Norsk del, Gullvekta
Eventyr frå Sveits  ❀ 1
Seksjon › 45 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Hesteegget

Det var ein gong ein enkel fjellbonde som streva og sparte til hest. Til sist meinte han at han hadde han nok til å kjøpe ein fole. Så herleg det skulle bli å sjå folen vekse til og bli fullvaksen! Fjellbonden batt sparepengane sine i eit hjørne på det digre lommetørkleet sitt, tok staven med den spissaste brodden og sette av stad i retning av småbyen Aigle. Han gjekk av stad lenge før dagen grydde, for i Aigle var det ein stor marknad der folk selde og kjøpte kveg og hestar, og det gjaldt å komme tidleg til marknaden.

Etter ei lang og slitsam ferd ned dei bratte Ormond-fjella, kom den tettvaksne karen til dalen og Aigle. På marknaden tok han til å granske kvar hest og fole så han kunne skaffe seg det beste dyret som var å få for pengane sine. Men han oppdaga fort at sparepengane ikkje strakk til for sjølv den minste folen som blei bydd fram til sal, og at han blei nøydd til å dra heim att utan folen som han hadde komme ein slik lang veg for.

Ein lurendreiar hadde halde auge med fjellbonden ei tid, og no gjekk han bort til han. Om litt fekk han fjellbonden til å fortelje kva som hadde hendt han, og kor skuffa han var. Svindlaren lytta med tilgjort medkjensle til historia før han foreslo at dersom bonden ikkje hadde råd til å kjøpe ein fole, kunne han heller kjøpe eit hoppeegg. Ei ku kunne klekke ut egget og die folen til han var gammal nok til å ete gras, sa lurendreiaren.

Bonden blei glad for å høyre dette; han ville gjerne kjøpe eit hoppeegg om han berre kunne få tak i ein slik skatt.

Det lét seg ordne utan vanskar, sa svindlaren, og tok bonden med til ein annen kant av byen. Der stoppa han framfor ei vogn der det låg ein kjempestor, gul melon.

"Der er eit fint hoppeegg," sette svindlaren i til bonden, og gjorde samtidig teikn til mannen som eigde vogna og melonen, og som også var medhjelparen til svindlaren. Fjellbonden hadde aldri sett ein melon før, og stirde på kjempemelonen med ærefrykt og undring. Etter at han hadde stilt mange spørsmål og kjøpslått ein heil del, ville han kjøpe hesteegget.

Handelen gjekk fort. For å ta egget trygt med heim, batt bonden det i det store tørkleet sitt så egget kunne henge frå stokken hans når han bar stokken over skuldra.

Han var opprømt då han gav seg på heimveg, og song høgt og muntert. Han kleiv høgare og høgare, og gledde seg stort til å overraske kona med egget, og til at det verdifulle egget skulle rugast ut og ein vakker fole skulle komme ut av det.

Heimvegen gjekk eit stykke langs kanten av ei bratt skråning. Han kika av og til nedetter den bratte skråninga, som var dekt med taggete steinar og dvergbusker. Med eitt losna ein av knutane i tørkleet han bar melonen i, og melonen fall ut og rulla utfor skråninga. Den forstøkte bonden kunne berre stå sjå korleis det dyrebare egget hans spratt frå stein til stein ned den bratte skråninga! Mens han stod og fortvilte, slo melonen med stor kraft mot ein skarp stein så bitane flaug vidt og breitt.

Ein brun hare hadde lege gøymt i ein busk nær ved der det small. Han rende forskremd frå gøymestaden sin og pilte nedetter fjellskrenten. Bonden trudde at haren var folen og at han hadde komme ut av det knuste egget, så han ropte høgt: "Fola, fola, kom hit", og vrei hendene sine i hjelpelaus sorg då han såg den kjappe, brune haren forsvann.

Bonden stod og speida i timevis, men til inga nytte. Til sist drog han heim i sorg og fortalde kona heile kvelden om kva som hadde hendt han. Så lenge han levde, fortalde han om den sjeldsynte hesten han ville hatt om ikkje den rappføtte folen hadde sprunge sin veg så snart han kom ut av egget bonden hadde kjøpt på marknaden i Aigle.

[Attgiving]

Opp

Digre pærer og digre kyr

I Sveits i eldre tider voks pærene seg tusen gongar så store som dei vi et i dag, og dei blei kalla sørlendingar. Når ei slik pære fall frå eit tre, måtte det tre sterke karar til for å rulle ho til garden og ned i kjellaren. Der tappa dei safta frå ho. To andre karar kom til med ei lang tømmersag og saga av pærestilken, lasta han på ei stor oksekjerre og køyrde han til sagbruket. Der blei stilkane skorne opp til framifrå veggpanel.

I dei dagane var det svært vanskeleg å oppbevare mjølk, for kyrne var så store at folk laut grave ut dammar til å romme all mjølka som kyrne gav. Kvar dag rodde kugjetarane rundt i mjølkedammane i små båtar og auste opp fløyten frå overflata så dei kunne lage smør og mjølk av det på gardane seinare.

Mest fantastisk var dei store kuhorna. Dei var så lange at om du bles inn eit horn i påska, kom lyden ut i andre enden først i pinsa, kring førti dagar etter.

Opp

Gjort med omhug

Då franskmennene hadde fare av garde med skattane i Bern for å dekke utgiftene til krigen i Egypt, avgjorde dei andre byane i landet at det kunne vere godt å skjule eller grave ned verdisakene sine så dei ikkje fall i hendene på fienden, dei også. Folket i Merligen la derfor alle skattane sine om bord i ein båt og rodde langt ut på Thun-sjøen før dei sokk skattane sine i djupet av innsjøen.

For å vere visse på at dei fann att staden heilt nøyaktig, sette dei eit kraftig merke i båten rett over der skatten låg nedi sjøen. Men folka i båten fekk seg ei skrekkblanda overrasking då merket ikkje heldt seg over skatten, men følgde med båten attende til Merligen. Folket sørgde i lang tid over skatten i sjøen. Det blir sagt at ingen har klart å finne han att til no.

[Frå Guerber]

Innhald


Sveitsiske eventyr og segner, litteratur  

Kjelder: [Bøker]

Sveitsiske eventyr og segner, opp Seksjon Sett Neste

Sveitsiske eventyr og segner BRUKARGAID: [Lenke]
© 2013–2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]