Norsk del, Gullvekta
Stange med Ringnes Gard
Seksjon › 12 Sett Søk Førre Neste

Termar og forkortingar

Reservasjonar Innhald  

Stange

Stange kommune ligg på austsida av Mjøsa i Hedmark. I nord grensar Stange mot Hamar og Løten. Administrasjonssenteret er Stange. Målforma er bokmål.

Jordsmonnet er næringsrikt og lett dyrkbart med kalkrike bergarter. Terrenget heller svakt nedetter mot Mjøsa for det meste.

Det har vore drive jordbruk i Stange frå gammalt. Stange har innlandsklima, og er den største jordbrukskommunen i Hedmark - ein av dei største jordbrukskommunene i landet. Det er i jordbrukslandskapet ved Mjøsa at mange av dei største gardane ligg, blant andre Ringnes og Staur. Elleve gardar i Stange har over tusen mål jord kvar. Det er mest korn som blir dyrka. Tilveksten i skogen er god. Jønsberg videregåande skole i kommunen er den eldste landbruksskolen i landet.

Ved Ottestad ligger Norsk Utvandrarmuseum.

Jernbanen og E 6 går gjennom hovudbygda.

Hulda Garborg (gift med Arne), Oddvar Norli og Trygve Slagsvold Vedum er med blant kjente stangesokningar.

Div.

Ringnes Gard, gnr 42, bnr 1

Ringnes er ein gammal storgard på Ottestad i Stange. Han ligg sju km frå Hamar og heilt ned til Mjøsa. Garden blei freda av Riksantikvaren i 1923. På Ringnes er det funne sverd og økser frå 800-talet, og myntar, sølv- og gullsmykke frå rundt år 1000, og anna rart.

Rygh forklarer namnet ut frå eit elvenamn: Ringa.

I Heilag-Olavs saga blir garden nemnd som sete for Ketil Kalv (kap. 43). Han var ein nær venn av kongen og gift med halvsystera hans, Gunnhild. Sonen blei ein plyndrar (viking). Kor lenge denne slekta hadde Ringnes, veit ein ikkje, fortel Stange bygdebok.

Omkring år 1500 var garden omtala som adelsgods og hovudsete for Herlog Hudfat; det er mykje som talar for det. Han leidde eit mislykka opprør mot kong Hans av Danmark, og blei avretta på Akershus festning for det i 1508.

Ein av mennene til kongen fekk då garden som skattefritt krongods. Han heitte Amund Torgilsson (Tørrisson, Tørrisen) Kamp. Han blei adla etter opprøret, i 1508, "for sin manndoms skyld", og fekk garden Ringnes og anna gods i løn. Ringnes var setegarden til Amund mellom 1508 og 1528. [Adelsbrev og våpen].

Store norske leksikon, Stange bygdebok og Ringnes gardshistorie fortel om Amund at han fekk Ringnes Gard (i Stange, Hedmark) av kongen, i lag med adelsbrevet frå han - og tidfestar når Amund eigde garden, fortel at kona hans heitte Elisabet og reknar opp etterslekt.

Etterslekt

"Etterslekta hans er godt kjent," fortel også Bjørn Jonson Dale. Amund og kona (Elisabet) fekk to søner, Peder Amundson på Andenes og Torgils (Tørris) Amundson på Igerøya i Vega. Torgils var gift med Angerd Torsteinsdotter på øya Torge (Helgeland).

Torgils og Angerd i Vega fekk Magdalena som ei av døtrene sine. Magdalena - med fullt namn: Magdalena Tørresdotter Kamp - gifta seg med Jon Randall, ein av borgarmeistrane i Bergen. Han var av ei orknøysk adelsslekt frå då øyene var norske.

Med Litle-Jon hadde Magdalena sonen Carsten, som skreiv seg til Førde (Fyrde) i Volda. Carsten Jonson Randall til Fyrde fekk stor etterslekt med kona si, Maren Jørgensdotter Staur. Ætta hennar eigde i si tid store gardar i Trondheimsleia - Lade, Ringve, Stor-Fosna, Moldtun og andre.

Flere data om dei: [◦Søk]

Innhald


Stange lokalhistorie med Ringnes Gard  

Ringnes Gård. www.ringnesgaard.no/

Stange historielang. Heimeside. Stange kommune. Heimeside.

Store norske leksikon, s.v. "Stange" og "Ringnes Gård"

Veflingstad, M. Stange bygdebok, bd 1 og 2. Hamar: Stange historielag, 1946 (og 1951-52). ⍽▢⍽ Nettversjon, 2003.

WP, Wikipedia, s.v. "Stange" og "Ringnes (Stange)".

Stange lokalhistorie med Ringnes Gard, opp Seksjon Sett Neste

Stange lokalhistorie med Ringnes Gard BRUKARGAID: [Lenke]
© 2014–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]