Gullvekta
Skotske eventyr og segner  ❀ 3
Seksjon › 32   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

Kvite huer

Soknepresten ein stad reiste rundt mellom skolane for å undersøke om undervisinga var kunnig nok. Det var ein ein varm dag, og soknepresten kjende seg reint utmatta då han kom fram til ei av skolane mot slutten av arbeidsdagen sin, så han sette seg ned nokre minutt for å svale seg og få att pusten. Mens han sat slik, fekk han for seg å prate med elevane, og starta med: "Vel, kan nokon av dykk seie korfor svarte sauar et mindre enn kvite sauar?"

Det visste ingen av dei, så han laut fortelje dei at det var fordi det var færre svarte sauar enn kvite. Han la så til: "No er det dykkar tur til å stille meg spørsmål og sjå om eg kan svare på dei."

Det blei heilt stilt i skolen. Men til sist kom ein liten gut seg på føtene i hjørnet av rommet. Han kunne vel vere kring sju år gammal. Han spurde med høg, lys stemme: "Korfor går møllarane i kvite huer?"

Soknepresten kunne ikkje finne eit godt svar på det, og rynka panna utilpass og tenkte hardt. Guten stod roleg ved pulten og venta på svar.

"Nei, gut", sa soknepresten til sist. "Eg kan ikkje seie korfor møllarar går i kvite huer. Korfor gjer dei det?"

"Vel," sa den vesle guten, "dei gjer det for å dekke til håret sitt."

(Etter Howe 1898, 143-45)

Kampesteinen

I Galloway finst kampesteinar som det er rissa somt i. På Knockleby-garden ligg ein slik stein der det står rissa djupt inn på oversida:

"Løft meg opp, og eg fortel meir."

Mange samla seg rundt steinen ein gong og klarte å løfte han. Dei håpte å finne ein gullskatt under, men fann dei innskrifta:

"Legg meg ned att slik eg låg før."

(Howe 1898, 203).

  Innhald  


Bøker      

Skotske eventyr, segner, soger frå Skottland.    Seksjon     Sett    Neste

Skotske eventyr, segner, soger frå Skottland. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2015–2019, Tormod Kinnes. [E‑post]