![]() |
Rudolf Steiner: Korleis vinn ein kjennskap til høgare riker? | |||||
| 15 5 15 | ||||||
|
Rudolf Steiner: Korleis vinn ein kjennskap til høgare riker?
[STEINER: "Den store terskelvaktarar seier:] Du vil engang kunne forenes med meg; men jeg kan ikke være salig så lenge det ennå fins usalige! Som en enkelt befridd kunne du ganske visst allerede nå gå inn i det oversanselige rike. Men da måtte du se ned på de ennå ikke forløste i sanseverdenen.209} Og du ville ha adskilt din skjebne fra denne.- Men dere er alle forbundet med hverandre. Dere måtte alle stige ned i sanseverdenen for å hente krefter derifra til den høyere verden. Hvis du nå ville skille deg fra dem, da ville du misbruke de kreftene som du likevel bare har kunnet utvikle i fellesskap med dem. Hvis de ikke var steget ned, ville du heller ikke ha vært i stand tildet; uten dem ville du ikke ha skaffet deg krefter til din oversanselige tilværelse. Du må dele disse kreftene med dem som du har skaffet deg sammen med. TIL DETTE: Hovudtemaet i det Steiner meiner om to terskelvaktarar ovafor, ser nesten ut som ein avleggar av bodhisattva-løftet som etter kvart kom til i Mahayana-Buddhismen, men som ikkje stammar frå Buddha sjølv i Pali-kanonen iallfall. Det som ser ut som eit fromt løfte om å avhalde seg frå å gå inn i Nirvana til alle andre har gjort det, kan gjere det trongt i døra når alle skal inn på ein gong. I Den tibetanske dødeboka finn ein andre og grellare kroppslege utmålingar av dårleg samvett og skuld når sjela til den døde (og innvigde) kjempar for å justere seg til forholda utan kropp blant andre ånder. Det som er lagt til i læra etter og oppå Buddha, bør ein dra seg vekk frå, for det gir mellom anna ufridom, for eksempel i form av servilitet og underkasting med det for auge å få hemmelege metodar og meir. Buddha seier elles ein stad han berre tok med dei gagnlege, hjelpande tinga av dei han kjente til. Så slikt som han bestemte seg for ikkje å ha med, kan ein droppe, og venteleg med fordel om ikkje i augeblikket, så etter kvart som ein går hovudvegen. Sjå ut i verdsrommet mot aust, sør, vest og nordetter ei stjerneklar natt, og forstå kven som er i sentrum av det du merker. Du sjølv. Det er klokt å rekne deg sjølv som sentrum i universet ditt. når du gagnar deg sjølv, gagnar du universet, sia du er ein del av det. Dess meir du gagnar deg sjølv rett, dess meir kan du gagne heile verda. Skiljet mellom sjølvisk og usjølvisk fungerer somtid fullstendig gale. "Win-win" heiter eit greitt opplegg, i motsetning til det. Somt kan vere til vinst for mange fleire enn ein. For å hjelpe oss i mogelege konfliktar mellom sjølv og andre, har vi nyttige vink frå så ulike hald som den katolske kyrkja og folkevisdommen. Eit amerikansk ord summerer det meste: "Å gjere godt tek til heime, men treng ikkje slutte der (Charity begins in the home, but does not need to end in the home)." (A Dictionary of American Proverbs, s. 92) Hjelper vi oss sjølve kunnig og rett, greier vi oss godt nok til å ha make og hus og får råd til barn. Men gir vi vekk mest alt vi har, så vi ikkje kan kome vidare, blir vi snarare fanga enn frie. Buddha rår oss til å spare og byggje reservar, så vi kan utfalde oss godt nok livet gjennom. Her er Buddha-visdom for slike som skaffar til vege for hushaldet: One portion he uses for his wants, Det gjeld å skaffe ressursar til dei gode, og vakte seg for vonde. Får vonde kontrollen, blir det over og ut for mangt fint. Men der Buddhas hjertevarmande vennlege vink fungerer som tiltenkt, for dei som viser dei er gode nok til å velje Vegen, kan ein gå Vegen livet gjennom utan å krype. Det er opplegget. No er ikkje dette nokon ny vri heller. "Ein bør ikkje vere overivrig og hastig etter å setje ut og hjelpe andre, men ha bestemt seg for å bli Buddha sjølv," summerer Milarepa mykje av det same. Ein ser at Steiner har ei anna meining, men den er altså ikkje vesentleg: Kven har sett rørsle så mykje bra som Buddha, som ikkje venta på alle før han fór? Slikt får ein også kontemplere. [Tm 271] MEIR KAN KOME TIL |
|
© 20102011, Tormod Kinnes [E-POST]. Ansvarsfråskriving: [LENKJE] |