforbundet. Steinerbarnehagene – der barn får være barn-. 25.11.2009.
forbundet.wordpress.com/2009/11/25/steinerbarnehagene-%E2%80%93-der-barn-far-v%C3%A6re-barn/#more-387

55. Global Oneness. Biodynamic agriculture
www.experiencefestival.com/a/Biodynamic_agriculture/id/1932693

56. Zonis, Stephanie. Organic vs. Biodynamic Agriculture: Organic Matter: February 2006 The Nibble Magazine.
www.thenibble.com/reviews/nutri/matter/2006-02.asp#debut

57. Ibid.

Rudolf Steiner, Steinerskole, biodynamisk dyrking og antroposofi, opp Seksjon Sett Neste

Rudolf Steiner, Steinerskole, biodynamisk dyrking og antroposofi BRUKARGAID: [Lenke]
© 2010–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [Email]  ᴥ  Disclaimer:  [Lenke]