Norsk del, Gullvekta
Eventyr frå Sicilia  ❀ 1
Seksjon › 47 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Lærlingen til legen

Ein gong for lenge sidan brukte ein lege å ta med seg lærlingen sin når han drog heim til pasientar på sjukebesøk. Ein gong sa legen til ein av pasientane sine der han låg til sengs heime: "Korfor gjer du ikkje som eg seier og fastar strengt i fjorten dagar?"

Mannen i sjukesenga sa: "Men eg har då vel ikkje ete noko, doktor."

"Seier du det," svarte legen. "Eg har nemleg følt at du har pulsslag som hos ein som har ete druer."

Pasienten vedgjekk det: "Eg har ete nokre druer, men ikkje meir enn ein liten klase."

"Vel, det er best å ikkje risikere noko, så ikkje et fleire ei tid frametter."

Legelærlingen følgde med, overraska over at legen ut frå pulsen til pasienten kunne seie at han hadde ete druer. Så snart dei hadde gått ifrå huset, spurde han: "Korleis kunne du sjå at han hadde ete druer?"

Legen sa: "Den som går på sjukebesøk, skal ta seg i akt så han ikkje blir halden for narr. Straks du kjem inn i sjukerommet, skal du ta eit oversyn over senga og gjerne under ho også. Ut frå dei smulane du ser der kan du no og då gjette kva pasienten har ete. Eg såg stilken til ei drueklase. Ut frå det drog eg slutninga om at han hadde ete druer."

Dagen etter var dei mange heimepasientar å besøke, og legen såg han ikkje vann over å komme til alle, så han sende lærlingen til somme av dei. Lærlingen skulle også til mannen som hadde ete druer dagen før. Han ville vise han var ein flink legelærling, så han sa sint då han la merke til halmbitar under senga til den sjuke: "Skjønar du ikkje at du ikkje skal ete noko?"

Mannen i senga svarte: "Eg kan forsikre deg om at eg ikkje har smakt så mykje som ein vassdrope eingong."

"Du har gjort meir enn det," svarte lærlingen. "Du har ete strå, svolten som du er, for eg ser halmstykke under senga di."

Dei hadde dryst ned frå halmmadrassen til den sjuke.

Innhald


Sisilianske eventyr, historier frå Sicilia, Sicilianske forteljingar, litteratur  

Kjelder: [Bøkene]

Sisilianske eventyr, historier frå Sicilia, Sicilianske forteljingar, opp Seksjon Sett Neste

Sisilianske eventyr, historier frå Scilia BRUKARGAID: [Lenke]
© 2015–2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]