NORSK DEL, GULLVEKTA  

Soger om gjenferd

 13 › 4 › 16

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE




Ein treng ikkje blindt avvise tanken på gjenferd berre for di det står om slikt i Bibelen, akkurat som snakkande esel [4. Mosebok 22].

Ivar Aasen stod rett opp mens han skreiv.
Ein treng ikkje blindt avvise tanken på noko vanvittig og vilt skremmande -


Verdsmeistrane skremt av gjenferd

DEI AUSTRALSKE verdsmeistrane i cricket har ikkje fått den beste førebuinga til dei kommande prestisjefylte landskampane mot England. Dei skjelv i buksene etter at gjenferd har halde dei vakne på det gamle, historiske slottshotellet Lumley Castle i Chester-le-Street i England, og det gjeld både spelarar og leiarar frå det australske cricketlandslaget som førebur seg til landskampane.
      Segna fortel at Lumley-slottet blir heimsøkt av ein 700 år gammalt attergangar - det skal vere ein aristokrat som ein gong på 1300-talet blei kasta i slottsbrønnen av katolske prestar. Etter første natt på slottet er australiarane ikkje i tvil om at der er noe i forteljingane.
      "Fleire av spelarane hadde det heilt fælt, sjølv om dei fleste om morgonen understreka at dei var OK. Kanskje dei berre prøvde å vere modige," fortel australiarane sin pressesjef Belinda Denenett til avisa The Sun - ikkje kjent som den mest pålitelige avisa.
      "Eg såg sjølv gjenferd. Eg sver det er sanninga. Eg let att skoddene for vindauget før eg gjekk til sengs. Men då eg blei vekt av telefonen klokka fire om morgonen var skoddene opne. Eg kika ut av vindauget og såg eit opptog av kvite menneske. Det var vanvittig og vilt skremmande. Då eg gjekk i seng igjen, opna skoddene seg att, og så stod det ein og kika inn gjennom vindauget," fortel Belinda Denenett.
      Kjelde: Berglingske Tidende, 22 juni 2005.
http://www.berlingske.dk/grid/udland/artikel:aid=592712

BIBELORD: Dra straks opp sonen som dett i brønnen, jamvel på ein laurdag. [Jf. Lk 14,5]

OPP


Skremt av skrømt

DÅ DOMMAR Samuel nyss var daud, samla filistrane hærane sine for å dra i strid mot Israel, og Saul hadde drive daudingmanarane og sannseiarane ut av landet.
      Då filistrene no hadde samla seg, trengte de fram til Sunem og leira seg der. Då samla Saul heile Israel, og dei leira seg på Gilboa. Då Saul såg filistarleiren, blei han så redd at hjertet skalv. Saul rådspurte Herren; men Herren svarte han ikkje, verken ved drømmer eller ved urim eller ved profetar.
      Då sa Saul til sine tenarar: "Finn meg ei kvinne som kan mane fram daude, så vil eg gå til henne og spørje ho!"
      Tenarane hans svarte: "I Endor er det ei kvinne som kan mane."
      Så gjorde Saul seg ukjennelig og tok andre klede på og gjekk av stad i lag med to menn. De kom til kvinna om natta, og Saul sa: "Spå meg ved å mane fram ein død og hent opp til meg den som eg nemner for deg!"
      Kvinna svarte: "Du veit jo sjølv kva Saul har gjort, korleis han har utrydda daudingmanarane og sannseiarane av landet, og korfor setter du då ei snare for livet mitt så du fører død over meg?"
      Då svor Saul ved Herren og sa: "Så sant Herren lever, skal inga skyld komme på deg i denne saka."
      Då sa kvinna: "Kven skal eg hente opp til deg?"
      Han svarte: "Hent Samuel opp til meg!"
      Men då kvinna såg Samuel, skreik ho høgt og sa til Saul: "Korfor har du narra meg? Du er jo Saul."
      Kongen sa til henne: "Ver ikkje redd! Kva ser du?"
      Kvinna sa til Saul: Eg ser ei ånd stige opp av jorda."
      Han spurde henne: "Korleis ser ho ut?"
      Ho svarte: "Ein gammal mann stig opp, sveipt i ei kappe."
      Då forstod Saul at det var Samuel, og han kasta seg ned med andletet mot bakken.
      Samuel sa til Saul: "Korfor har du uroa meg og henta meg opp?"
      Saul svarte: "Eg er i stor trengsel; filistrane strir mot meg, og Gud har vike frå meg og svarer meg ikkje meir, verken ved profetar eller ved drømmar. Så kalla eg på deg for at du skulle la meg vite kva eg skal gjøre.
      Samuel sa: "Korfor spør du meg, når Herren har vike frå deg og har blitt fienden din? Herren har no gjort det han sa gjennom meg - Herren har rive kongedømmet ut av handa di . . . For di du ikkje lydde Herrens ord og ikkje fullbyrda den brennande vreiden hans på Amalek [og slakta alle og alle husdyra deira], har Herren gjort dette mot deg i dag. Herren vil gi deg og Israel i filistrane sine hender, og i morgon skal du og sønene dine vere hos meg (daude). Og dessutan skal Herren gi hæren til Israel til filistrane."
      Straks fell Saul til jorda så lang han var, forferda. [Frå 1 Samuel 28]


Faderord gjort til skammer

Det har det seg slik at Herren lova Samuel i 1. Samuelsbok kapittel 9, vers 15-17: "Eg vil sende deg ein mann frå Benjamin-land. Oljedynk han til leiar; han skal fri folket mitt frå filistrane sine hender." [Utheving tillagt]. Den mannen var Saul, står det også. Dommaren Samuel sa også, "Gjør kva du vil, for Gud er med deg." [Svenska: fatta beslut efter din övertygelse, för Herren ska leda dig."] Det varte ikkje så veldig lenge.
      Når vi held det utfriar-gudsordet saman med sluttorda i skrømt-soga, ser vi ganske enkelt at Bibelord har blitt gjort til skammer (enda eitt). For mange truande kan vel slikt vere meir skremmande enn gjenferd. Det seier jo ganske så klart at Guds ord i Bibelen kan ein ikkje alltid stole på. Så tenk sjølv; det får vere tillatt.
  • Stol ikkje på det som ikkje stemmer.
OPP


Gjenferdet i midnattstimen

I BYEN Breslau sat for lenge sia fanst det ei fælt vondsinna mellom linvevarane. Ho sat i ei bu i byen, gjekk aldri i kyrkja, og dei andre linvevarane skydde henne fordi ho levde så galt. Men så lenge ho var ung og vakker klarte ho seg bra. Ho kapra til og med ein rikmann ved å gjøre seg til og verke søt og snill. Men snart etter bryllaupet let ho maska falle og viste korleis ho eigentlig var. For i dulsmål var ho saman med ein rå soldat, og dei to lurte og pressa alle pengane ifrå ektemannen hennar. Då han etter kvart skjøna korleis ho var, fall han saman og døydde.
      No hadde enka fritt spel. Men etter noen år blei soldaten hennar lei av henne. Ein morgon var han vekk saman med dei mest kostelige tinga dei hadde skaffa seg. Det nytta ikkje kor mye ho raste. Han var borte og blei borte.
      Kvinna blei då fylt av hat til alle menn, og i staden for å sløse med pengar, blei ho gjerrig. Ho sat alltid i bua si, plaga tenestefolka, narra dei ho kunne med falske mål og åger. No blomstra forretningane hennar att, men ved gale middel - like til kyrkjeklokkene ringde for henne.
      Kvinne fann inga ro i grava. Kvar natt, når gjenferdstimen kom, steig ho opp frå grava, la likkledet tvers over den, og gjekk fort til klesbua for å måle det eine stykket lerret etter det andre til sveittedropane stod i panna hennar og auga var blodraude.
      Ei natt skunda vektaren seg bort til grava og fjerna likkledet frå grava mens ho var i bua og jobba. Då han hadde fjerna likkledet, skunda han seg tilbake til tårnet der han sat og heldt vakt. Då han gjekk inn døra til trappa opp i tårnet, kom han i hug å merke døra med tre kors. Så låste han døre og gjekk med det kalde likkledet i armane opp vindeltrappa til rommet sitt. Der la han kledet frå seg på eit lite husaltar og gjekk bort til vindauget. Derifrå kunne han sjå kyrkjegarden og kvar grav i den.
      Det kan vel ha vore i det siste kvarteret av midnattstimen mellom midnatt og eitt om natta at gjenferdet vende tilbake til grava. Straks ho såg at likkledet ikkje var der, stira ho opp mot gluggen der vaktmannen sat. Frå der han sat såg det ut som ho sa mange stygge glosar mot han, og så kom ho settande. Dess nærare ho kom, dess reddare vart vakta.
      Han kneppa hendene i bøn til høgare makter, men no var gjenferdet ved trappedøra nedst i tårnet. Der såg ho dei tre korsa og drog seg skjelvande attende for dei. Vektaren såg kva for verknad korsa hadde, og skulle til å takke Jehova for berginga. Men då merka han med eit drygt gys at kvinna kom klatrande opp etter murveggen på tårnet.
      Dødsangsten greip mannen. Lemmene var som stivfrosne og han kunne ikkje kome seg vekk frå vindauget, men blei ståande som lamma mens gjenferdet kom nærare og nærare. I månelyset kunne han sjå gjenferdfjeset var forvridd av hat, raseri og noen deler som mangla. Håra reiste seg på hovudet hans mens gjenferdet kom så høgt at ho skulle til å svinge seg inn.
      Med eit skrik av redsel fall vektaren samen. Men nettopp då slå klokka eitt og gjenferdstimen var over. Dei tørre knokkelhendene sleppte rekkverket, beina mista fotfestet, og med mye rabalder styrta gjenferdet ned på den harde bakken på kyrkjegarden. Der fann folk den skamfarne og ganske ukjennelige lekamen etter kvinna.
      Dei andre i byen fekk nyss om det fæle som hadde hendt om natta. Vaktmannen låg sjuk av all redselen og det fæle han hadde vore gjennom. Han nekta beingrinda å kome i innvigd jord att. Bøddelen blei tilkalla, og han skilde hovudet frå resten av skjelettet med eit mektig spadeslag. Så blei liket lagt i eit kuskinn og gravlagt på galgebakken. Etter det såg dei ikkje gjenferdet meir.
      Men vaktmannen overlevde ikkje den fæle natta lenge.
      Ein kunstnar graverte hendinga på ei metallplate som stod felt inn i muren ved sia av ei av dørene til Elisabeth-kyrkja i byen.


BØLGJE

Litteratur  
     
OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE]
   © 2005–2007, Tormod Kinnes. [E-POST]