Norsk del, Gullvekta
Sukkererstatningar og søtstoff
Seksjon › 5 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Sukkererstatningar

Det er vanleg å bruke energifrie eller energifattige sukkererstatningar i bitar, strø, i flytande form. Slikt kan vere gunstig for blodsukkerkontroll hos diabetikarar og andre, til dømes overvektige. For å minske risikoen for skadelege verknadar av bruken, er det fastsett maksimumsgrenser for kor mykje ein har i seg av dei for dagen.

Naturlege eller ganske naturlege søtstoff omfattar erytritol, glyserol (før kalla glyserin), inulin, isomalt, maltitol, stevia (uttrekk er lansert som Rebiana, Truvia, PureVia) og xylitol. Ein finn også blandinga Steviosa (stevia og erytritol).

Kunstige søtstoff kan vere heilt eller nestan utan kaloriar. Dei vanlegaste i dag er syklamat (E952), acesulfam K (E 950), aspartam (E951), sakkarin (E954) og sukralose.

Kunstige søtstoff

Aspartam

EFSA og søtingsmiddelet aspartam

Aspartam er eit stoff som forskaren James Schlatter slumpa til å oppdage då han slikka på fingeren for å plukke opp eit papir i 1965. Forskarar har stelt spørsmål ved i kva grad aspartam verkeleg er ufarleg. Det gledelege for oss som liker lettbrus, der søtstoffet er aspartam, er at "mattilsynet i EU, EFSA, har gjennomført den mest omfattande studien nokon gong på det kunstige søtingsmiddelet. Aspartam blir blant anna brukt i lettbrus, pastillar og yoghurt. I rapporten som blir lagt fram onsdag, konkluderer tilsynet med at stoffet er heilt ufarleg", skriv Annemarte Gasmann Norevik den 9. januar 2013.

EFSA hadde då evaluert mulige skadevirkninger av stoffet i over 30 år. Tilsynet baserer konlusjonen sin på 120 forskningsrapporter "frå heile verda". Då får ein makte å rekne stoffet som trygt å sjå til, så smått. Men likevel: "Sjølv om ikkje denne forskinga finn nokre negative verknader, veit vi ikkje kva det vil gjere på sikt. Det er betre å vere føre var og få i seg mindre aspartam dagleg enn den grensa EFSA har brukt til no, meiner klinisk ernæringsfysiolog Cathrine Borchsenius. Kloke ord.

EFSA har lenge fastsett ei øvre grense for tilrådd dagleg inntak av aspartam. Grensa er høg; ein lyt drikke over sju liter brus for å få i seg for mykje.

[Annemarte Gasmann Norevik. "Lettbrus er ufarlig". Side 2, 9. jan. 2013. - ◦Kjelda]

Er alle forskarar upartiske og klare?

Men den britiske professoren Erik Millstone ved Sussex-universitetet er ikkje einig med EU-ekspertane som friskmelde aspartam, trass i at ei mengde vitskaplege funn endar i tankar om at det kunstige søtstoffet er trygt. Det er fordi EFSA-folka kasta over bord over tjue studiar som har peikt på ymse negative helseverknader av aspertam, som for tidlege fødslar og ulike typar kreft. Han skuldar EFSA for ureint trav ved at studiar som godkjenner aspartam har veikskapar og nesten alle er finansiert av industrien, seier Millstone. Men EFSA kan ha vurdert skeivt på ein måte til, fortel han: EFSA underkjenner studiar som syner at aspartam er utrygt og ikkje er til å stole på, enda om nokre av desse studiane har sterke sider, og er finansierte utan band til kommersielle interesser, seier professoren.

Erik Millstone meir enn antyder at EFSA-panelet som stod for den vitskaplege gjennomgangen av aspertamlitteraturen er dominert av ekspertar som har bindingar til industrien eller styremakter som tidlegare har gått gode for arpartam. "Av dei 17 medlemmene i EFSA-panelet har sju direkte kommersielle interessekonfliktar. Ytterlegare fem har institusjonelle interessekonfliktar fordi arbeidsgivaren deira allereie har uttalt at aspartam er trygt", seier den britiske professoren.

Millstone trekker også fram ein uavhengig studie frå Italia, der rotter utvikla fleire typar kreft etter å ha blitt gitt dosar med aspartam som ikkje skil seg veldig frå gjeldande retningslinjer for dagleg inntak hos menneske.

Den britiske professoren krev no at det blir skipa eit nytt ekspertpanel som er fritt for uheldige bindingar og interessekonfliktar.

Stoda: "Det er farlegare å drikke sukkerhaldig brus enn å drikke brus søta med aspartam", hevdar Christian A. Drevon, som er lege og professor i ernæringsvitenskap ved Universitetet i Oslo.

Asle Hansen. "Søtstoffet kan gi kreft og for tidlige fødsler". Oslo: Dagbladet, laurdag 9. mars 2013.[◦Dit]

Aspartam i mat og brus

Aspartam er 180-200 gongar søtare enn sukker og består av to aminosyrer: asparaginsyre og fenylalanin. Dei finst i all mat som inneheld protein, til dømes kjøt, fisk, grønsaker, mjølk og gryn. Aspartam brytast ned i magen på same vis som vår daglege kost. Aminosyrene er ikkje søte kvar for seg, men sameina gir dei den kraftige søtsmaken. [◦Lenke].

Det har i lang tid blitt lagt inn mange klagemål mot aspartam. Stoffet inneheld 50% fenylalanin, som kan gi skadeverknadar i store dosar, heiter det. [◦Lenke A - ◦Lenke B]

Meir om aspartam: "En rekke sider ved aspartam (ble) aldri undersøkt før det kom på markedet i 1981. Dette gjelder særleg betenkelighetene forbundet med å tilføre organismen stoffer som kan endre nervesystemets biokjemi . . . Ved omsetning i organismen brytes aspartam ned i sine enkelte faktorer og omdannes til minst 20 kjemiske forbindelser, inkludert formaldehyd [et kjent allergen], aminosyrene tyrosin [som utløser hodepine], L-dopa og dopamin, samt nor-adrenalin og adrenalin." [◦Lenke A - ◦Lenke B]

Aspartam kan vere i syltetøy, yoghurt, is og dessertar som er kunstig søta. Aspartam og Acesulfam K finst i lettbrus, lettsaft, pastillar, drops og tyggegummi.

Kva for samandrag høver her? Det amerikanske ordtaket "What does not kill you, will strengthen you", høver iallfall ikkje.

Cyclamat og sakkarin

Cyklamat og sakkarin finn ein som bordsøtingingstoff, og ofte i lettbrus og lettsaft også. "Syntetiske søtingsmiddel som cyklamat og sakkarin er også tillatne brukt i Noreg, trass i fagleg skepsis. USA forbaud cyklamat i 1979 fordi det i dyreforsøk kunne gi blærekreft; sakkarin har i dyreforsøk også gitt kreft eller forstadium til kreft." [◦Lenke]

Cyklamat og sakkarin burde også bli fjerna etter kvart, etter mi meining.

Ymse merke og ADI-verdiar

Dei tre søtingsmerka Canderel, Suketter og Natrena er mykje brukte. Canderel inneheld stoffet Aspartam, som inneheld ei fenylalaninkjelde. Suketter og Natrena inneheld stoffa Sakkarin og Cyklamat. Cyclamat er det kunstige søtingsstoffet som folk lettast får høgt inntak av. [◦Lenke]

Desse kunstige søtstoffa har ein ADI-verdi. ADI står for Akseptabelt Dagleg Inntak, og er den mengda av eit tilsetningsstoff som ein person kan innta dagleg livet gjennom utan fare for helserisiko. ADI blir uttrykt som "mengde tilsetningsstoff per kg kroppsvekt per dag". Ut frå den mengda kunstige søtstoff som ikkje viser seg å gi nokon skadeleg effekt på dyr, blir det sett ein ADI-verdi. EU har ein ekspertkomité til å sette ADI-estimat slik. Den heiter Scientific Committee on Food (SCF). Sidan Noreg er medlem av EØS, rettar Noreg seg etter ADI-verdiene som komitéen fastset. [◦Lenke]

Utan å overstige ADI for aspartam kan eit barn på 20 kg spise/drikke per dag: 1,9 l brus, eller 2,9 l saft, eller 2 kg syltetøy, eller 0,7 kg drops, eller 53 tablettar (bordsøtingsmiddel, Canderel). Ein vaksen kan godt få 3-4 gongar meir - det kjem an på vekta.

Sukralose

Sukralose er eit kunstig søtstoff som offisielt blir rekna som så godt som risikofritt jamt over. Ikkje alle er einige i det. [WP, "Sucralose"]

Sukralose blei patentert i 1976 av det amerikanske McNeil Specialty Products. Søtstoffet er kjent under merkenamnet Splenda og er 400-800 gongar søtare enn sukrose (sukker). Sukralose blir utvunne av vanleg sukker (sukrose) som går gjennom ein kjemisk prosess. Splenda blei oppfunne av forskarar som prøvde å finne eit betre pesticid [kjemisk stoff som drep skadedyr, insekt eller sopp], men dette søtingsmiddelet blir av mange rekna som uskadeleg i det heile. Dessutan legg ein neppe på seg av det. [◦Meir]

Sukralose inneheld 0 protein, 0 karbohydrat og 0 fett. Søtsmaken er rein og middelet toler oppvarming. Etter å ha blitt tillate i EU, blei det lovleg i bruk her i landet i juni 2005.

Noreg har gitt midlertidig godkjenning til ein handfull norske produsentar. Saft, syltetøy og anna finst med Splenda. Utblanda Splenda - strø - er til sals i store butikkjeder.

Søtingstilsetninga er ikkje for barn under tre år. Sukralose verkar som eit greitt søtingsmiddel jamt over. Eg for min del er ikkje redd for å bruke det. [Kjelder her: WP and EB, sv. "Sucralose"]

Tre former: Bitar, strø og væske

Bitar eignar seg til å gi kunstig søtsmak til varme og kalde drikkar. Strø ser ut som sukker og smakar som sukker, men inneheld berre ein tidel av karbohydrata og energien i sukkeret.

Strø kan erstatte sukker heilt i dei fleste dessertar og delvis i bakverk. Ei matskei strø søter som ei matskei sukker.

Flytande søtingsstoff eignar seg til saft og syltetøy, dessertar, gjærbakst og vaflar. Ei teskei søter som 50 gram sukker. [◦Lenke]

Innhald


Sukkererstatningar, kunstige søtstoff, litteratur  

EB. Encyclopedia Britannica er Britannica Online.

Kirschmann, Gayla J., and John D. Kirschmann. Nutrition Almanac. 4. utg. New York: McGraw-Hill, 1996.

Nabors, Lyn O'Brien, ed. Alternative Sweeteners. 3. utg. New York: Marcel Decker, 2001.

WP. Wikipedia, the Free Encyclopedia.

Sukkererstatningar, kunstige søtstoff, opp Seksjon Sett Neste

Sukkererstatningar, kunstige søtstoff BRUKARGAID: [Lenke]
© 1999–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]