Norsk del, Gullvekta
Eventyr frå Sicilia  ❀ Innleiing
Seksjon › 47 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

BILDE
Normannarrike er grøne.

Frå historia

Den største øya i Middelhavet, kalla Sikiløy i sagaer, har ei lang og brokete historie. I dag er Sicilia ein italiensk region. Korn, oliven og vin har blitt dyrka i store mengder sidan oldtida.

Mellom alle som gjennom nokre tusen år har erobra øya, var normannarar. Dei tok over i åra 1060–90. I 1130 blei Sicilia eit eige normannarkongedømme. I 1946 blei Sicilia ein sjølvstyrande italiensk region.

Frå eventyrhistoria

For rundt hundre år sidan drog den sisilianske legen Giuseppe Pitrè omkring på Sicilia og samla soger, songar, gåter og ordtak - med eit samnamn: folklore. Nokre tiår før han samla Laura Gonzenbach fine eventyr frå Sicilia og fekk dei gitt ut på tysk.

Slik blei det tatt vare på folklore-skattar. I vår tid har eventyr frå Sicilia blitt meir kjende gjennom dei siste omsettingane til engelsk især, der dr. Jack Zipes (1937-) har hatt ein finger med i spelet (sjå boklista). Dr. Zipes har gjennom fleire tiår analysert eventyr og kva funksjonar dei har. Dei speglar tilhøve, tankar og smak i samfunn dei voks fram i. Ved hjelp av smart metaforbruk og tilmed symbol kommenterer dei reelle tilhøve og striden mot framandgjering og utbytting. Barn skaper fæle fantasiar sjølve. Menneskehugen svarer på omverda nokså likt. På Sicilia har bondekoner fortalt om lag same eventyra som dei i andre land, om enn med eigne vriar, fortel han.

Eventyr og andre "fantastiske forteljingar" har vore med og forma kulturell identitet i fleire land. Og somme eventyr fortel om korleis ein vinn seg ein make, overlever godt, og blir velståande, til dømes - dess fleire av desse vinstane, dess betre går det - og somme får visdom blant enda fleire gode gåver. Helten og heltinna i eventyr tener ofte til å syne vegane til somt av det, måtar å handtere vanskar på, og vise respekt for naturen, dyr og andre menneske. Det er ofte slikt eventyr handlar om attom metaforbruken, seier Dr. Zipes vidare. [Kjelde: Eit Zipes-intervju]

Innhald


Sisilianske eventyr, historier frå Sicilia, Sicilianske forteljingar, litteratur  

Crane, Thomas Frederick. Italian Popular Tales. Boston: Houghton, Mifflin and Co., 1885. ⍽▢⍽ Det er over femti sisilianske eventyr blant andre italienske eventyr i boka. Dei fleste sisilianske er lista opp i innhaldsoversynet; der er 9 frå Laura Gonzenbach sitt verk, og 40 samla av Guiseppe Pitrè. I tillegg finst stytta eventyr rundt om i teksten.

Gay, David Elton. Laura Gonzenbach. The Robber with a Witch's Head: More Stories from the Great Treasury of Sicilian Folk and Fairy Tales. Bokomtale frå Feb. 22. Folkloreforum.net, 2008. På nettet.

Gonzenbach, Laura, and Jack Zipes. Beautiful Angiola: The Lost Sicilian Folk and Fairy Tales. New York: Routledge, 2004. ⍽▢⍽ Femti eventyr er med her, men heilt mista var dei aldeles ikkje. "Lost Tales" får ein ta med ei klype salt, i og med at alle Gonzenbach-eventyra finst på tysk hos archive.org som Sicilianische Märchen, og dessutan har Thomas Crane med ni av dei i si bok (ovanfor), og Andrew Lang og medarbeidarane har med fem i tolvbandsserien kalla ◦Andrew Lang's Fairy Books of Many Colors. Dessutan hadde Luisa Rubini og Vincenzo Consolo omsett Gonzenback-verket tilbake til italiensk fire år før Zipes, i 2000, med tittelen Fiabe siciliane. Så sisilanske eventyra var ikkje heilt tapte likevel.

Gonzenbach, Laura, and Jack Zipes. The Robber with a Witch's Head: More Stories from the Great Treasury of Sicilian Folk and Fairy Tales. New York: Routledge, 2004. ⍽▢⍽ Her er resten av eventyra Laura Gonzenbach samla og omsette til tysk, og fekk gitt ut i Tyskland

Gonzenbach, Laura, Luisa Rubini, red., Vincenzo Consolo, reteller. Fiabe siciliane. Roma: Donzelli, 2000. ⍽▢⍽ Her er dei eventyra som Laura Gonzenbach samla og gav ut i på tysk i 1870. Dei er omsette til italiensk. Dr. Rubini Messerli arbeider ved universitetet i Zürich.

Gonzenbach, Laura, Reinhold Köhler, Otto Hartwig. Sicilianische Märchen. Band 1 og 2. Leipzig: W. Engelmann, 1870. ⍽▢⍽ Boka, som er trykt med fraktur-skrift (gotisk skrift), er på nettet (på tysk) hos archive.org.

Haase, Donald, ed. The Greenwood Encyclopedia of Folktales and Fairy Tales. Bamd 2. Westport, CT: Greenwood Press, 2008: Linda J. Lee: "Gonzenbach, Laura (18(1842-1878)", p. 417.

Pitrè, Giuseppe. Fiabe, novelle e racconti popolari siciliani. Band 1-4. Palermo: Luigi Pedone Lauriel, 1875 (og seinare utgåver). ⍽▢⍽ Eventyra og dei andre forteljingane som Pitrè samla og gav ut på heimøya, vekte indignasjon i somme litterære krinsar i starten - men ikkje i alle krinsar der -, og blei seinare godtatt og verdsett. I vår tid har lesekrinsen vakse stort, takk vere dei nyaste omsettingane til engelsk. [1].

Pitrè, Giuseppe. The Collected Sicilian Folk and Fairy Tales of Giuseppe Pitrè. Band 1-2. Oms. Jack Zipes and Joseph Russo. Ill. Carmello Lettere. New York: Routledge, 2009 ⍽▢⍽ Her er eit godt utval på 300 forteljingar frå Pitrè-banda, og det er tatt med 100 variantar også.

Rubini, Luisa, tr. Fiabe e mercanti in Sicilia: La raccolta di Laura Gonzenbach - La communità di lingua tedesca a Messina nell'Ottocento. Firenze: Leo S. Olschki, 1998. ⍽▢⍽ Her gir Dr. Rubini mykje bakgrunnsinformasjon til Gonzenbachs eventyr. Sjølve eventyra er omsett til italiensk i Fiabe siciliane. (Sjå under Gonzenbach ovanfor).

Uther, Hans-Jörg. The Types of International Folktales: A Classification and Bibliography Based on the System of Antti Aarne and Stith Thompson. Vols 1-3. FF Communications No. 284-86, Helsinki: Academia Scientiarum Fennica, 2004.

Note
  1. IRSAP. "Guiseppe Pitrè (Palermo 21/12/1841) - 10/04/1916) [◦Article]

Sisilianske eventyr, historier frå solrike Sicilia, Sicilianske forteljingar, opp Seksjon Sett Neste

Sisilianske eventyr, historier frå solrike Sicilia BRUKARGAID: [Lenke]
© 2015–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]