Norsk del, Gullvekta
Tyrkiske ordspråk ≍ Turkish Proverbs
Seksjon › 35 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Tyrkia og ordspråk

Ordtak om joghurt. Når ein samanliknar ulike attgivingar av tyrkiske og andre ordtak, får ordtaket "Her yigitin bir yoqurt yeyisi vardir" klar adresse. Det tyder "Kvar mann et joghurt på sin eigen måte", og blir brukt for å minne om at andre kan ha andre måtar å gjere ting på. Med andre ord: "Ulike omsettarar, ulike omsettingar." Det kan eg mang ein gong bere over med -

Om bjørnane i fjella som finn fine pærer. Korleis ordtak er å forstå, er ikkje alltid beinveges. Kva for generelle meiningar som blir tolka inn i dei i ein lang tradisjon der erfaringar, geografi, folklore og anna går saman, kan ein trenge gode vink om, og det er nett slikt Metin Yurtbasi gir i boka Turkish and English Proverbs (2007). Døme derifrå: "Bjørnane i fjella et dei beste pærene." (s. 31) Kva er den tradisjonelle tydinga? Yurtbasi forklarer slik: "Dei beste tinga går til dei som ikkje fortener dei", og leverer seks ordtak til over det temaet under "fjellbjørn"-ordtaket som står på både tyrkisk og engelsk. Takk vere forklaringane kan vi forstå mykje av kva tyrkarar legg i ordtaket om bjørnane i fjella og dei beste pærene. Det sa seg vel neppe sjølv utan vidare.

Rette slags bakgrunnskunnskap hjelper titt og ofte. Bakgrunnskunnskap - blant anna om bjørnar, tre og plantar i Tyrka - kan gi breiare forståing av somme ordtak også, for pæretre voks vilt i skogane somme stader i Europa før, og klimaet i Tyrkia var lagleg for pæretre. Brunbjørn finst enno i fjellskogane, men er i dag ein trua dyreart i landet. [Jf. Wikipedia, s.v. "Pear: History"; "Eurasian brown bear: Distribution"]

Tyrkisk matlaging og kokekunst blir rekna mellom dei beste i verda.

Gjenskapingar og omsettingar. Ei anna sak er at det ofte er gjenskapingar ein får servert på engelsk og nynorsk, og ikkje bokstaveleg-kluntete omsettingar. "Kvar gjenskapar sin vri" held ikkje heilt stikk, men syner noko det er sjanse for: litt fridom i tydinga, og litt fridom i gjenskapinga.

Somme ordtak har mykje til felles med andre europeiske og gir såleis færre omsettingsvanskar.

OPP

Noko om Tyrkia

Gløttar frå geografien, plantar og dyreliv. Det er store fjellkjeder i nord og sør av Anatolia (Lilleasia). Det høgste fjellet heiter Store Ararat heilt aust i Tyrkia. Somme har leita etter leivningar av Noas ark på Ararat, med støtte i eit Bibelvers. Men "Vil du leite etter ein gammal båt, er kanskje ikkje eit høgt fjell rette staden å finne han." (Wikipedia, "Ararat").

I sentrale strok er det høgslette (med stepper). Det er lågland somme stadar ved kysten. Det finst rev, ulv, villsvin og villgeit attår brunbjørnen. I sør, vest og nordvest veks middelhavsplantar. I høgare område er det lauvskog med blant anna bøk, eik, platan og laurbær, og barskog med svartfuru og orientgran.

I vår tid forsvinn dessverre mange dyre- og planteartar i verda i stor fart - men Tyrkia er svært rikt på planteartar.

Tyrkia i går. Ein kjenner til at det har budd folk i Anatolia (Lilleasia) - ein del av Tyrkia i dag - i over 10 000 år. Det mektige krigarfolket hetittane heldt til i område som dels ligg i dagens Tyrkia. Frygia og Lydia heitte to statar i oldtida. Persarar tok kontrollen der før Aleksander den Store og hellenismen vann heile Tyrkia på 330-talet f.Kr. Romarane tok kontrollen i den 2. hundreåret f.Kr. Kristendommen kom. Austromarriket (det bysantiske riket) heldt seg lenge - i tusen år -, med Konstantinopel (dagens Istanbul) som hovudstad.

I andre halvdel av 1200-tallet tok muslimske tyrkiske folkegrupper kontroll over dei austlege og sentrale delane av Lilleasia, og i 1453 erobra dei Konstantinopel, og gjorde med det slutt på tusen år med bysantinsk styre. Imperiet til tyrkarane blir kalla Det osmanske riket. Det blei etter kvart til et av dei mest omfattande og langliva rika vi kjenner. Heile det austlege middelhavsområdet og Balkan kom under osmansk kontroll, og dessutan mykje av handelen mellom land vestanfor og austanfor. Det osmanske riket var leidd av ein sultan ifrå ei herskarslekt. Ho hadde makta i riket gjennom sju hundre år.

Religiøse minoritetar i det vidstrekte riket fekk for det meste ha trua si i fred, til dels med indre sjølvstyre.

Det gjekk nedover med riket frå 1700-talet, og europeiske stormakter vann over det i den første verdskrigen. Dermed blei det kritisk for etniske minoritetar i riket. Armenarane blei undertrykte og utsette for drap, svolt, tvangsarbeid og tvangsforflyttingar. I åra fram til 1923 døydde om lag tre firedelar av dei to millionar armenane i landet. Den moderne republikken Tyrkia blei grunnlagt i 1923.

Tyrkia i dag. Tyrkia blei medlem av NATO i 1952, har prøvd å bli medlem i EU sidan 2004, men utan å vinne fram med det, og kjempar mot innbitte kurdarar, i sær i søraust.

Staten Tyrkia omfattar den anatoliske halvøya og ein del av Balkanhalvøya. Sør for Tyrkia ligg Middelhavet og Kypros. Det offisielle språket er tyrkisk. Etniske tyrkarar utgjer 70 til 75 prosent av befolkninga på nær 80 millionar. Mange kurdarar held til i aust og søraust især. Rundt 95 % av alle som bur i Tyrkia er muslimar, og dei fleste av dei er sunnimuslimar.

Tyrkarar utanfor Tyrkia. Det bor 5 millioner tyrkarar utanfor Tyrkia i Europa, og dei fleste av dei er i Tyskland. I Noreg bur rundt 16 000 tyrkarar, dei fleste av dei i sentrale strok på Austlandet. (Wikipedia, "Turks in Europe")

Innhald


Turkish proverbs, tyrkiske ordspråk, ordtak frå Tyrkia, litteratur  

Anonym. Turkish Proverbs Translated into English. Venice?: Monast Armenian Monastery of St Lazarus, 1873, 1880, pluss diverse opptrykk, som frå BiblioBazaar (2009). ⍽▢⍽ Berre eit fåtal av dei knapt 200 ordtaka i munkesamlinga verkar høvelege for folk her omkring.

Delialioglu, Osman. 2000 English-Turkish Proverbs and Idioms. Paperback ed. Reading, England: Cranmore Publications, 2012. ⍽▢⍽ Det er først og fremst idiom som står i denne boka.

Long, James. Eastern Proverbs and Emblems Illustrating Old Truths. London: Trubner, 1881. ⍽▢⍽ Kjekk bok som stiller saman ordtak frå fleire land i temagrupper. På nett hos Internet Archive.

Manioglu, Kemal, og Ludwig Scheuermann. Türk Atalar Sözü: 410 Türkische Sprichwörter. Istanbul: Buchhandlung Erich Kalis, 1936. ⍽▢⍽ Ordtaka - på tyrkisk og tysk - er ordna alfabetisk. Dei to omsettarane har dessutan greidd ut om dei fleste ordtaka og forklart tyrkiske ord som er nytta. Ei eksemplarisk, nett bok.

Muallimoglu, Nejat. "Turkish Proverbs". Ottoman Souvenir, 1988. ⍽▢⍽ Artikkelserie om tyrkiske ordtak. Innhaldet stammar frå The Turkish Delights: A Treasury of Proverbs and Folk Sayings (1988).
ww.ottomansouvenir.com/Turkish_Proverbs/Turkish_Proverbs.htm

Sak, Ziya, ed. Dictionary of English and Turkish Proverbs. Istanbul: Ziya Sak, 1989. ⍽▢⍽ Ordtakboka er ordna etter engelske nøkkelord i alfabetisk rekkefølge. Under nøkkelorda kjem engelske ordtak i somme høve og engelske omsettingar av tyrkiske ordtak i andre høve. Somme stadar finn ein talemåtar, sayings, i staden for ordtak. I enkelte høve kjem forklaringar. Nokonlunde slik er hovudopplegget boka gjennom. I alt er 1990 ordtak og seiemåtar med.

Yurtbasi, Metin. Turkish and English Proverbs: 6000 Proverbs with Their Translations, Explanations and Equivalents. Istanbul: Bahar Yayinlari, 2007. ⍽▢⍽ Eit mykje tilrådd verk. Ordtakseksperten Wolfgang Mieder har kalla bokas forgjengar frå 1993 eit lett tilgjengeleg, brukarvennleg, massivt og imponerande standardverk for tyrkiske ordspråk på tyrkisk og i engelsk omsetting. I første del av boka er tyrkiske ordspråk er omsette bokstaveleg (rett fram) til engelsk, og attåt kjem nokre engelske ordspråk til jamføring (ekvivalentar). Det følger også kultur-forklaringar attåt dei tyrkiske ordspråka. Boka har tilvisingskjelder og register på både tyrkisk og engelsk. Andre del har ordspråk på engelsk, med tyrkiske tilnærmingar til dei. — Tysk omsetting av forgjengaren frå 1993 ligg føre. I Tyskland har arbeidsinnvandra tyrkarar elles blitt ein monnaleg minoritet gjennom dei siste førti-femti åra etter at kring ein million tyrkarar arbeidsutvandra dit og til Saudi-Arabia. Om lag tre millionar av dei som bur i Tyskland er tyrkiske eller av tyrkisk opphav. [Jf. Wikipedia, s.v. "Turks in Germany"] - Kjennskap til tyrkiske ordtak gir også kjennskap til kulturarv derifrå, til åtferdskodeksar og verdssyn mange er felles om, enda om det er minoritetar i Tyrkia også.

Turkish proverbs, tyrkiske ordspråk, ordtak frå Tyrkia, opp Seksjon Sett Neste

Turkish proverbs, tyrkiske ordspråk, ordtak Tyrkia BRUKARGAID: [Lenke] - User's Guide: [Link]
© 2013–2017, Tormod Kinnes, cand.philol. [Email]  ᴥ  Disclaimer:  [Lenke]