Gullvekta
Skotske eventyr og segner  ❀ 2
Seksjon › 32   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

Oppvakt student

Dr. Richie frå Edinburgh var ein skarp kar, men ein gong møtte han ein som var like oppvakt som han. Har skulle eksaminere ein student i to fag framfor dei andre studentane, og sa først: "Eg forstår det slik at De følger undervisninga i matematikk. Stemmer det?"

"Ja."

"Kor mange sider har så ein sirkel?"

"To", sa studenten.

"Jaså, ja. Kva for sider er det?"

"Utside og innside."

Svaret vekte munter latter blant studentane som følgde med. Doktoren spurte dernest: "Og du følger undervisninga i moralfilosofi også?"

"Ja."

"Vel, då har du utan tvil høyrt forelesingar om mange emne. Fekk du med deg forelesinga kalla "Årsak og verknad"?"

'"Ja."

"Hender det at verknaden kjem føre årsaka?"

"Ja."

"Gi eit døme."

"Det skjer når ei trillebår blir skuva frametter av nokon bak skjækene."

Doktoren sette seg ned i stor hast og stilte ikkje fleire spørsmål.

(Howe 1898, 74)

Børseprat på brua

To skottar møttest her om dagen på ei av bruene i Glasgow og slo av ein prat. Den eine hadde ei bra jaktbørse i handa.

"For ei vakker børse."

"Det er ho, så sanneleg," sa han med børsa.

"Kor fekk du tak i ho?"

"Der borte."

"Kva skal du skyte med ho?"

"Kjenner du redaktøren i avisa Glasgow Herald?" sa børsemannen.

"Ja."

"Vel, ikkje han."

(Howe 1898, 85)

Hushjelpa som slo hardt

Nic Gilmichael var hushjelp i Campbell-familien frå Glen-Faochan nær Oban. Ho tok seg av hushaldet og tenarane, og straffa dei om dei ikkje gjorde arbeidet sitt eller gjorde det sjuskete.

Ein gong kom det ei ny hushjelp til familien. Husherren bad henne bere inn vatn til hushaldet før det blei mørkt, for elles kunne Nic Gilmichael bli misnøgd med ho. Den nye svarte like godt: "Kjem ho over meg, skal eg vri nakken om på ho."

Dei merka ikkje at Nic Gilmichael også var i rommet og høyrde det som blei sagt. Kort etter kom den nye tenestekvinna tilbake frå brønnen med hovudet på skakke og dreidd så ho såg framover over høgre skuldra. Ho sa til dei hine: "Det var mørkt, og så blei eg slått hardt på eine kinnet. Hovudet sette seg då fast heilt på skeive."

Då herren i huset fekk høyre kva som hadde hendt ho, leidde han ho omkring i huset og sa ut i romma: "Nic Gilmichael, stakkars kropp, vil du ikkje sette på plass at hovudet til den nye hushjelpa sidan eg bed om det?"

Frå rom til rom gjekk dei utan å finne den gamle hushjelpa. Men etter ei stund kom eit nytt slag. Då gjekk dei gjennom eit heller mørkt rom. Slaget som kom frå mørket, trefte på det andre kinnet og sette hovudet nesten på plass att. Slik sette det seg til og blei eit åtvaring til andre om ikkje å true Nic Gilmichael med noko som helst.

Då godset blei selt, høyrde folk den gamle hushjelpa hulke og tute om lag som ei ugle blant trea rundt huset. Men etter det var det ingen som såg eller høyrde ho ved huset eller nokon annan stad der i dalen.

(Etter MacDougall 1910, 222-26)

⚶ ⚶ ⚶

Det som er vel, gjer vel.
Weel is that weel does. - Skotsk-engelsk ordspråk (weel = well).

  Innhald  


Bøker      

Skotske eventyr, segner, soger frå Skottland.    Seksjon     Sett    Neste

Skotske eventyr, segner, soger frå Skottland. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2013–2019, Tormod Kinnes. [E‑post]