![]() |
Rudolf Steiner-samlinga: Innleiande synfaring | |||||
| 15 5 15 | ||||||
|
Nokre ord om samlinga
Nokre førsteting avklara. Det finst grunnbøker av Rudolf Steiner på eldre dansk og i dansk-norsk omsetjing, og nokre gamle artiklar og hefte om og av han frå 1920-åra eller seinare. Det står eit døme på språket i ei tjuetalsomsetjing nedafor. Ingen av desse gamle verka er kopiverna lenger, sia det har gått over sytti år sia Steiner døydde. For kopiverna verk gir lovverket høve til å bruke omsetjingar under visse vilkår, som er berre lauseleg definerte: Åndsverklova gir høve til å kopiere "passande" deler av dette tilfanget. Å lagre sitat til eigen, privat bruk går også greitt. Sjå Wikipedias artikkel om "Opphavsrett", framfor alt avsnittet "lånereglane" der. Ein har sitatrett og rett til privatkopiering. Ein har dessutan lov til å gi att fritt (lage parafrasar) utover dette. [Jfr. Wikipedia for "sitatrett" også] Nye omsetjingar. Det kan bli lagt til mange nyomsetjingar av og om Steiner i samlinga etter kvart, men ikkje med det første. Nyomsetjingar som skil seg monneleg i stavemåte, formverk og syntaks frå dansken og dansk-norsken i til dømes gamle dansk-norske bøker, har sin eigen kopirett. Handteringstips. Finn du formuleringar ei omsetjing som du ikkje forstår, kan du prøve å finne ei meining med somt ved til dømes engelske omsetjingar av fleire av desse bøkene, som eg har lagt ut på nettet. Dei omfattar Steiners mest sentrale metodebøker om "klatring opp i idéverda" ved skolering i tankeverksemd først og fremst. Den som vil jamføre med danske og dansk-norske omsetjingar av Steiner, kan prøve å låne bøkene gjennom bibliotektenester som Bibsys og Sambok, for eksempel. Nokre av verka finst dessutan i bokform i yngre omsetjingar eller tilpassingar og justeringar av dei gamle, både på norsk og dansk, tysk og engelsk. Sambok er ei bibliotekteneste som kan hjelpe med noko, men neppe alt. Innhald generelt. Det omsette tankeinnhaldet får stå for Rudolf Steiners rekning. Sjå dei føresette reservasjonane for kvar bidige side. Det står ei lenkje på toppen av sida, og dessutan ansvarsfråskriving i botnen. Meir bakgrunnsinformasjon om Steiner, arbeidsmåten hans, livsverket hans og forholda hans før, under og etter første verdskrig, kunne vel også tenkjast å gagne ein og annan, for Steiner hadde lese mangt, og gir flust med referansar til folk og bøker som kanskje i avgjerande grad er utafor interessefeltet til Amerika-kopierande, på godt og vondt. Framdrifta til prosjektet. Eg legg kanskje ut meir tilfang seinare, dersom det harmonerer med sunn livsnyting: Lin Yutang har vore til mangeårig inspirasjon og hjelp for meg ved somt han har skrive mykje om kunsten å nyte livet rikeleg. Dessutan gir eg A. C. Bhaktivedanta Swami Prabhupada rett i somt, som at Sri Krishna synte oss at det er viktig å verne kyr godt og stige til røynda (verkelegheita), og at mennesket er skapt for å nyte, synge, danse og feste mens ein lever ærleg og moralsk i ein oppvakt kultur-samanheng. Alt slikt får kronast med kultivering av menneskeånda fram til sjølvrealisering. Slikt kan ein lese om her: [Lenkje] Også visse deler av Rudolf Steiners filosofi hjelper til, sia mangt som er skrive frå foredraga hans og hans eigen penn, kan befrukte oss og hjelpe fram sunn, god og framfor all givande utfalding og oppbygging. Teknisk tala. Mindre trykkfeil i dei skanna bøkene har eg retta utan vidare merknader. Befrukta av tankarDet er til dels nyttig å vite korleis ein går fram for å lære godt. (1) Prøv å knyte hovudinnhaldet til eigne erfaringar. (2) Hugs godt eller betre. Somt gagnar minnet, til dømes lojong. (3) Gå vidare derifrå. Det finst gagnlege studiemetodar for slikt, og å kunne stega i tileigning som Benjamin Bloom og medarbeidarar sette fram, skulle også gagne ein del. No kjem ein liten figur som syner korleis ein kan gjere seg behagelig befrukta av gode idear. Det vi lærer her i verda, er stort sett følgje av erfaringar, bearbeidingar av dei, og tankar vi knyter attåt mange av dei. "Det kjem an på om ein knyter dei rette tankene til dei tinga ein ser," seier Rudolf Steiner i Reinkarnation og Karma fra den moderne naturvidenskaps standpunkt, s. 15]. For å hugse framifrå frå innhaldet, skal det hjelpe det å samle seg om nøkkeldata, så som gode frasar med gjevt innhald, såkalla nøkkelord og nøkkelfrasar. [Meir]. Nøkkelord inneheld mykje og relevant meining på kortaste måte, og hjelper gjenkalling best. Dei er ord og vendingar som betyr mykje. [Mum 113-14]. Menneskehugen hugsar neppe heile setninger ut i eitt, men hugsar lettare nøkkelord, sakers kjernar, og bilete. Dei får fram vidare hugseinnhald, som "knaggar" det heng meir på. Av ord vi høyrer, ser, og bruket, kan om lag ti prosent gagne gjenkalling (hugsing), og tener dermed som solide stikkord (nøkkelord). Så sjå for deg frå det du les, samle deg godt om stikkord og nøkkelvendingar. Stikkord kan også bli organiserte gjennom tankekart. Det skal gi enklare oversyn. [Mum 114]
Figuren seier at kjerneord finn vegen til erfaringsvolumet i vårt indre under visse forhold mens vi er mottakelege. Når desse virile kjernane befruktar "erfaringsegg" får vi noko å grunne på, noko som få går gjennom ein inkubasjonsperiode og med tida fram til å sjå dagens lys som ein nyfødd baby fæl å sjå til, kanskje, skrikande og krevjande om ikkje dødfødt og brakt ut på heie for å dø, slik uskikken var før i tida mellom ugifte mødrer. Han er ikkje i stand til å greie seg sjølv – han manglar faktisk hår . . . Så ein skal jamt la vere å forkaste idear som kjem fram under tankemyldring, brainstorming. Ikkje la ideane svelte og fryse i hel "på heia". Det kan vere klokt å ikkje fordømme barnet for utsjånad og visse "skavankar" som ikkje kunne gå, snakke for seg, og prestere så mykje heilt i starten. Med utfalding i trygge rammer tek nurket etter kvart til seg meir og meir kontroll og overtek kanskje etter mor og far heile byen i lag med andre som har vore babyar. Det finst altså lystgivande læringsbefruktning som får setjast inn mot altfor vanleg dressurskolering og akademisk temjing, og tankebabyar gode idear og andre idear i kjølvatnet av farleg gild befrukting, og som fort treng mykje omsorg for å vekse opp så det blir gagn i dei. Informasjonskjernar skal ein søkje ved nøkkelord og sømmelege studiemetodar, og å slappe av med dei høyrer også med. Motsett dette gir eksamenskøyr i puggfokuserte skolar nokså lite læringsutbytte. Eg berre nemner det før jernteppet fell ned. Det gjer godt å vite kva som er hjelpande studering. Her er noko på engelsk om det. EksempelSpråket i mange gamle omsetjingar av Rudolf Steiner til dansk-norsk og endatil eldre dansk ser omtrent ut som eksempelet viser: Ogsaa paa en anden maate hører virkningene av det jeg oplevet igaar, sammen med mig. Jeg er nemlig selv blit forandret ved oplevelsen. La os anta at jeg har gjort et eller andet som bare halvveis er blit det jeg vilde det skulde være. Jeg har tænkt efter hvad det kom av at det tildels blev mislykket. Naar jeg saa senere skal foreta mig no lignende igjen, undgaar jeg at gjøre de samme feil. Altsaa er jeg blit dygtigere. Det jeg har oplevet igaar er paa den maate en grund til at jeg kan mere idag. Min fortid er knyttet sammen med mig; den lever videre i min nutid, og den vil følge mig ind i fremtiden. Ved min fortid har jeg skapt de forhold jeg idag befinder mig i.
Den tredje Zen-patriarkens ord korrektiv til mykje Steiner-lesingIf you ignore its profundity, you can never practice stillness. Like the Great Void, it is Perfect and lacks nothing, nor has any excess. If you discriminate, you will miss its suchness. Cling not to external causes, nor stay in the Void. Differentiation ceases if you can be impartial. Stillness comes when all disturbances are stopped, clinging to stillness is also a mistake. If you cling to opposites, how will you know the One? Grov-omsett: Overser du kor djup den er, kan du aldri praktisere stilla. Som det store Tomrommet (1) er stilla fullkomen og mangler ingen ting. Om du skil, kjem du til å gå glipp av Slikheita (2) inni den. Klamre deg ikkje til ytre årsaker, og bli ikkje verande i Tomrommet. Å gjere forskjell sluttar om du kan vere upartisk. Stille kjem når alle forstyrringar er stansa, men å klamre deg til stille er også eit mistak. Klamrar du deg til motsetnader, korleis kan du erkjenne Einskap? Frå Ha tillit til hugen din
Merknader
- Tormod Kinnes |
|
© 20102011, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-POST]. Ansvarsfråskriving: [LENKJE] |