Norsk del, Gullvekta
Rudolf Steiner: Praktisk utdanning av tenkinga
Seksjon › 15 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Rudolf Steiner: Praktisk utdanning av tenkinga

Om verket: Tilfanget her er omsett vidare frå Praktisk utdannelse av tænkningen (Kristiana: Vidars Forlag, 1924). Det er eit hefte med klare framlegg for å betre hugs, tenkevaner og evna til å fokusere godt. Steiner heldt føredraget i Karlsruhe, 18 januar 1909. Det har nummeret 108 i dei samla Steinerutgivingane (Gesamtausgaben), altså GA 108.

Jamføringar: Verket heiter Practical Training In Thought på engelsk. To utgåver finst på nettet hos Rudolf Steiner Archives. Dei stammar frå Steiners tyske føredrag, Praktische Ausbildung des Denkens.

STEINER:

Steiner Ein vil kanskje finne det rart at nettopp antroposofien kjenner seg kalla til å tale om praktisk utdanning av tenkinga. For blant utanforståande møter ein svært ofte den meininga at antroposofien er heilt igjennom upraktisk og ikkje har noko med livet å gjere. Eit slik syn kan berre stå ved lag så lenge ein ser på saka på eit reint ytre og overflatisk måte. I røynda vil antroposofien gi noko som har meining for dagleglivet, noko som kvart augeblink kan omsette seg i kjensle eller ansing, noko som kan gjere det mogeleg å røre seg fast og sikkert gjennom livet. {3]

Såkalla praktiske folk meiner å handle etter dei mest praktiske grunnsetningane. Men ved nærare gransking viser det seg at det dei kallar "praktisk tenking" berre er framhald av allereie tileigna tankevanar. Dersom ein ser ganske objektivt på tenkinga til slike praktiske røynde, og prøver det dei kallar tenkepraksis, så finn ein at det som oftast ikkje finst stort av verkeleg praksis, røynleggjering, i det, og at den såkalla praksisen berre er noko lært. Korleis har læremeisteren tenkt? Korleis har han tenkt, den personen som har frambringa det eine eller det andre, og korleis kan ein rette seg etter det? Slike spørsmål er avgjerande. Og tenker ein annleis, blir ein sett på [4} som upraktisk. For då rører ein seg jo utanfor det tillærte og tilvante.

Men då ei verkeleg praktisk oppfinning blei gjort, viste det seg at den slett ikkje stamma frå nokon praktisk røynsle. Sjå f.eks. notidas frimerke. Ein skulle jo tru at det måtte vere oppfunne av ein med praktisk røynsle i postvesenet. Men slik er det ikkje. I starten av førre hundreår var det enno ei svært omstendeleg sak å sende eit brev. Ein måtte gå til den staden der breva blei mottatt. Her måtte det bli slått opp i ymse bøker, og mange reglar måtte overhaldast. Ein slik einingsporto som vi no er vant til, har vi berre hatt i rundt. seksti år. Og frimerket som gjer den mogeleg, er ikkje oppfunne av eit praktisk postmenneske, men av ei rand som stod postvesenet svært fjern, englendaren Hill. Og då oppfinninga var gjort, kom den ministeren som administrerte postvesenet, i det engelske parlamentet med fråsegner som desse: for det første er det ikkje sannsynleg at denne forenklinga vil auke posttrafikken så sterkt som den upraktiske Hill utmalar det, og for det andre vil posthuset i London bli mykje for lite for trafikken dersom Hill verkeleg har rett.

Det fall ikkje denne store praktikaren inn at postbygningane må rette seg etter trafikken, og ikkje trafikken etter posthuset. Men det som den gongen blei sett igjennom av eit "upraktisk" menneske tross "praktikarens" motstand, det viste seg i løpet av svært kort tid å vere verkeleg praktisk. No er frimerket ein sjølvsagt ting.

Likeins er det med jernbana. Då den første jernbana skulle byggast i Tyskland frå Nürnberg til Fürth i 1837, henta ein inn ei sakkunnig fråsegn frå det bayerske Medisinalkollegiet. Ho gjekk ut på [5} at det ikkje var å rå til å bygge jernbaner. Men om ein likevel bestemte seg for å bygge dei, måtte ein iallfall reise høge gjerde på begge sider av jernbanelinja for at folk som gjekk forbi, ikkje skulle få nerve- eller hjerneristingar.

Då banelinja Potsdam-Berlin skulle byggast, sa generalpostmeister Stengler: "Eg lar dagleg to postvogner køyre til Potsdam, og dei er ikkje heilt fyllte. Når folk absolutt vil kaste pengane sine ut av vindauget, så får dei jo gjere det."

Livet og livets kjensgjerningar går sin gang over hovuda dei som trur dei er praktikarar. Ein lyt skilje sann tenking ifrå den såkalla tenkepraksisen som støtt dømmer berre etter tillærte tankevanar.

Ei lita erfaring som eg sjølv ein gong har gjort, kan eg ta med som innleiing til det vi skal sjå på i dag: Under studietida mi kom ein gong ein ung kollega til meg, full av den gleda som ein kan merke hos folk når dei har fått ein fiffig ide. Han sa:

"Eg må no gå like til professor X (som underviste i maskinbygging ved høgskulen). For eg har gjort ei storarta oppfinning. Eg har funne ut korleis ein ved ved å nytte ei ganske lita mengd dampkraft kan oppnå at prestere eit uhyre arbeidsmengd."

Meir kunne han ikkje seie meg. Han hadde det svært travelt for å komme til professoren. Men han trefte ikkje professoren heime, og vende tilbake til meg. Eg fekk no heile saka forklart. Eg syntest allereie frå først av at det heile lukta litt av "perpetuum mobile", men korfor skulle ikkje ein slik ein bli mogeleg ein gong? Då kollegaen min hadde forklart meg alt, måtte eg likevel seie: "Ja, saka er ganske skarpsindig uttenkt. Men vurderer ein tingen praktisk, må ein seie: Det heile [6} er som om ein mann ville sette seg i ei jernbanevogn, sku på ho av all kraft, og tru at vogna rørte seg. Slik er tankeprinsippet for oppfinninga di."

Mannen innsåg at eg hadde rett, og gjekk ikkje til professoren.

Slik kan ein likefram kapsle seg inn i tenkinga si. I spesielle tilfelle trer denne innkapslinga tydeleg fram. Men den er vanleg utbreidd blant menneska utan å tre så tydeleg fram som i dømet vårt. Greier ein å sjå på menneska på ein meir intim måte, så forstår ein at mange menneskelege tankeprosessar går slik. Ein ser korleis menneska så å seie stadig står inni vogna og skyv den i den trua at det er dei som skyv vogna framover. Mykje av det som hender i livet, ville verke annleis om menneska ikkje var slike vognskyvarar.

Verkeleg praktisk tenking føreset at ein utviklar det rette sinnelaget, den rette kjensla for tenkinga si. Korleis oppnår ein den rette haldninga til tankane sine? Ingen kan gi tenkinga si det rette kjenslegrunnlaget dersom han trur at tenkinga er noko som berre går for seg innanfor mennesket sjølv, i hovudet eller sjela. Denne trua vil gjere at ei falsk kjensle stadig får ein ifrå å søke den rette tankeverksemda. Ein kjem aldri til å stille dei nødvendige krava til tenkinga si. Vil ein utvikle den rette kjensla overfor tenkinga si, må ein seie: Når eg kan gjere meg tankar om tinga, når eg kan grunne ut noko om tinga ved tenking, så må tankane allereie frå først av vere i tinga. Tinga må vere bygt etter tankar. Berre under den føresetnaden kan eg hente tankar fram av tinga. [Korrektiv: Tankar kjem fram innefrå, og somme tankar bringar også fram godt som ikkje fanst i verda før, osv.]

Ein lyt førestille seg at med tinga der ute [7} i verda er det som med eit ur. Det er svært vanleg å samanlikne den menneskelege organismen med eit ur. Men ein gløymer som regel det viktigaste, nemleg at det finst ein urmakar som har laga uret. Ein må vere klar over at hjula ikkje har føydd seg saman sjølve slik at uret går. Urmakaren må ein ikkje gløyme. Ved tankar er uret frambringa. Tankar har så å seie flote inn i uret, i tingen. Også alt det som er naturprodukt eller naturprosessar, må ein førestille seg på same måten. Står ein overfor eit menneskeleg produkt, er det ikkje så vanskeleg å førestille seg at det er ein verkeleggjort tanke, men overfor naturen og frambringingane i den, merkar ein ikkje dette så lett. Og likevel beror også naturprosessane på åndeleg verksemd, og bak den er åndelege vesen.

Og når mennesket tenker over tinga, så tenker det berre over det som frå først av er lagt inn i dei. Trua på at verda er blitt frambringa av tenking og framleis blir frambrakt slik - først denne trua gjer den indre tenkepraksisen fruktbar. Det er alltid vantrua overfor det åndelege i verda som frambringar den verste upraktiske tenkinga, til og med på det vitskaplege feltet. Når f.eks. somme seier: Planetsystemet vårt er oppstått på den måten at der først danna seg ein urskodde og den tok til å snurre og konsentrere seg i ein sentral lekam, og at ringar og kuler blei avspalta dernest, han gjer seg skuldig i ein stor tankefeil. Ved eit lekkert eksperiment illustrerer ein i våre dagar våre dette for menneska i skolane: I eit glas vatn dryp ein en drope feitt, stikk ei nål gjennom den og roterer det heile. Då blir det utsondra små droper frå den store dropen, og ein har eit planetsystem i det [8} små. Ein meiner då at ein klart har vist eleven korleis det heile dannar seg reint mekanisk. Berre upraktisk tenking kan forbinde dette lekre forsøket med slike slutningar. For når ein overfører dette på det store verdssystemet, så gløymer ein for det meste noko som det elles kan vere ganske godt å gløyme: ein gløymer seg sjølv. Ein gløymer den personen som frambringar feittkulas rotasjon i vatnet. Dersom denne personen ikkje hadde vore til stades og gjort det heile, ville feittdråpen aldri ha delt seg.

Slike tankefeil spelar ei uhyre stor rolle i våre dagar, spesielt i det som vi kallar vitskapen. Og desse tinga er mykje viktigare enn ein trur til vanleg. Dersom ein vil tale om verkeleg tenkepraksis, må ein vite at tankar berre kan hentast fram frå ei verd som det alt finst tankar i på førehand. [Steiner gir elles rom for bra fantasi, nyskapande verksemd, og stod sjølv bak ny kunst, ny arkitektur, og mykje anna heilt nytt. Nyinnreiing av husvære kan ikkje berre hentast frå naturen, det heller, osb.] Likesom ein berre kan ause vatn av eit glas det finst vatn i, slik kan tankar berre hentast fram av ting der dei på førehand er til stades. [Ein gjer vel om ein har for seg at Steiner taler for innleving i essayet, og ikkje mykje om at ein også gjer seg tankar om somt - slik Steiner faktisk også syner i bok etter bok.] Verda er bygt opp etter tankar, og det er berre derfor ein kan hente tankar fram av den. Dersom dette ikkje var tilfelle, kunne slett ingen tenkepraksis komme i stand. Men når menneska heilt ut kjenner det som er sagt her, då vil det vere lett å føre dei ut over all abstrakt tenking. Når menneska har den fulle trua på at det står tankar bak tinga og at kjensgjerningane i livet skjer i samsvar med tankar, då vil dei lett bli omvendte til ein tenkepraksis som er bygt på røyndom, realitet.

Vi vil no framstille noko av den tenkepraksisen som særleg er viktig for dei som står på antroposofisk grunn. Er ein gjennomtrengt av den idéen at kjensgjerningane si verd renn i tankar, så vil ein [9} innsjå det er bra viktig å utdanne rett tenkemåte.

La oss tenke oss at nokon seier: Eg vil befrukte tenkinga mi slik at den alltid kan finne seg til rette i livet. Han må då halde seg til det som no skal seiast. Det som her skal hevdast, lyt ein oppfatte slik at det faktisk er praktiske grunnsetningar. Dersom ein stadig trakter etter å innrette tenkinga si etter dei, då kjem visse verknadar. Tenkinga blir då praktisk, sjølv om det til ein start kan sjå ut som om det ikkje er slik. Ja, det kjem også ganske andre tenke-erfaringar når ein gjennomfører slike grunnsetningar.

La oss seie at nokon prøver det følgande: Han ser i dag omhyggeleg på noko som hender i den verda som er tilgjengeleg for han, ei hending som han kan observere så nøyaktig som råd, til dømes vêret. Han ser på skyformasjonane, korleis sola har gått ned, osv. Og no innlemer han nøye i seg det bildet som han har observert. Han prøver å halde fast dette bildet ei tid i alle einskilde delar. Han tar opp så mykje som mogeleg av det i seg sjølv, og søker å bevare det til neste dag. Når det så blir kveld att, ser han igjen på vêrforholda, på same tid eller eit anna tidspunkt, og prøver å gjere seg eit nøyaktig sinnbilde av dei.

Når ein på denne måten tar opp i seg eit nøyaktig bilde av tilstandar som kjem etter kvarandre, så vil det bli ovande tydeleg korleis ein gjer tenkinga si rikare innvendig og gjer den intensiv. For det som gjer tenkinga upraktisk, det er at mennesket er altfor tilbøyeleg til å utelate alle dei enkelte delane og sidene ved ei sak og berre behalde vage førestillingar i den rekka av hendingar som følger etter kvarandre i verda. Det verdifulle, det [10} vesentlige som befruktar tenkinga, består nettopp i å danne seg nøyaktige bilde av hendingar som følger etter kvarandre, og seie etterpå: "I går var saka slik, i dag er den slik." Ein må så åskodeleg som mogeleg kunne framstille for sjela dei to bilda som er så ulike i den verkelege verda.

Dette er for så vidt ingenting anna enn eit spesielt uttrykk for tilliten til dei tankane som røynda inneheld. Ein skal ikkje straks dra ulike slags slutningar av observasjonane. Ein skal ikkje slutte ut frå det som er blitt studert i dag, kva for vêr det vil bli i morgon. Ved det ville ein forderve tenkinga si. Ein skal tvert imot ha den trua at det finst ein indre samanheng mellom tinga der ute i verda, og at det som hender i morgon, på ein eller annan måte heng saman med det som hender i dag. Ein skal ikkje spekulere over det, men til ein begynnelse berre frambringe igjen i sitt eige indre dei hendingane som følger etter kvarandre i tid, ved hjelp av så nøyaktige førestillingsbilde som mogeleg. Ein skal la desse bilda stå ved sida av kvarandre og gå over i kvarandre. Dette er ei ganske bestemt tenke-grunnsetning som ein lyt praktisere dersom ein vil utvikle verkeleg sakleg tenking. Det er godt å gjennomføre denne grunnsetninga overfor dei tinga som ein enno ikkje forstår, og der ein enno ikkje har trengt inn i den indre samanhengen. Derfor skal ein nettopp overfor hendingar som ein enno ikkje forstår noko av (f, eks. vêret), ha den trua at det som heng saman der ute, også må føre til ein viss samanheng i oss. Denne trua skal ein knyte til bilda, i det ein held seg frå å tenke over dei.

Ein må seie seg sjølv: Eg kjenner enno ikkje samanhengen, men eg vil la desse tinga falde seg ut i meg. [11} Dei vil då føre til noko i meg, nettopp når eg lar vere å spekulere. Det er jo ikkje vanskeleg å innsjå at deh kan gå føre seg noko i den usynlege delen av mennesket når ein på denne måten, utan at ta tenkinga til hjelp, dannar seg så nøyaktige bilde som mogeleg av hendingar som følger etter kvarandre.

Mennesket har ein sjelekropp eller astralkropp som ber førestillingslivet. Denne astralkroppen er slave av eget så lenge som mennesket spekulerer. Men den tømmer seg ikkje ut i denne bevisste verksemda. Den står også i eit visst forhold til heile kosmos. I same grad som vi held oss frå å nytte vilkårleg tenking og avgrensar oss til berre å danne nøyaktige bilde av det som skjer, verkar tankane som bur i verda, på oss og pregar seg inn i astralkroppen vår utan at vi veit det. Føyer vi oss etter verdas gang i observeringa vår, tar vi opp i oss bilde av den så uforvanska som mogeleg av den i hugen vår i det vi lar dei verke i oss, så blir vi stadig flinkare i den usynlege delen av oss sjølve, den delen som unndrar seg medvettet. Når vi så ein gong er i stand til å la det eine bildet gå over i det andre ved hendingar som står i ein indre samanheng, slik som denne overgangen har gått føre seg ute i naturen, så vil vi etter ei tid sjå at tenkinga vår liksom har fått ei viss smidigskap.

Slik skal vi gå fram overfor ting som vi enno ikkje forstår. Men overfor ting som vi forstår, skal vi forholde oss annleis, f.eks. overfor hendingar i dagleglivet omkring oss.

Det må bli ei frukt av den åndsvitskapelige rørsla at ho set verkelege praktikarar inn i livet. {s. 24]

Innhald


Rudolf Steiner synsmåtar, praktisk utdanning av tenkinga, litteratur  

Rudolf Steiner synsmåtar, praktisk utdanning av tenkinga, opp Seksjon Sett Neste

Rudolf Steiner synsmåtar, praktisk utdanning av tenkinga BRUKARGAID: [Lenke]
© 2010–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [Email]  ᴥ  Disclaimer:  [Lenke]