NORSK DEL, GULLVEKTA

Huldra i folketrua

 13 › 1 › 48 SETT SEKSJON SPøRSMÅL SØK NETTSTADSIDENE FØRRE NESTE
RESERVASJONAR Hulder, gjenferd og sjøormar  – SAMLINGA

Huldra

TK. Huldra. Penneteikning
"Huldra" av Theodor Kittelsen

I folketrua er huldra eit menneskelikt naturvesen. I norske segner finn vi ofte huldra som ei ven jente med kurumpe. Ho ser gjerne attraktiv ut i front, men på baksida er ryggen hol i somme segner, og så har ho ei kurumpe som sleng. Hos svenskane har ho anten kurumpe eller revehale. I Nord-Sverige kan halen vere fjerna, mens ryggen er hol som ein gammal trestamme eller dekt med bark. I Finland kan huldra vere tynn som ein syl. I Noreg blir huldra skildra som ei slåande vakker budeie når ein ser bort frå halen, som ho helst ikkje vil at folk skal sjå.

Mange andre enn hulder er ikkje alltid heilt nøgde med korleis dei ser ut, og har vanskar med å godta seg sjølve i rimeleg grad. Plastisk kirurgi har kome sterkt fram av grunner som det. Men at hulder gjekk inn for haleamputasjon, eller å klippe av halen, som ein gjer mot hundar for at dei skal "oppfylle krava", det tenkte dei ikkje fram før i tida. Folk lyt få gjere som dei sjølve vil, om det berre ikkje skjemmer dei og er farleg for nokon. Det synest no eg.

I folketrua høyrer huldra med til huldrefolket som held til i berg og under bakken. Huldrekallar snakkar ein også om.

Namnet "hulder" kan tyde på at det er det same vesenet som volva Huld og den tyske fru Holda eller Holle, som rår over spinning, barnefødsel, og husdyr med meir. Ein finn den frua i somme Grimm-eventyr og legender.

I norske segner spelar huldrefolket mange slags roller. Dei kan vere både til hell og ulykke for menneske. Hulder kan lokke mannfolk til seg. I somme segner gifter huldra seg med menneske. I andre segner stel huldrefolk barn og byter dei med sine eigne. Slike huldrebarn blir kalla for bytingar.

Somme segner fortel at huldra mister halen når ho gifter seg med eit menneske, men utan å miste venleiken sin, og lèt paret leve lykkelig all si tid. Det kunne godt vere mange fleire slike soger.

✑ Litt meir om huldra, nøkken og fossegrimen

✑ Asbjørnsen og Moe har med huldresegner og andre segner

Hulder, spøkjelse, sjøorm – SAMLINGA
Hulder, spøkjelse, sjøorm - SLUTTBOLK

Hulder, spøkjelse, skrø sjøorm - LITTERATUR  

Hulder, skrømt, sjøorm - OPP SETT ARKIVDEL NESTE

Hulder, gjenferd, sjøorm BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, tilvisingar og meir. [LENKJE]
© 2010–2011, Tormod Kinnes [E-POST].  —  Ansvarsfråskriving: [LENKJE]