Frå Rudolf Steiners essay "Reinkarnasjon og karma frå den moderne naturvitskapens standpunkt"
Over til nynorskRudolf Steiner: I dei leiande vitskaplege krinsane på 1600-talet blei den italienske naturforskaren Francesco Redi rekna for ein farleg kjettar fordi han påstod at også dei lågaste dyra oppstår ved forplantning. Med nød og neppe slapp han den same martyrlagnaden som Giordano Bruno og Galilei. For dåtida sine rett-truande lærde mente at ormar, insekt, ja sjølv fiskar, kunne oppstå av livlaust slam. Redi påstod ikkje anna enn det som no [1903] er vanleg godtatt - at alt levande stammar frå noko levande. Han gjorde den synda å kjenne ei sanning to hundre år før vitskapen fann "uomstøytelege" prov for den. Etter at Pasteur har gjort undersøkingane sine, kan det ikkje meir rå tvil om at ein berre hadde med ei feiltaking å gjere i dei tilfella der ein tidlegare trudde at det ut av det livlause stoffet oppstod levande vesen ved uravling. Ein la ikkje merke til dei livsspirene som trengde inn i den slags livlaus materie. Ved sikre middel hindra Pasteur slike spirer frå å trenge inn i stoff som det til vanleg oppstår små organismar i - og det danna seg ikkje det minste levande i det. Det levande oppstår altså berre av ei livsspire. Redi hadde heilt rett. I notida står antroposofane i ei liknande {5] stilling som den italienske tenkaren. Dei må på grunn av kjennskapen sin til det sjelelege området, seie det som Redi sa om det levande. Dei må påstå at det sjelelege berre kan oppstå av noko sjeleleg. Og dersom naturvitskapen rører seg vidare i den retninga den har følgt sidan 1600-talet, då vil den tida komme då den sjølv - og ut frå seg sjølv vil halde fram denne synsmåten. For - det må alltid på ny framhevast - den antroposofiske tenkemåten no for tida har nøyaktig same tankeretninga til grunn - som den som ligg til grunn for den naturvitskaplege påstanden om at at insekt, ormar og fiskar ikkje oppstår av slam, men av livsspirer. Antroposofien hevdar nemleg den satsen at "kvar sjel oppstår av noko sjeleleg", og legg i det den same meininga og den same vekta som naturforskaren gjer med sitt "alt levande oppstår av noko levande". Skikkane er annleis no til dags enn på 1600-talet, men tenkemåten som ligg til grunn for skikkane, er ikkje mykje endra. På 1600-talet forfølgde ein kjettarske synsmåtar med middel som no til dags ikkje blir haldne for humane meir. No trugar ein ikkje antroposofane med bålet nettopp; ein nøyer seg med å gjere dei uskadelege ved å erklære dei for svermarar og uklare hovud. Den gjenges vitskapen stemplar dei som dårar. I staden for den tidlegare avrettinga ved inkvisisjonen, er den nye avrettinga, den journalistiske, tredt i kraft. - Antroposofane kan ta dette med {6] ro; dei trøystar seg med bevisstheita om at den tida vil komme då ein av ein eller annan Virchow vil høyre omtrent dette: "Det fanst ei tid - vi er glad den er over - då ein trudde sjela oppstod av seg sjølv når visse innvikla kjemiske og fysikalske hendingar avspegla seg i ein hjerne; men for kvar ein alvorleg forskar no for tida lyt ei slik barnleg førestilling vike for oppfatninga: "Alt sjeleleg oppstår av noko sjeleleg". Og eit kor av "opplyste" journalistar av forskjellige retningar, vil - så sant ein slik journalist ikkje sjølv vil skuldast for å vere barnaktig - då skrive: "Den geniale forskaren X har mandig lyft den opplyste fana til sjelevitskapen og drive vekk ei overtru som enno i året 1903, på grunnlag av ei mekanisk naturoppfatning, kunne feire sanne triumfar på eit naturforskarmøte ved kjemikaren Ladenburg (1) frå Breslau." Men no skal ein ikkje gi seg til den trua at antroposofien ut frå naturvitskapen vil prove sanningane sine. Det som må framhevast, er mykje meir at antroposofien er fylt av den same ånda som den sanne naturvitskapen. Antroposofien søker på det sjelelege livets område etter det som naturforskaren søker etter å oppnå med omsyn til kva han kan sjå med auga og høyre med øyra. Mellom ekte naturforsking og antroposofi kan inga motsetning vare ved. Antroposofen godtgjer at dei lovene han stiller opp på det sjelelege området, gjeld på tilsvarande måte også for dei ytra {7] naturfenomena. Det gjer han fordi han veit at den menneskelege erkjenninga berre då kan erklære seg innfridd, når den innser at det er samklang og ikkje motsetning mellom dei ulike fenomen-områda i tilværet. No for tida har jo dei fleste menneske som i det heile gjer seg umake for å erkjenne sanninga, visse naturvitskaplege innsikter. Slike sanningar kjem så å seie til menneska på gata. Underhaldningsbidrag til avisene avslører både for den danna og for dei udanna lovene om korleis dei fullkomne dyra utviklar seg frå dei ufullkomne og kva for ein djuptgåande slektskap det består mellom mennesket og den mest høgtståande ape, og travle vekebladsskribentar blir ikkje trøytte av å innskjerpe lesarane sine kva dei skal tenke om "ånd" i den "store Darwins (2)" tidsalder. Dei tilføyer svært sjeldan at det i Darwins hovudverk også finst den setninga: "Eg held på at alle dei organiske vesena som nokon gong har levt på jorda, stammar frå ei urform som det blei blåse liv inn i av skaparen". I ein slik tidsalder er det høgst nødvendig igjen og igjen å peike på at antroposofien ikkje tar det så lett som Darwin og tilhengarane hans gjer når det er tale om "innblåsinga til livet" eller om sjela; likevel står ikkje sanningane til den i strid med dei sanne resultata av naturforskinga. Antroposofien vil ikkje nytte naturvitskapen som krykke for å trenge fram til åndslivet sine løyndommar. Den {8] vil berre seie: "Erkjenn lovene til det åndelege livet, og de vil finne desse høge lovene bekrefta også i tilsvarande form dersom de stig ned på det planet som de kan sjå med auga og høyre med øyra". Naturvitskapen står ikkje i strid med antroposofien, for den er sjølv elementær antroposofi. Haeckel (3) har kunna oppnå så vakre resultat i utforskinga av dyrelivet berre fordi han nyttar dei same lovene på det området som sjeleforskarar forlengst bruker på vitskapens område. Om han sjølv ikkje har hatt denne oppfatninga, spelar inga rolle. Han kjenner ikkje til lovene til sjela og veit heller ikkje om dei forskingane ein kan utføre på sjelas område. Verdien av Haeckels forsking blir ikkje mindre, for dei store mennene har sine dydars feil. Vår oppgåve er å vise at der Haeckel er heime, er han ingenting anna enn antroposof. |
Notar
|
Seksjon | Sett |
BRUKARGAID: [Lenke] © 2010–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [Email] ᴥ Disclaimer: [Lenke] |