Norsk del, Gullvekta
Eventyr frå Sveits  ❀ Innleiing
Seksjon › 45 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Sveitsiske eventyr innleidd med utsnitt frå Strikkande jente av Albert Anker.

Frå Sveits

Sveits er ein målerisk forbundsrepublikk. Dei høge fjella som blir kalla Alpane, går gjennom midten og den sørlege delen av landet. Tyskland er nordanfor, Frankrike vestanfor, Austerrike søranfor og Liechtenstein i aust. Folk som har busett seg i Sveits opp gjennom historia, har tatt meg seg tysk, fransk, italiensk og retoromansk - det er dei fire offisielle språka i Sveits - og landet er delt inn i kantonar, delstatar med mykje større grad av nædemokrati enn i Noreg.

Sveits har isbrear og innsjøar, og om lag hundre fjelltoppar som kjem over 4000 meter over havet. Fossar er det også godt med, og mange åssider der det veks skog - det er særleg i nord. Det kan bli mykje snø, og somtid brånande fønvind frå varmare trakter søranfor. Og sommaren er høgsesong for torevêr - om lag kvar ettermiddag -, men det kjem likevel godt med sol mellom torebyene.

Sveitsarar står bak fleire oppfinningar, som mjølkesjokolade, borrelåsen, lommekniven og rayon. Rayon er kunstsilke vunne ut av cellulose.

Skulle vi sjå kva eventyr dei har fortalt kvarandre i fjellrike Sveits? (Friedrich Gottlieb) Otto Sutermeister (1832-1901) meinte det kunne vere klokt. Han var sveitsisk folkloremann og professor ved universitetet i Bern, og samla og reviderte talrike forteljingar, segner, fablar og ordtak frå Alpelandet sitt. Han var sterkt påverka av Grimm-brørne, og omskreiv mange forteljingar så dei skulle passe unge lesarar.

Ein annan pådrivar til å bli klokare på sveitsisk folklore - Volkskunde på tysk - var Eduard Hoffmann-Krayer (1864-1936). Han grunnla Det sveitsiske folkloreselskapet, Schweizerische Gesellschaft für Volkskunde, i 1896.

Sveits har funnest som kultur og folk frå lenge før 1300-talet. Ulike kulturar og idear har verka inn og til saman gitt form til ein rik og variert folklore i landet. Det finst mange lokale historier mellom folk i Sveits, og ulike kulturar med tysk, fransk, italiensk og retoromansk som språk for seg. Kvar gruppe har bringa eigne folkloretradisjonar med seg.

[Wikipedia, s.v. "Swiss folklore"]

Folklore og skikkar

Det kan vere kjekt å kjenne til nokre av dei meir typiske figurane i sveitsisk folklore. Her er eit utval:

Barbegazi er små menn med kvit pels og store føter. Hjelpsame og sky bur dei i fjella og blir sjeldan sett.

Berchtold i kvit kappe er leier for den sveitsiske "Oskoreia", Die Wilde Jagd.

Böögg er ein sveitsisk busemann.

Dvergar bur i bakkar og nedi jord. Dei blir skildra som glade og hjelpsame. Dei har storfe og lagar magiske ostar.

Kobolden: Naturånd eller husånd i tysk folketru, blir skildra som "tenar", Metallet kobolt er kalla opp etter kobolden.

"Bolle-Jakob" er ei hjelpsam husånd. Koner setter ut ein bolle fersk fløyte på fjøstaket til han for å stå seg inne med han, og fløyten er vekke morgonen etter.

T. K.

Innhald


Sveitsiske eventyr og segner, litteratur  

Duvoisin, Roger. Fairy tales from Switzerland. The Three Sneezes and Other Swiss Tales. New York. Alfred A. Knopf, 1941 (og seinare utgåver). Boka på norsk: Hane-egget og andre sveitsiske eventyr. (Oslo: Aschehoug, 1949)

Grimm, Jacob Ludwig Karl. The German Legends of the Brothers Grimm. Vol. 1 and Vol 2. Ed. and tr. Donald Ward. Philadelphia: The Institute for the Study of Human Issues, 1981.

Grimm, Jacob. Deutsche Sagen. Berlin: Neues Leben, 1986.

Guerber, Hélène Adeline. Legends of Switzerland. New York: Dodd, Mead And Company, 1909.

Kuoni, Jakob. Sagen des Kantons St. Gallent. St. Gallen: Verlag Wider und Frey, 1903.

Lienert, Meinrad. Schweizer Sagen und Heldengeschichten. Levy und Müller. Stuttgart, 1915.

Potts, Katharine, tr. Swiss-Alpine Folk-Tales Re-told by Fritz Müller-Güggenbühl. London: Oxford University Press, 1958.

Sutermeister, Otto. Kinder- und Hausmärchen aus der Schweiz. 2. utg. Aarau: H. R. Sauerländer, 1873.

Vernaleken, Theodor, coll. Alpensagen: Volksüberlieferungen aus der Schweiz, aus Vorarlberg, Kärnten, Steiermark, Salzburg, Ober- und Niederösterreich. Wien: L. W. Seidel, 1868.

Sveitsiske eventyr og segner, opp Seksjon Sett Neste

Sveitsiske eventyr og segner BRUKARGAID: [Lenke]
© 2013–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]