![]() |
Ordspråk frå Sicilia | ||||||||||||||||||||||
|
Ordspråk frå Sicilia på norsk og engelsk
Ordspråka under stammar frå Sicilia. Somme er gjort stuttare her, og somme er blitt endra, slik det er vist i teksten. Ord i hakeparentes er sett til av meg. Eg synest dei har mange gode råd å gi kvarandre mellom dei andre . . . Korsom er, her er 135 sicilianske ordtak i norsk og engelsk målbunad. - Tormod Kinnes
Adel blir mindre vørd når den manglar rikdom.
Best å ikkje slåss med den som ikkje har noko å tape (Endra).
Betre å ha mange gleder enn mange vanskar (Mykje endra).
Bli ikkje venner med munkar og soldatar.
Både vatn og eld bør ein handsame med respekt.
Dei fattige blir ikkje [mykje] trudd.
Dei som håper på almisser frå prestar, endar opp på galehus.
Dei som ikkje klarer å vise [litt] atterhald som unge, får det elendig som
gamle.
Dei som verkeleg liker deg, kjem nok også heim til deg.
Den danna kjenner ein på snakkemåten, og klokker på korleis dei
kling.
Den som blir fattig, mister vennene sine.
Den som dreg til Palermo utan å sjå Monreale, dreg som ein tulling og kjem
att som ein tosk.
Den som gifter seg blir glad for ein dag; den som slaktar ein gris blir glad for eit
år.
Den som ikkje har i sinne å betale, skriv under allslags kontraktar.
Den som ikkje kan hjelpe, lyttar fåfengt.
Den som ikkje lyttar til fornufta, kan ikkje handle fornuftig.
Den som ikkje nærmar seg med tvil, får ikkje sjå noko av paradis.
Den som kjem seint, blir rekna [mest] som ingenting.
Den som orsakar seg utan å vere skulda, syner han er skuldig.
Den som preiker for døve, kastar vekk preika.
Den som søker ly under grein, får det som regnar og det som fell.
Den som taper æra, vil aldri finne den att.
Den som trur alt han blir fortalt, er like naiv som den som hentar vatn med sil.
Den som vel kone ut frå medgift, får [vel] eit pinefullt liv.
Der det er munkar og prestar, er det hor og denging.
Der du ikkje er kjent, dømmer dei deg etter utsjånaden.
Dess meir du har, dess meir treng du.
Det du har lovt er du bunde av.
Det du ikkje veit når du er tjue, ikkje gjer når du er tretti, ikkje
har når du er førti, kan det hende du verken sannar, gjer, eller har
fullt og heilt. (Endra).
Det meir du veit, dess mindre trur du.
Det trengs fast omsorg for å kurere djup melankoli.
Det trengst fire menn til lage ein god salat: ein gal mann til å blande den, ein
lærd til saltet, ein gniar til ørlite eddik, og ein sløsar til
oljen.
Djevelen ler når dei fattige donerer [gir] til dei rike.
Dra ikkje til legen for alle plagar eller til sakføraren for kvar ei usemje, eller
til kjelda kvar gong du er tørst.
Drikk kaffi mens det er varm nok til å få deg til å sverje, men la
sjokoladen kjølne seg.
Du er aldri for gammal til å lære.
Du kan blir mykje betre av å tenkje på at du skal døy ein gong.
Døra er alltid open for den som ber gåver.
Ei kvinne i trettiåra, kast henne på sjøen.
Ei ærleg kone er ein skatt som varer. (Dels)
Ein får aldri nok av å kysse ein kjæraste eller av å te
sniglar.
Ein får arbeid frå unge og råd frå gamle.
Ein god gammal mann er betre enn ein dårleg ung mann.
Ein kan ikkje denge seg veg til paradis (sjå også øvst).
Ein løyndomsfull person har ugagn i sinne.
Ein mann utan pengar verkar halvt sjuk.
Ein ny leger er ein pest for landet.
Ein overlag rik mann er (kan vere) dyktig.
Ein påliteleg venn er ein uvurderleg skatt.
Ein son som er prest er rikdommen til huset (familien).
Ein stille kvinne er ein god kvinne.
Ein syndar og blir sett på trone, ein annan syndar og blir krossfest.
Ein ubrukeleg vakthund bjeffar, men held seg unna. (Ikkje: Ein ubrukeleg klokkehund
bjeffar men blir fjern.
Ein vakker dag gjer ingen sommar.
Ein veldriven gammal forretning treng neppe å reklamere (Endra).
Elskhug lyttar (neppe) til råd.
Et artisjokk på landet, for på slottet får du due.
Femti år gammal er mannen anten pave eller tosk.
For kvinner er den høgste tilstanden ektestanden.
For å vere trygg [på den sikre sida], planlegg framover.
Fortel ikkje vennen din alt du veit; ha i minne at ein dag kan du ha han til fiende.
Gammal sjukdom er normalt vanskeleg å lækje (Endra).
Geitekillingen lid ikkje lenger når villpæra blomstrar.
Gi ikkje vekk det du treng sjølv.
Gjer ingenting, og ingenting blir kjent, kan vel hende (Endra).
Gjer som du er nøydd til og sjå ikkje (så mykje) på kva
andre tek seg til.
Glade er dei som er vel født, men gladare er dei som får ein god
død.
Gull dreg til seg ei skare folk.
Hald deg innafor kompetansenivået ditt.
Hald tritt med tidene, bli ikkje att i mørke.
Han kan ikkje alt som ikkje kan hjelpe seg sjølv til rette (eller forsyne seg)
(Mod.)
Har ikkje kugjetaren fôr, ender han opp utan oksar og utan brød (Dels).
Haust ikkje gras du ikkje dreg kjensel på.
Helse strøymar ifrå hjertelykka.
Hundar gøyr og oksar beitar
Hundar som gøyr, vernar deg .
I dag til meg, i morgon til deg, vi er alle i det saman.
I grisehovudet er det noko å ta og noko å ikkje ta; i kaninhovudet er det
ingenting å ikkje ta og ingenting å ta.
I smia gjeld det å ikkje røre. (Dels)
I ungdommen treng vi å spare til det alderdommen fører med seg.
Ingen gjer noko for ingenting.
Ingen vil stele det frå deg om dei ikkje veit at du har det.
Juni-bia varslar mykje honning.
Kanskje eit såra hjerte aldri blir friskt igjen (Endra).
Kjærleik utan smerte finn ein ikkje kor som helst.
Kjøp ikkje hus nært kloster og slikt.
Kunnskap kan ikkje måle seg med hell.
Kven som er god sjømann viser seg i storm.
Kyrkja gir aldri vekk noko.
Lag vitneforklaringa og vedgåingane dine mens du eter pølser og
makaroni.
Latin gøymer dumskapen til presten.
Lytt til dei gamle og ta ikkje feil (Endra).
Løgna frå millionæren blir meir trudd enn sanninga frå
tiggaren.
Mang ein heiderleg mann lever i vanskar (Endra)
Med ein god gard, hage og vingard blir alle dine problem kurert.
Nattesøvnen råder mannen.
Når alt går glatt, blir mannen lett bråkjekk.
Når det blir sett, treng ein (lite) prov.
Når du er invitert, et sterkt; for likar dei deg vil dei le, og likar dei deg
ikkje, vil dei kjenne dødskvalar.
Når du har pengar lever du lykkeleg, når du ikkje har, mister du vel nokre venner
(Endra).
Når du har, er du.
Når du ser mange hundar omkring eit bein, er det best å forsvinne
derifrå.
Når du taper venner, går du ned mange steg.
Når ein rikmann kjærteiknar ein fattigmann, vil han utnytte han.
Når nokon bytter matfeitt for anna matfeitt, er truleg noko matfeitt harsk.
Når oliventreet blømer i april, haustar ein olivenar i fat; når det
blømer i juni, blir dei hausta i handfullar.
Om du ikkje vil at nokon skal ta plassen din, så syn aldri at du er skremd.
Ord er for gjennomtenking
Prestar i svart kjem med dårleg nytt; i kvitt tek dei deg til kyrkjegarden.
Rundt og rundt går det, til møllen dør i flammen.
Slå [smi] mens jernet er varmt.
Svolten e beste sausen (Modidifisert).
Søk godleik og vent vondskap.
Så lenge ein ikkje har tiltru, blir ein ikkje snytt.
Ta råd frå dei varsame og du [vil] aldri angre det.
Til hovudverk av ymse slag krevst suppe (Endra).
Trass i ny kjærleik, kan ikkje den gamle kjærleiken gløymast.
Tru berre det halve av det som blir fortalt; dess mindre du trur, dess betre kan det
gå deg. (Endra).
Tru berre litt av de du ser og ingenting som du hører.
Tru det halve av det du hører om rikdom og heilagdom. Trur du enda mindre,
gjer du det betre.
Trygg flokken på fjellbeite.
Under ein epidemi er legar glade.
Urøynde unge menn: Hald dykk vekke frå kvinne; det er de best tent med.
Vedgåingar utan anger og bøner utan føremål kan vere tapt tid
(Mod)
Ver ikkje dum og slått med ærefrykt fordi dumskap fortel mykje, mens banning
ikkje treffer.
Ver på vakt mot motgangen når du nyt velstanden.
Ver sikkert på å svare om kjærleiken bankar på.
Vi er mange elver frå det same vatnet.
Vil du leve til du blir gammal, treng du å starte tidleg.
Våpen kan bli til lita nytta for dei fælt skremde. (Endra)
Å eige jord kan bli som å krige.
Å lite på ein munk er som å prøve fange vind med garn.
Å oppsede barn avlar kjærleik.
Å tene pengar oppmuntrar til flid.
Å vere overvektig er å vere halvt sjuk. BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] © 20052009, Tormod Kinnes. [E-POST] Ansvarsfråskriving: [LENKJE] | ||||||||||||||||||||||